Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Åsa Larsson. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Åsa Larsson. Vis alle innlegg

onsdag 5. juni 2013

Bok: "Et offer til Molok" (Rebecka Martinsson #5)

Forfatter: Åsa Larsson
Originaltittel: Till offer åt Molok
Utgitt: 2012
Denne utgåva: 2013
Format: Lydbok, lest av Nina Woxholtt, 10t12min
Forlag: Lydbokforlaget

Min første innskytelse etter at boka er ferdighøyrt er at denne dama er ikkje riktig vel bevart. Åsa Larsson har ein fanatisk livleg fantasi, og med min til tider meget konservative hjerne blir det for mykje. Den liberale delen av meg derimot krangler med den konservative, og jubler over korleis Åsa Larsson er den einaste krimforfatteren som setter meg til de grader på pinebenken. Eg er av dei ytterst få som kan både høyre ei bok, og lese ei anna på same tid, men igår kveld satt eg bare og lytta. Ingenting anna! Idag satt eg med augene igjen, og bare venta på at slutten skulle koma fordi det er så ulideleg spanande. Den kom sjølvsagt, den velsigna slutten, og svaret på alle mine romantiske draumer kom og.

Et offer til Molok er Åsa Larssons femte kriminalroman om statsadvokaten Rebecka Martinsson. Eg har til tider vore lunken til romanane, men i denne setter Rebecka tydeleg skapet på plass, og eg digger det! Romanen fokuserer på to spesifikke hendingar; drapet på Solbritt i vår nåtid, og drapet på Elina rundt første verdskrig. Rebecka blir hevet på hodet ut av etterforskninga av Solbritts drap, men sta Rebecka forsker på Solbritts bakgrunn. Det viser seg at svært mange av hennar slektningar er blitt brutalt tatt av dage, og den einaste som er igjen er barnebarnet Marcus på sju år.

Forskinga til Rebecka leder ho mot ein tidlegare disponent i Kiruna, Hjalmar Lundbohm. Han er ein slektning av Solbritt, og med det høyrer eit aksjebrev verdt mykje penger. Det er skremmande å vera vitne til kor brutal eit menneske er villig til å vera for å få kloa i penger. Slutten er intens, men Rebecka er ikkje villig til å forlate dei ho er glad i. Det skal lille Marcus vera glad for.

Ulideleg spanande er sagt, men det må og seias at denne dama legger ikkje to fingre i mellom når ho skriver. Du får det rått og brutalt, og viss ikkje Nina Woxholtt rynker ørlite på nasen når ho les så er ho sterkare enn meg. Eg har eit ønske om ein dag å lese inn lydbøker, men Åsa Larsson blir hakket for mykje for meg. Nina Woxholtt har nå lest si andre Larsson-roman for meg, og ho gjer ein utmerka jobb. Ho veit akkurat korleis ho skal ha stemmeleiet, og det er som å sitta ved siden av ho. Anbefales på det varmeste!

XOXO

tirsdag 19. februar 2013

Bok: "Til din vrede går over" (Rebecka Martinsson #4)

Forfatter: Åsa Larsson
Utgitt: 2008
Min utgåve: 2009
Oversetter: Kari Bolstad
Format: Lydbok, lest av Nina Woxholtt, 9t13min9sek
Forlag: Lydbokforlaget

Det er nesten 2 år sidan eg høyrte mi første Åsa Larsson-bok, og etter 3 stk, Solstorm (2003), Spilt blod (2004) og Svart sti (2006), var eg framleis ikkje sikker på om Åsa Larsson var noko for meg. Likevel er det noko med Rebecka Martinsson, og eg vil gjerne vite om det går greit med ho. I fjerde bok, Til din vrede går over, har Rebecka flytta til sitt barndoms paradis og bur nå i huset til farmor. Rebecka jobber som statsadvokat, og har kontakt med politiet i Kiruna, og Anna-Maria Mella.

Åsa Larsson skriver godt, og denne boka begynner med tenåringane Wilma og Simon som dykker etter eit gammalt flyvrak. Det er fleire personer som ikkje vil at det skal skje, og tenåringane kjem ikkje opp av sjøen i live. Er det nokon i den fredelege svenske bygda som er villig til å drepe for å bevare hemmeligheter? Både Rebecka Martinsson og Anna-Maria Mella får kjenne at det er ikkje alt som angår politiet, og uansett kor mektig du er i jobben din kan du bli skremt.

Frå nå av skal det meste av krim bli høyrt som lydbok. Det praktiske med lydbok er at det går ikkje an å hoppe over skumle sider o.l. Åsa Larsson skriver meir blodig og skummelt enn mange norske krimforfattere, og ho passer best i små doser. Likevel er eg klar for neste bok i serien, Et offer til Molok, som kom ut på norsk tidlegare i år. Uansett kor mykje Rebecka irriterer meg så må eg finne ut om ho til slutt ender opp med han som fekk siste setninga i lydboka, og innrømte for seg sjølv at han elsker Rebecka Martinsson. Eg er ein evig romantiker!

Nina Woxholtt gjer som alltid ein glimrande jobb som oppleser, og eg anbefaler at dykk høyrer Åsa Larsson på lydbok. Det er ulidelig spennande frå begynnelse til slutt!

XOXO

søndag 4. desember 2011

Bok: "Svart sti" (Rebecka Martinsson #3)

Forfatter: Åsa Larsson
Originaltittel: Svart stig
Utgitt: 2006
Min utgåve: 2006
Oversetter: Kari Bolstad
Format: Lydbok, lest av Hedda Munthe, 11t10min37sek
Forlag: Lydbokforlaget
Frå: Mors bokhylle

Baksidetekst: Det er vinter i Lappland. På Torneträsk ligger arkene godt forankret i isen. Folk kryper sammen der inne i varmen fra propanapparatene. Men den isnende stormen tar tak i en av arkene og feier den av sted. Ute på isen prøver en halvnaken mann å berge livet. Han bryter seg inn i den mørklagte naboarken - og finner en myrdet kvinne i sengen. Hvem er hun? Dette er opptakten til Åsa Larssons tredje roman om juristen Rebecka Martinsson og politifolkene Sven-Erik Stålnacke og Anna-Maria Mella i Kiruna. De oppdager snart at saken har internasjonale forgreininger.

Ein kan si mykje om svensk krim; fleire syns den er betre enn den norske og danske, men Åsa Larsson er ingen favoritt hjå meg. Etter tre bøker har det gått langsomt nedover med entusiasmen. Nå har ikkje mor fleire i bokhylla foreløpig og det er like greit. Eg kjeme ikkje til å hamra på dørene til biblioteket heller. Boka har interessante karakterer, men eg kjeme ikkje skikkelig innpå til å forstå dei, og det heile går litt kjapt føre seg til at eg helde tritt med handlingen. Det er og for mange karakterer å halde styr på til tider. Martinsson sjølv opplever eg som litt sytete og meiningsløs person. Ho klarer aldri å bestemme seg, på ein måte. Det fins ei fjerde bok, og ei femte etter ryktene, men som med Anne Holt trenger eg ein pause frå blodig og irriterande krim. Gje meg Agatha Christie!

XOXO

fredag 13. mai 2011

Bok: "Spilt blod" (Rebecka Martinsson #2)

Forfatter: Åsa Larsson
Originaltittel: Det blod som spillts
Utgitt: 2004, 2005
Oversetter: Andreas E. Østby
Format: Lydbok, lest av Tone Mostraum, ca 10 timer
Forlag: Lydbokforlaget
Frå: Mors bokhylle

Baksidetekst: Det er sommernatt i nordsvenske Jukkasjärvi. Med et kubein i hånden venter morderen på sitt offer, presten Mildred Nilsson. Hun blir funnet i kirken hengende i en kjetting under orgelet. Mildred Nilsson var feminist og kontroversiell. Hun kom på kant med arbeidsgiveren, mennene i lokalsamfunnet og jaktlaget. Det er flere som har hatt grunn til å ønske livet av henne. Et par måneder seinere reiser stockholmsadvokaten Rebecka Martinsson, som er vokst opp i Kiruna, til Jukkasjärvi for å rydde opp i kirkens juridiske affærer. I Mildreds skap finner hun trusselbrev og papirer som viser at ikke alt er som det burde være når det gjelder kirkens finanser.

Andre bok om Rebecka Martinsson var litt kjedelig; det vart ikkje noko liv og røre før dei to siste cd-ane. Då vart det i tillegg veldig livlig. Bøkene er ein anelse for blodige for meg; litt mange som enten dreper eller blir drept, og Rebecka Martinsson drepte jo sjølv eit par i første bok! Likevel vil eg få med meg neste bok, men først er det Jo Nesbø som står på planen:-)

XOXO

mandag 14. mars 2011

Bok: "Solstorm" (Rebecka Martinsson #1)

Forfatter: Åsa Larsson
Originaltittel: Solstorm
Oversetter: Andreas E. Østby
Først utgitt: 2003 i Sverige
Denne utgåve: 2005
Format: Lydbok, lest av Andrine Sæther, ca 8 timers spilletid
Forlag: Lydbokforlaget
Frå: Mors bokhylle

Baksidetekst: Kiruna, en vinternatt i februar. I den nybygde Kraftkildens kirke blir forsamlingens åndelige leder, Viktor Strandgård, brutalt myrdet midt i altergangen. Neste morgen får stockholmsadvokaten Rebecka Martinsson, som er vokst opp i Kiruna og kjente Viktor, en uventet telefon. Det er søsteren hans, Sanna, som ber om hjelp. Sanna er overbevist om at politiet mistenker henne for drapet, og frykter at noen vil ta fra henne barna. Motvillig vender Rebecka tilbake til den snødekkede barndomsbyen. Hjemkomsten vekker til live sterke følelser, og snart jages hun både av sin egen fortid og av krefter som ønsker å bringe henne til taushet.

I mangel av noko å høyra på, tok eg for meg mors bokhylle, og fant 3 lydbøker av Åsa Larsson. Dette er ikkje bare krim, men skikkelig ekkel krim! Hadde det ikkje vore for at det var lydbok hadde eg sikkert heve frå meg boka i dei verste scenane på slutten, men med lydbok er det bare å la det fare forbi;-) Rebecka Martinson er definitivt ein person eg er meir interessert i, så ikkje sjå vekk frå at det kjem fleire Åsa Larsson-bøker! Boka er drivande, med eit rikt og spennande persongalleri og ein forfatter som veit å spinne tråder til nett.

XOXO