Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Faber & Faber. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Faber & Faber. Vis alle innlegg

søndag 7. august 2022

The 2022 Booker Prize | Claire Keegan, Alan Garner og Audrey Magee


Claire Keegan (f. 1968) er ein irsk forfatter som er mest kjent for sine novellesamlinger. Small Things Like These er den fjerde utgivelsen til Keegan, og er med den nominert til Booker-prisen.

Small Things Like These er ein liten roman på knappe 100 sider. Den handler om kôlhandleren Bill Furlong som har det travelt med årets siste leveranser. Heime førebur han til jul med kona og dei fem døtrene, medan eit møte med ei ung jente tar han tilbake til hans eiga fortid. Skal han la vere å blande seg inn, eller skal han la samvittigheten seire? Baksideteksten har lovord frå andre kjente forfattere, og i ein anmeldelse frå Dagsavisen (sitat lest på norli.no) blir Dickens nemnt. Det er ikkje til å stikke under ein stol at det er noko dickensiansk over romanen, men den er og ein anelse for kort og open for min smak. Godt skrevet, men eg kunne godt hatt meir. Når det endeleg skjer noko er det slutt. Eg trur ikkje dette held til kortliste-plass, men overraskelser kan skje.

| Tittel: Small Things Like These // Småting som dette | Utgitt: 2021 | Format: Innbundet, 104 sider | Forlag: Faber // Aschehoug |


Alan Garner (f. 1934) er ein engelsk forfatter som er mest kjent for fantasy-bøker for barn og gjenfortellinger av britiske folkeeventyr. For dei som leser frå 1001 bøker har han ein roman på lista, Thursbitch, frå 2003. Treacle Walker er hans niende roman, og er med den nominert til Booker-prisen.

Treacle Walker er ein liten roman på knappe 150 sider. Med sine fantasy-elementer er det ikkje vanskelig å forstå ut frå det eg har lest om Alan Garner til å forstå at det er hans roman. Saken er at eg skjønte ingenting av den, og fleire Goodreads-anmeldere er samde med meg. Eg trur du må kunne ein del om engelsk lingvistikk og folkeeventyr for å forstå denne. Booker-juryen ser tydeligvis noko eg ikkje ser, eller dei syns Alan Garner fortener litt merksemd.

| Tittel: Treacle Walker | Utgitt: 2021 | Format: Innbundet, 152 sider | Forlag: Fourth Estate |


Audrey Magee (f. 1950) er ein irsk forfatter. Ho har i mange år jobba som journalist for fleire engelske og irske aviser, og debuterte med romanen, The Undertaking, i 2014. Med årets roman, The Colony, har Magee debutert på Booker-lista.

The Colony foregår i 1979 og to utlendinger er på veg til ei lita øy på vestkysten av Irland. Engelskmannen er på jakt etter motiver han kan fange på lerret, medan franskmannen er ein beskytter av språket på den vesle øya. I løpet av nokon korte sommarmånader er det ikkje bare utlendingene som spør seg sjølv om deira liv, men fleire av øy-buarane må gjera seg opp ei meining. I nåtid får me korte utdrag frå rapporter om menn, kvinner og barn som mista livet under opprørene i Nord-Irland. Det gir ein substans til romanen som den ikkje kunne vore foruten. The Colony er ein roman som foregår i det stille, og som sitter lenge i. Anbefales!

| Tittel: The Colony | Utgitt: 2022 | Format: Innbundet, 376 sider | Forlag: Faber & Faber |

XOXO

mandag 2. august 2021

The 2021 Booker Prize | Rachel Cusk, Kazuo Ishiguro og Sunjeev Sahota


Rachel Cusk (f. 1967) er ei kanadisk-fødd forfattar som nå bur i England. Ho var på langlista til Booker-prisen i 2005 for romanen In the Fold, og dette årets nominasjon er for Cusks ellevte roman.

Second Place handler om M som inviterer ein berømt maler, L, til å bu i det andre huset deira på eigedomen. Då L kjem har han med seg ei venninne og ingenting blir som M hadde tenkt. Ls væremåte og tilstedeværelse fører til at M ser tilbake på eige liv, og ulikhetene mellom kvinne og mann. Romanen er godt skrevet, handlinga flyter knirkefritt og eg har lest store deler av den på terrassen i går. Så langt er dette min favoritt!

| Tittel: Second Place | Utgitt: 2021 | Format: Innbundet, 207 sider | Forlag: Faber and Faber | 


Kazuo Ishiguro (f. 1954) er ein japansk-fødd britisk forfattar. Han mottok Nobelprisen i litteratur i 2017, har skrevet åtte romaner inkludert årets Klara og solen, og har vore på Bookers liste tidlegare. I 1989 vant han med romanen Remains of the Day, og i 1986, 2000 og 2005 var han på kortlista.

Klara og solen handler om Klara som er ein kunstig venn. Ho kan kjøpes i ein kunstig venn-butikk og er designa for å hjelpe unge mennesker inn i vaksenverda. Ho står i butikken ei lang stund før ho endeleg blir kjøpt og kan vera med heim til 13-årige Josie. Etterkvart forstår Klara at det ho trudde ho kunne om mennesker er feil, og lovnader kan endres ganske raskt. Ishiguro tar eit dykk inn i temaet kunstig teknologi, men eg syns ikkje det fungerer noko særleg. Han er kjent for romaner med ein tvist, men i dette tilfellet kjem aldri tvisten som får romanen til å bli skikkelig god.

| Tittel: Klara og solen | Originaltittel: Klara and the Sun | Utgitt: 2021 | Format: Innbundet, 287 sider | Forlag: Cappelen Damm |


Sunjeev Sahota (f. 1981) er ein britisk forfattar. Han har skrevet tre romaner inkludert årets China Room, og var nominert til Booker-prisen i 2015 for The Year of the Runaways.

China Room har to historier, og i lydboka frå Audible har den to innlesere. I 1929 prøver ei ung brud, Mehar,  i Punjab, India å finne ut identiteten til den nye ektemannen sin. Tre brødre gifta seg med tre damer same dag, og sidan dei ikkje ser kvarandre blir identitetsjaget ein besettelse. Då Mehar trur ho har ein teori blir det vanskelig for fleire. Innimellom historien om Mehar får me høyre om den unge mannen som i 1999 reiser frå England til India. Han er på søken etter noko, og i løpet sommaren blir han nødt til å ta eit oppgjer med livet sitt. China Room er godt skrevet, og innleserne behagelige, men dette er ein roman eg skulle hatt på papir.

| Tittel: China Room | Utgitt: 2021 | Format: Lydbok frå Audible (innbundet utgåve har 320 sider) | Forlag: Harvill Secker | 

XOXO

lørdag 17. august 2019

Booker-longlist: "The Wall" av John Lanchester

Den britiske forfatteren John Lanchester (f. 1962) er fødd i Tyskland, men har studert og bur nå i London. Han har skrevet både romaner og sakprosa tidlegare, og skriver jevnlig for The New Yorker. Med dystopi-romanen The Wall har Lanchester debutert i Booker-samanheng.

I romanen The Wall treffer me Joseph Kavanagh som nyleg har begynt som beskytter av the Wall. Utenfor denne veggen er dei desperate sjelene, kalt The Others, som prøver å kome vekk frå sjøen og inn på land. Etterkvart blir Kavanagh romantisk involvert med ein anna beskytter, og dei to kjem vekk frå veggen då the Others angriper veggen. Ute på opent hav finner Kavanagh og hans venninne husly, men kan dei stole på eremitten som bur her, og stole på kvarandre?

Det er eit par veker sidan eg høyrte ferdig denne, og derfor er handlingen litt borte for meg. I øyeblikket eg høyrte denne syns eg den var bra til dystopi å være, og handlingen var grei å følge. Eg leser svært lite dystopier, men eg syns The Wall bidrar til den debatten som er i verda i dag med flyktninger som ikkje får kome inn i land som til dømes Italia sjøvegen. I dag husker eg svært lite av romanen, og det er ikkje eit godt teikn syns eg. Innleseren syns eg var bra, og det bidrog til ein god lytteopplevelse.

XOXO

| Utgitt: 2019 | Format: Lydbok lest av Will Poulter, 6t43min31sek | Forlag: Faber & Faber (papir), Whole Story Audiobooks (lyd) |

søndag 4. august 2019

Booker-longlist: "Lanny" av Max Porter

Den britiske forfatteren Max Porter (f. 1981) er ein tidlegare bokhandler og redaktør, og mest kjent for debutromanen Grief is the Thing with Feathers (2015). Porter har publisert ei rekke noveller og sakprosa, og med romanen Lanny har han debutert i Booker-samanheng.

I ein småby utføre London bur Lanny med foreldrene sine. Småbyen høyrer til dei som bur der nå, og spøkelsene frå mange år sidan. Lanny er ikkje som gutar flest - han er meir drøymande - og sjølv om far Robert gjerne skulle ha sett guten sin på fotballbanen går han med på å la Lanny male saman med den aldrande Pete. Sistnemnte er og var ein kjent kunstner. Legenden om Dead Papa Toothwort lusker i bakgrunnen, men det er ikkje lett å forstå om denne karakteren figurerer i småbylegendene eller kun i Lannys hode. Då Lanny blir borte endrer stemninga i boka seg frå behagelig til ubehagelig. Setningane blir meir som pistolskot og du vil for alt i verda lese vidare for å vite om guten kjem til rette.

Eg som lesar er litt meir enn vanleg avhengig av kapitler i bøker, men det får eg ikkje her. I første del er det avsnitt som sier kven som snakker eller tenker, i andre og tredje del må du nærmast tenke deg til det sjølv kven som har snakker. Det er litt irriterande for meg, men samstundes så fungerer det.

Foreløpig seiler denne opp som favoritt blant dei Booker-bøkene eg har lest til nå med forbehold om endringar underveis. Anbefales!

XOXO

| Utgitt: 2019 | Fornat: Innbundet, 213 sider | Forlag: Faber and Faber |

mandag 4. september 2017

Booker-longlist: "Days Without End"

Forfatter: Sebastian Barry (f. 1955)
Utgitt: 2016
Format: Heftet, 301 sider
Forlag: Faber and Faber

Den irske forfatteren Sebastian Barry er eit kjent namn i litteraturverda, og har hatt to romaner på shortlist og ein på longlist tidlegare. A Long Long Way (2005) og The Secret Scripture (2008) har vore på shortlist, medan On Canaan's Side (2011) var på longlist. Barry er i tillegg den første romanforfatteren som har mottatt Costaprisen for Book of the Year to gonger. Han blir av mange rekna som ei av Irlands beste forfattere, og er med romanen Days Without End på dette årets Man Booker Prize longlist.

I Days Without End møter me sytten år gamle Thomas McNulty som har nyleg verva seg til hæren på 1850-talet. Tidleg i boka møter han John Cole, og dei to kjemper side om side i den amerikanske borgerkrigen. Ein heil del anna skjer med dei to, og på eit tidspunkt i boka treffer dei ei jente, men så langt kom eg aldri.

Når du ca 20 sider inn innser at både språket og historien ikkje er i di gate, men hallo, boka er nominert til Booker-prisen og du leser ca 100 sider til, men kor mykje eg har fått med meg er eit anna spørsmål. Eg har lest dialekt før på engelsk, men det var ikkje heile boka den gong. I Elizabeth Gaskell North and South er det brukt ei anna dialekt når Margarets venner Nicholas og Bessy snakker, og det er heilt greit. I Days Without End følte eg for å lese høgt fleire gonger for å få med meg kva som vart sagt, og det er slitsomt i lengden.

Eg ser at fleire på Goodreads gir boka høg score, og eit par har ikkje lest ferdig, men alle kan ikkje like dei same bøkene. Det blir fort kjedeleg! Om 9 dager blir shortlist annonsert, og eg trur faktisk denne boka kjem med sjølv om eg ikkje likte den.


XOXO

lørdag 18. juli 2015

Bok: "The Buried Giant"

Forfatter: Kazuo Ishiguro (f. 1954)
Utgitt: 2015
Format: Ebok, 317 sider
Forlag: Faber & Faber

Den japanskfødde britiske forfatteren Kazuo Ishiguro har syv romaner på samvittigheten inkludert The Buried Giant. Han har vunnet Bookerprisen med den tredje romanen The Remains of the Day, og var på Bookers shortlist med romanane An Artist of the Floating World, When We Were Orphans og Never Let me Go. The Buried Giant kom som ein overraskelse for mange då det er 10 år sidan førre roman. Dette er min første Ishiguro-roman, og den kan havne på Bookers longlist om 11 dagar.

The Buried Giant går føre seg i tidleg middelalder, 500-600-talet i England. Me befinner oss i ei tid der drager, kjemper og alver var naturleg, og det er ikkje lenge sidan kong Arthur regjerte med Merlin ved si side. Ei underleg tåke av hukommelsestap kviler over landet, og her treffer me det eldre ekteparet Axl og Beatrice. Dei er hengivne overfor kvarandre, og husker at dei har ein son. Kvar han er, og kvifor han reiste husker dei ikkje, men dei vil reise og finne ham. I øyeblikket er det fred mellom britene (kelterne) og sakserne (anglo-sakserne), men bak den søvnige tilværelsen fins konturane av den grufulle krigen. På sin reise møter Axl og Beatrice krigeren Wistan, den unge gutten Edwin og ridderen Gawain. Sistnemnte er nevøen til kong Arthur. Alle har ein misjon med sin reise, og minner byrjer å dukke opp.

Som eg har sagt er dette min første Ishiguro-roman, og eg kan allereie nå fastslå at det blir ikkje den siste. Kazuo Ishiguro skaper eit univers som er kjent gjennom historiebøker, men som får nytt liv gjennom Axl og Beatrice. Deira kjærleik til kvarandre gjennomlyser romanen, og dei er redde for kva som vil skje om den eine døyr. Romanen er eit friskt pust i min lesekvardag, og eg vart overraska over kor fort eg las den og at eg ikkje ville legge den frå meg. Anbefales!

XOXO

Andre som har lest den: Clementine, Monika.

søndag 11. november 2012

Bok: "Death Comes to Pemberley"

Forfatter: P.D. James
Utgitt: 2011
Format: Kindle
Forlag: Faber & Faber
Frå: Amazon

Året er 1803, og Elizabeth Bennett har vore gift med Mr Darcy i seks år. Dei har eit godt liv saman på Pemberley, og to skjønne sønner. I nærheten bur Jane saman med Charles Bingley og deira tre barn, og det er ingen skyer i horisonten. På Pemberley er planlegginga av Lady Annes ball i full gang, og kvelden før blir det holdt eit lite middagsselskap med dei nemnte personane pluss Colonel Fitzwilliam, Darcys lillesøster Georgiana og den unge advokaten Henry Alveston. Colonel Fitzwilliam har tidlegare på dagen uttrykt sin interesse for Georgiana til Elizabeth, men då Georgiana etter middagen setter seg ved pianoet er det Alveston som akkompagnerer henne. Fitzwilliam unnskylder seg for å ta ein kveldstur på hesten, og då han kjem tilbake førebur alle seg på å gå til sengs.

Som me veit frå Jane Austens Stolthet og fordom stakk Elizabeths yngste søster av med Darcys barndomsvenn Wickham då ho var seksten år, og det endte med giftermål. Lydia har vore på sporadiske visitter på Pemberley i dei seinare åra, men er hyppigare i Janes hus. Denne kvelden kjem ho derimot i høg fart til Pemberley, og er heilt i frå seg. Ein mann har blitt drept på Pemberley-eigedommen, og Wickham skylder på seg sjølv!

Resten av boka handler i stor grad om rettssaken og dens gang, og me får innblikk i korleis det har gått med Elizabeths yngre søstre, Mary og Kitty, og forholdet Elizabeth har til sine foreldre. For fans av Austen anbefales boka sterkt, eg likte den godt, og syns det var spennande med rettssaken. Har du ikkje lest Stolthet og fordom anbefaler eg den først.

P.D. James er kjent for sine kriminalromaner om Adam Dalgliesh, men eg har ennå til gode å lese om han. Death Comes to Pemberley var ei fin første-James-bok, og det er få andre som hadde klart å komme unna med å skrive videre på Austens klassiker.

Forøvrig starta eg med denne boka på digispiller, men eg er ikkje fornøgd med formatet så viss nokon har lyst på ein er min til salgs.

XOXO

tirsdag 10. juli 2012

Bok: "Talking about Detective Fiction"

Forfatter: P.D. James
Utgitt: 2009
Forlag: Faber & Faber
Format: Paperback
Frå: Mi bokhylle (21. bok i 'Off the Shelf')

Baksidetekst: After nearly fifty years at the forefront of the genre, P.D. James is ideally placed to talk frankly about the craft of detective fiction. From the tenant of 221B Baker Street to the Golden Age of detective writing between the wars to the achievements of the present and a glimpse of the future, James explores the development of a genre which has gripped and entertained the popular imagination like no other type of novel. Her admiration for many of her forebears and contemporaries in crime fiction shines through this personal and engaging account.

Takka vere Line og Karin har eg lest mi første bok ført i pennen av P.D. James. Riktignok ikkje ei krimbok, men ei bok om krim og forfattere. Eg skal ikkje lyga og sei at den var fantastisk, for eg syns ikkje det. Likevel var det ein fin lita bok som vart til etter at ein bibliotekar spurte James om ho var interessert i å skrive ei bok om emnet. Ho skriver mykje spennande, og har bakgrunnsstoff om det meste. Eg likte godt det ho skreiv om Wilkie Collins, Sherlock Holmes, Dashiell Hammet, Raymond Chandler og Agatha Christie. Det får meg til å bare ville lese bøker om dei. Vart overraska då Dickens' Bleak House vart nemnt, men innser at politimannen er og detektiv. Eg får lyst til å lese fleire bøker av P.D. James, og då spesielt detektivromanane.

XOXO