Forfatter: Sir Arthur Conan Doyle (1859-1930)
Originaltittel: The Sign of the Four, oversatt av Nils Lie
Utgitt: 1890
Min utgåve: 2015
Format: Innbundet, 192 sider
Forlag: Bokvennen
Den britiske forfatteren Sir Arthur Conan Doyle studerte medisin innan han skreiv første bok om Sherlock Holmes. Lite visste han at han hadde skapt eit fenomen som framleis er gjeldande den dag i dag.
I De fires tegn får Holmes og Watson besøk av den unge Mary Morstan. Frøken Morstans far forsvant sporlaust for ti år sidan, men i nokre år etter dette har ho mottatt perler frå ein ukjent avsender. Nå ønskjer Mary Morstan å kome til botn i saka, og sender Holmes og Watson ut på ein av dei mest eiendommelege sakene i historien. London er full av ulike avkroker, og mysteriet fører dei inn i ein av dei mest tåkete, og forholdet deira vil aldri bli det same igjen.
Mitt andre møte med Sherlock Holmes, og eg likte betre denne enn En studie i rødt. Klassisk krim der unge gategutter blir detektiver, hemmelege luker i skumle hus, forbrytere som hadde skremt vatnet av dagens detektiver og mykje meir gjer denne bloggaren veldig glad. Språket er førsteklasses, og det er ingenting eg stusser på i norsk oversettelse. Det flyter like godt på norsk som eg trur det ville gjort på engelsk. Anbefales!
XOXO
Søk i denne bloggen
Viser innlegg med etiketten Arthur Conan Doyle. Vis alle innlegg

søndag 26. juni 2016
lørdag 7. mai 2016
Bok: "En studie i rødt" (Sherlock Holmes #1)
Forfatter: Arthur Conan Doyle (1859-1930)
Utgitt: 1887
Min utgåve: 2015
Format: Innbundet frå bokhylla, 166 sider, oversatt av Nils Nordberg
Forlag: Bokvennens kriminalbibliotek
Den britiske forfatteren Arthur Conan Doyle studerte medisin innen han i 1886 skreiv ein historie om Sherlock Holmes. Lite visste Dr. Doyle at han hadde skapt eit fenomen som framleis er gjeldande den dag i dag. Populariteten til Sherlock Holmes gjer seg gjeldande både i nye oversettelser som den eg har lest, og i bok- og TV-helter som Lisbeth Salander, Saga Norén, Sarah Lund og dr. House. Det siste har eg henta frå forordet til Nils Nordberg, og eg som har sett alle sesongane av House er samd med Nordberg.
En studie i rødt introduserer Sherlock Holmes og John Watson for omverda. Watson er ein krigsskada militærlege som ønsker ein bo-kamerat medan Holmes er kjemistudent. John Watson tar til å studerer Sherlock Holmes, og finner ut at det er mykje han kan, men det er og mange huller i utdanninga. Då eit lik blir funnet i eit forlatt hus med blodig innskrift på veggen starter eit kompaniskap ulikt mange andre. Watson får sjå Holmes i aksjon, og det sender duoen ut på jakt etter gjerningsmannen som har reist langt for å få sin hevn.
Mitt første møte med Sherlock Holmes i bokform, og det blir garantert fleire. Klassisk krim med hestekjerrer, giftdrap og telegrammer er ofte mykje meir underhaldande enn heseblesande biljakt og seriemordere i dagens moderne krimbøker. Sherlock Holmes er ikkje redd for å virke skrytete, og han veit meget godt kva han kan. John Watson var nok forundra meir enn ein gong då Holmes kunne gjette yrker på folk bare ved å sjå på dei. Anbefales!

Abonner på:
Innlegg (Atom)