Britiske Fred Fordham (f. 1985) har studert politikk og filosofi i Sussex og malte portretter på fritida. Han har etter endt studier skreve og illustrert for ulike publikasjoner. I 2016 kom Philip Pullmans første grafiske roman ut, med Fordhams illustrasjoner.
Dei fleste kjenner historien i romanen To Kill a Mockingbird, og det er ein av mine favorittbøker. Det begynner å bli ei stund sidan eg las den, men det var igrunnen bare positivt. Eg skal ikkje bruke tid på handlingen i denne anmeldelsen, du kan heller lese anmeldelsen min frå 2013.
I går kveld las eg dei siste 50 sidene, og då siste side var vendt var eg forelska. Er det mogleg å forelske seg i ei bok? Det trur eg så absolutt. Nyforelska i historien om Scout og hodestups forelska i illustrasjonane til Fred Fordham. Sidene veksler mellom 8-10 ruter og 1 rute, det er sterke bilete og ømme bilete, alle sitata eg elsker er med så klart og eg finner ikkje ord for kor nydelig dette er. Eg har lånt den på biblioteket og det var ein rein tilfeldighet som kun biblioteka klarer. Eg scrolla gjennom katalogen over nye bøker, og denne dukka opp. Bestilt straks, og nå må eg bestille den i bokhandelen. Fred Fordham har gjort ære på Harper Lee og romanen med denne grafiske romanen, og som han skriver i takke-talen: "And of course to Harper Lee, for everything."
Varmt anbefalt både til dei som har lest romanen tidlegare, og til nye lesere.
| Utgitt: 2018 | Format: Innbundet, 273 sider | Forlag: William Heinemann, London |
XOXO
PS. Dette er min første grafiske roman, har du forslag til andre eg burde lese?
