Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Amos Oz. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Amos Oz. Vis alle innlegg

tirsdag 2. mai 2017

Bok: "Judas"


Forfatter: Amos Oz (f. 1939)
Originaltittel: HaBesora al pi Jehuda Ish Kariot, omsett av Kjell Risvik
Utgitt: 2014
Min utgåve: 2016
Format: Innbundet, 344 sider
Forlag: Arneberg

Den israelske forfatteren Amos Oz blir rekna som Israels mest berømte nålevande forfattar. Han er omsett til over 40 språk, har mottatt ei rekke priser og er æresdoktor ved fleire universitet. Oz har vore innom den internasjonale Booker-prisen ein gong før (då prisen gjekk til forfatterskapet), og er i år på kortlista med romanen Judas.

Den unge bibelforskaren Shmuel Ash må av økonomiske årsaker forlate universitetet og ta seg jobb som samtalepartner hjå den eldre mannen Gershom Wald. Jobben inneheld kost og losji, og i det tilbaketrukne huset bur og den mystiske Atalia Abarbanel. I løpet av tre månader i 1959 diskuterer Shmuel og Gershom religion, stat, politikk og litteratur, og det er i all hovudsak Wald som snakker. Shmuel lærer forbindelsen mellom den gamle mannen og den mystiske kvinnen, og forlater huset i smuget litt klokare enn då han kom inn.

Judas er ei bok du må ta deg tid til, og eg merka at eg måtte ha rett stemning for å komme inni den. Det er ei bok med langsam handling, men det er mykje handling om du er villig til å ta det innover deg. Bibelhistorie og religionskrig er noko eg kan lite om, men eg kan litt meir etter søndagens lesing av Amos Oz' roman. Eg er usikker på om den er ein Bookerpris-vinnar, men den fortener plassen på kortlista.


XOXO