Forfatter: Michael CunninghamUtgitt: 1998
Min utgåve: 2003
Format: Heftet, 222 sider
Forlag: Cappelen
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Off the shelf
Anna: Lest i forbindelse med Lines lesesirkel.
Den amerikanske forfatteren Michael Cunningham er ny for meg, og Timene har stått i bokhylla i eit godt år. Eg trur den kjem til å flytte inn i bokhylla for godt for eg har fått sans for Virginia Woolf. Cunningham mottok i 1999 Pulitzer-pris for Timene. Sjølv om eg las ferdig romanen for 14 dager sidan, så klarer eg alltid å bomme på bloggedato. Var såvidt innom Lines bibliotek igår, og fekk nærmast sjokk då eg såg dato for Timene. Eg var sikker på at det var neste veke. Skulle jo ikkje tru at eg hadde kalender!
Timene handler om tre kvinner: Clarissa Vaughn, Laura Brown og Virginia Woolf. Clarissa blir kalt Mrs Dalloway av ein mannleg venn; ho bur i ein flott leilighet med sin kvinnelege samboer og dotter, og bruker dagen til å arrangere eit selskap for sin mannlege venn, Richard. Han har mottatt ein prestisjetung litteraturpris, men han er sjuk av AIDS, og det er usikkert kor lenge han vil halde ut selskapet. Clarissa ville gjerne hatt eit anna litterært namn, men Richard har alltid kalt ho for Mrs Dalloway, og ho tenker at den dagen han ikkje er meir kjem kallenamnet til å forsvinne. Laura Brown treffer me i 1949. Ho er gift, har ein sønn på ca 4 år, gravid med nestemann, og planlegger ektemannens bursdagsselskap. Aller helst vil ho liggje i senga heile dagen, og lese Woolfs roman Mrs Dalloway. Allereie i dei første kapitla ser ein tendenser til at Laura kjem ikkje til å forbli i ekteskapet. Den oppdikta Virginia Woolf har blitt flytta ut frå Londons storbyliv og ut på landet. Her strever ho med å skrive Mrs Dalloway, og det blir ikkje betre av at ektemannen og hushalderska vaktar kvar einaste bevegelse ho tar.
Tidlegare i år las me To the Lighthouse i lesesirkelen, og rett etterpå las eg Mrs Dalloway, ein roman eg likte godt. Eg veit ikkje om det er ein fordel å ha lest den først, men for nokon er det kanskje greit. For meg så spelte det ingen rolle. Timene er ein liten roman med mange lag, og eit par overraskelser along the way. Eg likte best historien om Laura Brown, og det var interessant at akkurat ho dukka opp på slutten. Om romanen er liten i sidetal, så sitter den igjen, og eg veit at den kjem til å bli lest om igjen ved ein seinare anledning. Anbefales!
XOXO
