Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Harper Lee. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Harper Lee. Vis alle innlegg

søndag 20. januar 2019

Bok: "To Kill a Mockingbird" av Fred Fordham og Harper Lee

Den amerikanske forfatteren Harper Lee vart fødd i 1926 i Alabama, og skreiv romanene To Kill a Mockingbird og Go Set a Watchman. Ho levde eit stille og tilbaketrukket liv i fleire år, og døydde i 2016.

Britiske Fred Fordham (f. 1985) har studert politikk og filosofi i Sussex og malte portretter på fritida. Han har etter endt studier skreve og illustrert for ulike publikasjoner. I 2016 kom Philip Pullmans første grafiske roman ut, med Fordhams illustrasjoner.

 Dei fleste kjenner historien i romanen To Kill a Mockingbird, og det er ein av mine favorittbøker. Det begynner å bli ei stund sidan eg las den, men det var igrunnen bare positivt. Eg skal ikkje bruke tid på handlingen i denne anmeldelsen, du kan heller lese anmeldelsen min frå 2013.

I går kveld las eg dei siste 50 sidene, og då siste side var vendt var eg forelska. Er det mogleg å forelske seg i ei bok? Det trur eg så absolutt. Nyforelska i historien om Scout og hodestups forelska i illustrasjonane til Fred Fordham. Sidene veksler mellom 8-10 ruter og 1 rute, det er sterke bilete og ømme bilete, alle sitata eg elsker er med så klart og eg finner ikkje ord for kor nydelig dette er. Eg har lånt den på biblioteket og det var ein rein tilfeldighet som kun biblioteka klarer. Eg scrolla gjennom katalogen over nye bøker, og denne dukka opp. Bestilt straks, og nå må eg bestille den i bokhandelen. Fred Fordham har gjort ære på Harper Lee og romanen med denne grafiske romanen, og som han skriver i takke-talen: "And of course to Harper Lee, for everything."

Varmt anbefalt både til dei som har lest romanen tidlegare, og til nye lesere.

| Utgitt: 2018 | Format: Innbundet, 273 sider | Forlag: William Heinemann, London | 

XOXO

PS. Dette er min første grafiske roman, har du forslag til andre eg burde lese?

lørdag 25. juli 2015

Bok: "Go Set a Watchman"

Forfatter: Harper Lee (f. 1926)
Utgitt: 2015 (opprinneleg skrevet i 1955)
Forlag: Harper
Anna: Kjøpt ebok, 288 sider, kjem på norsk 24. august

Årets store snakkis i bokverda har vore Harper Lee, og hennar mange år som forfatter av ei bok. Plutseleg kom andreboka, 55 år etter suksessen To Kill a Mockingbird, og den nye boka Go Set a Watchman låg på Amazons toppliste fleire månader før publisering 14. juli. Normalt sett pleier ikkje eg å bry meg så veldig om hypa bøker, men denne gongen ynskja eg å sjå kva det gjekk i. Boka ramla inn på Kindle'n 14. juli, men eg venta eit par dager og var ferdig med boka godt 4 dager etter alle andre på Goodreads. Så var det verdt det?

Go Set a Watchman byrjer handlinga godt tjue år etter Atticus Finchs kamp i retten, og Jean Louise er på veg heim til Maycomb frå New York. Ho har budd i New York dei siste fem åra, og reiser heim ein gong i året på sommarferie. Normalt sett pleier ho å ta flyet, men av hensyn til sin 72-årige far har ho denne gongen satt seg på toget. Heime venter faren, tante Alexandra og kjærasten Henry. I løpet av boka må Jean Louise navigere Maycomb på eiga hand - utan broren, utan Calpurnia og utan Dill. Det blir ikkje enkelt, og då ho oppdager at både faren og Henry deltar på eit møte kun for kvite blir Jean Louise opprørt og sjokkert. Avreisen til New York skjer fort og gale, og idola ho hadde som barn blir mindre.

Først og fremst vil eg ikkje karakterisere Go Set a Watchman som verken forløper eller oppfølger til To Kill a Mockingbird. Den handler om dei same folka, bare i ei anna tid og med eit anna perspektiv. Jean Louises forteljarstemme er vekke, og tjue år etter handlinga i To Kill a Mockingbird har muligens sørstatene i USA kome litt lenger. Men var det verdt det? Det er alltid interessant å lese ei bok samtidig som "alle andre" gjer det, og sjølv om eg ikkje er redd for verken spoilere eller anmeldelser før eg har lest ei bok sjølv så er eg glad eg har lest boka.

XOXO

søndag 25. august 2013

Lesesirkelbok: "To Kill a Mockingbird"

Forfatter: Harper Lee
Utgitt: 1960
Mi utgåve: 2010
Format: Paperback, 376 sider
Forlag: Hachette Book Group
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Off the shelf, Back to the Classics

Lesesirkelbok for august er Harper Lees To Kill a Mockingbird/Drep ikke en sangfugl. Romanen kom ut i 1960, vant Pulitzerprisen for fiction i 1961, vart filmatisert i 1962, og forfatteren har ikkje gitt ut noko i ettertid.

To Kill a Mockingbird foregår i depresjonstidas Amerika, i ein liten by i Alabama. Me befinner oss i midten av 30-åra, og møter unge frøken Jean Louise Finch. 9-åringen, populært kalt Scout, bur i Maycomb County med storebroren, Jem, advokatfaren, Atticus, og den farga hushjelpa, Calpurnia. Då romanen starter har Scout nettopp byrja på skulen, og romanen skildrar små og store hendingar i lokalsamfunnet. Samfunnet er bygd opp av rike og fattige, kvite og farga mennesker, og i 30-åra gjekk det sjelden som hånd i hanske. Då det kjem for ein dag at den farga familiemannen Tom Robinson har voldtatt Mayella Ewell, som er kvit, får Atticus oppdraget som advokat for Robinson. Atticus er bekymra for Jem og Scout, og lar sin frustrasjon gå utover broren, Jack, som er på besøk. Scout har lange øyrer til tider, og har høyrt litt av kvart frå folk i samfunnet. Ho får med seg samtalen mellom faren og onkelen, men faren syns ikkje at det var heilt galt.
I scurried to my room and went to bed. Uncle Jack was a prince of a fellow not to let me down. But I never figured out how Atticus knew I was listening, and it was not until many years later that I realized he wanted me to hear every word he said.
I byen er det lynsjestemning mot Tom Robinson, og til tider mot Atticus, men Scout og Jem forsvarer alltid faren.
Atticus switched on the ceiling lights in the livingroom and found us there, frozen still. He carried my baton in one hand; its filmy yellow tassel trailed on the rug. He held out his other hand; it contained fat camellia buds. "Jem", he said, "are you responsible for this?" "Yes, sir." "Why'd you do it?" Jem said softly, "She said you lawed for niggers and trash." "You did this because she said that?" Jem's lips moved, but his, "Yes, sir," was inaudible.
Innimellom forsvaring av faren og andre nødvendige ting speler søskenparet ut sitt eige drama som omhandler mannen i nabohuset. Ein mann som ikkje har vore utforbi døra dei siste tjuefem åra.

Eg klarte å bomme på lesesirkeldatoen, og trudde fram til torsdag at det var neste veke To Kill a Mockingbird skulle vera ferdig. Idag har eg lest dei siste hundre sidene, og eg er sjeleglad for at eg las den ferdig. Eg har vore på nippet både til å gi den opp, og til å låne den på norsk. Min utgåve har stått i bokhylla i nærmare to år etter at eg kjøpte den på Arlanda flyplass etter studietur med jobben. Romanen veksler mellom det gode og det onde, om rasediskriminering, og om eit barns forhold til dei vaksnes verd. Den er nydeleg, sår og opprørande, og står som ei av dei beste bøkene eg har lest i år. To Kill a Mockingbird anbefales varmt!

XOXO