Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Chatto & Windus. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Chatto & Windus. Vis alle innlegg

torsdag 10. november 2022

The 2022 Booker Prize | NoViolet Bulawayo, Percival Everett og Shehan Karunatilaka


NoViolet Bulawayo (f. 1981) er fødd i Zimbabwe og studert i USA. I 2013 debuterte ho med romanen We Need New Names, og hamna på Bookers kortliste som den første kvinnelege afrikanske forfatteren. Med årets roman, Glory, har det skjedd igjen og Bulawayo er tilbake på Booker-listene.

Glory er ein historisk roman med elementer frå George Orwells klassiker Animal Farm. Der Orwell brukte den russiske revolusjonen og Stalin som bakteppe bruker Bulawayo sitt lands historie. Robert Mugabe var president i Zimbabwe og Bulawayo skriver om hans avgang og ettervirkningene på ein satirisk måte. (Og nå er det 2 månader sidan eg las boka, gløymte å skrive om den, og har ingen minner om den så meir har eg ikkje å si om handlinga.) 

Eg hadde store forhåpninger for denne romanen då eg elska We Need New Names, men vart skuffa. Det er godt mogleg papirboka hadde vore betre, for lydboka var ingen god oppleving. Eg fulgte ikkje med i det heile tatt fordi det var så mykje gjentakelser, og det gjekk rett og slett over hodet på meg.

| Tittel: Glory | Utgitt: 2022 | Format: Innbundet, 403 sider | Forlag: Chatto Windus |


Percival Everett (f. 1956) er fødd og oppvokst i USA. Han er forfatter og ein høgt respektert engelskprofessor ved universitetet i California. Everett er ein produktiv forfatter med over 20 titler på samvittigheten. Med romanen The Trees har forfattaren debutert på Booker-listene.

The Trees er ein krimroman med innslag av historie og rasisme. I den vesle byen Money, Mississippi, blir fleire personer brutalt myrda. Når to farga detektiver frå Mississippi Bureau of Investigation kjem til byen blir dei møtt med skepsis og hat frå den lokale sheriffen, hans underordna og fleire andre kvite i Money. Det mystiske med drapene er at for kvar kvite mann som er drept ligger det ein farga mann ved siden av, og det er den same kvar gong. Korleis kan det ha seg? Ifølge historien vart denne farga mannen drept 65 år tidlegare. Er det hemn ute og går?

Percival Everett bretter ut eit lerret og eg er meget fornøgd. Romanen er ein sidevender av rang, og eg høyrte nesten i eit strekk for det var så bra. Endeleg noko bra på Booker-lista, og eg håper denne blir omsett til norsk for eg trenger å anbefale den til alle som liker krim (men leser ikkje engelsk).

| Tittel: The Trees | Utgitt: 2021 | Format: Heftet, 335 sider | Forlag: Influx Press |


Shehan Karunatilaka (f. 1975) er fødd og oppvokst i Sri Lanka. Han har studert på New Zealand og jobba i London, Amsterdam og  Singapore. For sin tredje roman, The Seven Moons of Maali Almeida, mottok Karunatilaka 17. oktober dette årets Booker-pris.

The Seven Moons of Maali Almeida er ein historisk roman med innslag av magisk realisme og LGBT. Hovudpersonen Maali Almeida vakner ein morgon død. Kroppen hans er senka i sjøen og han aner ikkje kven som har drept han. I eit land der kvar mann kjemper for seg, lista over potensielle drapsmenn er lang. Men til og med i livet etter døden er tida knapp. Almeida har sju måner på seg til å føre to personer saman og lede dei til fotografier som vil rocke Sri Lanka.

Vinnaren vart kåra, og eg hadde i grunnen ingen meining om kva eg syns om vinnaren for boka var ulest i øyeblikket. Nå er den lest, og eg sitter igjen med same kjensla som eg normalt gjer ved lesing av bøker frå Asia. Eg ønsker å læra, ønsker å forstå og samstundes er det mykje som går over hodet på meg. The Seven Moons of Maali Almeida er eit godt skrevet bok med ein flott historie som eg håper mange får augene opp for.

| Tittel: The Seven Moons of Maali Almeida | Utgitt: 2022 | Format: Innbundet, 386 sider | Forlag: Sort of Books |

XOXO

mandag 18. august 2014

Booker-longlist: "The Lives of Others"

Forfatter: Neel Mukherjee
Utgitt: 2014
Format: Kindle, 532 sider
Forlag: Chatto & Windus (Vintage Digital)
Mål/utfordringar: Nye forfattere, Man Booker Prize

Då eg satt på flyplassen i Trondheim og leste om Bookerprisens longlist så var det Neel Mukherjee som var førstemann ut til å bli lasta ned. Det var igrunnen kun fordi det var den første eg fekk has på (Siri Hustvedt låg då heime). Dette er den indiskbritiske forfatterens tredje roman. Eg og The Lives of Others har gått ein lang veg, men me vart omsider einige.

The Lives of Others går føre seg i India i 60-åra. Familien Ghosh består av mor og far (Prafullanath og Charubala), fire søner (Adinath, Priyonath, Bholanath og Somnath) og ei dotter (Chhaya), svigerdøtre og seks barnebarn. Dei bur alle i eit stort hus i Calcutta, og har soverom etter rang. Til eksempel så bur dei gamle foreldra øverst, den eldste sonen med familie har meget god plass under dei, medan enkja etter den eine sonen (Somnath) bur på eit rom i kjelleren med sine to barn. Dei møtes som regel kvar dag til alle måltider, og det er nå den eldste svigerdottera (Sandhya) som regjerer i familien på grunn av svigermoras sviktande helse. Det er ein tett familie samtidig som alle har hemmelegheiter som dei for all del ikkje vil dele med nokon. Då Supratik, sonen til Adinath, stikker av og melder seg for kommunistgruppa Naxalite går foreldra hans i oppløysing. Det er opptakten til ein familie som det langsomt går nedover med.

Historia er fortalt delvis kronologisk, med fleire innhopp som fortel forhistorien til sønene og den ugifte dottera. Søskna er gode vener og vel forlikte, men det ligger eit hav av sjalusi bak dei alle, og spesielt den ugifte søstra har ei meget giftig tunge. Prafullanath Ghosh har erverva sin formue i papirproduksjonsbransjen, og det har gått både opp og ned i bransjen. Nå er det sønene, hovedsakeleg den eldste sonen, som styrer butikken. Då sonen hans forsvinner blir heller ikkje arbeidet skjøtta så bra. Utanom historiane om familien Ghosh, fortel Neel Mukhjerjee om prøvelsane Supratik gjennomgår i Naxalite, og korleis han ser på familien sin.

Som skrevet har eg gått ein lang veg med denne boka. Eg bestemte meg tidleg for at eg skulle ikkje gje meg for eg trur dette er ei type bok som kan havne på shortlist. Den er utfordrande, spennande, interessant, og den krever sin lesar. Eg har slitt meg gjennom fleire kapittel på grensa til å gje opp, også skjedde det ting i boka som gjorde at eg måtte lese vidare. Det er ikkje ei bok du les ei side her og ei side neste dag, du må konsenterere deg, og det vil eg ha ut av ei Booker-bok. Det er ein del namn å halde styr på, og når romanen etterkvart minner om ein russisk roman på grunn av diverse kallenamn, så seier det seg sjølv at det var eit sjakktrekk av forfatteren og forlaget å plassere eit slektskart i byrjinga av boka. Sidan eg las den på kindle, så skreiv eg av slektskartet og det har hjulpet meg mykje. Når det gjelder historien så syns eg den minner både om Thomas Manns Buddenbrooks og Jhumpa Lahiris Booker-bok frå i fjor, The Lowland.

Neel Mukherjees roman er herved anbefalt!

XOXO

Andre anmeldelser av romanen:

* The Guardian 08.06.14 (besøkt 18.08.14)

mandag 21. oktober 2013

Booker-shortlist: "We Need New Names"

Forfatter: NoViolet Bulawayo
Utgitt: 2013
Format: Paperback, 290 sider
Forlag: Chatto & Windus
Anna: Romanen er ikkje gitt ut på norsk

Debutanten NoViolet Bulawayo har fått ein gavepakke med romanen We Need New Names. Ho var ein av fire debutanter på Bookers longlist, og endte med shortlistnominasjon. Eg har tru på at det ikkje er det siste me har høyrt frå denne sørafrikanske forfatteren. Eg las romanen ferdig kvelden før Booker-vinneren vart annonsert (som kjent vart det ein anna debutant, Eleanor Catton, som vant), og hadde eit håp om at det vart denne til the bitter end.

We Need New Names handler om ti år gamle Darling som saman med vennene Stina, Chipo, Godknows, Shbo og Bastard fordriver tida med småtjuverier, dagdriving og utallige leiker. Dei har alle budd i flotte hus, men bur nå i skur i Paradise - eit område som absolutt ikkje er eit paradis. Darling drøymer om USA og tanta som bur der, og bestemmer at ein dag skal ho bu der. Den første delen er prega av naivitet på ein herleg måte. Sett frå ein tiårings perspektiv blir grusomhet og vanskelighet skildra. Då Darling får sjansen til å reise frå Zimbabwe skriver Bulawayo:
Look at the children of the land leaving in droves, leaving their own land with bleeding wounds on their bodies and shock on their faces and blood in their hearts and hunger in their stomachs and grief in their footsteps. Leaving their mothers and fathers and children behind, leaving their umbilical cords underneath the soil, leaving the bones of their ancestors in the earth, leaving everything that makes them who and what they are, leaving because it is no longer possible to stay. They will never be the same again because you cannot be the same once you leave behind who and what you are, you just cannot be the same.
Det første møtet med Detroit, Michigan blir Darlings første møte med snø, og det må vera akkurat slik for innvandrere og små barn:
What you will see if you come here where I am standing is the snow. Snow on the leafless trees, snow on the cars, snow on the yards, snow on the roofs - snow, just snow covering everything like sand. It is as white as clean teeth and is also very, very cold. It is a greedy monster too, the snow, because just look how it has swallowed everything; where is the ground now? Where are the flowers? The grass? The stones? The leaves? The ants? The litter? Where are they?
(Resten av sitatet finn du i smakebiten frå sist veke.)

Det går ikkje så godt for Darling i USA slik ho hadde drøymt om. Før eller seinare blir Darling nøydd til å innsjå at det fine huset, den snertne bilen og resten av drøymane må leggjas på hylla til fordel for tanker om utgått turistvisum og ein jobb på eit supermarked. Darling er fange i eit land som ho både vil vera i og ikkje vil vera i. Reiser ho tilbake til Zimbabwe kjem ho ikkje inn i USA igjen, og med denne tanken lyg både ho og dei andre slektningane for slektningane i Zimbabwe om at så klart kjem dei på besøk snart. Romanen slutter ganske brått og brutalt, men sidan Darlings liv blir litt på same måten syns eg det passer.

We Need New Names vaks på meg, og på slutten var eg veldig håpefull om Bulawayos sjanse til å vinne. Debutanter er i Bookerprisens ånd, og det er spanande å lesa ein roman frå ein forfatter som er i startfasen. Emnet er noko eg sjeldan er borti, men det var interessant. Idag bur Bulawayo i USA, og det trur eg (utan at eg skal sei sikkert) er noko av bakgrunnen til romanen. Som sagt trur eg ikkje dette er det siste me høyrer frå NoViolet Bulawayo. Anbefales!

Linn syns at det er ei bok som bidrar til meir forståelse og sympati for mennesker ein ikkje forstår motiva til.

XOXO