Forfatter: Arne Vestbø (f. 1978)
Utgitt: 2014
Min utgåve: 2017
Format: Heftet, 144 sider
Forlag: Spartacus
Den norske forfatteren Arne Vestbø er frå Haugesund, men bur og jobber i Oslo. Han arbeider til dagleg i Kulturrådet, blant anna med ansvar for innkjøpsordninga for skjønnlitteratur. I 2011 kom hans første bok, biografien om Moritz Rabinowitz, men det er Øverst på nazistenes liste som vart plukka ut av Hele Rogaland leser. Sidan starten i 2008 har det blitt delt 350 000 bøker av ulike Rogalandsforfattere, og Arne Vestbø skal ut på turné med boka i Rogaland frå 14. oktober til 3. november. Sjekk ut facebookarrangementet om du er interessert! 16. oktober kjem han i alle fall til mitt bibliotek :-)
Moritz Rabinowits var jøden som 14 år gammal reiste frå Polen til Norge for å jobbe i onkelens butikk i Bergen. Etter nokre år starta han opp manufakturbutikk i Haugesund og stifta familie. Rabinowitz var ikkje redd for å satse på det han trudde på, men det var mange i Haugesund som ikkje syns noko om at ein jøde hadde større suksess enn nordmenn med sine butikker. Jøder har ikkje blitt godt behandla i Europa, men Rabinowitz følte seg ganske trygg i Noreg. Han skreiv lesarbrev i avisene, og var bekymra for kva som kunne skje om nazistane og Adolf Hitler fekk makta i Tyskland. Då krigen braut ut i 1940, og tyskerne invaderte Noreg, stod Moritz Rabinowitz øverst på lista over nordmenn dei ville ta til fange. Etter ei flukt frå tyskerne på 8 månader vart han til slutt fakka og sendt i konsentrasjonsleir. Han kom ikkje levande ut frå Auschwitz, men historien om han er sterk og engasjerande. Boka inneheld og ein del bilete frå Rabinowitz' tid og virke. Anbefales!
XOXO
Søk i denne bloggen
Viser innlegg med etiketten Spartacus. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Spartacus. Vis alle innlegg
onsdag 4. oktober 2017
mandag 1. desember 2014
Bok: "Hold fast"
Forfatter: Samuel Massie
Utgitt: 2014
Format: Innbundet, 388 sider
Forlag: Spartacus
Mål/utfordringar: Nye forfattere
Mot slutten av skoleåret fekk Massie tilbod om å vera med Jarle Andhøy på ekspedisjon til Antarktis. Det vart starten på eit eventyr utan like, og hausten 2010 reiste han frå mora og brødrene i Bergen. I løpet av eit halvt års tid reiser Berserk frå Australia til Antarktis. Det er mykje lått og løye, ein del mannehumor (eg hadde for eksempel aldri overlevd den båtturen), møte med tidlegare kannibaler, hyggelege og ikkje fullt så hyggelege folk langs ruta, men først og fremst ein annleis måte å leve på.
Samuel Massie opplever på turen ei mestringskjensle det er lenge sidan han har kjent på, og den kjensla er gull verdt for ein gut som kjente at han tapte i skolesamanheng. Saman med skipskameratane lærer han meir om historie og geografi på dei månadane til sjøs, og med dysleksien i bakhånd les han fleire bøker enn han har nokon gong gjort. Slutten på Berserk-historien er tragisk for då Jarle og Samuel er på veg til polpunktet forsvinner Berserk-skuta med tre stykker om bord.
Per dags dato er det ingen som veit noko, og dei som kan vite noko vil ikkje ut med det. Det er nå nesten fire år sidan, men seinast i sommar var Jarle Andhøy i retten for Berserk-ekspedisjonen. Hold fast! er ei herleg bok som viser at ein trenger ikkje vera skoletaper heile livet, og Massie beviser at folkehøgskoler har noko for seg. Dei kan vera redninga for eit akterutseilt menneske. Anbefales!
XOXO
Utgitt: 2014
Format: Innbundet, 388 sider
Forlag: Spartacus
Mål/utfordringar: Nye forfattere
Samuel Massie debuterer i år med ei bok frå verkelegheita - Hold fast! Den er skrevet etter at Massie deltok på Jarle Andhøys ekspedisjon til Antarktis. Men som det står bakpå er ikkje boka først og fremst ein historie om Berserktragedien.
Det er Samuels egen historie om hvordan det er mulig å finne tilbake til troen på seg selv og eget liv. (...) Det handler om mestring, målbevissthet, lykke, død og menneskets evne til forandring. Hold fast! inspirerer oss til å ta grep i livene våre og til aldri å gi opp menneskene rundt oss.Samuel Massie mista all glød og selvtillit i møte med skolen. Som 16-åring skulka han fleire dager enn han var på skolen, og studiestøtta gikk til festing og hasj. Mora visste ikkje sin arme råd med Samuel, og til slutt søkte ho han inn på folkehøgskolen 69 grader nord. Egentleg var han for ung, og mora var ikkje heilt sannferdig om Samuels erfaringer med båt- og fritidsliv. Han vart likevel akseptert, og folkehøgskolen vart starten på redninga for Samuel. På folkehøgskolen var det heilt annleis enn på videregåande, og det praktiske utelivet passa unge Massie perfekt. Når han i tillegg fekk eventyraren Jarle Andhøy som kaptein på skoleskipet vart det eit eventyrleg år.
Mot slutten av skoleåret fekk Massie tilbod om å vera med Jarle Andhøy på ekspedisjon til Antarktis. Det vart starten på eit eventyr utan like, og hausten 2010 reiste han frå mora og brødrene i Bergen. I løpet av eit halvt års tid reiser Berserk frå Australia til Antarktis. Det er mykje lått og løye, ein del mannehumor (eg hadde for eksempel aldri overlevd den båtturen), møte med tidlegare kannibaler, hyggelege og ikkje fullt så hyggelege folk langs ruta, men først og fremst ein annleis måte å leve på.
Samuel Massie opplever på turen ei mestringskjensle det er lenge sidan han har kjent på, og den kjensla er gull verdt for ein gut som kjente at han tapte i skolesamanheng. Saman med skipskameratane lærer han meir om historie og geografi på dei månadane til sjøs, og med dysleksien i bakhånd les han fleire bøker enn han har nokon gong gjort. Slutten på Berserk-historien er tragisk for då Jarle og Samuel er på veg til polpunktet forsvinner Berserk-skuta med tre stykker om bord.
Per dags dato er det ingen som veit noko, og dei som kan vite noko vil ikkje ut med det. Det er nå nesten fire år sidan, men seinast i sommar var Jarle Andhøy i retten for Berserk-ekspedisjonen. Hold fast! er ei herleg bok som viser at ein trenger ikkje vera skoletaper heile livet, og Massie beviser at folkehøgskoler har noko for seg. Dei kan vera redninga for eit akterutseilt menneske. Anbefales!
XOXO
Abonner på:
Innlegg (Atom)

