Utgitt: 1818
Format: Paperback, 187 sider
Forlag: Oxford World's Classics
Mål/utfordringer: 1001 bøker, Back to the Classics
Northanger Abbey var Jane Austens første fullførte roman, men den vart ikkje publisert før etter Austens død. For meg er det den minst kjente av Austens seks romaner, og eg har ikkje lukkas i å finne ein norsk oversettelse. Aschehoug ga for få år sidan ut Fornuft og følelse, Stolthet og fordom, Mansfield Park, Emma og Overtalelse i pocket med fine omslag, men Northanger Abbey er ikkje tatt med. Eg tar meg sjølv i å undre kvifor, og kanskje nokon har eit svar? Romanen er lest i forbindelse med Lines lesesirkel.
Romanen handler om syttenårige Catherine Morland som får moglegheit til å reise til Bath med eit barnløst nabopar. Her får Catherine sitt første innblikk i bylivet, og ho får nye venner. Isabella Thorpe er eit nytt bekjentskap, og saman med broren hennar, John, og Catherines eigen bror, James, utgjer dei eit firkløver for ei stakket stund. Catherine har nemleg og truffet ein annan herremann, Henry Tilney, og gjer sitt beste for å gjera alle selskap til lags. Catherine og ekteparet Allen gjer alle dei tinga ein skal gjer i ein by: gå i teateret, gå på konsert, treffe bekjente, myse etter bekjente, og sist, men ikkje minst, handle. Ein heil del! Etter eit par misforståelser, og det faktum at John Thorpe har fatta seriøs interesse for Catherine, går Catherine endeleg på tur i skog og hei med bror og søster Tilney. Her får Miss Morland augene opp for den sjarmerende og staute Mr Tilney. Han fanger merksemda hennar med sitt syn på romaner, og for hans kunnskap om historie og verda.
Catherine er ein ivrig romanleser, og då ho får tilbod frå søsknene Tilneys far, General Tilney, om å vera med dei til familieeigedomen Northanger Abbey, får ho øyeblikkeleg assosiasjoner til Ann Radcliffes gotiske roman, The Mysteries of Udolpho. Tida ho tilbringer på Northanger Abbey er fylt av glede, men Catherine er og ivrig etter å finne gotisk vampyrisme og fantastisk mystikk. General Tilney har vore vekke ei stund, kjem heim i raseri, og Catherine blir bedt om å pakke seg vekk. Ho kjem heim til foreldra og søsknene utan å vite direkte kva ho har gjort galt, men lurer litt på om det kan ha med snusinga rundt forbi i værelsene å gjera. Då Henry Tilney kjem på besøk kjem alt for ein dag, og Northanger Abbey slutter slik ein god Austen-roman skal gjere.
Eg skal innrømme for alle og einkvar at eg er ikkje så fryktelig fan av Jane Austen. Min favoritt er Overtalelse rett og slett fordi det krever mot og tillit å ta tilbake eit menneske som har såra deg djupt. Northanger Abbey sleit eg med, og ikkje bare på grunn av språket, men fordi den er skrevet på ein måte som gjer at eg føler meg distansert frå hovudpersonen. Det er spesielt eit sitat som beskriver dette:
Every young lady may feel for my heroine in this critical moment, for every young lady has at some time or other known the same agitation.Nå er det ei stund sidan eg har lest dei andre Austen-romanane, men eg kan ikkje erindre ein slik forteljermåte i dei andre. Jane Austen vil så gjerne at Catherine Morland skal vera ei heltinne, men for meg blir ho bare ein irriterande snushane. Eg forstår at ho gjerne vil vite meir om Henrys avdøde mor, men viss ingen vil fortelje noko så er det høfleg å la temaet liggje når ein er gjest i eit hus for første gong. Eg syns og at Miss Morland er for ung til å få tittelen heltinne, og etter det eg har funnet ut er ho den yngste av Austens kvinnelege hovudpersoner. Med dette sagt så syns eg at sluttsetningane i romanen er gode:
To begin perfect happiness at the respective ages of twenty-six and eighteen, is to do pretty well; and professing myself moreover convinced, that the General's unjust interference, so far from being really injurious to their felicity, was perhaps rather conducive to it, by improving their knowledge of each other, and adding strength to their attachment, I leave it to be settled by whomsoever it may concern, whether the tendency of this work be altogether to recommend parental tyranny, or reward filial disobedience.XOXO

