Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Thomas Hardy. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Thomas Hardy. Vis alle innlegg

søndag 25. januar 2026

3 x Thomas Hardy

Thomas Hardy (1840-1928) var ein britisk forfatter som debuterte med sin første roman i 1871, og er mest kjent for romaner som Tess of the D'Urbervilles, Jude the Obscure and The Mayor of Casterbridge. Han identifiserte seg imidlertid som poet og skreiv romaner i hovudsak for penger.

The Hand of Ethelberta
er Thomas Hardys femte roman, og handler om eventyrlystne Ethelberta Petherwin som finner opp eit alias og relanserer seg sjølv som samfunnspoet. Samfunnet rundt ho er mannsdominert, men Ethelberta snur det til sin eigen vinning og har snart fire ulike beilere. Ethelberta veksler elegant mellom sine to identiteter, men vil ho velge ein av beilerne? Og skal ho ta han med mest penger eller han ho verkeleg elsker? Thomas Hardy har i denne romanen tatt inspirasjon frå populære romanser og til med hans kones dagbok speler ei rolle i romanen om ei kvinne som har tatt skjebnen i eigne hender.

| Forfatter: Thomas Hardy | Utgitt: 1876 | Min utgåve: Lydbok, lest av Simon Evers, 13t40min | Forlag: Anncona Media |

The Return of the Native
er Thomas Hardys sjette roman, og handler om Eustacia Vye som drøymer om kjærleik og muligheten det gir for utflytting. Nå er Clym Yeobright på veg heim frå Paris og Eustacia ser sitt snitt til å kapre ham. Ekteskapet blir derimot ikkje lukkeleg då Clym har eigne draumar, og dei samsvarer sjelden med Eustacias eigne. Thomas Hardy illustrerer i denne romanen korleis romantiske illusjonar ikkje bare påverker eit ekteskap, men og personer rundt, og muligheten for å påverke eigen skjebne.

| Forfatter: Thomas Hardy | Utgitt: 1878 | Min utgåve: Lydbok, lest av Patrick Tull, 16t26min | Forlag: Recorded Books |

The Trumpet-Major
er Thomas Hardys syvende roman, og hans einaste historiske roman. I den oppdikta byen Wessex venter dei på den moglege invasjonen av Napoleons flåte, og Anne Garland vurderer sine tre beilere. Deira skjebner blir infiltrert av den moglege invasjonen, då to av beilerne er henholdsvis soldat og sjømann. Romanen er ein av Thomas Hardys mest uvanlege og skal vera ein fascinerande historie om kjærleik.

| Forfatter: Thomas Hardy | Utgitt: 1880 | Min utgåve: Lydbok, lest av Michael Ward, 11t18min | Forlag: Independently Published |

Det går sakte framover med Thomas Hardy, men det er ikkje av det beste eg har lest frå denne tidsperioden. Eg trur dei beste romanane kjem mot slutten av Hardys skriveliv, så eg fortsetjer med planen.

Eg er med i ei Discord-gruppe leda av youtuberen Jen the Librarian, og skal lese Thomas Hardys romaner i publisert rekkefylgje dei neste 14 månadane. Eg gler meg då eg tidlegare kun har lest to av romanane hans tidlegare (Under the Greenwood Tree og The Mayor of Casterbridge).

XOXO

lørdag 11. oktober 2025

"Far from the Madding Crowd" av Thomas Hardy

Thomas Hardy (1840-1928) var ein britisk forfatter som debuterte med sin første roman i 1871, og er mest kjent for romaner som Tess of the D'Urbervilles, Jude the Obscure and The Mayor of Casterbridge. Han identifiserte seg imidlertid som poet og skreiv romaner i hovudsak for penger.

Far from the Madding Crowd handler om den sjølvstendige og spirituelle Bathsheba Everdeen som har kome til den fiktive Weatherbury for å bli gardbruker på den største garden i området. Hennar opne tilstedeværelse tiltrekker seg tre ulike beilere: gardbrukeren Boldwood, soldaten/forføreren Sergeant Troy og sauegjeteren Gabriel Oak. Kvar beiler setter Batsheba Everdeen ut av spel, og får ho til å tvile på sine livsval. Romanen er den første som er satt til Hardys fiktive Wessex fylke, og inneheld blant anna hans direkte ærlighet om seksuelle forhold.

Den fjerde i rekka av Thomas Hardy-romaner, og må innrømme at her har eg ikkje haldt tritt i det heile tatt. Det kan ha mange årsaker, men eg trur på den at viss ikkje handlinga fenger så høyrer eg ikkje etter. det kan bare gå oppover i min Hardy-lesing, og neste roman er straks i gang.

Eg er med i ei Discord-gruppe leda av youtuberen Jen the Librarian, og skal lese Thomas Hardys romaner i publisert rekkefylgje dei neste 14 månadane. Eg gler meg då eg tidlegare kun har lest to av romanane hans tidlegare (Under the Greenwood Tree og The Mayor of Casterbridge).

XOXO

| Forfatter: Thomas Hardy | Utgitt: 1874 | Min utgåve: 2019 | Format: Lydbok, lest av Jamie Parker, 14t58min | Forlag: Naxos Audiobooks |

lørdag 13. september 2025

"A Pair of Blue Eyes" av Thomas Hardy

Thomas Hardy (1840-1928) var ein britisk forfatter som debuterte med sin første roman i 1871, og er mest kjent for romaner som Tess of the D'Urbervilles, Jude the Obscure and The Mayor of Casterbridge. Han identifiserte seg imidlertid som poet og skreiv romaner i hovudsak for penger.

A Pair of Blue Eyes handler om blåøyde (muligens både i auger og erfaring) Elfride Swancourt. Ho er 19 år og bur aleine med sin far, og romanen handler om Elfrides kjærleikstrekant med sine beilere. Stephen Smith er ein ung mann med same bakgrunn som Elfride, medan Henry Knight er eldre og frå London-sosieten. Dei to beilerne er venner, men dei er ikkje klar over at begge kjenner Elfride Swancourt. Då faren får nyss om dotteras bekjentskap med Smith blir sistnemnte sendt på dør, medan Knight som er ein slektning av Elfrides stemor vil ikkje lenger ha ho då ho har blitt beila til tidlegare. Elfride gifter seg med ein tredje mann, Lord Luxellian. Som fleire andre viktorianske romaner vart A Pair of Blue Eyes først publisert i føljetonger. Eit kjent handlingsmoment, cliffhanger, kjem frå denne romanen og vart popularisert i Charles Dickens' romaner før ordet cliffhanger var oppfunnet.

Etter to gode Hardy-romaner vart den tredje keisam og langtrukken. Eg fant meg sjølv i å grue meg til å sette på lydboka, og hadde det ikkje vore for lydboka hadde den nok ikkje blitt ferdig. Romanen er skrevet i dei tider Thomas Hardy beila til sin første hustru, Emma Gifford, og det blir sagt at denne romanen har flest sjølvbiografiske elementer. Nå har ikkje eg lest ein biografi om Thomas Hardy, men kanskje finner eg likheter.

Eg er med i ei Discord-gruppe leda av youtuberen Jen the Librarian, og skal lese Thomas Hardys romaner i publisert rekkefylgje dei neste 14 månadane. Eg gler meg då eg tidlegare kun har lest to av romanane hans tidlegare (Under the Greenwood Tree og The Mayor of Casterbridge).

XOXO

| Forfattar: Thomas Hardy | Utgitt: 1873 | Min utgåve: 2019 | Format: Lydbok, lest av Anne Bentinck, 16t3min | Forlag: Naxos Audiobooks |

onsdag 23. juli 2025

"Under the Greenwood Tree" av Thomas Hardy

Thomas Hardy (1840-1928) var ein britisk forfatter som debuterte med sin første roman i 1871, og er mest kjent for romaner som Tess of the D'Urbervilles, Jude the Obscure and The Mayor of Casterbridge. Han identifiserte seg imidlertid som poet og skreiv romaner i hovudsak for penger.

Under the Greenwood Tree handler om Dick Dewey og Fancy Days veg til ekteskapet. Dewey er saman med faren og bestefaren medlem av ei gruppe kyrkjemusikanter, og Fancy Day er den nyansatte lærerinna i landsbyen Mellstock. Då presten Maybold hyrer Fancy Day som organist i kyrkja istadenfor den tradisjonelle gruppa blir det opprør. Dick Dewey har falt hodestups for Fancy Day, men han er ikkje den einaste beilaren. Presten Maybold og den rike bonden, Shinar, er begge interessert i lærerinna. Fancy Days far syns ikkje dottera skal gifte seg med Dick Dewey, men etter ei tid må til og med han innsjå at ekteskap og lykke kjem frå kjærleik.

Dette er Thomas Hardys andre roman, og ein av to eg har lest tidlegare. Eg valgte lydbok denne gongen, slik som med Desperate Remedies, og Thomas Hardy fungerer overraskande bra kombinert med luking i hagen. Under the Greenwood Tree blir sett på som den mest elska av hans romanar, og den mest idylliske. Hardy gir eit meget godt portrett av tidleg viktoriansk landsbyliv, og eg liker den meget godt.

Eg er med i ei Discord-gruppe leda av youtuberen Jen the Librarian, og skal lese Thomas Hardys romaner i publisert rekkefylgje dei neste 14 månadane. Eg gler meg då eg tidlegare kun har lest to av romanane hans før denne readalongen (Under the Greenwood Tree og The Mayor of Casterbridge).

XOXO

| Forfattar: Thomas Hardy | Utgitt: 1872 | Min utgåve: 2019 | Format: Lydbok, lest av Margaret Hilton, 6t37min | Forlag: Recorded Books Inc. |

lørdag 5. juli 2025

"Desperate Remedies" av Thomas Hardy

Thomas Hardy (1840-1928) var ein britisk forfatter som debuterte med sin første roman i 1871, og er mest kjent for romaner som Tess of the D'Urbervilles, Jude the Obscure and The Mayor of Casterbridge. Han identifiserte seg imidlertid som poet og skreiv romaner i hovudsak for penger. 

Desperate Remedies handler om Cytherea Graye som etter sin fars død må ut og tene penger. Ho og broren, Owen, bur saman, men inntekta er låg og Cytherea tar ein jobb som selskapsdame for den eksentriske Miss Aldclyffe. Før Cytherea kom til Miss Aldclyffe hadde ho ein kort romanse med Edward Springrove, men då det kjem til overflaten at Springrove er forlova med kusina si slår ho opp med han. Miss Aldclyffe har ein like eksentrisk forvalter med ein broket fortid, og Cytherea kjem under hans påverknad. Bi-personene er interessante, og gir litt her og der til romanens handling. Det går bra til slutt, men det ser mørkt ut ei stund.

Dette er Thomas Hardys første roman, og sjølv om eg kun har lest eit par seinare romaner av forfatteren så er det tydeleg at han har kasta inn alt av handling i denne romanen. Utpressing, mord og romantikk er eit par av tingene som skjer, men det er veldig mykje handling. I tillegg så er dette hans forsøk på ein sensasjonsroman, noko den britiske forfatteren Wilkie Collins perfeksjonerte seinare (har eg blitt fortalt då eg ikkje har lest Collins ennå). Eg begynte med den på kindle, men gjekk etter ca 1/3 av romanen over til engelsk lydbok. I utgangspunktet syns eg den var litt langtrukken, men det gjekk radig framover etter som den vart meir spennande, og eg anbefaler lydbok-versjonen.

Eg er med i ei Discord-gruppe leda av youtuberen Jen the Librarian, og skal lese Thomas Hardys romaner i publisert rekkefylgje dei neste 14 månadane. Eg gler meg då eg tidlegare kun har lest to av romanane hans tidlegare (Under the Greenwood Tree og The Mayor of Casterbridge).

XOXO

| Forfattar: Thomas Hardy | Utgitt: 1871 | Min utgåve: 2013 | Format: Lydbok, lest av Melody Grove, 15t40min | Forlag: W.F. Howes | 

fredag 5. august 2022

3 x Penguin Little Black Classics | Keats, Hardy og de Maupassant


#13 The Eve of St Agnes er eit utdrag frå John Keats dikt frå romantikkens æra. Eg er som oftast ein romantiker i litteraturens verd, men dette vart litt klissete for meg. John Keats er kjent for mange, og dei som liker hans diktning vil finne det bra.

#14 Woman Much Missed er ein generasjon eldre enn førre diktsamling, og etter mitt syn hjelper det. I tillegg så skriver Thomas Hardy til si avdøde kone. Der har du ein retning eg kan sette pris på. Og denne diktsamlinga er virkelig noko å skrive heim om. Anbefales!
Why did you give no hints that night
That quickly after the morrow's dawn,
And calmly, as if indifferent quite,
You would close your term here, up and be gone
Where I could not follow
With wing of swallow
To gain one glimpse of you ever anon!
#15 Femme Fatale er fire korte historier frå fransk sosietet og landsbyliv. Franskmannen Guy de Maupassant blir kalt faren av moderne noveller, og han kan sakene sine. Dette er morsomt, tatt på kornet og eg får lyst til å lesa meir de Maupassant.


Status etter 15 stykker: Det er sunt å laste nye forfattere inn i banken, og kaste seg uti noko ein ikkje skulle lese om det så gjaldt livet.

XOXO

| Forfattere: John Keats, Thomas Hardy og Guy de Maupassant | Utgitt: 1820, 1914, 1881 | Format: Heftet, ca 50 sider | Forlag: Penguin Classics |

søndag 3. juli 2011

Bok: "Borgermesteren"

Forfatter: Thomas Hardy
Originaltittel: The Mayor of Casterbridge
Oversetter: Liv Malling
Utgitt: 1886, 2007
Format: Lydbok, lest av Bente Børsum, 11t35min
Forlag: Cappelen Damm
Frå: Ordflyt

Baksidetekst: Dette er historien om en suksessfull mann som ikke kan rømme fra fortiden. Michael Henchard har i tyve år holdt på en dyster hemmelighet: i fyllerus på et landsbymarked solgte han sin kone Susan til en sjømann. Nå er Henchard en respektert borgermester i byen Casterbridge, og plutselig er kona tilbake i byen.

For ei vekes tid sidan leste eg ein omtale av Jane Austens Stolthet og fordom som Julie hadde lagt ut. Det var imidlertid ikkje sjølve omtalen som interesserte meg til slutt, men det faktum at Julie hadde funne lydboka på Ordflyt. Ordflyt er eit program du laster ned på same måte som Wimp og Spotify, og er Norges største satsing på digitale lydbøker. Det forekommer ingen økomomisk forpliktelse knytta til utprøving og eg lasta ner. Ordflyt er ein betalingstjeneste på fleire lydbøker, men dei har og mange gratis ydbøker som du kan høyre der og då. Eg har ikkje sett på alle lydbøkene ennå, men det kjem etterkvart. Så mykje tid som eg bruker på pc-en innimellom så er det greit med lydbøker.


Når eg låner lydbøker på biblioteket er det ofte hakk i dei, og det syns eg er skikkelig irriterande. I Borgermesteren som eg høyrte ferdig idag var det ingen skurringer, og det var ein drøm. Bente Børsum var og ein god oppleser. Eg har sett ein filmatisering av denne boka (produsert i 2003) og det gjorde ingenting at boka kom etterpå. Skal definitivt bruke Ordflyt meir, og ny bok er allereie påbegynt.

Andre som har omtalt den er Julie.

XOXO

PS. Ei 1001-bok slik utan å planlegge det er fint:-)

mandag 24. mai 2010

Bok: "Under the Greenwood Tree"


Eg har nå skumma gjennom "Under the Greenwood Tree":p Det har ingenting med at ho var på engelsk, det har med at eg har sett filmen. Den er heilt nydelig, og eg kan ikkje sjå meg mett på an:p

Handling i "Under the Greenwood Tree": The plot concerns the activities of a group of church musicians, the Mellstock parish choir, one of whom, Dick Dewy, becomes romantically entangled with a comely new school mistress, Fancy Day. The novel opens with the fiddlers and singers of the choir - including Dick, his father Reuben Dewy, and grandfather William Dewy - making the rounds in Mellstock village on Christmas Eve. When the little band plays at the schoolhouse, young Dick falls for Fancy at first sight. Dick, smitten, seeks to insinuate himself into her life and affections, but Fancy's beauty has gained her other suitors, including a rich farmer and the new vicar at the parish church.
The vicar, Mr. Maybold, informs the choir that he intends Fancy, an accomplished organ player, to replace their traditional accompaniment to Sunday services. The tranter and the rest of the band visit the vicar's home to negotiate, but reluctantly gives way to the more modern organ. Meanwhile, Dick seems to win Fancy's heart, and she discovers an effective strategem to overcome her father's objection to the potential marriage. After the two are engaged secretly, however, vicar Maybold impetously asks Fancy to marry him and lead a life of relative affluence; racked by guilt and temptation, she accepts. The next day, however, at a chance meeting with the as-yet-unaware Dick, Maybold withdraws his proposal; and Fancy, simultaneously, has withdrawn her acceptance.

The novel ends with a humorous portrait of Reuben, William, Mr. Day, and the rest of Mellstock rustics as they celebrate the couple's wedding day. The mood is joyful, but at the end of the final chapter, the reader is reminded that Fancy has married with "a secret she would never tell" (her final flirtation and brief engagement to the vicar). While Under the Greenwood Tree is often seen as Hardy's gentlest and most pastoral novel, this final touch introduces a faint note of melancholy to the conclusion.

One of Thomas Hardy's most greatly loved and gentlest books, Under the Greenwood Tree is an unashamed idyll and picturesque portrait of the long-vanished pastoral society of early Victorian England. It was the book which established Hardy as a writer and the ideal vehicle for him to express his affection and love for the Wessex countryside, rural life and characters in all seasons and moods. As a humorous study of resistance to change Under the Greenwood Tree will strike a chord with the modern day reader.

XOXO