Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Samlaget. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Samlaget. Vis alle innlegg

onsdag 5. juni 2024

"Utveg" av Erling A. Westgaard Flote

Erling A. Westgaard Flote (f. 1983) har mastergrad i historie og arbeider som lektor i den vidaregåaande skulen. Utveg er den første romanen hans.

Johanne er sytten år, skulenerd og stort sett heime med mor og far i helgene. I nabohuset bur bestefar på straks nitti år, og i fjoset står ein gjeng mjølkekyr. Johanne har sett seg ut profesjonsstudiet i psykologi etter vidaregåande, og jobber hardt for å få femmere og seksere. Etter ein bedriten (bokstaveleg talt) laurdag med nedvask i fjoset sender Johanne ein kort snap til ei tidlegare bestevenninne, og ballen er i gang. Linn hoppa av heile skuleløpet, henger med rånarar og fester kvar helg. Johanne blir invitert med på fest, og takker overraskande nok ja. Ein fest blir til fleire, og vennskapet blir sterkare.

Samstundes kjenner Johanne presset om å ta over slektsgarden, eit par familiehemmeligheter ligger og ulmer, og kvifor drikker eigentleg onkel Tor? Det virker ikkje som mor og far forstår kva Johanne vil i livet, men det kan jo hjelpe å snakke om det.

Utveg er på knappe 150 sider, eg las den på eit par timar, og sitjer med klump i halsen mot slutten. Det ser mørkt ut ei stund, men livet smiler då siste side er vendt. Ungdommen trenger bøker som denne, og at den er på nynorsk er ingen problem. Det sier i alle fall nynorsk-fanatikeren :-) Det handler om vennskap, om å finne sin veg i livet, og at det fins ein utveg for dei fleste utfordringar om ein berre snakkar om ting. Forholdet mellom Johanne og bestefar kjenner eg meget godt igjen, for ein slik bestefar har eg hatt. Varmt anbefalt!

XOXO

| Utgitt: 2024 | Format: Innbundet, 151 sider | Forlag: Samlaget |

søndag 27. august 2023

"Oskar og eg" av Maria Parr og Åshild Irgens (ill.)

Maria Parr (f. 1981) er ein norsk barnebokforfatter og lektor på vidaregåande skule. I 2005 debuterte Parr med barneboka Vaffelhjarte (2005) som vart ein internasjonal bestselger, og TV-serie. Etterkvart kom bøkene Tonje Glimmerdal (2009), Keeperen og havet (2017) og Storebror (2019). Etter eit opphald på fire år er Parr aktuell med barneboka Oskar og eg.

Oskar og eg er fortalt av storesøster Ida som er åtte år. Ho har ei mor, ein far og veslebror Oskar. Ida er ei typisk storesøster som både vil ha fred for broren, men passer på han fordi mor og far innimellom ønsker det. Boka går over ca eitt år, og daglegdagse hendingar i livet er i fokus. Ida merker at ho blir eldre, men er det eigentleg så bra? Og korleis kjem det til å gå med veslebror på skulen. Han som er minst av alle, og sitter kun stille når det er pannekaker til middag. Oskar og eg er ei fartsfylt og humoristisk bok om oppvekst og søskenforhold, og innimellom nokon sørgelege ting. For ingen barndom er vel lys og ledig heile tida?

Det sørgelige er og meget godt skrevet om, og eg som jobber i barnehage får innimellom høyre om slektninger som har gått bort. Ida og Oskar opplever eit dødsfall, og Parr skriver:

"Pappa klatra over sofaryggen, slik Oskar og eg brukar. Det var som om han ville fortast mogleg bort til mamma. Og så gøymde han henne i ein diger klem. Oskar og eg smaug oss over sofaryggen, vi også, og inn mellom beina deira. Det var som å stå inne i ei hytte laga av menneske." (s. 69)

Maria Parr har blitt samanlikna med Astrid Lindgren. Det ville eg sett på som ei ære, og spesielt i denne boka er det mykje Lindgren. Om eg ikkje tar feil er dette sitatet omskrevet frå Astrid Lindgren: "Og Ida gøymde alt i hjartet sitt og grunda på det." (s. 155) Akkurat som i Lindgrens barnebøker om Lotta i Bråkmakergata er det ei storesøster som forteller. Eg har lest om Lotta, og eg syns Maria Parr gjer ein betre jobb enn Lindgren. Parr er meir sympatisk med veslebror enn det Lindgren var med forholdet mellom Lotta og storesøster Mia Maria. Men det er nå bare mi meining. Maria Parr tar barnet på alvor og sitatene som nå kjem syns eg representerer det godt:

"Trudde ho at Oskar kom til å gløyme at det var steikt fisk under, viss ho gjorde heile greia usynleg under ei kvit myr?" (s. 22)
(Oskar får spysjuke) "Pappa svinga Oskar ned på golvet i ein stor boge, og mamma drog ut så mykje tørkerull at ho kunne laga ein mumie av det. Eg såg utover bordet og var glad for at eg ikkje var foreldra mine." (s. 25)
"Vaksne som spyr, det burde det faktisk vere 18-års aldersgrense for å sjå på. Det er superekkelt!" (s. 26)

Eg har ledd og grått meg gjennom boka, og sjølv om målgruppa er 6-11 år så vart denne 36-åringen heilfrelst! Også er boka på nynorsk i tillegg. Les den, eg ber deg, det fortener både den og du! Anbefales!

XOXO

| Utgitt: 2023 | Format: Innbundet, 196 sider | Forlag: Samlaget | 

onsdag 19. oktober 2022

"Gjestene" av Agnes Ravatn

Agnes Ravatn (f. 1983) er norsk forfatter og skribent. Ho har fleire romaner og essay-samlinger på samvittigheten, og fleire bokpriser. Gjestene er hennar sjette roman.

I Gjestene møter me juristen Karin som saman med ektemannen Kai har fått låne ei arkitektteikna hytte ved Oslofjorden. Eigaren er ei tidlegare skulevenninne av Karin. Karin føler ho alltid kjem til kort i livet og spesielt samanlikna med skulevenninna, og då hyttenaboen er forfatter Per Sinding dikter Karin opp ei historie om seg sjølv. Kai må bare følge etter, og snart er løgnene så innvikla at det virker vanskeleg å kome utav dei.

Då det vart annonsert at Agnes Ravatn skulle kome ut med ny roman vart fallhøgda stor. Eg har alt Ravatn har skrevet i bokhylla, og er stor fan. Så korleis skrive om ei bok som alle andre enn deg hyller opp i skyene? For sanninga er at Gjestene er ikkje mi type bok i det heile tatt. Eg likte ikkje hovudpersonane, eg syns Karin var sytete og ugrei, den stakkars mannen hennar gjer sitt aller beste og er positiviteten sjølv. Og kvifor kome opp med ein haug med løgner overfor hyttenaboene som garantert har møtt eigaren? Er det så galt å vera jurist og snekker i møte med eit forfattarpar? Me har vel alle hatt den skulevenninna som ein eigentleg ikkje liker, og framleis ikkje liker i vaksen alder, men det er mange måter å vera direkte sjalu på. Her syns eg ikkje det fungerer, eg tar rett og slett ikkje humoren i boka. Vil eg anbefale den? Joda, for den er godt skrevet og den er på nynorsk, og ein kan ikkje like alt. Her var rett og slett fallhøgda meget stor.

XOXO

| Forfatter: Agnes Ravatn | Utgitt: 2022 | Format: Innbundet, 176 sider | Forlag: Samlaget |

mandag 8. august 2022

"Eg blir her" av Ann Helen Kolås Ingebrigtsen

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen er ei venninne av meg, men eg har kjøpt og betalt "Eg blir her" sjølv. Innhaldet i romanen var heilt ukjent for meg då eg fekk den i posten.

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen (f. 1980) er ein norsk forfattar. Ho er norsklærar på dagtid, og forfattar på kveldstid. I 2020 debuterte ho med ungdomsromanen Sinne (intern lenke til min anmeldelse) og mottok blant anna Bokbloggerprisen og Årets Ulest. Eg blir her er hennar andre utgivelse.

Eg blir her handler om Oda som bur i ei lita bygd på Vestlandet med far, besten og besta. Faren er ein original som maler bilete av fjell, har laga hobbypub i løa og som drikker ein del. Ungdomstida kunne vore enklere, og det hjelper ikkje at ein sommergjest slår kollbøtte på kjenslene til Oda. Ho har jo kjærast - kan ikkje denne Daniel berre halde seg vekke?

I går kveld lo eg høgt, fekk medkjensle med Oda, og tenkte at det var ikkje så verst å ha eit A4-liv i mi ungdomstid. Det er noko spesielt med ungdomsromanen når den klarer å fange leseren som ikkje har vore ungdom på ein del år. Kolås Ingebrigtsen skriver godt, og lar leseren tenke framfor å forklare alt. Eg er imponert over debutboka frå 2020, denne er hakket betre. For nynorsk-forkjemperen er det gull, og ein ungdomsroman frå Vestlandet kunne ikkje ha blitt skrevet på eit anna mål. Anbefales!
Ho set tennene i ein diger skulebolle og gir meg den andre. Det er ei intern greie mellom oss. Vi synest det er så gøy når det står at det blir servert "noko å bite i" på møte og sånt, så vi begynte å fleipe med det. Når vi skal møtast, avslutter vi alltid med at vi må ta med noko å bite i. Ein gong tok Emma med ein bitering på skulen og gav meg midt i timen. Ho kviskra at det var noko å bite i, og det rakna heilt for meg. Læraren blei dritsur og kasta oss til slutt på gangen. Eg trur vi flirte resten av dagen. (s. 19)
XOXO

| Forfatter: Ann Helen Kolås Ingebrigtsen | Utgitt: 2022 | Format: Innbundet, 156 sider | Forlag: Det Norske Samlaget |

Andre blogg-anmeldelser: Tine, Beathe, Åslaug.

torsdag 23. juni 2022

"Du er bonde" av Kristin Auestad Danielsen

Kristin Auestad Danielsen (f. 1981) er ein norsk forfatter, busett i Stavanger. Ho debuterte i 2005 med diktsamlinga Alle i Norge, i tre, i hengekøyer og har etterpå gitt ut ytterligere tre diktsamlinger. Ho har og bidratt til to andre samlinger av tekster, og gitt ut to eigne romaner. Du er bonde er hennar andre roman.

"Du er bonde er ein fabel om arv, plikt og seksualitet i det moderne samfunnet." Dette er baksideteksten og det var ikkje det som drog meg mot romanen i utgangspunktet. Det var den lokale tilhørigheta, og det at nokon skreiv roman om bønder og odelsjenter (for dei uinnvidde så er eg faktisk odelsjente). Så skuffa over ei bok som eg var i går kveld er det lenge sidan eg har vore, og meir om det kjem.

Romanen handler om to odelsjenter seint i tenåra som har overtatt kvar sin gard i Gjesdal kommune i Rogaland. Dei er begge namnlause, men etter det eg forstår så er den eine klar for gardsdrift og gjer garden til eit mønsterbruk. Den andre odelsjenta er lat og vil helst ligge på sofaen heile dagen, og planter til slutt skog over heile garden, som ei slags antidrift. Kapitla er korte, enkelte stader berre ei side, språket er førsteklasses nynorsk, så kva er det som gjer meg så skuffa?

For det første er det dei to namnlause. Eg har store problem med å halde styr på kven som gjer kva når to karakterer av same kjønn ikkje har namn i romanen. Det øydelegger mykje for mi oppleving av boka. I tillegg er det så mykje rart innhald i romanen at framdrifta stoppa opp fleire gonger. Etter å ha lest om kva ein fabel er så forstår eg både meir og mindre. Ein fabel kan ha moralistisk eller satirisk handling, og kan ha dyr i hovudrolla skriver Wikipedia. Om eg vart klokare av den betegnelsen er uvisst, men eg likte ikkje boka meir av den grunn. Så var det ein heil del meir eller mindre uinteressante fakta om kva filmer dei to jentene likte, om då Noreg fekk ny konge (i 1991) og Lady Dianas død (i 1997). Dette var viktig for dei to jentene som vaks opp på 1990-talet, men for meg som nok er fødd seinare enn disse jentene var det bare irriterende. 

Eg anbefaler heller Kristin Auestad Danielsens første roman Vår vesle (2018) og lar det bli med det.

XOXO

| Forfatter: Kristin Auestad Danielsen | Utgitt: 2022 | Format: Innbundet, 152 sider | Forlag: Det norske Samlaget | 

søndag 27. juni 2021

Bokanmeldelse: "Menneske og møll" av Kristin Tveiten

Kristin Tveiten (f. 1966) er debutant på Det Norske Samlaget i år. Ho vart historisk i vår då ho og dottera Marie Tveiten debuterte same dag på same forlag.

Menneske og møll vart eg merksom på hjå Ann Helen (på snapchat altså), og frå nå av skal eg ta imot alle boktips eg får frå den kanten. I alle fall om dei er på nynorsk.

Marianne får ein telefon frå sin aldrande far. Om ho kan tenke seg den rosemålte kista som står i fjøset. Ho takker ja, og for første gong på fleire tiår reiser ho over fjellet og treffer sin far. Ho blir overraska over kor dårleg han ser ut, men etter år med løgner og vonde hemmeligheter blir det med hentinga. Denne gongen. Det blir fleire besøk til faren framover, både for Marianne og søsknene Jørgen og Hilde. Faren blir stadig dårlegare, og stemora gjer lite og ingenting. Gjennom to år skildrer Marianne Tveiten ein familie på godt og vondt. Maktbalansen endres, familiekonstellasjonen knaker, og fleire lurer på kven som veit kva.

For ei bok! Undervegs i lesinga blir eg minna på Helga Flatland og Tore Renberg, men samstundes har romanen ei eiga stemme. Kristin Tveiten veit korleis ho skal skildre forholdet mellom far og dotter, og det er når ting er vonde Tveiten skriver best. I tillegg er boka skriven på nynorsk og då får den ein eigen klang på line med Flatlands deler av Bli hvis du kan-trilogien. Magisk! Romanen tar opp fleire viktige tema, men det blir aldri for mykje og Tveiten lar lesaren tenkje sjølv. Den har eit godt driv, og kan fint lesas på eit par timar. Har du først begynt blir du sitjande til du er ferdig (bare advarer deg). Og når du trur dei vonde tinga er over så kjem det nye som slår deg i bakken igjen. Heldigvis ender det godt for dei fleste. 

Eg håper denne kjem på lydbok slik at alle får den med seg, men den må lesas inn av nokon som kan lese nynorsk. Min stemme er ledig så det er bare å ta kontakt.

XOXO

fredag 17. april 2020

Bok: "Det andre namnet" (Septologien I-II) av Jon Fosse

Den norske forfatteren Jon Fosse (f. 1959) er ein av vår tids største samtidsdramatikere og blir ofte sett på bettinglistene til Nobelprisen. Roman-debuten skjedde i 1983 og skuespill-debuten var drøyt ti år seinare. Jon Fosse har skrevet innenfor dei fleste sjangre, og er oversatt til meir enn 40 språk. I februar vart han langlista til den internasjonale Booker-prisen, men kom dessverre ikkje vidare til kortlista. Likevel har eg lest Det andre namnet og eg er begeistra.

Det andre namnet er første bok i eit storverk frå Jon Fosse. Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin, og har stort sett kun kontakt med grannen Åsleik. I Bjørgvin bur ein anna Asle, namnebror, kunstmålar og alkoholiker. Ein dag finn Asle den alkoholiserte Asle i snøen og tar han med til sjukehuset. Livet til dei to Aslane blir fortalt gjennom tilbakeblikk og ein notidshistorie, og i dette første bandet av Septologien handler tilbakeblikka om barndommen.

Eg innrømmer det med ein gong at eg har sikkert ikkje fått med meg alt for eg har problem med manglande kapittel-inndeling og grammatikk. Når det er sagt så elsker eg språket! Nynorsk er så fint, og eg er så heldig at eg har vokst opp med det og skriver det sjølv. Det er så mange gode ord og historien er så tander og fint fortalt. Eg fekk empati for Asle og hans historie, og det veier opp for det eg sliter med i bokas utforming. Eg trenger meir Jon Fosse, og heldigvis har han skrevet mange bøker før denne. Eg har fått tips om at Morgon og kveld er god, nokon som har andre anbefalinger?

Det andre namnet anbefales i alle fall!

XOXO

| Utgitt: 2019 | Format: Innbundet, 514 sider | Forlag: Det Norske Samlaget |

torsdag 26. mars 2020

Bok: "Sinne" av Ann Helen Kolås Ingebrigtsen

Reklame // Mottatt leseeksemplar

Den norske forfattaren Ann Helen Kolås Ingebrigtsen (f. 1980) er norsklærar på dagtid og forfattar om kvelden. Sinne er debutromanen hennar.

Det er ikkje så lett å vera 15 år gamle Synne. ADHD, nye elevar i klassen, rådgiver som vil ho skal begynne med medisiner igjen, skilsmisse er grunnsteinane i Synnes liv om dagen. Når det bobler og koker inni ho er det ikkje så lett å la det vere på innsida. Synne er redd for å bli ho med ADHD, redd for at det blir slik det var på barneskulen. Den nye guten er i tillegg så fin. Det er ikkje lett når alle disse kjenslene truer med å koke over.

Eg innrømmer med ein gong at eg kjenner forfattaren, eg las manuset første gong i september og har mottatt boka frå forlaget. Likevel håper eg du leser vidare. Sinne er eit meget godt stykke arbeid, og ei ungdomsbok som all ungdom bør lese. Den beskriver eit tema som ikkje er godt nok belyst i ungdomsbokverda - jenter med ADHD. Vennskap og uvennskap blant jenter har eg lest om sidan eg var ungdom sjølv, forelskelse i 15-årsalderen er skrevet opp og ned i mente, men Synne med ADHD er heilt nytt. Eit anna tema i boka er skilsmisse. Korleis takle skilsmisse, steforeldre, heil-, halv- og stesøsken i skjønn forening. Er eigentleg foreldrene dine glad i deg og vil deg det beste når dei flytter ut frå din heim? Når både forfattaren og hovudpersonen i tillegg elsker Harry Potter og det er referanser til serien gjennom boka er eg solgt.

Eg håper du leser boka, og tipser om den til alle ungdommer du kjenner. Og eg håper dette ikkje er det siste me høyrer og leser frå denne forfattarkanten. Anbefales!

XOXO

| Utgitt: 2020 | Format: Innbundet, 203 sider | Forlag: Samlaget | 

mandag 23. september 2019

Bok: "Dei sju dørene" av Agnes Ravatn

Den norske forfatteren Agnes Ravatn (f. 1983) har gitt ut fleire kritikerroste bøker, blant anna romanen Fugletribunalet (2013). Ravatn seiler opp som ein av mine norske favoritter, og Dei sju dørene er den tredje romanen hennar.

I Dei sju dørene møter me litteraturprofessor Nina Wisløff som er i ei brytingstid. Jobben hennar er på gyngande grunn når det gjelder relevans, og huset hennar skal snart bli erstatta av ein veg. Mannen hennar er ein travel helsebyråd og forholdet til legedottera er ikkje det beste. I ein debatt om litteraturvitere trengs bryter Nina ut at litteraturvitere burde jobbe i politiet, og avisoppslaga er ikkje få. Dottera, Ingeborg, er gravid med sitt andre barn og trenger større plass å bu. Nina og mannen har eit eldre hus som dei leiger ut, og Ingeborg foreslår straks at dei skal sjå på huset. Ingeborg er ikkje den som er redd for å trø folk på tærne og den stakkars leigebuaren har lite å stille opp med då Ingeborg strener inn i huset. Så forsvinner Mari, og jakten er i gang. Då politiets etterforskning stopper opp tar Nina saken i eigne hender. Alt dette og meir til blir til ein urovekkande roman om familiehemmeligheter, farleg nysgjerrighet og jakten på det ein trur stemmer.

Eg har alt Ravatn har skrevet i bokhylla, og liker veldig godt alt som er skrevet i hennar penn. Dei sju dørene er spekka av litteratur og kultur, men med innslag av krim kan alle lese denne. Den er vittig og skarp, samstundes som den er sart og mørk. For korleis går det med Ninas etterforskning? Og med leigebuaren? Kven har dei største hemmelighetene, og kva har metoo i denne romanen å gjera? Varmt anbefalt!

| Utgitt: 2019 | Format: Innbundet, 250 sider | Forlag: Samlaget | Kjelde: Leseeksemplar fått frå forlaget, papirbok kjøpt sjølv hjå Norli Stavanger

XOXO

lørdag 23. februar 2019

Norsk røyndom: "Ikkje ver redd sånne som meg" av Sumaya Jirde Ali

Den norsk-somaliske Sumaya Jirde Ali (f. 1997) er ein godt kjent samfunnsdebattant og forfattar. På grunn av netthets har Ali hatt (eller har?) voldsalarm og til tider hatt politibeskyttelse. Midt oppi alt har ho skrevet denne teksten om å finne seg sjølv og heim igjen.

Ikkje ver redd sånne som meg er ei av bøkene i pamflett-serien til Samlaget. Forlaget skriv sjølv (ekstern lenke): I serien Norsk røyndom inviterer Samlaget utvalde forfattarar til å skrive om den norske samtida. Viktige tema vert presenterte i kort format, med eit personleg utgangspunkt. Eg har reservert og lånt fleire av dei, og ser ikkje vekk ifrå at dei må hamne i mi bokhylle.

Den andre i serien eg har lest er Sumaya Jirde Alis Ikkje ver redd sånne som meg. Tittelen er lånt frå ein kronikk av syriske Suha Alhajeed (s. 50) og kronikken traff Ali midt i hjartet. I boka skriv Ali om korleis ho kom til Bodø som barn og vart behandla som alle andre, om då ho byrja med hijab, om sjokket etter 22. juli-attentatet og synet på hennar eigen tilhøyrsel i det norske samfunnet. I tillegg skriver ho om korleis ho held oppe motet for å meine det ho gjer.

Eg er usikker på kvifor, men denne traff ikkje like godt som Camara Lundestad Joofs Eg snakkar om det heile tida. Kan det vere fordi eg har lest så mykje om Ali, eller er det andre årsaker eg ikkje kjenner til. Uansett så er det ein episode som står ut: 22. juli bad ho om og om igjen at attentatet ikkje vart utført av ein muslim (s. 23-24).


| Utgitt: 2018 | Format: Heftet, 92 sider | Forlag: Samlaget |

XOXO

fredag 22. februar 2019

Norsk røyndom: "Eg snakkar om det heile tida" av Camara Lundestad Joof

Camara Lundestad Joof (f. 1988) er ei norsk-gambisk dokumentarisk scenekunstnar og dramatikar. Ho har hatt ei sjølvbiografisk forestilling på scenen i Skandinavia og er frå 2018 husdramatikar på Dramatikkens hus i Oslo.

Eg snakkar om det heile tida er ei av bøkene i pamflettserien til Samlaget. Forlaget skriv sjølv (ekstern lenke): I serien Norsk røyndom inviterer Samlaget utvalde forfattarar til å skrive om den norske samtida. Viktige tema vert presenterte i kort format, med eit personleg utgangspunkt. Eg har reservert og lånt fleire av dei, og ser ikkje vekk ifrå at dei må hamne i mi bokhylle.

Den første eg har lest er Camara Lundestad Joofs Eg snakkar om det heile tida, og norsk-gambiske Joof skriver om utfordringar ved å vere brun. Ho skildrar korleis rasismen er overalt heile tida kun fordi ho har ein annleis hudfarge enn andre. Ikkje heilt kvit, ikkje heilt farga, men noko midt i mellom. Denne kunne blitt lest i ei håndvending, men den er såpass tankefull at pauser måtte til. Ofte får eg bakoversveis av det som blir skrevet fordi det er situasjoner Joof hamner i som ikkje henger på greip. Som seks-åring blir Joof slått med ein paraply av ei eldre dame fordi ho har bunad på seg på 17. mai. Altså, kven er det som gjer slik mot eit uskuldig barn? Det hadde aldri falt meg inn! Eg blir litt oppgitt rett og slett. Det er fleire slike små og store hendingar som utgjer denne appellen og eg ser fram til dei andre i serien. Anbefales!

| Utgitt: 2018 | Format: Heftet, 94 sider | Forlag: Samlaget |

XOXO

lørdag 16. februar 2019

Lesesirkel 1001 bøker: "Kvelande kjærleik" av Elena Ferrante

Det italienske forfatternamnet Elena Ferrante er eit pseudonym og det er svært få i verda som veit kven som eigentleg skriver om Napoli, og dei etterkvart meget kjente bøkene om Elena og Lila. Før Napoli-kvartetten skreiv Ferrante enkeltståande romaner, og det som er gitt ut i Noreg blir publisert av Samlaget. Nynorsk fungerer veldig godt for Ferrante, men som eg skal sei meir om lenger nede får eg ikkje Ferrante til å fungere for meg.

Kvelande kjærleik er debutromanen til Ferrante og her møter me Delia som er midten av 40-åra, og romanen beskriver eit trøblete forhold mellom mor og dotter. Delia bur åleine, og får mora på besøk innimellom. Det irriterer Delia grenselaust då mora ikkje sitter stille på besøk, men rydder og vasker overalt. Ikkje lenge etter siste besøk forsvinner mora sporlaust og dukker etterkvart opp i sjøen iført undertøy Delia aldri kunne tenkt seg at mora eigte. For å komme til bunns i saken om mora blir Delia nødt til å rekonstruere moras siste dager, og reiser til heimbyen Napoli på jakt etter svar.

Eg innrømmer først som sist at eg har skumma store deler av boka, og det same gjorde eg med forrige enkeltståande roman, Svikne dagar, og med siste bok i Napoli-kvartetten. Elena Ferrante har godt språk og gode setningar, men eg får det ikkje til. Eg leser kun for å lese, kun for å få kryss og det stemmer ikkje for meg. Temaene, som her om forholdet mellom mor og dotter, interesserer meg ikkje og eg undrer meg over om det kan vera fordi eg ikkje har eit slik forhold til mi mor. Når ein forfatter er så bejubla er det litt sårt å ikkje like bøkene og ikkje juble når det kjem ei ny bok.


Kvelande kjærleik er i 1001 bøker, og ubesluttsomme meg har lagt denne til i januar-kategorien i lesesirkelen min (eg har sikkert endra bokvalg 3 gonger for den månaden). Har du problemer med enkelte forfattere som andre elsker?

| Originaltittel: L'amore molesto, oversatt av Kristin Sørsdal | Utgitt: 1992 | Min utgåve: 2018 | Format: Innbundet, 171 sider | Forlag: Samlaget |

XOXO

fredag 17. november 2017

Norske bøker du bør lese (#1)


Titler: Nesten menneske. Biografien om Julius, Keeperen og havet, Jenta som ville redde bøkene
Forfattere: Alfred Fidjestøl, Maria Parr, Klaus Hagerup og Lisa Aisato (ill.)
Utgitt: 2017
Forlag: Samlaget og Gyldendal
Format: Innbundne, frå 56 sider til 243 sider

Alfred Fidjestøl har nyleg mottatt Språkprisen 2017 for framifrå bruk av norsk i språkprosa (ekstern lenke, besøkt 17.11.17), men det var ikkje akkurat språket eg la mest merke til i boka. Nesten menneske er den første biografien om eit dyr, nemleg sjimpansen Julius. Då eg var liten hadde eg ein bamse med truse, og tenkte ikkje noko vidare over at det var rart. Biografien ga meg eit nytt syn på Julius bak kamera, om oppturer og nedturer og ein heil del ny informasjon om sjimpanser. Meget interessant biografi om den berømte Julius.

Maria Parr har gleda små og store tidlegare med Vaffelhjarte (2005) og Tonje Glimmerdal (2009). Nå har førstnemnte fått ein oppfølgar, og den er det mange som har gleda seg til. I Keeperen og havet møter meg igjen Trille og Lena frå Knert-Matilde, og i denne står fotball i fokus. Begge to har spelt fotball ei stund, men nå har laget fått ny trenar. Lena er ein kjempegod keeper, men den nye trenaren er nok ikkje så glad i damefotball, så Lena blir satt mykje på benken. Ein ny familie flytter til Knert-Matilde, og Trille opplever si første forelsking. Elles blir det fødd småsysken, ein diger storm sender nesten Trille og Lena på sjøen og farfaren til Trille omkommer nesten i båten. Ei meget god bok for dei litt større lesarane (men og for dei i 30-åra). Boka er nominert til Bokhandlerprisen 2017. Varmt anbefalt!

Klaus Hagerup er ein anerkjent forfatter og med Lisa Aisato på laget blir det gull! Jenta som ville redde bøkene handler om ei jente som lurer på kva som skjer med bøkene som ingen låner på biblioteket. Ho tar tak og låner ein heil del som det er lenge sidan vart utlånt. Saman med bibliotekaren setter ho i gang eit mysterium om ei bok utan slutt, og finner til slutt ut at slutten skal du finne ut sjølv. Den er nok ikkje lik for alle, men for den eine er det riktig. Ei meget varm biletbok for alle som er glad i bøker og biblioteker. Illustrasjonane til Lisa Aisato er gull kvar gong, og eg har lyst å henge alle opp på veggen. Anbefales! (Denne er forøvrig satt på ønskelista til jul bare så det er sagt!)

Det har vore litt skriverier om at bokanmeldelser har gått ned, og det kan eg vera samd i. Eg skriver ikkje om alle bøkene eg les, men samleomtaler av gode norske bøker skal eg få til i ny og ne. Eg les ikkje så mange norske bøker på eitt år, men akkurat disse tre hadde eg gleda meg til, og bør få sin plass i bloggosfæren. Alle anbefales, og kan nomineres til Bokbloggerprisen 2017.

XOXO

lørdag 9. september 2017

Bok: "Verda er ein skandale"

Forfatter: Agnes Ravatn (f. 1983)
Utgitt: 2017
Format: Innbundet, 95 sider
Forlag: Samlaget

Den norske forfatteren Agnes Ravatn hausta gode kritikker og vann blant anna Bokbloggerprisen 2013 i romanklassen for Fugletribunalet. Ho har gitt ut fleire bøker i både roman- og sakprosaklassen, og er i følge forlaget "kjend for si særeigne, vittige stemme og sitt skarpe blikk for menneskeleg svakheit." (sitatet er henta frå følgeseddelen til boka)

Verda er ein skandale er ei samling reisebrev frå då Agnes Ravatn tok med seg mann og barn og flytta frå hovudstaden og til Valevåg i permisjonstida. Svigerfamilien hadde eit småbruk som ikkje var i bruk, og med litt oppussing vart det ein fin bustad for ein liten familie. Eg hadde høge forventningar til denne samlinga og det vart innfridd. Ravatn skriver ærleg og med ein god dose skarp humor om livet utan Internett, om den perfekte pennen, om fisking, om hvordan lage knekkebrød og om ein handletur til Haugesund. Samlinga er lest i eit jafs, også tar ein små munnfuller etterpå av det ein likte best. Festlig og humoristisk ein grå laurdag i september.

Takk til Samlaget for leseeksemplar!

XOXO

lørdag 28. mai 2016

Bok: "Dei som flyktar og dei som blir" (Napoli #3)

Forfatter: Elena Ferrante
Originaltittel: Storia di chi fugge e di chi resta, frå italiensk ved Kristin Sørsdal
Utgitt: 2013
Min utgåve: 2016
Format: Innbundet, 501 sider
Forlag: Samlaget

Den italienske forfattaren Elena Ferrante er framleis eit mysterium i bokverda, og eg undrer meg om ho hadde tatt steget ut viss ho hadde vunnet den internasjonale Booker-prisen. Den fjerde boka, Historia om det tapte barnet, kjem på norsk til hausten. Eg hadde den heime frå biblioteket før vinnaren av nemnte Booker-pris vart annonsert, men for mange bøker og for liten tid gjorde at den vart levert tilbake ulest.

I Dei som flyktar og dei som blir går me direkte frå hendingane i førre bok. Elena giftar seg med ein akademikar, blir mor og husmor i Firenze, men er ikkje fornøgd med livet. Lila kjempar for å overleve som fabrikkarbeidar samtidig som ho skal vere mor, og tar ivrig del i 70-åras kamp for betre arbeidsvilkår. Begge to har med nebb og klør forsøkt å sleppe unna barndommens slit, men er fortida i ferd med å innhente dei? Mellom familiane og generasjonane i Napoli ulmar gammalt nag og uvennskap, og til tider er det vanskeleg å halde rede på kven som er kven. Då er det greit at det er karakterliste i starten av boka. Boka er såpass fylt av handling at eg vil ikkje avsløre for mykje, men Elena Ferrante er verkeleg god på skildringar og kvinnene held ofte på tradisjonar dei eigentleg har avfeid som gammaldags.

Romanen er spennande og interessant, og det er fleire hendingar som eg både smiler over og som irriterer meg. Samtidig undrer eg meg over om eg hadde lest disse bøkene om dei hadde vore på bokmål. Er det min kjærleik til nynorsk som gjer at eg kaster meg over Napoli-bøkene, eller er det genuin interesse? Dei som flyktar og dei som blir er tredjeboka, og eg kjem til å lese den siste, men eg har mine tvil om at dette blir verkeleg stor litteraturglede for meg. Anbefales likevel!

XOXO

PS. Tine har skrevet HER!

lørdag 19. mars 2016

Bok: "Historia om det nye namnet" (Napoli #2)

Forfatter: Elena Ferrante
Originaltittel: Storia del nuovo cognome
Utgitt: 2012
Min utgåve: 2015
Format: Eiga bok, innbundet, 574 sider
Forlag: Samlaget, frå italiensk ved Kristin Sørsdal

Ingen andre enn det italienske forlaget kjenner Elena Ferrantes identitet, men bøkene om Napoli har gitt Ferrante eit internasjonalt gjennombrot. Tredje bok i kvartetten, Dei som flyktar og dei som blir har akkurat kome ut på norsk, og den fjerde vart heidra med plass på den internasjonale bookerprisens langliste.

I Historia om det nye namnet er me framleis i Napoli, og går direkte frå hendingane i Mi briljante venninne. Lila har gifta seg med Stefano, og flytta til nybydelen medan Elena går på gymnaset. Samlivet mellom Lila og Stefano er ikkje rosenraudt, og det tar ikkje lang tid før Lila forstår at ho har valgt feil. Elena er kjærast med Antonio, men heller ikkje det er utan skjær i sjøen. Venninnene er ikkje perlevenner heile tida, og eg syns det er ein slags maktkamp mellom dei. Då sommaren kjem blir Elena invitert med på ferie saman med Lila, mor hennar og svigerinna Pinuccia mot at Lila betaler ho kva Elena ville tent på ein sommarjobb. Ferien blir eit vendepunkt i historien, og med mennene vekke heile veka har Lila, Elena og Pinuccia klar bane til all moro. Strandturer og bading blir meir interessant med gamle og nye venner på besøk, og meir enn noko anna lærer Lila at Stefano verkeleg ikkje er mannen for ho.

Ved gymnastidas slutt får Elena ein mulighet til å studere vidare i Pisa, medan Lila er på god veg inn i barndommens fattigdom for å redde seg sjølv. I denne perioden ser venninnene kvarandre lite, men med Elenas besøk i Napoli får ho høyre nytt om alle dei gamle vennene sine. Ingen av dei gjer det på langt nær så bra som Elena, men likevel klarer Lila på sin måte å forpurre tankane til Elena. Akkurat det irriterte meg i denne boka. Misunnelse ligger tjukt utanpå i denne boka, og det er ikkje bare i forholdet mellom dei to venninnene. Det er fleire som seier at Historia om det nye namnet er betre enn Mi briljante venninne, men eg syns det var vel mykje syt og styr i denne boka. Mogleg det blir betre i tredje som ligger klar. Hadde eg syns det same om eg ikkje visste at det var fleire bøker? Spennande spørsmål i alle fall. Anbefales, om ikkje anna så for nynorskens del!

XOXO

søndag 30. august 2015

Bok: "Mi briljante venninne" (Napoli #1)

Forfatter: Elena Ferrante
Originaltittel: L'amica geniale
Utgitt: 2011
Min utgåve: 2015
Format: Innbundet, 404 sider
Forlag: Samlaget, frå italiensk ved Kristin Sørsdal

Ingen andre enn det italienske forlaget kjenner til Elena Ferrantes eigentlege identitet, men det hindrer ikkje lesere i å kaste seg over den første boka i Napoli-kvartetten. Bøkene er i sal i Noreg på engelsk, og den fjerde på engelsk er rett rundt hjørnet, men med min forkjærlighet for nynorsk (og absolutt ingen ekstra-tid akkurat nå) så rekner eg med å vente til oktober for bok 2.

Mi briljante venninne går føre seg i Napoli på slutten av 1950-talet. Historia blir fortalt av Elena som i fyrste kapittel får vite at venninna gjennom mange år er sporlaust vekke. Sonen kan fortelje at ingenting er igjen etter mora. Elena går i tankane tilbake i tid, og bestemmer seg for å skrive ned historia om seg sjølv og Lila, og vender tilbake til eit Napoli i endring.

I første bok går venninnene frå 11 til 16 år, og på fem år skjer det ein heil del. Dei bur i ein bygård med familiane sine, og har mange venner og i starten er dei ikkje venninner. Det tar ei tid før dei blir fortrulege, og i perioder kan dei nesten ikkje vera frå kvarandre. Lila og Elena er veldig ulike, og ynskjer i utgangspunktet forskjellige oppgåver i livet. Likevel kan eg ikkje leggje frå meg at dei begge ynskjer det den andre får: Lila blir gift som sekstenåring, og Elena får gå på gymnaset. Sidan det er Elena som fortel får me høyre mykje om misunninga hennar overfor Lila, men kva med misunninga Lila har overfor Elenas skulegong? Korleis hadde romanen blitt om dei begge hadde gått på gymnaset? Dette er spørsmål som har hengt over meg gjennom store deler av boka, og som muligens blir besvart i dei neste bøkene.

Mi briljante venninne er ein meget god roman, og den gir eit innblikk i eit Italia i endring i dei neste årtiene. På same tid som den er meget god, finner eg den tidvis irriterande på grunn av måten Elena higer etter å vere som Lila, og korleis ho bekymrer seg for ting som Lila gjer eller ikkje gjer. I dei øyeblikka blir det eit ungdomsromanpreg over den, men eg satser på at den irritasjonen går litt vekk i bok 2. Som ihuga nynorskbruker fryder eg meg over at det er Samlaget som gir ut alle bøkene i kvartetten, og eg håper det vil gi eit løft for nynorsk. Anbefales!

XOXO

lørdag 28. mars 2015

Bok: "Finne ly"

Forfatter: Aina Basso (f. 1979)
Utgitt: 2014
Format: Innbundet, 252 sider
Forlaget: Samlaget

Gode nynorskbøker er ikkje så lett å finne i jungelen av bøker, og då er det godt at det fins forlag som Samlaget som kun gir ut nynorske bøker. Forfattaren, Aina Basso, debuterte i 2008 og har så langt gitt ut fire romanar. Finne ly er nominert til bokbloggerprisen 2014, og er samlesingsboka i mars.

Finne ly føregår på Finnskogen i 1849 og er ein historisk roman for vaksne. Hanna søkjer teneste hjå ein enkjemann med to søner. Familien har ikkje mykje til overs for dei som er av reisande slekt, og Hanna må derfor teie om kvar ho kjem frå. Den yngste sonen Johannes får tidleg eit godt auge til Hanna, medan odelsguten står ofte i vegen for alle tilnærmingar overfor Hanna. Det er ikkje lett for Hanna å utføre alle oppgåvene ho ikkje er vant til, men med eit smil og pågangsmot går det meste greit. Etterkvart kjem det reisande folket nærmare den vesle garden, og Hanna må ta stilling til kva ho ynskjer i livet, og kvar familien hennar er.

I mitt kronologiske hovud passer ikkje denne romanen inn for den er ikkje inndelt i kapitler, og den skifter forteljar ofte. Likevel liker eg Aina Bassos poetiske språk, hennar historiekunnskap og spenninga som kjem fram sakte, men sikkert. Anbefales, men les sakte!

XOXO

fredag 30. januar 2015

Bok: "Det skulle vere sol, vi skulle reise til Lódz"

Forfatter: Marit Kaldhol (f. 1955)
Utgitt: 2014
Format: Ebok frå ebokbib, 175 sider
Forlag: Samlaget

Marit Kaldhol har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prisbelønte bøker for barn, ungdom og vaksen. For meg er ho mest kjent for barneboka Farvel, Rune. Det er ein klassikar innan biletboksjangaren, og er den norske biletboka som har fått aller størst internasjonal merksemd. I år kjem Kaldhol med ein ungdomsroman, men for Det skulle vere sol, vi skulle reise til Lódz er ho nominert til bokbloggerprisen 2014.

Det skulle vere sol, vi skulle reise til Lódz handler om søstrene Jenny og Solrun. Dei har vokse opp saman med mamma og bestefar. Storesøster Solrun skulle alltid passe på Jenny, alle skulle vere glade, det skulle alltid vere sol, og mamma skulle alltid vere der. Alltid! Men så skjer det utenkelege: Mamma døyr, og livet til søstrene blir ikkje slik det skulle vere. Til slutt er det Jenny som må vere den sterke. Jenny på passe på Solrun som ikkje er til å stole på i nokon samanheng. Spørsmålet som til slutt ligger i lufta er: Kven skal passe på Jenny?

Kaldhol er ikkje kjent for koselege bøker. Eg har kun lest denne og nemnte biletbok, men dei som har lest meir av forfatterskapet kan sikkert skrive under på første setning. Kaldhol får fram dei såre kjenslene til Jenny som sakner storesystera si. Storesystera som ikkje takler livet utan narkotika, som låner penger i hytt og vær, og stjeler kleda til Jenny. Livet som pårørande er tydelegvis ikkje å anbefale. Romanen er ikkje lang, men inneheld nok tanker og kjensler til fleire sider. Det hadde ikkje vore meg imot å fått nokre sider til om systrene. Anbefales!

XOXO