Søk i denne bloggen

søndag 27. juni 2021

Bokanmeldelse: "Menneske og møll" av Kristin Tveiten

Kristin Tveiten (f. 1966) er debutant på Det Norske Samlaget i år. Ho vart historisk i vår då ho og dottera Marie Tveiten debuterte same dag på same forlag.

Menneske og møll vart eg merksom på hjå Ann Helen (på snapchat altså), og frå nå av skal eg ta imot alle boktips eg får frå den kanten. I alle fall om dei er på nynorsk.

Marianne får ein telefon frå sin aldrande far. Om ho kan tenke seg den rosemålte kista som står i fjøset. Ho takker ja, og for første gong på fleire tiår reiser ho over fjellet og treffer sin far. Ho blir overraska over kor dårleg han ser ut, men etter år med løgner og vonde hemmeligheter blir det med hentinga. Denne gongen. Det blir fleire besøk til faren framover, både for Marianne og søsknene Jørgen og Hilde. Faren blir stadig dårlegare, og stemora gjer lite og ingenting. Gjennom to år skildrer Marianne Tveiten ein familie på godt og vondt. Maktbalansen endres, familiekonstellasjonen knaker, og fleire lurer på kven som veit kva.

For ei bok! Undervegs i lesinga blir eg minna på Helga Flatland og Tore Renberg, men samstundes har romanen ei eiga stemme. Kristin Tveiten veit korleis ho skal skildre forholdet mellom far og dotter, og det er når ting er vonde Tveiten skriver best. I tillegg er boka skriven på nynorsk og då får den ein eigen klang på line med Flatlands deler av Bli hvis du kan-trilogien. Magisk! Romanen tar opp fleire viktige tema, men det blir aldri for mykje og Tveiten lar lesaren tenkje sjølv. Den har eit godt driv, og kan fint lesas på eit par timar. Har du først begynt blir du sitjande til du er ferdig (bare advarer deg). Og når du trur dei vonde tinga er over så kjem det nye som slår deg i bakken igjen. Heldigvis ender det godt for dei fleste. 

Eg håper denne kjem på lydbok slik at alle får den med seg, men den må lesas inn av nokon som kan lese nynorsk. Min stemme er ledig så det er bare å ta kontakt.

XOXO

3 kommentarer:

  1. Spennande! Denne var ukjent for meg. Gode bøker på beste målet må sjekkast ut!

    SvarSlett
  2. Denne boka er heilt fantastisk. Årets beste hittil.

    SvarSlett
  3. Kjempefin omtale Elida, jeg har lest ferdig boken i dag, og er virkelig imponert.

    SvarSlett