Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Cappelen Damm. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Cappelen Damm. Vis alle innlegg

lørdag 2. mars 2024

"Polakken" av J.M. Coetzee

John Maxwell Coetzee (f. 1940) er ein sørafrikansk forfatter som i 2006 vart australier. Coetzee har fleire romaner og andre bøker på samvittigheten og vant Nobels litteraturpris i 2003. I 1983 (for Foe) og 1999 (for Disgrace) vant han Booker-prisen, og han har vore både kort- og langlista til prisen (langliste 2003, 2005, 2016; kortliste 2009). Han blir rekna som ein av vår tids fremste forfattere, og med denne nyaste utgivelsen får eg lyst til å lese forfatterskapet hans på nytt (eg har lest seks av romanene hans).

Polakken handler om den aldrende pianisten Witold Walczykiewicz som etter ein konsert i Barcelona forelsker seg i vertinna Beatriz. Beatriz er med i eit selskap som arrangerer konserter med ulike musikere, er ca tjue år yngre enn Witold og gift. Årsaken til at Witold fekk kallenamnet polakken av selskapet var: "Avgjørelsen om å invitere polakken, hvis navn inneholder så mange w-er og z-er at ingen i styret engang forsøker å uttale det - de omtaler ham bare som polakken - blir fattet etter en del sjelegransking." (s. 9) Beatriz og resten av tilhørerne blir ikkje udelt begeistra for polakkens tolkning av sin landsmann Chopin, men den påfølgende middagen med to andre i selskapet blir interessant.

Etter konserten tar Witold kontakt med Beatriz fleire gonger, både via brev og e-post. Han inviterer ho til å vera i lag med han når han er i nærleiken for å undervise, og inviterer ho med til Brasil. Beatriz avslår fleire gonger, og påpeiker at ho er gift. Faktum er at ekteskapet har gått i stå, men det er visst tilfellet blant dei fleste i omgangskretsen. Til slutt bestemmer Beatriz seg for å ta saken i eigne hender, serverer ektemannen ei kvit løgn og inviterer Witold til sommerhuset. Det blir ei veke ingen gløymer.

Polakken er ein kort roman på knappe 140 sider, men dei fleste av romanene til Coetzee er korte og konsise. Den er godt skrevet og med eit tema få andre skriver om, og eg likte den. Det er ikkje wow-faktor, men Coetzee fascinerer meg. Eg innbiller meg at J.M. Coetzee er ein klok mann som utfører nøye research før han skriver om noko. På side 62 står det: "Ja, jeg kunne si farvel til Polen og kjøpe meg en leilighet i Valldemossa og vente på en fransk dame, en George Sand som er lei av franske menn med grove vaner, som ønsker å gi sin kjærlighet til en forsiktig polakk." Nerden i meg kaster seg over Google, og finner ut at den franske forfatteren George Sand (med fødenamnet Amantine Lucile Aurore Dupin de Francueil) hadde eit forhold til den polske komponisten og pianisten Frédéric Chopin på slutten av 1830-talet. Slike digresjoner syns eg er artig å finne i romaner.

Eg prøver så godt eg kan å halde fast i forfattere som ikkje er frå Vesten, og akkurat Coetzee har eg likt i mange år. Anbefales!

XOXO

Andre som har lest romanen: 
| Tine |

| Originaltittel: The Pole, omsett av John Erik Bøe Lindgren | Utgitt: 2023 | Min utgåve: 2024 | Format: Innbundet, 137 sider | Forlag: Cappelen Damm | 

onsdag 28. februar 2024

Stemmens kontinent #25 | "Avgjørende øyeblikk i mors liv" av Frances Presley

Frances Presley (f. 1952) er ein engelsk poet fødd inn ein engelsk og hollandsk-indonesisk familie. Ho er derfor på mange måter meir europeisk enn sine engelske samtidige. Ho har studert engelsk og amerikansk litteratur, og har publisert fleire diktsamlinger sidan debuten i 1988.

Avgjørende øyeblikk i mors liv er gjendikta av Hanne Bramness, og består av 31 dikt frå 6 ulike diktsamlinger. Bramness skriver i etterordet: "Frances Presleys stemme er annerledes. Hun viser fram sårbarheten. De avgjørende øyeblikkene i livet er like gjerne nederlag og tap som seire og lykke, utilstrekkelighet og svakhet utgjør en slags omvendt inspirasjon."

Eit par smakebeter:

St Malo (utdrag)

Byen

bygd på stein, gjorde bruk av steinen
Vauban...
og lyktes ikke med infernomaskinen bare fordi
vinden snudde etter de hadde
arbeidet med den i to år i Tårnet
uten å se dagslys
"Je ne suis pas bon depuis deux ou trois jours"
sa den gamle
da han forlot kafeen

Avgjørende øyeblikk i mors liv

Jet-hår blåst bakover

glidefly hengende i en uværssky

du var den som sto
på vannski
og mistet alle øyene
i en tidevannsbølge

patriotiske påfunn
siv bøyde seg, en storm underveis
det meste av formiddagen

XOXO

| Utgitt: 2007 | Format: Hefta, 71 sider | Forlag: Cappelen Damm |

I gjendiktningsserien Stemmens kontinent frå Cappelen Damm er det kun kvinnelege lyrikere som har fått plass. Beathe gjorde meg merksam på denne serien rundt jul og eg heiv meg på idéen om å lese alle 25 bøkene. Serien består av internasjonale poeter frå heile verda, og det var kun ei av dei som eg var kjent med frå før. Forfatteren bak The Bell Jar, Sylvia Plath, er representert og bidraget hennar, Tre kvinner, har eg lest tidlegare utan å bli merksam på at Stemmens kontinent var ein serie.

Eg leser lite lyrikk i utgangspunktet, men liker idéen om at det kun er kvinner representert og at det er frå heile verda. Det er den norske lyrikeren Hanne Bramness som er initiativtaker, redaktør og i enkelte tilfelle gjendikter. Eg ser fram til å bli betre kjent med alle 25 bidraga. Beathes progresjon med serien kan følges HER (ekstern lenke).

søndag 18. februar 2024

Stemmens kontinent #24 | "Minne om ei underlig bevertning" av Elena Sjvarts

Elena Sjvarts (1948-2010) var ein russisk poet. Ho vart fødd og budde heile livet i Leningrad der hennar første dikt vart publisert i universitetsavisa i Estland i 1973. I Russland vart ho først publisert eit tiår seinare. Ho publiserte ei rekke diktsamlingar mellom 1985 og 2007.

Minne om ei underlig bevertning er gjendikta til nynorsk av Jo Eggen, og består av 18 dikt frå ulike tidsepoker i Sjvarts diktning. I etterordet skriver Eggen: "Elena Sjvarts's poesiverd myldrar av referansar til andre område, alt frå teater og musikk til arkitektur, historie, botanikk, filosofi og sjølvsagt litteratur, poesi. Ho er lærd på ein eigensindig, omskapande måte i slekt med Georg Johannesens. Ho meistrar eit uvanlig breitt spekter av poetiske verkemiddel og gjør akkurat som ho vil med dei, rimar, lar vere å rime, balanserer dristig mellom orden og kaos. Det er ikkje lett å yte henne rettferd som gjendiktar. Eg får kjensla av å gå i lære hos ein som kan alt."

Eit par smakebeter:

Heggen og Thomas Mann

Regnskurene gikk laus på våren. Lugga ut
kronblad i trea, heiv dei i sølepytten,
der skin dei i sin tynne drøm, forhutla,
i vinden reiser heggen opprørsfana
ein harmdirrande hær av silkepudlar.
Skamklipt er våren,
skandalisert er våren,
halsen kremtar sårt av toreskyer,
mørkeblå.
Heggen er eit Trolldomsfjell -
ein tæringssjuk germanar bur der inne,
og desse bitre blomane som skjelv
er det lagnadshektisk flekka kinnet.

Monstret

Eg er ein by, eit torg, ein marknad,
og alléar der aristoteliske
andar kan vandre i fred,
og eit engleteater, ein park.
Eg er ein by, ein ørliten by
i det store Riket. Ei øy
i grøne vinmarkhav.
Men kvifor slår dei på tromme?
Fienden står rundt oss alt!

XOXO

| Utgitt: 2007 | Format: Hefta, 60 sider | Forlag: Cappelen Damm |

I gjendiktningsserien Stemmens kontinent frå Cappelen Damm er det kun kvinnelege lyrikere som har fått plass. Beathe gjorde meg merksam på denne serien rundt jul og eg heiv meg på idéen om å lese alle 25 bøkene. Serien består av internasjonale poeter frå heile verda, og det var kun ei av dei som eg var kjent med frå før. Forfatteren bak The Bell Jar, Sylvia Plath, er representert og bidraget hennar, Tre kvinner, har eg lest tidlegare utan å bli merksam på at Stemmens kontinent var ein serie.

Eg leser lite lyrikk i utgangspunktet, men liker idéen om at det kun er kvinner representert og at det er frå heile verda. Det er den norske lyrikeren Hanne Bramness som er initiativtaker, redaktør og i enkelte tilfelle gjendikter. Eg ser fram til å bli betre kjent med alle 25 bidraga. Beathes progresjon med serien kan følges HER (ekstern lenke).

lørdag 10. februar 2024

Stemmens kontinent #23 | "Å koma tilbake frå fienden" av Joy Harjo

Joy Harjo (f. 1951) er ein amerikansk poet, musiker, dramatiker og forfatter. Ho var den 23. United States Poet Laureate, og den første Native American til å ha den tittelen. Joy Harjo er ei aktiv dame som skriver, underviser på fleire universitet og lager og turnerer med musikken sin. Ho har publisert ti diktsamlinger og tre bøker for barn og mottatt ei rekke priser.

Å koma tilbake frå fienden er gjendikta til nynorsk av Lars Amund Vaage. Samlinga består av 17 lengre dikt. Det er mykje av Joy Harjo i dikta, blant anna hennar identitet som Muscogee-indianar. I etterordet skriver Vaage: "Det er trugande avgrunnar i diktinga hennar. Avgrunnen er både den tragiske historia til den nordamerikanske urbefolkinga og hennar eiga eksistensielle redsle. Men det historiske og personlege heng saman på ein særskild måte hos Harjo. Det er som om den tragiske lagnaden til folket hennar alltid ligg under i dikta, i kvar strofe, kvart ord."

Eit par smakebeter:

Kall det frykt

Det finst ein kant der skuggane
og beina til somme av oss går
baklengs.
Snakkar baklengs. Det finst ein kant.
Kall det eit hav av frykt for mørkret. Eller
sei det med andre songar. Under ribbeina
er hjarto våre blodige stjerner. Lys opp
lys opp, og hestar som galopperer bort
følgjer bogane til ribbeina.

Staden der musikaren blei ein bjørn

Sjelene våre hermar etter lysa i Mjølkevegen. Me har alltid
visst kor me skulle
for å bli oss sjølve igjen i den menneskelege komedien.

Det er eit korleis som forvirrar oss. Ein saksofon kan gjera
alt vanskeleg.

XOXO

| Utgitt: 2006 | Format: Hefta, 61 sider | Forlag: Cappelen Damm | 

I gjendiktningsserien Stemmens kontinent frå Cappelen Damm er det kun kvinnelege lyrikere som har fått plass. Beathe gjorde meg merksam på denne serien rundt jul og eg heiv meg på idéen om å lese alle 25 bøkene. Serien består av internasjonale poeter frå heile verda, og det var kun ei av dei som eg var kjent med frå før. Forfatteren bak The Bell Jar, Sylvia Plath, er representert og bidraget hennar, Tre kvinner, har eg lest tidlegare utan å bli merksam på at Stemmens kontinent var ein serie.

Eg leser lite lyrikk i utgangspunktet, men liker idéen om at det kun er kvinner representert og at det er frå heile verda. Det er den norske lyrikeren Hanne Bramness som er initiativtaker, redaktør og i enkelte tilfelle gjendikter. Eg ser fram til å bli betre kjent med alle 25 bidraga. Beathes progresjon med serien kan følges HER (ekstern lenke).

fredag 2. februar 2024

Stemmens kontinent #22 | "Erobringer" av Kajal Ahmad

Kajal Ahmad (f. 1967) er ein kurdisk journalist, poet og sakprosaforfatter. Ahmad har publisert sju samlinger med lyrikk, og to sakprosabøker. Sistnemnte handler om kvinnenes situasjon, og om identitet og globalisering.

Erobringer består av dikt frå tre ulike samlinger, og er gjendikta av Hawdam Salih Jaf og Inger Østenstad. 21 små og lengre dikt og mange handler om frihet. Frihet som må erobres med handling. Før 1991 var det litterær sensur i irakisk Kurdistan. Då den forsvant kunne Kajal Ahmad få sine dikt utgitt. Då vart og fleire forlag, tidsskrifter og aviser etablert og ein friare offentlighet rundt dikt og litteratur.

Eit par smakebeter:

Erobringer (utdrag)

Hans sverd er av vind
og hans skjold er av ild
hans skikkelse er av stein
og hans sjel er av vann

Troløs snø (utdrag)

Hvilken krig kom inn i mitt dikts linjer
og hvilken fred fløy på dets himmel
da bønneropte jeg en grytidlig morgen
jeg er for troløs snø
jeg er for troløs sol
fordi jeg vet at snø er fred

XOXO

| Utgitt: 2005 | Format: Hefta, 72 sider | Forlag: Cappelen Damm |

I gjendiktningsserien Stemmens kontinent frå Cappelen Damm er det kun kvinnelege lyrikere som har fått plass. Beathe gjorde meg merksam på denne serien rundt jul og eg heiv meg på idéen om å lese alle 25 bøkene. Serien består av internasjonale poeter frå heile verda, og det var kun ei av dei som eg var kjent med frå før. Forfatteren bak The Bell Jar, Sylvia Plath, er representert og bidraget hennar, Tre kvinner, har eg lest tidlegare utan å bli merksam på at Stemmens kontinent var ein serie.

Eg leser lite lyrikk i utgangspunktet, men liker idéen om at det kun er kvinner representert og at det er frå heile verda. Det er den norske lyrikeren Hanne Bramness som er initiativtaker, redaktør og i enkelte tilfelle gjendikter. Eg ser fram til å bli betre kjent med alle 25 bidraga. Beathes progresjon med serien kan følges HER (ekstern lenke).

torsdag 1. februar 2024

Stemmens kontinent #21 | "Blå, klar" av Julia de Burgos

Julia de Burgos (1914-1953) var ein puertorikansk poet. I tillegg var ho borgerrettighetsaktivist og generalsekretær for ei kvinneforening i Puerto Rico. Ifølge baksideteksten kom de Burgos frå ingenting, frå dei forakta "jibaros". Sistnemnte var bønder som forvalta jorda på ein tradisjonell måte. de Burgos var eldst av tretten søsken, og seks av hennar yngre søsken døde av feilernæring. Julia de Burgos var skarp og mottok stipendiater til universitetet. I 1953 forsvant ho utan å gi beskjed kor ho skulle. Ei veke seinare døde ho på sjukehus i Spanish Harlem, men utan identifikasjon vart ho begravd på fattigkirkegården. Dette vart seinare endra då venner og familie rekvirerte hennar levninger og begravde ho i Puerto Rico.

Blå, klar er gjendikta av Inger Elisabeth Hansen, og består av fire deler med 30 dikt. Julia de Burgos utga kun to tynne diktsamlinger medan ho levde, i 1938 og 1939, men ifølge Inger Elisabeth Hansen: "den mest berømte poeten fra Puerto Rico."

Eit par smakebeter:

Begynnelse på et dikt uten ord (utdrag)

I himmelrommet kan livene våre slå seg sammen
flyktet fra seg selv!
Så lette er vi blitt
at vindenes vognmann utsetter nedturen!

Se, over oss er minnet om en søvn,
og lenger opp den spinkle pusten fra en lilje,
se hvordan små fotspor av luft pipler ut
av den siste parfymen fra den tømte rosen.

Himmelen har kledd seg i sitt antrekk av horisonter (utdrag)

Himmelen har kledd seg i sitt antrekk av horisonter
for ekkoet ditt er du.
Du drar over høye fjell og skyver fraværet mitt fra deg,
med sko av smil og av kortvarige fugler,
uvitende om uvær,
ukjent med klager og tunge skumringer,
unnsluppet, fortapt,
for du er ikke du.

XOXO

| Utgitt: 2005 | Format: Hefta, 75 sider | Forlag: Cappelen Damm |

I gjendiktningsserien Stemmens kontinent frå Cappelen Damm er det kun kvinnelege lyrikere som har fått plass. Beathe gjorde meg merksam på denne serien rundt jul og eg heiv meg på idéen om å lese alle 25 bøkene. Serien består av internasjonale poeter frå heile verda, og det var kun ei av dei som eg var kjent med frå før. Forfatteren bak The Bell Jar, Sylvia Plath, er representert og bidraget hennar, Tre kvinner, har eg lest tidlegare utan å bli merksam på at Stemmens kontinent var ein serie.

Eg leser lite lyrikk i utgangspunktet, men liker idéen om at det kun er kvinner representert og at det er frå heile verda. Det er den norske lyrikeren Hanne Bramness som er initiativtaker, redaktør og i enkelte tilfelle gjendikter. Eg ser fram til å bli betre kjent med alle 25 bidraga. Beathes progresjon med serien kan følges HER (ekstern lenke).

torsdag 25. januar 2024

Stemmens kontinent #20 | "Your passport is not guilty" av Brigitte Oleschinski

Brigitte Oleschinski (f. 1955) er ein tysk historiker og først mot slutten av 1990-talet begynte ho med skriving på heiltid. Oleschinski har sidan debuten i 1990 gitt ut tre diktsamlinger: Mental Heat Control, Your passport is not guilty og Geisterströmung. Til tross for dette er ho ein av Tysklands mest profilerte lyrikere.

Your passport is not guilty er gjendikta av Arild Vange, og består av fire deler med 44 små dikt. I etterordet står det: "For Oleschinski er det ikke bare dikteren som tilfører diktene tankestoff, diktene tenker selv, de er egne entiteter, hun møter dem lik levende vesener av iakttakelser og betydninger som trer frem for henne som reelle erfaringer, like virkelige som et barn, et tre, et vannspeil i bevegelse."

Eit par smakebeter:

Være den vepsen igjen, som om morgonen

tumler gjennom et fremmed rom, flimrer høyt
over byggeplassenes vokstavler, de vifteformede lastebiltraseene

langt ut i betongen, klesplaggene strødd utover
gulvet, bungee var det

i en silketråd, bun-

gee -

De summende gullbuskene over de uten-

landske handelskubene, som alle lik gulsvarte sifre blinker til
avgang, til de frosne taljene krummer seg midt i mars, på hodet

mellom grov murpussbekledning, her på den kornete
yttermuren:

Where do you come from?
Your passport is not guilty

XOXO

| Utgitt: 2005 | Format: Hefta, 72 sider | Forlag: Cappelen Damm |

I gjendiktningsserien Stemmens kontinent frå Cappelen Damm er det kun kvinnelege lyrikere som har fått plass. Beathe gjorde meg merksam på denne serien rundt jul og eg heiv meg på idéen om å lese alle 25 bøkene. Serien består av internasjonale poeter frå heile verda, og det var kun ei av dei som eg var kjent med frå før. Forfatteren bak The Bell Jar, Sylvia Plath, er representert og bidraget hennar, Tre kvinner, har eg lest tidlegare utan å bli merksam på at Stemmens kontinent var ein serie.

Eg leser lite lyrikk i utgangspunktet, men liker idéen om at det kun er kvinner representert og at det er frå heile verda. Det er den norske lyrikeren Hanne Bramness som er initiativtaker, redaktør og i enkelte tilfelle gjendikter. Eg ser fram til å bli betre kjent med alle 25 bidraga. Beathes progresjon med serien kan følges HER (ekstern lenke).

søndag 14. januar 2024

Stemmens kontinent #19 | "Tre kvinner" av Sylvia Plath

Sylvia Plath (1932-1963) var ein amerikansk forfatter kjent for sine dikt og romanen The Bell Jar. Farens død i 1940 vart eit sterkt motiv i diktningen, men hennar mørke skjebne og sjølvmord har muligens kome i vegen for hennar ettermæle. Baksideteksten sier at Tre kvinner viser hvilken stor poet Sylvia Plath var.

Tre kvinner er gjendikta av Hanne Bramness, og består av 53 dikt og publisert året før Plath døydde. Dikta foregår i hovudsak på ein fødeavdeling og elles rundt omkring, og det er tre stemmer som bærer dikta. Den første stemmen tilhøyrer den unge ulukkelege mora som bærer fram eit velskapt barn og tar det med heim, men heller ikkje ho er udelt lukkeleg. Den andre stemmen tilhøyrer kvinna som mister barnet sitt. Og den tredje og siste stemma er kvinna frå fakultetet, den intellektuelle som gir frå seg barnet sitt.

Eit par smakebeter:

Første stemme

Jeg er rolig. Jeg er rolig. Det er stille før noe
skrekkelig.
det gule øyeblikket før vinden begynner å vandre, bladene
snur håndflatene opp, sin blekhet. Det er så stille her.
Laknene, ansiktene, er hvite og har stanset, som klokker.
Stemmer trekker seg og flater ut. Deres synlige hieroglyfer
klemt til flate pergamentbrett som skjermer for vinden.
De maler sine hemmeligheter på arabisk, kinesisk!

Tredje stemme

Hun er en liten øy som sover fredelig,
og jeg et hvitt skip som fløyter: Farvel, farvel.
Dagen er brennende varm. Den sørger.
Blomstene i dette rommet er røde og tropiske.
De har levd bak glass hele sitt liv, de har blitt 
pleid med ømhet.
Nå står de foran en vinter av hvite laken, hvite fjes.
Jeg har veldig lite som skal i kofferten.

XOXO

| Utgitt: 2005 | Format: Hefta, 64 sider | Forlag: Cappelen Damm |

I gjendiktningsserien Stemmens kontinent frå Cappelen Damm er det kun kvinnelege lyrikere som har fått plass. Beathe gjorde meg merksam på denne serien rundt jul og eg heiv meg på idéen om å lese alle 25 bøkene. Serien består av internasjonale poeter frå heile verda, og det var kun ei av dei som eg var kjent med frå før. Forfatteren bak The Bell Jar, Sylvia Plath, er representert og bidraget hennar, Tre kvinner, har eg lest tidlegare utan å bli merksam på at Stemmens kontinent var ein serie.

Eg leser lite lyrikk i utgangspunktet, men liker idéen om at det kun er kvinner representert og at det er frå heile verda. Det er den norske lyrikeren Hanne Bramness som er initiativtaker, redaktør og i enkelte tilfelle gjendikter. Eg ser fram til å bli betre kjent med alle 25 bidraga. Beathes progresjon med serien kan følges HER (ekstern lenke).

lørdag 25. november 2023

Stemmens kontinent #18 | "Aleine med dagane" av Fadwa Tuqán

Fadwa Tuqán (1917-2003) var ein palestinsk poet kjent for sine representasjoner av motstand mot israelsk okkupasjon i moderne arabisk poesi. Ein kan jo undre seg kva ho hadde tenkt om konflikten som pågår nå, 20 år etter hennar død.

Aleine med dagane er gjendikta til nynorsk av Odveig Klyve, og består av 18 dikt frå 7 ulike diktsamlingar publisert mellom 1952 og 2000. Etterordet beskriver Tuqán som ei modig kvinne, og som ugift kvinne skriver meget fritt om kjærleik.

Eit par smakebeter:

Vers for kjærleiken

Den tiårige jenta
kviskra:
Ta meg inntil deg.
Vær ein far for meg,
vær ei mor,
vær familien min!
Eg er aleine.
Eg er ingen.
Eg er ein skugge.
Eg bur i eit tomt hus
der kjærleiken er forsteina
der kjenslene er kalde.

Nok for meg

Det er nok for meg å døy på hennar jord,
og gravleggjast i henne,
nok til å bli oppløyst og borte i denne molda,
springa ut som ein blom,
og bli funnen av eit leikande barn.
Nok for meg å bli verande
i famnen til dette landet.
Å vera nær som ei handfull støv,
ein grastust,
ein blom.

XOXO

| Utgitt: 2005 | Format: Hefta, 78 sider | Forlag: Cappelen Damm |

I gjendiktningsserien Stemmens kontinent frå Cappelen Damm er det kun kvinnelege lyrikere som har fått plass. Beathe gjorde meg merksam på denne serien rundt jul og eg heiv meg på idéen om å lese alle 25 bøkene. Serien består av internasjonale poeter frå heile verda, og det var kun ei av dei som eg var kjent med frå før. Forfatteren bak The Bell Jar, Sylvia Plath, er representert og bidraget hennar, Tre kvinner, har eg lest tidlegare utan å bli merksam på at Stemmens kontinent var ein serie.

Eg leser lite lyrikk i utgangspunktet, men liker idéen om at det kun er kvinner representert og at det er frå heile verda. Det er den norske lyrikeren Hanne Bramness som er initiativtaker, redaktør og i enkelte tilfelle gjendikter. Eg ser fram til å bli betre kjent med alle 25 bidraga. Beathes progresjon med serien kan følges HER (ekstern lenke).

fredag 24. november 2023

Stemmens kontinent #17 | "Røyk og oker" av Ingrid Jonker

Ingrid Jonker (1933-1965) var ein sørafrikansk poet og ein av grunnleggerne av moderne afrikansk litteratur. Barndommen var langt frå idyllisk då faren forlot mora før ho vart fødd, og innan Jonker var 10 år hadde ho mista dei tre i livet som betydde mest: mor, mormor og morfar. Eit kort ekteskap på 50-talet resulterte i ei dotter, før Ingrid Jonker gjorde ende på livet i Cape Town ved drukning.

Røyk og oker er gjendikta av Liv Lundberg, og består av 40 dikt frå ulike diktsamlinger. Liv Lundberg skriver personleg om Jonker i etterordet, og siterer og den sørafrikanske presidenten Nelson Mandelas ord om Ingrid Jonker: "Hun var både poet og sørafrikaner. Hun var både afrikander og afrikaner. Hun var både kunstner og menneske. Midt i fortvilelsen, feiret hun håpet. Ansikt til ansikt med døden, forsikret hun oss at livet er vakkert." (...)

Eit par smakebeter:

Jeg har lett etter kroppens vei

Jeg har lett etter kroppens vei
og fant bare ukjente sårmerker i støvet
spor etter brannete gnuer, elefanter og leoparder
avtrykk på den hvite stiens godt bevarte hemmelighet
å jeg ville bare kjenne skyggen din, steinbukk-kje
og den umerkelige vekten av din flytende kropp

Jeg gikk for å lete etter mitt eget hjerte

Jeg gikk for å lete etter mitt eget hjerte
og lenge etter at jeg gikk meg vill
i dagene som dro forbi med fylte løvkroner
i himmelen blå av fjernhet og avstander
trodde jeg at jeg skulle finne hjertet
der jeg hadde holdt øynene dine
de to brune sommerfuglene
fast, jeg så svalen fly opp
i skyggene stær

XOXO

| Utgitt: 2004 | Format: Hefta, 69 sider | Forlag: Cappelen Damm |

I gjendiktningsserien Stemmens kontinent frå Cappelen Damm er det kun kvinnelege lyrikere som har fått plass. Beathe gjorde meg merksam på denne serien rundt jul og eg heiv meg på idéen om å lese alle 25 bøkene. Serien består av internasjonale poeter frå heile verda, og det var kun ei av dei som eg var kjent med frå før. Forfatteren bak The Bell Jar, Sylvia Plath, er representert og bidraget hennar, Tre kvinner, har eg lest tidlegare utan å bli merksam på at Stemmens kontinent var ein serie.

Eg leser lite lyrikk i utgangspunktet, men liker idéen om at det kun er kvinner representert og at det er frå heile verda. Det er den norske lyrikeren Hanne Bramness som er initiativtaker, redaktør og i enkelte tilfelle gjendikter. Eg ser fram til å bli betre kjent med alle 25 bidraga. Beathes progresjon med serien kan følges HER (ekstern lenke).

mandag 20. november 2023

Stemmens kontinent #16 | "Verdener" av Gertrud Kolmar

Gertrud Kolmar (1894-1943) var ein jødisk-tysk poet og forfatter. Ho vart fødd i Berlin, og som jøde under annen verdskrig vart ho deportert og døydde i Auscwitz-Birkenau. I skrift var ho ei reisande kvinne, men gjorde sjelden reiser utanfor Tyskland, og i etterordet skriver Wera Sæther: "Gertrud Kolmar; alltid vært i Tyskland.

Verdener er gjendikta av Wera Sæther med hjelp frå tyskfødde Anne Luise Kirkengen. Welten vart utgitt posthumt i 1947, og Sæther har valgt ut 12 av 17 dikt frå diktsamlinga. Etterordet sier at Welten er meget populær i Europa, og har blitt omsett til fleire språk. Populariteten til tross, eg får svært lite ut av denne diktsamlinga dessverre.

Eit par smakebeter:

Tjene (eit utdrag)

Du som binder og oppløser stoffer, gjør dem kalde og varme,
svake og sterke,
du som pirrer syrer, plager malm, gjemmer hemmelig
blanding i kapsler, brygger i rør og smeltedigler,
selv om det verken er alkahest eller
den hvite og røde løven du koker,
du er mester i en alkymi
som er fremmed og vidunderlig for meg.

Ufruktbar (eit utdrag)

Kvinnene i vesten bærer ikke slør.
Kvinnene i østen legger det fra seg.
Jeg skulle så gjerne gjemt ansiktet under et mørkt slør.
For det er ikke lenger vakkert å se til, ikke inntagende
mer, men grått og sprukkent som steinene
i et morkent og forlatt ildsted.
Håret mitt støver av aske.

XOXO

| Utgitt: 2004 | Format: Hefta, 60 sider | Forlag: Cappelen Damm |

I gjendiktningsserien Stemmens kontinent frå Cappelen Damm er det kun kvinnelege lyrikere som har fått plass. Beathe gjorde meg merksam på denne serien rundt jul og eg heiv meg på idéen om å lese alle 25 bøkene. Serien består av internasjonale poeter frå heile verda, og det var kun ei av dei som eg var kjent med frå før. Forfatteren bak The Bell Jar, Sylvia Plath, er representert og bidraget hennar, Tre kvinner, har eg lest tidlegare utan å bli merksam på at Stemmens kontinent var ein serie.

Eg leser lite lyrikk i utgangspunktet, men liker idéen om at det kun er kvinner representert og at det er frå heile verda. Det er den norske lyrikeren Hanne Bramness som er initiativtaker, redaktør og i enkelte tilfelle gjendikter. Eg ser fram til å bli betre kjent med alle 25 bidraga. Beathes progresjon med serien kan følges HER (ekstern lenke).

søndag 19. november 2023

Stemmens kontinent #15 | "Ho som reiser med tomt glas" av Alejandra Pizarnik

Alejandra Pizarnik (1936-1972) var ein argentinsk poet med russiske jøder til foreldre. Tove Bakke skriver i etterordet at stillheit og død er to ord som beskriver poesien til Pizarnik, og sistnemnte hadde poeten erfaring med. Foreldrene søkte asyl i Argentina for å kome vekk frå massakrene som var på veg i Europa, og bortsett frå ein onkel i Paris døde samtlege familiemedlemmer under Hitlers Holocaust. Alejandra Pizarnik budde i Paris på 60-talet, men vendte tilbake til Buenos Aires der ho sjølv gjorde ende på livet sitt.

Ho som reiser med tomt glas er gjendikta av Tove Bakke til nynorsk, og består av 64 korte dikt. Dei er i hovudsak henta frå samlingane Àrbol de Diana (1962), Los trabajos y las noches (1965) og Extracción de la piedna de la locura (1968). Det er til tider heftig og til tider hjarteskjærande, og igjen står nynorsk språk ut som det fineste ved lyrikk.

Eit par smakebeter:

Openberringar

Om natta ved di side
er orda spiker, er orda nøklar.
Dødstrongen er kongen.

Måtte kroppen din alltid vere
eit kjært rom for openberringar.

Barndom

Tida da graset gror
i hesteminnet.
Da vinden held truskuldige taler
til ære for liljene,
og nokon går inn i døden
med opne auge
som Alice held i landet for det som alt er sett.

XOXO

| Utgitt: 2004 | Format: Hefta, 91 sider | Forlag: Cappelen Damm |

I gjendiktningsserien Stemmens kontinent frå Cappelen Damm er det kun kvinnelege lyrikere som har fått plass. Beathe gjorde meg merksam på denne serien rundt jul og eg heiv meg på idéen om å lese alle 25 bøkene. Serien består av internasjonale poeter frå heile verda, og det var kun ei av dei som eg var kjent med frå før. Forfatteren bak The Bell Jar, Sylvia Plath, er representert og bidraget hennar, Tre kvinner, har eg lest tidlegare utan å bli merksam på at Stemmens kontinent var ein serie.

Eg leser lite lyrikk i utgangspunktet, men liker idéen om at det kun er kvinner representert og at det er frå heile verda. Det er den norske lyrikeren Hanne Bramness som er initiativtaker, redaktør og i enkelte tilfelle gjendikter. Eg ser fram til å bli betre kjent med alle 25 bidraga. Beathes progresjon med serien kan følges HER (ekstern lenke).

søndag 12. november 2023

Stemmens kontinent #14 | "Den søvnløses sang" av Marie Under

Marie Under (1883-1980) var ein estisk lyriker, og medstifter av Estisk forfatterforening i 1922. I løpet av eit langt liv rakk ho å oppleve ei rekke dramatiske hendingar i sitt land. Etter andre verdskrig budde Under som mange andre av sine samtidige i eksil, og døde anonymt i Stockholm.

Den søvnløses sang er gjendikta av Enel Melberg og Hanne Bramness, og består av 23 korte og lengre dikt. Fleire av dikta relaterer til krig, og med dagens situasjon i verda kunne dei like godt vore frå i dag. Det er til tider sterk lesing, og eg sitter igjen med ei kjensle av å lest noko meget bra.

Eit par smakebeter:

Jærtegn

Nå stilner alle bekker av blod,
brukne bein og armer vokser sammen,
sammenraste hus bygges opp igjen.

Fosforgyllen marg har gjødslet jorda
der barna igjen løper rundt i gresset.
Et vell av små blomster i blodstrømmen

plukket av uskyldige hender. På veggen i kammerset
er Kristus tristere enn noensinne: herdede
brorshjerter. Bare mødrene sørger stadig.

Men ved midnatt - er det ikke et jærtegn som uler?

Med blikket

Med blikket strekker jeg
en himmel fra stranden her over til deg,
i mitt lyttende bryst
omgjøres avstanden til et brus.
Plutselig er smerten overstått.
Månen skjuler min redsel.
Stjernen i øyet, under øyelokket,
bærer jeg med meg til din seng.

XOXO

| Utgitt: 2004 | Format: Hefta, 54 sider | Forlag: Cappelen Damm |

I gjendiktningsserien Stemmens kontinent frå Cappelen Damm er det kun kvinnelege lyrikere som har fått plass. Beathe gjorde meg merksam på denne serien rundt jul og eg heiv meg på idéen om å lese alle 25 bøkene. Serien består av internasjonale poeter frå heile verda, og det var kun ei av dei som eg var kjent med frå før. Forfatteren bak The Bell Jar, Sylvia Plath, er representert og bidraget hennar, Tre kvinner, har eg lest tidlegare utan å bli merksam på at Stemmens kontinent var ein serie.

Eg leser lite lyrikk i utgangspunktet, men liker idéen om at det kun er kvinner representert og at det er frå heile verda. Det er den norske lyrikeren Hanne Bramness som er initiativtaker, redaktør og i enkelte tilfelle gjendikter. Eg ser fram til å bli betre kjent med alle 25 bidraga. Beathes progresjon med serien kan følges HER (ekstern lenke).

søndag 5. november 2023

Stemmens kontinent #13 | "Epikurs hage" av Ulla Hahn

Ulla Hahn (f. 1945) er ein tysk forfatter som skriver romaner og lyrikk. I etterordet skriver Ragnar Hovland at Ulla Hahn vaks opp ein nærmast kulturfiendtlig heim, utan bøker. Det var bestemora som introduserte Hahn for bøker. Hahn var spurt ein gong om kva det vakreste ordet i verda er og ho svarte: Liebe. Ein stor del av produksjonen til Ulla Hahn er kjærleiksdikt, og i denne samlinga er det og ein stor del kjærleiksdikt.

Epikurs hage er gjendikta av Ragnar Hovland til nynorsk, og består av 67 dikt frå tidlegare utgitte diktsamlinger. Galileo und zwei Frauen (1997), Epikurs Garten (1995), Liebesgedichte (1993), Unerhörte Nähe (1988) og Herz über Kopf (1981) er samlingene dikta er henta frå. Å gjendikte til nynorsk er ein genistrek, og i dette tilfellet fungerer det meget godt. Eg opplever ikkje dikta som gjenkjennbare, men dei er absolutt gode.

Eit par smakebeter:

Evigheitsblomar for Lene Nimbsch

Vi såg Lasarus stå opp og gå. Fór avstad
Og blei seinare aldri sett.
Ingen såg han døy for andre gong.

Bli eldre

Nøle midt i setningen

Spørje på ny når ein trur
ein har forstått det

Ikkje lenger ha det så travelt
med å ville vite

Halde  ein stein eit glas ei hand
fast lenger enn nødvendig

Røre ermet til den ein snakkar med
for å merke at ein enno er der

Miste ei bok eit blikk ei hud
og ikkje lenger ønskje å finne

Minnast i staden for å lengte

Trene tanken: alt dette vil vere att etter meg
som ein muskel

Kjensle som om nokon var i rommet

XOXO

| Utgitt: 2003 | Format: Hefta, 76 sider | Forlag: Cappelen Damm |

I gjendiktningsserien Stemmens kontinent frå Cappelen Damm er det kun kvinnelege lyrikere som har fått plass. Beathe gjorde meg merksam på denne serien rundt jul og eg heiv meg på idéen om å lese alle 25 bøkene. Serien består av internasjonale poeter frå heile verda, og det var kun ei av dei som eg var kjent med frå før. Forfatteren bak The Bell Jar, Sylvia Plath, er representert og bidraget hennar, Tre kvinner, har eg lest tidlegare utan å bli merksam på at Stemmens kontinent var ein serie.

Eg leser lite lyrikk i utgangspunktet, men liker idéen om at det kun er kvinner representert og at det er frå heile verda. Det er den norske lyrikeren Hanne Bramness som er initiativtaker, redaktør og i enkelte tilfelle gjendikter. Eg ser fram til å bli betre kjent med alle 25 bidraga. Beathes progresjon med serien kan følges HER (ekstern lenke).

søndag 13. august 2023

"Gjenklang"-serien av Nora Dåsnes og Hannah Mileman

Nora Dåsnes (f. 1995) er ein norsk illustratør og barnebokforfatter. Ho har stadfesta sin posisjon i norsk litteratur med utgivelser som Ti kniver i hjertet og Ubesvart anrop. Saman med Hannah Mileman (f. 1995) vant ho NorskeSeriers manuskonkurranse i 2014. I juli 2020 kom første bok i serien Gjenklang og serien har gått sin seiersgang gjennom Bookstagram Noreg i sommar.

Gjenklang-serien består av 10 bøker, skrevet i 2020 og 2021, og starter i 1912. Sytten år gamle Ella Holter bur hjå ein fosterfamilie på Eina, og har kvart år på sin bursdag fått eit kort og ein sum penger frå ein far ho ikkje husker. Fosterfamilien veit ikkje stort dei heller, og då sytten-årsdagen kjem og går utan bursdagskort blir Ella både undrende og bekymra. Fosterforeldrene har problem med å behalde Ella som fosterbarn om pengene uteblir, og Ella flytter til Kristiania.

I Kristiania blir ho møtt av sin fosteronkel, Alfred Holter, som arbeider i herskapshuset til von Tillisch-familien. Nedenunder regjerer fru Berg som saman med Alfred, Inga og Jenny utgjer staben. Ella får arbeid som tjenestepike utan tidlegare arbeidserfaring eller referanser. Ovenpå bur Margrethe von Tillisch. Ho er enke etter ei tragisk ulykke, og det er broren hennar, Johannes von Tillisch som styrer hushaldninga. Margrethe von Tillisch har tre barn, Helena, Lucas og Maria. Førstnemnte skal gifte seg med ein brite, men det får tidleg i serien eit tragisk utfall.

Johannes von Tillisch styrer huset med jernhand, og det blir tidleg klart at han er ikkje ein mann du tråkker på tærne. Alle går på tå hev rundt Johannes, og han veit å bruke sine kontakter og spioner for alt det er verdt. Ella Holter er ei jente med bein i nesa, og planen hennar er å finne familien sin. Det vil vise seg å vera ein lang og omstendelig prosess, og det er fleire som ønsker å stikke kjepper i hjulene for fleire av Ellas krumspring. 

Eg har lest få serieromaner, og skal eg først lese ein serie så må det klaffe med blant anna tidsperiode. Gjenklang-serien går akkurat, då den har bikka 1900-talet. Litt merkelig igrunnen då eg stadig leser bøker gitt ut på 1800-talet, men eg trur det har med at dei vart skrevet og publisert på 1800-talet. Uansett så lider eg og av FOMO (fear of missing out = redd for å gå glipp av noko) og då Mie/barnebokuniverset satte i gang denne serien så krøyp eg langsomt inn i Allbok-appen og lånte første bok. Bøkene gikk raskt unna, hadde ein pause ca halvveis før siste bok vart lest i går. 

Eg kan ikkje med handa på hjartet si at eg har likt alt, men det er sekvenser eg har likt betre enn andre. Eg syns faktisk det skjer vel mykje, og undrer meg over om det virkelig fantes personer som Johannes von Tillisch, og alle disse hendingane som skjer i løpet av serien. Eg vart og kjent med eit heilt anna Oslo enn det kjente før serien, og måtte fleire gonger sjekke dagens kart for å sjå etter avstander og diverse. Me har vore mange som har lest serien i sommar, og eg trur det er nokon som held på ennå. Det blir nok fleire serieromaner etterkvart, innimellom alt anna, for det er god underhaldning.

XOXO

| Titler i serien (kronologisk): I familiens fotspor, Rømlingen, Sommerhuset, Teppefall, Høst i Kristiania, Rettssaken, Solverv, I unåde, Skolen, Reisen hjem | Utgitt: 2020-2021 | Format: Digitalt, 256 sider pr bok | Forlag: Cappelen Damm |

søndag 18. juni 2023

"Den navnløse arven" av Ellen G. Simensen

Ellen G. Simensen (f. 1975) er ein norsk lektor og forfatter. Ho debuterte i 2020 med første kriminalroman om Lars Lukassen og Johanna Brekke. Tro meg når du lyver var ein til tider heseblesende affære og nå er bok 2 om det umake paret ute.

Den navnløse arven tar utgangspunkt i Noregs sæddonorsystem og konsekvensene av eit system som rakna. Etterforsker Lars Lukassen kobles på ein sak der ein lege ved ein fertilitetsklinikk blir brutalt myrda. 16 år tidlegare blir ein klassefest arrangert, men handlingene på denne festen skal prege deltakerne inn i vaksenlivet. Samstundes som etterforskningen går sin gang møter Lars Lukasssen utfordringer i privatlivet. Han og dottera, Annie, finner eit gøymt fotografi og det blir spørsmål rundt Lukassens eigen familiehistorie.

Då eg las Tro meg når jeg lyver i 2020 vart eg blåst av gårde, og ønska meg fleire bøker frå Ellen G. Simensen. Den navnløse arven leverer på språk og research, og slik som i første bok er det heile tida noko som ulmer under overflaten. Dessverre står ikkje denne boka like fjellstøtt, og mogleg det er bare pirk frå mi side. Boka veksler mellom fortid og nåtid, og det var fleire gonger frustrerande då eg ikkje alltid skjønte kor i historien eg var. Eg kunne tenkt meg årstal pr kapittel istadenfor oppdelingen i 2 deler. Karakterene er flate, og det er ingen som eg får lyst til å heie på. Eg trur at Ellen G. Simensen har rett i mykje av researchen sin omkring donorsystemet og liknande, men til tider blir det i overkant mykje.

Andre som har skrevet om den: AnitaTine

XOXO

| Utgitt: 2023 | Format: Innbundet, 345 sider | Forlag: Cappelen Damm |

mandag 13. mars 2023

Stemmens kontinent #12 | "Min søsters søster" av Selima Hill

Selima Hill (f. 1945) vart fødd inn i ein malerfamilie i London. Ho var ein attpåklatt i ein heim prega av avmålthet, avstand og ambisjoner. Kunst og intellekt vart satt pris på, fortrolighet var det lite av. Maling låg ikkje for Selima Hill, istadenfor skreiv ho side opp og side ned i notatbøkene. Hill har forfatta ei rekke diktsamlinger, og motatt ei rekke priser.

Min søsters søster er gjendikta av Hanne Bramness, og består av 39 dikt frå samlingene Violet (1997) og Bunny (2001). Etter 12 diktsamlinger frå kjente og ukjente kvinner har eg endeleg funne ei som eg faktisk liker godt. Mogleg det har noko med at eg har ei søster sjølv, eller at Hill er frå England, så er dette gjenkjennbart. Humor har den og, og det liker eg.

Eit par smakebeter:

Min søsters dukke

Hun tar på henne kjoler lik en dukke,
og prøver ut forskjellige stillinger,
som om hun ennå levde, men det gjør hun ikke,
eller nesten ikke, i alle fall ikke i morgen:
hun prøver likevel å støtte og mate henne
og tro på at hun snart skal komme hjem,
og snart bli gjenforenet med hestene sine,
snart skal vi få høre tordenen fra hovene,
og veiene skal revne, sykehus styrte,
senger i hundrevis dukke fram av ruinene
og ule og flakse sin vei på himmelen.

Min søsters søster

Hver kveld før jeg sovnet inn
skrev jeg om vår dag på sykehuset,
om håpet, om frykten, grunnene til det;
jeg skrev om blomstene ved sengen hennes,
om kortene og pillene, vekt og temperatur,
om alt, faktisk, bortsett fra min søster
eller noe som hadde med min søster.
Jeg vil ikke ha henne med i mine private bøker
når alt som står der fins på grunn av meg.
Jeg vil ikke ha henne rotende rundt der
som om hun må det bare fordi hun var med.

Møte

Da vi møttes den kvelden i trappen,
om kvelden den dagen moren vår døde,
så hun på meg som om hun ikke kjente meg,
som om hun alt var utenfor rekkevidde,
en som årelang smerte hadde gjort det umulig å røre,
dyppet i glass for sitt eget beste.

XOXO

| Utgitt: 2003 | Format: Hefta, 52 sider | Forlag: Cappelen Damm |

I gjendiktningsserien Stemmens kontinent frå Cappelen Damm er det kun kvinnelege lyrikere som har fått plass. Beathe gjorde meg merksam på denne serien rundt jul og eg heiv meg på idéen om å lese alle 25 bøkene. Serien består av internasjonale poeter frå heile verda, og det var kun ei av dei som eg var kjent med frå før. Forfatteren bak The Bell Jar, Sylvia Plath, er representert og bidraget hennar, Tre kvinner, har eg lest tidlegare utan å bli merksam på at Stemmens kontinent var ein serie.

Eg leser lite lyrikk i utgangspunktet, men liker idéen om at det kun er kvinner representert og at det er frå heile verda. Det er den norske lyrikeren Hanne Bramness som er initiativtaker, redaktør og i enkelte tilfelle gjendikter. Eg ser fram til å bli betre kjent med alle 25 bidraga. Beathes progresjon med serien kan følges HER (ekstern lenke).

søndag 12. mars 2023

Stemmens kontinent #11 | "Ophelias bok" av Anne Perrier

Anne Perrier (1922-2017) var ein franskspråkleg sveitsisk poet som budde heile livet i Lausanne. Sidan debuten i 1952 skreiv ho 11 diktsamlinger, Ophelias bok var den åttande i rekka og kom ut første gong i 1979.
Som tittelen viser, tek forfattaren i Ophelias bok utgangspunkt i Shakespeares Hamlet og diktar sitt verk rundt Ophelias skjebne, hennar sorg og tankar. Eit ytre og indre univers går tidvis i kvarandre og uttrykkjer venleik, lengt og ævekjensle. (s. 69)
Ophelias bok er gjendikta av Sigurd Helseth til nynorsk, og består av fire lengre dikt. Nynorsk er igjen det finaste å lese dikt på, og sidene flyr avgårde. Eg har dessverre lite kjennskap til Shakespeares Hamlet, og ser føre meg at diktsamlingen hadde blitt enda betre etter lesing av nemnte stykke.

Eit par smakebeter:

Timar

Det var kanskje i draume
Regn fall frå augene mine
Med skjelvande hjarte flaug eg nedover
elva sin song
Epokane overdynga meg med glansen sin
Og eg dreiv lett
over praktfulle botnar

(...)

Eg hadde fått tre ringar av gull
Den første har sokke
i tida sitt djup
Den andre har ei skjor stole
til sin kvite hals
Den tredje med blomstergift
vaktar ein løyndom
som streif frå eit einaste blikk
ville knusa

XOXO

| Utgitt: 2003 | Format: Hefta, 76 sider | Forlag: Cappelen Damm |
Andre bloggere har også lest denne: Beathe

I gjendiktningsserien Stemmens kontinent frå Cappelen Damm er det kun kvinnelege lyrikere som har fått plass. Beathe gjorde meg merksam på denne serien rundt jul og eg heiv meg på idéen om å lese alle 25 bøkene. Serien består av internasjonale poeter frå heile verda, og det var kun ei av dei som eg var kjent med frå før. Forfatteren bak The Bell Jar, Sylvia Plath, er representert og bidraget hennar, Tre kvinner, har eg lest tidlegare utan å bli merksam på at Stemmens kontinent var ein serie.

Eg leser lite lyrikk i utgangspunktet, men liker idéen om at det kun er kvinner representert og at det er frå heile verda. Det er den norske lyrikeren Hanne Bramness som er initiativtaker, redaktør og i enkelte tilfelle gjendikter. Eg ser fram til å bli betre kjent med alle 25 bidraga. Beathes progresjon med serien kan følges HER (ekstern lenke).

tirsdag 7. mars 2023

Stemmens kontinent #10 | "Svimlande nær" av Nicole Brossard

Nicole Brossard (f. 1943) er fødd i Montreal og rekner seg som lyriker. I tillegg til poesi har ho skrevet romaner, essay, artikler og for teater. Tove Bakke skriver i etterordet at grensekryssing på språkplanet går att hjå Nicole Brossard. Ho har vokst opp som fransktalande i ein engelsktalande del av ein tospråkleg by, og Bakke meiner ho leiker mykje med språket på grunn av det.

Svimlande nær er gjendikta av Tove Bakke til nynorsk, og består av nesten 80 små dikt. Dikta er til tider meget korte, gjerne ein til to linjer, og det er ukjent terreng for meg. Det satte meg faktisk såpass ut at eg ikkje oppdaga før halvveis uti boka at den er omsett til nynorsk.

Eg finner ikkje flyten i denne samlinga, og sitter dessverre igjen med svært lite. Eg er ein lesar som nok krever meir kjøtt på beinet, og setter pris på ei mursteinsbok. Det farger mitt inntrykk av denne samlinga. I tillegg har ikkje samlinga store bokstaver, og svært lite teiknsetting og for ein grammatisk nerd som meg så ødelegger det opplevinga.

Ein smakebete:

29

litteratur er ein måte å vere på
ein måte å omsetje eg er på
å røre ved stader der andre finst

XOXO

| Utgitt: 2002 | Format: Hefta, 40 sider | Forlag: Cappelen Damm |

I gjendiktningsserien Stemmens kontinent frå Cappelen Damm er det kun kvinnelege lyrikere som har fått plass. Beathe gjorde meg merksam på denne serien rundt jul og eg heiv meg på idéen om å lese alle 25 bøkene. Serien består av internasjonale poeter frå heile verda, og det var kun ei av dei som eg var kjent med frå før. Forfatteren bak The Bell Jar, Sylvia Plath, er representert og bidraget hennar, Tre kvinner, har eg lest tidlegare utan å bli merksam på at Stemmens kontinent var ein serie.

Eg leser lite lyrikk i utgangspunktet, men liker idéen om at det kun er kvinner representert og at det er frå heile verda. Det er den norske lyrikeren Hanne Bramness som er initiativtaker, redaktør og i enkelte tilfelle gjendikter. Eg ser fram til å bli betre kjent med alle 25 bidraga. Beathes progresjon med serien kan følges HER (ekstern lenke).

mandag 27. februar 2023

Stemmens kontinent #9 | "Del av en fugl" av Nina Cassian

Nina Cassian (1924-2014) var ein rumensk poet, oversetter og barnebokforfatter (blant mange andre profesjoner). I seksti år budde ho i Bucuresti før ho i 1985 flytta til USA for ein lærarstilling. Eit par år seinare søkte ho om politisk asyl i landet. Mange av dikta hennar vart publisert både på rumensk og engelsk, og etter flyttinga til USA oppnådde ho internasjonalt renommé som poet etter ho fekk eit dikt på trykk i The New Yorker.

Del av en fugl er gjendikta av Liv Lundberg, og inneheld dikt frå to samlinger frå 90-talet, Life Sentence og Take my Word for it. liv Lundberg skriver i etterordet  at ho har valgt å ta med fleire lengre dikt i denne samlinga for å demonstrere Cassians tyngde (eller dybde) såvel som hennar poengterte penn. Dette valet vart gjort etter Cassian sjølv meinte ho skreiv kortere og meir direkte på engelsk.

Det er dei lengre dikta som gjer at eg detter av i denne samlinga, og eg finner simpelthen ikkje flyten. Innimellom finner eg gull, men det er mykje gråstein i Del av en fugl, men det er kun mitt syn. Andre kan finne bare gull.

Eit par smakebeter:

Kulde (utdrag):

Kulde. Nødvendig kulde
avføder de første utvekstene - fjellene,
sønner og døtre av kulden,
den nødvendige kulden senere blidgjort
til første plantefornemmelse,
til første sansende celle,
til første ustødige ape,
- til mennesket.

Vokal

En ren morgen er vokalen min,
den latinske uttalen
i en mumlende forvirret tid.
Med rasjonelle stavelser
prøver jeg å klarne
den omtåkete forvirringen
og utsvevende volden.

Min lingvistiske protest
har ingen kraft.
Fienden er analfabet.

XOXO

| Utgitt: 2002 | Format: Hefta, 75 sider | Forlag: Cappelen Damm |