Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Gunnar Staalesen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gunnar Staalesen. Vis alle innlegg

onsdag 13. mars 2013

Månadens Riverton: "Rygg i rand, to i spann" (Dumbo & Maskefjes #1)

Forfatter: Gunnar Staalesen
Utgitt: 1975
Min utgåve: 1996
Format: Innbundet, 167 sider
Forlag: Gyldendal
Mål/utfordringer: Riverton og Glassnøkkelen

Gunnar Staalesen er ein av to som har vunnet Riverton-prisen to gonger, første gong i 1975, og andre gong i 2002. Begge hans Riverton-vinnere er nå lest, men etter mitt syn er det stor litterær ulikskap mellom dei. Eg vel å tru at krimforfattere er som god vin: dei blir betre med åra. I Staalesens tilfelle er det ihvertfall sant.

Rygg i rand, to i spann er Gunnar Staalesens debut i kriminallitteraturen, og den vart utgitt i 1975 etter at Staalesen vant 2. pris i Gyldendals konkurranse om beste kriminalroman. Romanen handler om dei to bergenske politietterforskerne Dumbo og Maskefjes, og begynner ein sløv ettermiddag då den eine av dei utbryter at denne dagen er ein av dei då det ikkje skjer noko. Kort tid etter skjer det to forbrytelser: eit postran og eit mord. Dumbo og Maskefjes starter på kvar sin sak, men ender opp med å jobbe side ved side då sakene har koblinger til kvarandre.

Eg fekk svært lite ut av denne boka, noko som forklarer min samanlikning mellom god vin og Staalesen. Det er hans krimdebut, og i 1975 var den høgt akta. Terje Wiig i Aftenposten kalte den ein gledelig begivenhet, men i dagens samfunn held den ikkje mål etter mitt syn. Den er platt, det går sakte, og ein skulle tru at 167 sider tar liten tid å lese. I dette tilfellet er det heilt feil.

Dumbo og Maskefjes figurerer i 2 bøker til: Mannen som hatet julenisser og Den femte passasjeren, og vart utgitt som ein trilogi seinast i 2000. Neste Riverton-bok er allereie bestemt, og det ser ut til at Riverton-målet blir det lettaste i 2013.

XOXO

mandag 21. januar 2013

Månadens Riverton: "Som i et speil" (Varg Veum #13)

"Som i et speil - kriminalroman" av Gunnar Staalesen
Forfatter: Gunnar Staalesen
Utgitt: 2002
Min utgåve: 2004
Format: Paperback, 290 sider
Forlag: Gyldendal
Mål: Riverton og Glassnøkkelen

Som i et speil er den første Varg Veum-romanen sidan 1995, men handlinga foregår kun nokon månader etter hendingane i Skriften på veggen. Det er Staalesens trettende roman om Varg Veum. Eg har ikkje lest så altfor mange av Staalesens bøker, men det er eit hyggelig gjensyn.

Varg Veum blir engasjert av Berit Breheim for å finne hennar lillesøster, Bodil, og svogeren. Dei har ikkje blitt sett på halvanna veke, og Berit vil nødig gå til politiet. Etterkvart viser det seg at saken har mange lag, deriblant at Berit og Bodils mor omkom i ei ulykke då jentene var 2 og 6 år gamle. Veum gir seg i kast med utspørring og sjekking av diverse ferieboliger som er i Breheims eige, men finner ingenting. Kan lasteskipet som er på veg mot Noreg ha noko med forsvinninga å gjere?

Ulykka i 1957 der Bodil og Berits mor omkom kaster lange skugger innover livet til jentene Breheim. Utover i boka syns eg Veum bruker meir tid på den saken enn på å finne Bodil og mannen, men eg liker godt familiemysterier så det passer meg greit. Det er mange karakterer å halde styr på, og når Veum får kontakt med ein journalist som forfølger det mystiske lasteskipet får me enda ein tråd å halde styr på.

Staalesen skriver godt, og han veit å halde lesaren på pinebenken. Det er først på dei siste sidene at alle brikkene faller på plass. Eg les ein del Christie-bøker, og når ein er vant med at det er eit par drepte på dei første ti sidene, så blir ein litt snurt når det ikkje dukker opp lik før ved slutten. Likevel er det noko kjent og kjært ved Varg Veum, og eg håper eg får tid til fleire.

For Som i et speil mottok Gunnar Staalesen Rivertonprisen 2002 for beste kriminalroman. Saman med Jon Michelet er han den einaste som har fått denne utmerkelsen to ganger.

XOXO