Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Canongate. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Canongate. Vis alle innlegg

søndag 15. desember 2013

Booker-shortlist: " A Tale for the Time Being"

Forfatter: Ruth Ozeki
Utgitt: 2013
Format: Heftet, 422 sider
Forlag: Canongate

Den japansk-amerikanske forfatteren Ruth Ozeki har med A Tale for the Time Being fått ein fot innføre Booker-prisen med plass på dette årets shortlist. Ozeki har to andre romaner på samvittigheten, men med A Tale for the Time Being beviser Ozeki at dette årets shortlist var usedvanleg sterk. Det kunne ha blitt kven som helst av dei seks romanane på shortlist.

I romanen følgjer me Naoko som bur i Japan med foreldra sine, og Ruth som bur i Canada med mannen sin. Naoko har det ikkje lett i Tokyo, med mora som etterkvart jobber meir og meir overtid, og faren som prøver å ta livet sitt. Familien har tidlegare budd i USA, men då faren vart sagt opp måtte dei flytte tilbake til Japan. Naoko blir mobba på skulen, og det einaste ho vil før ho ender livet sitt er å skrive om den 104 år gamle oldemora si. Dagboka blir Naokos flukt frå dagleglivet, og vil kome til å berøre liv på ein måte ho ikkje kan forestille seg.

I Canada går Ruth tur langs stranda, og kjem over ein bag i strandkanten. Ruth tar den med seg heim til mannen, Oliver, og saman les dei dagboka. Tanken er at bagen har kome over med tsunamien i 2011, og etterkvart som Ruth blir dratt meir og meir inn i dagboka, blir ho oppsatt på å finne ut kvar Naoko er idag. Det er ikkje så lett å finne utav, men med litt standhaftighet går det meste.

Det er ikkje ofte eg bruker ein månad på ei 400-siders bok, men dette er ei bok som du ikkje vil skal ta slutt, men du må likevel lese vidare for å vite korleis det går. A Tale for the Time Being er ei bok du tar i små drypp, for den fortel ein historie om kor nydeleg og skjørt livet i utgangspunktet er. Boka er delt inn i 4 deler, og kvart kapittel veksler mellom Ruth og Naoko. Inndelinga fungerer, språket fungerer, og handlingen drives sakte, men sikkert framover. Det er ikkje mange karakterer utanom Ruth og Naoko, men dei få bi-personane er viktige nøkkelpersonar i handlinga.

Ruth Ozeki har gjort som ei anna av årets Booker-nominerte, Charlotte Mendelson, og brukt deler av eit anna språk (i dette tilfellet japansk) i teksten. Det gjer at romanen blir meir autentisk. Eg syns og at den minner om NoViolet Bulawayos roman, We Need New Names, i forhold til tilhørighet i heimlandet. I Bulawayos roman ville hovudpersonen til USA, angra, men kan ikkje reise heim. I Ozekis roman har Naoko budd i USA, må flytte tilbake til Japan, og kjem seg kanskje ut av Japan på slutten (utan at eg skal røpe for mykje). Romanen er herved varmt anbefalt!

Linn har lest romanen, og elsker den!

XOXO

søndag 18. september 2011

Bok: "Jamrach's Menagerie"

Forfatter: Carol Birch
Utgitt: 2011
Format: Kindle
Forlag: Canongate
Anna: Gitt ut på norsk i 2012 med tittelen Jamrachs menasjeri.

Frå Goodreads: Jamrach’s Menagerie tells the story of a nineteenth-century street urchin named Jaffy Brown. Following an incident with an escaped tiger, Jaffy goes to work for Mr. Charles Jamrach, the famed importer of exotic animals, alongside Tim, a good but sometimes spitefully competitive boy. Thus begins a long, close friendship fraught with ambiguity and rivalry. Mr. Jamrach recruits the two boys to capture a fabled dragon during the course of a three-year whaling expedi­tion. Onboard, Jaffy and Tim enjoy the rough brotherhood of sailors and the brutal art of whale hunting. They even succeed in catching the reptilian beast. But when the ship’s whaling venture falls short of expecta­tions, the crew begins to regard the dragon—seething with feral power in its cage—as bad luck, a feeling that is cruelly reinforced when a violent storm sinks the ship. Drifting across an increasingly hallucinatory ocean, the sur­vivors, including Jaffy and Tim, are forced to confront their own place in the animal kingdom. Masterfully told, wildly atmospheric, and thundering with tension, Jamrach’s Mena­gerie is a truly haunting novel about friendship, sacrifice, and survival.

Andre bok som er nominert til Booker-prisen for 2011 er britiske Carol Birch's bok. Ho har vore nominert før, i 2003, og har 11 bøker på samvittigheten.

Eg syns boka starter bra. Eksotiske dyr er fascinerande og minner meg om sirkus, så eg likte den delen. I det siste har eg lest og leser ein heil del bøker som ikkje har kapittelinndeling og det plager meg meir enn eg trur, for eg likte veldig godt at boka er inndelt i kapitler. Scenen der Jaffy er innelåst i mørket var ulidelig skremmande; eg liker det verken i bok eller på film, og det faktum at eg leste det i mørket var enda meir skremmande. Skikkelig gåsehudstemning!

Utanom det så var boka litt kjedelig, tok så lang tid å kome til poenget og samanlikna med forrige Booker-bok så var ikkje denne noko særlig engasjerande. Eg ønsker ikkje at denne skal vinna prisen for å sei det slik.

XOXO