Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Erich Maria Remarque. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Erich Maria Remarque. Vis alle innlegg

søndag 18. mai 2014

Lesesirkelbok: "Intet nytt fra Vestfronten"

Forfatter: Erich Maria Remarque (1898-1970)
Utgitt: 1929
Min utgåve: 1982
Oversetter: Ragnar Kvam
Format: Innbundet, 184 sider
Forlag: Gyldendal
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Nye forfattere, Back to the Classics

Den tyske forfatteren Erich Maria Remarque er eit nytt bekjentskap for meg, men andre som har lest denne anbefaler fleire bøker av Remarque, blant andre Tre kamerater. I år markeres hundreårsjubileet for utbrytinga av den første verdskrig, og for lesesirkelen må dette vera boka med best timing. Gyldendal utgir den på ny i disse dager, og du finner den her. Intet nytt fra Vestfronten kom ut på norsk fyrste gong i 1955, vart filmatisert allereie i 1930 og vant to Oscar, Beste film og Beste regissør (Lewis Milestone).


Då eg starta å lese denne for ei drøy veke sidan hadde eg ikkje dei største forhåpningane. Dette var ei av dei bøkene eg skulle få kryss for, og den var såpass kort at det kom ikkje til å ta lang tid. Så feil kan ein ta! Fleire gonger medan eg har lest har eg tenkt på kva eg ville seia om nokon spurte kva eg syns. Intet nytt fra Vestfronten handler om unge menn som kjem til vestfronten for å forsvare landet sitt. Historien blir fortalt av den unge tyskeren Paul Bäumer, og han fortel om matorgier, militæroperasjoner, døde kamerater, permisjon, eit besøk hos damer og redselen for å bli forlatt. Det er ikkje ei bok ein tar lett på, og den må leggjas vekk innimellom. Så kva er svaret mitt? Intet nytt fra Vestfronten er sterk og brutal, på ein stillferdig måte. Krigen skulle gjera gutter til menn, og til helter. Istadenfor har dei unge mennene aldri følt seg så små og hjelpelause. Anbefales varmt!

XOXO

PS: Eg mottar ingenting ved hjelp av linkene, dei er kun til opplysning.