Originaltittel: The Man Called Cash
Utgitt: 2004
Denne utgåva: 2005
Oversetter: Oddvar Nilsen
Format: Hardback, 251 sider
Forlag: Hermon
Då Steve Turner byrja arbeidet med den autoriserte biografien var det meininga at Johnny Cash skulle vera delaktig. Dessverre gjekk det ikkje slik, for Cash sovna stille inn 12. september 2003. Omtrent fire månader tidlegare hadde Cashs lys i livet, June Carter Cash, sovna inn, og det kom som eit sjokk. Johnny Cash var til tider kjent for å misbruke kroppen på det verste, og det var liten tvil om at han kom til å gå bort først. Då June døydde gjekk Cash i studio, det var hans måte å overleve på. Han var ikkje frisk, faktum er at han hadde blitt skrekkelig gammal etterkvart, og gjekk altså bort sjølv kort tid etter.
Johnny Cash vart fødd inn i ein familie med etterkvart 7 barn. Barndommen var prega av lite pengar, og familiens kamp i depresjonstida vart inspirasjon til mange låter. Ei hending som for alltid prega Cash var då broren døydde etter ein kamp med ei sag i 1944. Jack var femten år, og døydde så altfor tidleg. Det var meininga at arbeidet med boka skulle byrje i oktober 2003, og etter Cashs død fekk Turner likevel moglegheita til å skrive boka ved hjelp av familien og vener av Cash. Sonen, John Carter Cash, har vore meget delaktig i arbeidet med boka.
Då Cash byrja karriera si etter militæret låg det an til ei musikalsk revolusjon.
Cash fløy tilbake til Amerika fra Tyskland og dro til Camp Kilmer, New Jersey, der han ble dimittert 3. juli 1954. Det var samme dag som en gitarist i Memphis, Scotty Moore, ringte til en talentfull ung sanger, Elvis Aaron Presley, og inviterte ham til å synge for Sam Philips ved Sun Records. (s. 55)Ein månad seinare gifta Johnny Cash seg med Vivian Liberto, som han hadde truffet tre år seinare. Dei fekk fire døtre saman: Rosanne (1955-), Kathy (1956-), Cindy (1959-) og Tara (1961-). Ekteskapet var ikkje av det mest vellukka. Johnny Cash hadde heilt sidan barndommen vore fascinert av musikken til Carter Family, og denne fascinasjonen samt all reisinga og affærene til Cash førte til skilsmisse i 1966. 13 år etter deira første møte fridde Johnny Cash til June Carter på scenen under ein konsert i London, Ontario. Han hadde fridd fleire gonger tidlegare, men June hadde alltid takka nei. Denne kvelden sa ho ja. 1. mars 1968 gifta dei seg. Dette var Junes tredje ekteskap, og med seg i ekteskapet tok ho med seg døtrene, Rebecca Carlene Smith (betre kjent som Carlene Carter, 1955-) og Rosie Nix Adams (1958-2003). I 1970 fekk Johnny og June sonen, John Carter Cash.
Johnny Cash hadde mange comeback, og mange tilbakeslag. For ein tidlegare alkoholiker og pillemisbruker er det mange freistingar, men i løpet av Johnny og Junes ekteskap støtta ho han til det siste. I gravferda hennar sa Rosanne Cash, "if being a wife were a corporation, June would have been a CEO. It was her most treasured role." (Wikipedia)
Då Ingalill annonserte at ho ville starte opp med ein biografilesesirkel fekk ho overveldande respons. Det var tydeleg at biografi er noko mange les i all stillhet, og det er ikkje mange gonger eg har sett biografi omtalt på bokblogger. Boka om Johnny Cash er ein av mange biografier om denne mannen, men eg er ikkje fornøgd med den. Den er for langtekkeleg for meg, og passer nok best for dei som har litt meir peiling om amerikansk musikk enn meg. Det var for mange eg ikkje visste kven var, og for mykje unyttig informasjon (for meg). Eg er glad for at eg har lest boka, men den blir ikkje gjenlest. Mitt forhold til legenda Johnny Cash er basert på filmen frå 2005, og den er verdt å sjå.
XOXO