Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Sadie Jones. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sadie Jones. Vis alle innlegg

lørdag 6. oktober 2012

Bok: "De ubudne gjestene"

Kilde: bokelskere.no
Forfatter: Sadie Jones
Originaltittel: The Uninvited Guests
Utgitt: 2012
Min utgåve: 2012
Oversetter: Vibeke Saugestad
Format: Innbundet
Forlag: Gyldendal
Frå: Biblioteket

For godt to år sidan leste eg to bøker av Sadie Jones, og vart ikkje overmåte begeistra for den britiske forfattaren. Temaene som vart tatt opp i Utskudd og Små kriger interesserte meg ikkje, og lydbok var kanskje ikkje det rette for dei bøkene. Då De ubudne gjestene dukka opp på biblioteket si liste over nyinnkjøpte bøker måtte eg gjera eit nytt forsøk på Sadie Jones.

Det er våren 1912 og på herregården Sterne er førebuingane til Emerald Torringtons 20-årsdag i full gang. Foruten jubilanten sjølv bur hennar bror, Clovis, litlesyster, Imogen, mor, Charlotte, og stefaren, Edward Swift, på herregården. Emeralds far er død, og istaden for å flytte familien til sin heim, flytta Edward Swift inn på Sterne då han gifta seg med Charlotte. Swift er ikkje likt av barna, og då han reiser til London før selskapet blir ikkje barna så veldig lei seg. Emerald har invitert ei barndomsvenninne til selskapet, Patience, og hennar mor, og blir svært overraska då broren til venninna, Ernest, dukker opp istaden for mora. Ein nabo blir og i hui og hast invitert til selskapet. Nokre få kilometer unna kolliderer eit tog, og Sterne blir bedt om å huse skipbrudne passasjerer. Som sagt så gjort, men det er ikkje så enkelt å ha ubudne gjester når ein skal feire 20-årsdag. Ein av dei ubudne gjestene, ein nobel herremann, blir invitert til å delta i selskapet, men han har ikkje heilt hederlige hensikter. Ganske snart blir selskapet kasta ut i eit spel om tro og ære, og ingenting går etter planen. Kan familien Torringtons rykte reddas frå spelet, og herregården frå konkurs?

De ubudne gjestene er først og fremst komisk. Clovis Torrington er ein 19-årig gutt som sakner faren veldig, og ønsker Edward Swift der pepperen gror. Han gjer ingenting uten at det gagner han sjølv, men å sjå han føre seg til knes i gjørme er festlig. Andre komiske figurer er Imogen, populært kalt Smudge. Ho blir tidvis ignorert både av si mor og søsknene, og kan dermed gjer som ho vil. I løpet av boka tar ho med seg ein hest opp på soveværelset, men det byr på problemer då hesten skal ned igjen.

Emerald er den eg liker best. Ho er ikkje redd for å ta i eit tak, ho vil at alle skal vera venner og vel forlikte, og får seg eit sjokk då venninnas bror ankommer selskapet. Emerald er på ingen måter lik mora, Charlotte, som helst vil gøyme seg vekk når problemer oppstår.

I ein artikkel i Wall Street Journal blir De ubudne gjestene samanlikna med Downton Abbey:
British novelist Sadie Jones has no trouble sustaining her readers' interest. "The Uninvited Guests" (Harper, 262 pages, $24.99) is a delicious riff on a medley of plot-heavy genre forms, including the cozy mystery, the Victorian ghost story and the Edwardian country-manor romance (comparisons with "Downton Abbey" will be both inevitable and fair). Sometime before World War I, the Torrington family is preparing to celebrate the 20th birthday of chilly eldest daughter Emerald. But on that "fraught and calamitous evening" a nearby train accident forces them to shelter a mass of befuddled third-class passengers and one unnerving man from first class who seems to share a history with the imperious Torrington matriarch, Charlotte.
Eg er ikkje einig med WSJ då eg syns Downton Abbey har meir klasse og eleganse enn karakterene på herregården Sterne. Utan at eg kan sette fingeren direkte på det liker eg ikkje boka nok til at den blir lest igjen. Ein viktig detalj er kapittelinndelinga. Dei var altfor lange for mitt ve og vel, og oversetteren har ikkje gjort jobben sin i forhold til teiknsetting. Bare første avsnitt var nok til at eg ønskte meg fleire punktum. Etter denne boka er eg meir positiv til Sadie Jones.

Eg anbefaler boka, men vær obs på lange kapittel og intrikate setninger (som kanskje må lesas meir enn ein gong).

XOXO

søndag 25. juli 2010

Bok: "Små kriger"

Sadie Jones' andre bok "Små kriger" er langt frå like god som "Utskudd". Eg er tilbøyelig til å vera enig med Aftenposten. Eg syns rett og slett den var kjedelig; Kragerø bibliotek si anmelding var heller ikkje begeistra!

Handling i "Små kriger": England, 1950-tallet: Hal Treherne er en ung soldat med en lysende karriere foran seg. I tillegg til store militære ambisjoner er det kjærligheten til Clara som betyr mest for ham. Da Hal blir stasjonert på Kypros, følger Clara og de små tvillingdøtrene motvillig med. For Kypros er et barskt sted å være for en liten familie; britene forsvarer kolonien mot standhaftige kyprioter sin kjemper innbitt for en union med Hellas. Operasjonene er både farlige og blodige, skuddvekslingene tøffe. Clara er like pliktoppfyllende som Hal og hun forsøker å finne seg til rette. Men den brutale krigen endrer Hal og han oppdager at alt han har trodd på står for fall.

XOXO

tirsdag 13. juli 2010

Bok: "Utskudd"

Debutboka til Sadie Jones vart møtt med blanda kjensler. Nokon samanlikna den med Ian McEwans "Atonement" (som eg forøvrig ikkje har lest, men eg har sett filmen med Keira Knightley og James McAvoy), medan andre ikkje var like gjestmilde. Debutantboka vart hovudbok i Bokklubben, og fekk ei blanda omtale i Dagsavisen. Bloggen Karin leser anbefalte boka, og eg gjer det same. Eg syns det var ei sterk bok om kjærleik, om å føle seg liten, og korleis det er når far og sønn ikkje klarer å nå inn til kvarandre. Les den, og gje meg gjerne din kommentar når du har!

Handling i "Utskudd": Året er 1945, andre verdenskrig er nettopp slutt og syv år gamle Lewis er på vei til London med moren sin. De skal møte faren som er vendt tilbake fra tjeneste. Men han er ikke lenger den han var, og den lille familien går sakte i oppløsning. Lewis og moren søker trøst hos hverandre, og så ofte de kan, drar de på tur i skogen, leker, spiser og bader. Men så en dag kommer Lewis hjem alene ...

Utskudd er like urovekkende som den er vakker. En trist og opprørende fortelling om forsømmelse og forsoning, skrevet av en forbløffende moden og sikker ny forteller. Duc Mai-The formidler historien med stor troverdighet.

XOXO