Søk i denne bloggen

mandag 3. juli 2017

Bok: "House of Names"

Forfatter: Colm Tóibín (f. 1955)
Utgitt: 2017
Format: Lydbok, 8t46min1sek, lest av Juliet Stevenson, Charlie Anson og Pippa Nixon
Forlag: Penguin

Den irske forfatteren Colm Tóibín er godt kjent for sine mange romaner og novellesamlingar, blant anna Brooklyn og The Testament of Mary. Han har tidlegare jobba som journalist, og er æresdoktor ved fleire kjente universitet. House of Names er hans nyaste roman.

I House of Names får me ein gjenfortelling av det greske sagnet om Clytemnestra. Ho var ei berykta dronning i gresk mytologi, og med Tóibíns gjenfortelling blir historien og språket meir tilgjengelig for eit større publikum. Historien blir fortalt i fire deler med (i mitt tilfelle) 3 ulike opplesere, men det bidrar kun til spenning og eit driv i historien. Clytemnestras barn og lidelsesfeller er heller ikkje ukjente med mord og bestialske handlinger, og gjer alle sitt til at gresk mytologi blir aldri det same igjen for den moderne leser.

Eg har eit varierande forhold til Colm Tóibín. Mykje av det eg har lest er bra, men så har eg hatt nokre dårlege opplevingar. Gjenfortellingar er unekteleg spennande, og når Ann Helen (ekstern lenke) skriver ein meget god anmeldelse av romanen så må eg krype til korset og starte på boka. Det er ikkje naudsynt å ha lest det originale greske sagnet, eg trur det er bare nyttig å faktisk ikkje ha gjort det. House of Names er spennande, grotesk, sørgelig og meget god. Colm Tóibín har skrevet om mødre og familier i fleire av sine bøker, og vender derfor tilbake til noko han kan veldig godt. Anbefales!

XOXO

Som ei førebuing til Man Booker Prize i juli prøver eg å få med meg bøker på Goodreads Eligible-liste (ekstern lenke). House of Names er ei av dei mange bøkene som kan hamne på den gjeve lista.

2 kommentarer:

  1. Nå ble jeg nysgjerrig på denne forfatteren, og House of Names høres ut som en bok for meg. Takk for tips :)

    SvarSlett