Forfatter: Aki Ollikainen (f. 1973)Originaltittel: Nälkävuosi, oversatt frå finsk ved Emily Jeremiah og Fleur Jeremiah
Utgitt: 2012
Min utgåve: 2015
Format: Kindle, 128 sider
Forlag: Peirene Press
Den finske forfattaren Aki Ollikainen debuterte med eit brak i 2012 med denne romanen, og mottok det meste av finske litterære priser. Nå er den tilgjengelig på engelsk, og med oversettelsen har Ollikainen fått plass på Man Bookers internasjonale langliste. Ifølge Goodreads ga Aki Ollikainen ut ein roman i fjor, men foreløpig ser det ut til at den er på finsk.
I 1866-68 gjennomgikk Finland hungersnød. Avlingane i 1866 var dårlege, sommaren 1867 var kald og avlingane vart ikkje betre det året. Matmangel førte til hungersnød over heile linja, frå fattig til rik og så mykje som 15 prosent av befolkninga døydde i løpet av åra det varte. I romanen White Hunger møter me fleire karakterer som på kvar sitt vis sliter seg gjennom matmangelen. Ei bondekone frå det nordlege Finland, Marja, forlater sin døande mann, tar med seg ungane og legger ut på den lange vegen til St. Petersburg. Ho har høyrt at tsaren ønskjer at ingen skal sulte. Etterkvart blir dei tiggere på landevegen, men i husa dei kjem over er det ikkje mykje å få. Legen Teo bur i byen, men har ikkje meir enn dei fattige. Han er filosofisk og makter å sjå hungersnøden frå to sider, fattig og rik. Vegane deira krysses etterkvart, men ikkje på ein god måte.

Då eg fant ut at White Hunger var debutromanen til Aki Ollikainen vart eg imponert. Romanen er velskrevet, meget sitatvennlig og berører eit tema som mange debutanter ville haldt seg langt vekke frå. Hungersnød i Finland er heilt nytt for meg, og det er eit interessant perspektiv Ollikainen presenterer. Eit tips om du skal lese denne er å ta den i eit strekk. Eg las første halvdel i rykk og napp, og andre halvdel i eitt. På det viset fekk eg meir utav andre enn første halvdel, medan andre bloggere har lest i eitt strekk og er godt fornøgd med det. På tross av sitt mørke og såre tema er det ein meget god roman, og den anbefales!
XOXO
Les gjerne anmeldelsene til Ann Helen og Beathe.
