Forfatter: Colm Tóibín (f. 1955)
Utgitt: 2017
Format: Lydbok, 8t46min1sek, lest av Juliet Stevenson, Charlie Anson og Pippa Nixon
Forlag: Penguin
Den irske forfatteren Colm Tóibín er godt kjent for sine mange romaner og novellesamlingar, blant anna Brooklyn og The Testament of Mary. Han har tidlegare jobba som journalist, og er æresdoktor ved fleire kjente universitet. House of Names er hans nyaste roman.
I House of Names får me ein gjenfortelling av det greske sagnet om Clytemnestra. Ho var ei berykta dronning i gresk mytologi, og med Tóibíns gjenfortelling blir historien og språket meir tilgjengelig for eit større publikum. Historien blir fortalt i fire deler med (i mitt tilfelle) 3 ulike opplesere, men det bidrar kun til spenning og eit driv i historien. Clytemnestras barn og lidelsesfeller er heller ikkje ukjente med mord og bestialske handlinger, og gjer alle sitt til at gresk mytologi blir aldri det same igjen for den moderne leser.
Eg har eit varierande forhold til Colm Tóibín. Mykje av det eg har lest er bra, men så har eg hatt nokre dårlege opplevingar. Gjenfortellingar er unekteleg spennande, og når Ann Helen (ekstern lenke) skriver ein meget god anmeldelse av romanen så må eg krype til korset og starte på boka. Det er ikkje naudsynt å ha lest det originale greske sagnet, eg trur det er bare nyttig å faktisk ikkje ha gjort det. House of Names er spennande, grotesk, sørgelig og meget god. Colm Tóibín har skrevet om mødre og familier i fleire av sine bøker, og vender derfor tilbake til noko han kan veldig godt. Anbefales!
XOXO
Som ei førebuing til Man Booker Prize i juli prøver eg å få med meg bøker på Goodreads Eligible-liste (ekstern lenke). House of Names er ei av dei mange bøkene som kan hamne på den gjeve lista.
Søk i denne bloggen
Viser innlegg med etiketten Colm Tóibín. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Colm Tóibín. Vis alle innlegg
mandag 3. juli 2017
mandag 20. juli 2015
Bok: "Nora Webster"
Forfatter: Colm Tóibín (f. 1955)
Utgitt: 2014
Min utgåve: 2015
Forlag: Penguin
Anna: Heftet, 311 sider
Den irske forfatteren Colm Tóibín har fleire romaner, novellesamlinger og sakprosa på samvittigheten, og blir ofte nemnt i forbindelse med bokpriser. Han har vore på Bookers liste fire gonger (shortlist 1999, 2004, 2013; longlist 2009) og med Bookers longlist rett rundt hjørnet kan Nora Webster hamne på longlist 2015.
Nora Webster føregår i Irland på slutten av 60-talet. Nora har nyleg blitt enkje, og sit igjen med fire barn då ektemannen døyr etter ei tid med sjukdom. Med hjelp frå familie og venner klarer Nora og barna å kome gjennom sorgen og kome styrka ut på den andre sida.
Det handlingsreferatet er kort, men det er til tider vanskeleg å finne orda når ein ikkje er sikker på om boka er verdt det. Nora Webster er min tredje Tóibín-roman, og sjølv om språket er nydeleg så er ikkje historien heilt i mi gate. Nora har fire barn som alle har sine snodigheter, ho har systre som på sitt vis irriterer vettet av Nora, og ho sjølv har sjelden hevda seg i livet og har fleire gonger lent seg på ektemannen. Forsida på min utgåve fortel at boka er ein kjærleikshistorie, men den finner ikkje eg. Romanen har vore på nomineringslista til både Costa 2014 og Folio 2015, og om den ender på Bookers longlist så skal eg smile fordi den allereie er lest, men eg kjem ikkje til å sippe om den ender utanfor longlist.
XOXO
Utgitt: 2014
Min utgåve: 2015
Forlag: Penguin
Anna: Heftet, 311 sider
Den irske forfatteren Colm Tóibín har fleire romaner, novellesamlinger og sakprosa på samvittigheten, og blir ofte nemnt i forbindelse med bokpriser. Han har vore på Bookers liste fire gonger (shortlist 1999, 2004, 2013; longlist 2009) og med Bookers longlist rett rundt hjørnet kan Nora Webster hamne på longlist 2015.
Nora Webster føregår i Irland på slutten av 60-talet. Nora har nyleg blitt enkje, og sit igjen med fire barn då ektemannen døyr etter ei tid med sjukdom. Med hjelp frå familie og venner klarer Nora og barna å kome gjennom sorgen og kome styrka ut på den andre sida.
Det handlingsreferatet er kort, men det er til tider vanskeleg å finne orda når ein ikkje er sikker på om boka er verdt det. Nora Webster er min tredje Tóibín-roman, og sjølv om språket er nydeleg så er ikkje historien heilt i mi gate. Nora har fire barn som alle har sine snodigheter, ho har systre som på sitt vis irriterer vettet av Nora, og ho sjølv har sjelden hevda seg i livet og har fleire gonger lent seg på ektemannen. Forsida på min utgåve fortel at boka er ein kjærleikshistorie, men den finner ikkje eg. Romanen har vore på nomineringslista til både Costa 2014 og Folio 2015, og om den ender på Bookers longlist så skal eg smile fordi den allereie er lest, men eg kjem ikkje til å sippe om den ender utanfor longlist.
XOXO
fredag 20. september 2013
Booker-shortlist: "The Testament of Mary"

Utgitt: 2012
Format: Ebok, 112 sider
Forlag: Viking Press
Mål/utfordringar: Ebookchallenge
Colm Toibin har vore i Booker-gamet i fleire år. Han har vore med i dommerpanelet til den internasjonale Booker-prisen 2007, shortlisted i 1999 for The Blackwater Lightship og i 2004 for The Master, og longlisted i 2009 for Brooklyn. Sistnemnte er den einaste eg har lest av Toibin tidlegare.
I The Testament of Mary skriver Colm Toibin om ei av dei største hendingane i historien: krossfestinga av Jesus Kristus. Toibin skriver frå Marias synspunkt, årevis etter sonens død. Ho er ikkje einig med tilhengjarane hans at han var sonen til Gud, og stiller spørsmål ved si eiga rolle i sonens krossfesting.
Då Bookers longlist vart annonsert i juli vart The Testament of Mary lest først på grunn av sidetalet. Den minner om tyske Thomas Manns Death in Venice som til tross for sin korthet på 70 sider (ulikt sidetal kan forekomme, min utgåve er frå Vintage Classics 1998) figurerer på 1001-lista. Høyrer Toibins bok eigentleg heime på denne shortlista? Som sagt er forsøket bra, men hadde den vore 50-100 sider lengre trur eg den hadde vore meir interessant.Colm Toibin har gjort eit godt forsøk med denne boka, men eg syns den er for kort, og kan vel i realiteten beskrives som ei novelle.
Janicke er meir fornøgd og skriver og om eit teaterstykke basert på boka.
Lena hjå Bokmerker anbefaler den, og meiner den ikkje forsvinner i jungelen av sjølvbiografier.
Linn lurte på korleis forfatteren ville introdusera fiksjon som ein del av religion.
Clementine syns det er ei tankevekkande bok.
XOXO
onsdag 15. februar 2012
Bok: "Brooklyn"
Forfatter: Colm TóibínOriginaltittel: Brooklyn
Utgitt: 2009
Mi utgåve: 2010
Oversetter: Bodil Engen
Format: Innbundet
Forlag: Tiden Norsk Forlag
Frå: Biblioteket
Baksidetekst: En liten by i Irland på 50-tallet. I likhet med mange i sin generasjon har unge Eilis Lacey vanskeligheter med å finne seg arbeid, og da sjansen byr seg for en jobb i USA, blir det klart at at hun ikke har noe annet valg enn å dra. Eilis forlater familien og setter kursen mot New York. Den overveldende hjemlengselen hun med en gang føler, begraves etter hvert under rytmen til et nytt liv i Brooklyn. Hun skaper seg et eget liv for første gang, uavhengig av familieforpliktelser. Tragiske nyheter kaller henne imidlertid tilbake til Irland, hvor hun blir stilt overfor et smertefullt valg mellom kjærlighet i hjemlandet og løfter hun har inngått på den andre siden av Atlanterhavet.
Colm Tóibíns sjette roman og hans tredje på norsk står i Mammutkatalogen dette året, og det var der eg kom over boka. Eg er generelt skeptisk til å kjøpe bøker før eg har lest dei (med få unntak!) og derfor vart boka lånt på biblioteket. Idag er eg glad for at boka ikkje er bestilt og på veg til meg.
I utgangspunktet likte eg boka. Den er drivande og lettlest, og har eit interessant tema. I 50-åra var immigrasjon frå Irland ganske vanleg, rett og slett fordi det fantes ikkje jobber i Irland. Dette sliter Eilis Lacey og med, og då muligheten for jobb i Brooklyn, New York kjem på trappene, har ho ikkje mykje valg. Ho ankommer byen og det heile virker rosenrødt. Hendelser kommer og går, Eilis trives i butikken, går på aftenskole, på dans og får seg kjæreste.
Ca eitt år etter ankomsten til Brooklyn døyr eit familiemedlem i Irland og Eilis føler seg tvungen til å reise tilbake til heimlandet. Her treffer ho familien og venner ho hadde før reisen til Brooklyn. Ho trekkes mellom å bli og dra, men ein samtale overbeviser ho om at Brooklyn er hennar nye heim.
Det som trekker ned er slutten og forskjellige karakterer i boka. Heime i Irland får eg inntrykk av at Eilis er ein reserve i forhold til søstera Rose, og etter dødsfallet trur mora tydeligvis at sjølvsagt skal ikkje Eilis dra tilbake til Brooklyn. Ho skal heller bli i Irland og råtne! I bunn og grunn likte eg ingen av karakterene utanom Eilis sjølv og kjæresten hennar. Alle dei andre ville bare ha noko av henne, utan eigentleg å gi noko tilbake.
Og dette hjerteskjærende valget ho må ta etter dødsfallet, som står mellom personlig frihet og følelsen av plikt? Eg syns valget sa seg sjølv etter behandlinga ho fekk på slutten. Eilis har det mykje betre i Brooklyn der ho er saman med det mennesket som elsker henne, uansett kva ho gjer.
Boka vart nominert til den prestisjetunge Man Booker Prize 2009. Eg har ikkje lest vinneren det året, men eg har inntrykk av at ein litt tynn slutt trekker ned, ikkje at boka er lettlest. Heilt grei tidtrøyte, men ingen roman med 'sterk emosjonell kraft' (som det står så fint på baksiden).
XOXO
Abonner på:
Innlegg (Atom)

