Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Atlantic. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Atlantic. Vis alle innlegg

fredag 26. juli 2019

Booker-longlist: "My Sister, the Serial Killer" av Oyinkan Braithwaite

Den engelsk-nigerianske forfatteren Oyinkan Braithwaite (f. 1988) er eit forholdsvis ubeskrevet blad i den litterære verda. Ho debuterte i 2010 med novellesamlingen The Driver, medan hennar første roman er My Sister, the Serial Killer. Sistnemnte har fått mykje merksemd med blant anna plass på kortlista til Women's Prize for Fiction 2019. Dette er Braithwaites første bok i Booker-samanheng.

My Sister, the Serial Killer blir av mange sett på som lettvekteren på lista, og eg er ikkje uenig. Den er ikkje dårleg, men den er ikkje av den litterære kvaliteten som eg forventer på Booker-lista. Romanen handler om søstrene Ayoola og Korede frå Lagos i Nigeria, der den eine av søstrene i "sjølvforsvar" har drept sin kjæreste. Det er ikkje første gong Ayoola ringer sin eldre søster Korede for å få hjelp til å fjerne liket, og som den oppofrande søstra Korede er så stiller ho opp.

Søstrene er ulike som natt og dag. Korede er sjukepleier på eit sjukehus, medan Ayoola er klesdesigner. Sistnemnte søster har alltid blitt sett på som den nydelige av dei to, og forskjellsbehandlingen som foreldrene alltid har utført er vond å høyre om. Korede har alltid fått innprenta at ho må passe på søstra si, og det slår meg at muligens Ayoola ikkje er ved sine fulle fem. Det er mykje humor og satire i romanen, fortalt frå Koredes synspunkt, og når dagens sosiale medier som Twitter, Instagram og Snapchat blir nemnt må denne romanen vera frå vår samtid.

Eg høyrte denne på lyd frå Storytel, og innleseren har gjort ein god jobb. Likevel er dette ein roman som er fort lest/høyrt og fort gløymt, og eg blir virkelig overraska om denne dukker opp på kortlista i september.

* Beathe har skrevet om romanen her (ekstern lenke)!

XOXO

| Utgitt: 2018 | Min utgåve: 2019 | Format: Lydbok, lest av Weruche Opia, 4t30min22sek | Forlag: Atlantic Books (papir), Whole Story Audiobooks (lyd) |

søndag 25. september 2011

Bok: "Snowdrops"

Forfatter: A.D. Miller
Utgitt: 2010
Format: Kindle
Forlag: Atlantic
Anna: Utgitt på norsk i 2012 med tittelen Snøklokker.

Frå Goodreads: A.D. Miller's Snowdrops is an intensely riveting psychological drama that unfolds over the course of one Moscow winter, as a young Englishman's moral compass is spun by the seductive opportunities revealed to him by a new Russia: a land of hedonism and desperation, corruption and kindness, magical dachas and debauched nightclubs; a place where secrets - and corpses - come to light only when the deep snows start to thaw... Snowdrops is a chilling story of love and moral freefall: of the corruption, by a corrupt society, of a corruptible young man. It is taut, intense and has a momentum as irresistible to the reader as the moral danger that first enchants, then threatens to overwhelm, its narrator.

Den tredje boka i Bookerprisens shortlist for 2011 er skrevet av den britiske forfatteren A.D. Miller. Han har vore Russland-korrespondent for ei kjent britisk avis, og dette er hans første roman.

I første omgang er boka lettlest, og det var og poenget med å nominere denne boka til prisen. Forfatteren har heilt klart kunnskap om Russland og dens muligheter og måter og gjera ting på, men i romanform blir det litt over the top. Ein venter heile tida på klimakset på slutten, men det kjem aldri og det går då opp for ein at hovudpersonen er ikkje av det snille slaget, slik som mange andre i boka.

Hovudpersonen, Nick, er ein britisk journalist som blir fanga inn i Moskvas mystikk og rariteter. Ein blir aldri skikkelig kjent med han, og i dei få øyeblikka ein får informasjon om han virker han som ein slitt sleip og slibrig person.

Denne syns eg var lettare enn den forrige Booker-boka, men samtidig så er den for enkel for ein av dei mest prestisjefylte prisane i den engelskspråklige bokverd.

XOXO