Søk i denne bloggen

søndag 20. september 2026

Kapittel 2026 | Springande oppdatering fredag og lørdag

Dette året har eg sikra meg! Festivalpass på earlybird-deal, feriedagar sikra og hotell rett neri gata. Det er noko eige med litteraturfestival i "eigen by" og eg skriver det i hermeteikn fordi eg bur ikkje i Stavanger (heretter kalt by'n), men den er min. Eg har tråla gate opp og gate ner sidan eg var lita, men kan svært få gatenamn. Fortel du meg kva du er ute etter, eller hvilken butikk kan eg enten vise deg eller "gå opp gata for deg med høgre og venstre".

Årets tema for festivalen er SEX så det kan bli kleint, morsomt og interessant!

Fredag 18. september

Stavanger-forfatter Tore Renberg har invitert mangeårig litteraturanmelder i Stavanger Aftenblad Steinar Sivertsen til sitt kontorbygg. Posten er kalt Hjemme hos Tore og på kulturkaféen No. 18 meiner Renberg at kulturlivet i Stavanger hadde vore annleis utan Sivertsen. Tore Renberg lurer i utgangspunktet på kva som har forma Sivertsen som lesar, men i altfor mange digresjonar blir samtalen heller eit reisebrev/oppramsing av hvilke personer Sivertsen kjenner. For meg som er interessert i bøkene og kva Sivertsen har gjort for kulturlivet blir det litt rart, men Renberg gjer så godt han kan. Det som slår meg er at Steinar Sivertsen er både ein belest og ein bereist mann. Renberg sier på eit tidspunkt at det er ikkje den forfattergrav i verda Sivertsen ikkje har besøkt. Sivertsen nemner høgtlesing gjort av si mor, og ei av dei første bøkene han husker er Robert Louis Stevensons Skatten på sjørøverøya. I den forbindelse nemner han fleire skotske forfattarar som Robert Burns og Sir Walter Scott. Eg skulle gjerne ha høyrt meir om kva Steinar Sivertsen har gjort for kulturlivet, for eg kan google Sivertsen og sjå at han har skrevet bokanmeldelser i fleire år og Renberg nemnte Kafé Sting som var ein kulturarena i Stavanger i nærmare 40 år.

Eg går i frå No. 18 og til Sølvberget for å sjå om eg rekker Thorvald Steens liv i lufta, stolen og skriften. Han skal samtale med doktorgradsstipendiat Anna Serafima Svendsen Kvam som nyleg har tatt doktorgrad og eg siterer frå Cappelen Damms nettside: I sin doktorgradsavhandling har hun undersøkt seks norske, selvbiografiske førstepersonsfortellinger (1950–2018) med utgangspunkt i funksjonshemning som historisk kategori og Kelly Olivers subjektivitetsteori. Her har ho som eg forstår blant anna lest bøker av Thorvald Steen. Det vart ein meget fin samtale om bøker, om dyr i forteljingane hans, om å vera avhengig av rullestolen og om kroniske sjukdommar. Thorvald Steen fortel blant anna at han har vore på Kapittel tidlegare som gåande og ståande, i dag takker han rullestolen for at han kan delta på Kapittel.

Eit par timar seinare går eg mot Stavanger domkyrkje for Kielland-foredraget. Det er eit foredrag som i år er 10 år og er eit samarbeid mellom Kapittel og Kielland-senteret. I år var det Thorvald Steen som hadde fått fire ord på e-post: Hvorfor er litteratur viktig? Det vart ein time med eit meget sterkt foredrag skrevet som eit brev til Alexander Kielland med utgangspunkt i artikler Kielland skreiv på slutten av 1880-talet. Kielland var kritisk til korleis ein behandler innbyggere med færrast ressurser som dei psykisk sjuke, og Steen er ikkje nådig då han, som Kielland, er ein stemme for dei svake og stemmelause. Thorvald Steen beskriver eit samfunn me har i dag som bygger ned sjukehus, som bygger ned hjelpen dei psykisk sjuke trenger og viktigheten av at behandling trenger lengre tid enn det den faktisk får i dag. I 1855 stod Gaustad sjukehus ferdig, det var eit av dei mest moderne sjukehusa i Europa i ei tid då Noreg var relativt fattig, og Steen trekker inn blant andre forfattaren Amalie Skram. Ho har vore innlagt på Gaustad i 1877-78 under namnet Amalie Müller, og romanane Professor Hieronimus og På St. Jørgen bygger på erfaringane frå Gaustad. Thorvald Steen har sjølv jobba på Gaustad sjukehus i mange år, og redigerte i 2005 jubileumsboka til Gaustad sjukehus. Eg håper at foredraget blir tilgjengelig enten i papir eller lyd slik at eg kan lese eller høyre det om igjen for dette var som sagt meget sterkt. Forfattaren Thorvald Steen rykker stadig framover i lesekøen!

Lørdag 19. september

Dagen rant opp med øs pøs regnvér som det passer seg i Sigbjørn Obstfelders fødeby, men innan eit par timer kom sola fram. På grunn av sjukdom blant festival-deltakere vart første post i dag Klassikerlørdag med Birger Emanuelsen og Janne Stigen Drangsholt der dei skulle snakka om Odysseen. Det vart 50 min med ei stadig veksande leseliste, ny inspirasjon til å faktisk lese ferdig Odysseen og mykje nikking til kva Odysseen faktisk kan vera om du er redd for å lese det som eit mektig epos. Eg må heim til min Peder Østbye-omsetjing, men Emily Wilson, Madeleine Miller og Pat Barker vart nemnt, og kvifor har eg ikkje lest Birger Emanuelsen. Eg trenger meir ferie for å faktisk få lest noko av alt dette!

Liten matpause før eit tre timer utsatt samtalen mellom Ketil Slagstad og Dag Johan Haugerud. Det ligger i blodet - Epidemien som forandret Norge har eg nyleg starta på i forbindelse med Sakprosaseptember, og nå ser eg fram til å lese vidare med denne samtalen i bakhodet. Samtalen er kalt Då aids kom til Norge og Dag Johan Haugerud er ærleg på at han har sett fram til denne samtalen fordi han har eit personleg forhold til Slagstads bok og husker då aids kom til Noreg. Han sier vidare at om du ikkje leser boka kun på grunn av temaet aids så er det og eit godt stykke samfunnshistorie med eit godt språk. Ketil Slagstad takker for det og han forklarer kvifor han skreiv boka. Det blir ein meget fin samtale om epidemier som kunne behandles, om stigmatisering, om kven som hadde skyld og skam og kven som fortener heder og ære for å løfte fram opplysning og lærdom om kva hiv og aids faktisk er. Boka til Slagstad ligger klar i Biblio-appen!

Linn Ullmann er ein forfattar eg veit om, men har lest svært få bøker av. Ho har vore på jakt etter ting ho har mista, og spesielt etter Stavanger-kunstner Frida Hansens 7,5 langt jomfruteppe. Foredraget om dei fem kloke og dei fem dårlige jomfruene vart til ti små foredrag om å miste, lete, bøker, og litt anna. Ullmann har vore i Italia fleire gonger for å leite, for korleis kan eit vevd teppe av den størrelsen bare forsvinne? Det blir spennande om det faktisk blir ei bok utav dette, eller om det blir bare ein morsom historie å ta med seg i livet.

Søndag 20. september

Hodet er litt slitent og metta, leselista har vokst betraktelig, minnene er med heim, og kofferten skal pakkes! Tusen takk til Kapittel-festivalen og Sølvberget for godt gjennomført festival, og eg gler meg til neste gong.

XOXO

fredag 18. september 2026

Kapittel 2026 | Springande oppdatering onsdag og torsdag

Dette året har eg sikra meg! Festivalpass på earlybird-deal, feriedagar sikra og hotell rett neri gata. Det er noko eige med litteraturfestival i "eigen by" og eg skriver det i hermeteikn fordi eg bur ikkje i Stavanger (heretter kalt by'n), men den er min. Eg har tråla gate opp og gate ner sidan eg var lita, men kan svært få gatenamn. Fortel du meg kva du er ute etter, eller hvilken butikk kan eg enten vise deg eller "gå opp gata for deg med høgre og venstre".

Årets tema for festivalen er SEX så det kan bli kleint, morsomt og interessant!

Torsdag 16. september

Eg har skrevet eit eige blogginnlegg om Siri Hustvedt-filmen for den prioriterte eg torsdag ettermiddag og angrer ikkje på det. Torsdag kveld var det tid for ein av mine favoritt-podcaster sitt live-show, Aftenbla-bla med Leif Tore Lindø, Jan Zahl og Janne Stigen Drangsholt i fast panel. Harald Birkevold var ikkje til stades, litt synd for eg lurer på om han er enten ein Zahl eller ein Lindø. I programmet står det: Aftenbla-bla: Sagaen om Isfolket og andre sex-sjokk fra ungdomstiden. Eg trur ikkje nokon i panelet skjuler sine kjensler for temaet så Leif Tore Lindø er klart ukomfortabel frå første sekund, Jan Zahl ser meget komfortabel ut, medan Janne Stigen Drangsholt er som alltid sliten. Ho har 4978 baller i lufta og har fleire poster på festivalen så for all del. Litt sliten ein torsdagskveld er lov. 

Latteren sitter laust i ein times tid (for disse folka held seg sjelden til 45 min), det blir fortalt korleis ein først vart kjent med temaet som tenåringer innan litteratur, Drangsholt nemner Romantikk og Zahl nemner Morgan Kane. Og her kjem me til det mest underhaldande på posten. Jan Zahl leser to passasjer frå Morgan Kane med innøvd Jo Nesbø-stemme og eg tuller ikkje når ein kunne høyrt ei knappenål falle. Eg siterer frå eiga notatblokk: Det hadde ikkje vore halvparten så smikkløye kun med lyd for Lindø er så ukomfortabel.

Eg har ofte lurt på om denne podcasten er for intern, at den kun passer for min del av landet, for tre ansatte frå Stavanger Aftenblad og ein litteraturprofessor på UiS er lokalt for min del. Samstundes tenker eg at det er heilt greit at her nere på sørvestlandet har me noko som er vårt. Det fins nok av podcaster som sier dei fokuserer på landet vårt, medan det i realiteten handler om Oslo.

Torsdag 17. september

Dagen renner opp med sidelengs regn, men kva gjer det når festivalen føregår inne. Min første post på programmet er Ytringsfrihetsbyen Stavanger: Banned Books. Maia Kobabe og Trine Skei Grande. Her blir det på godt jærsk STINN BRAKKE. Eg trur det var minst tre skoleklasser med tenåringer inne i rommet i tillegg til andre interesserte. Maia Kobabe er forfatteren bak den grafiske romanen Gender Queer og har vore den mest utfordra boka i USA tre år på rad. Romanen handler om skeiv ungdom og er Kobabes personlege historie. Kobabe fortel blant anna at i USA er intimitet på film/serie og i TV-spel høgare aldersmerka enn vold (Digresjon: Siri Hustvedt snakka i ein bisetning om sin roman, Memories of the Future, kor omslaget i USA er annleis enn i andre land fordi Hustvedt i utgangspunktet ville ha ei kvinne med synlege kjønnshår på omslaget, men det vart ikkje godtatt). Kobabe snakker om når blir ei bok for privat og tenker ein på at eigne foreldre/familiemedlemmer skal lese boka. Då fortalte Kobabe om bestemora si som hadde lest boka og kunne då fortelje barnebarnet sitt at då ho fekk mensen første gong var det ingen som hadde fortalt ho kva det var eller kva det gjekk ut på.

Maia Kobabe visste tidleg at boka kunne bli eit problem i USA. Dei første åra gjekk det veldig bra, ingen var imot boka, men ho fekk råd om å bli venn med nokon free speach-lawyers. I 2021 snudde det, då det vart politisk å forby bøker. Fleire og fleire skuledistrikt ønska ikkje at boka skulle vera tilgjengelig for skulebarna, og Kobabe kunne hatt det som heiltidsjobb å svare journalister i telefonen. Det interessante med denne forby bøker-debatten er at det er ikkje barna som forbyr bøker, det er vaksne. Vaksne som skal beskytte barna. Beskytte dei mot kva? Mot lærdom, mot personer som ikkje er som dei, mot personer som kanskje er som dei, men i det skjulte? Gender Queer er og den einaste boka som har vore i forbudsdebatter i Noreg, medan Anna Fiskes Hvordan lager man en baby? har blitt forbudt i andre land. Det har roa seg for Maia Kobabe, det er andre forfattarar som har tatt over førsteplassen, og dei har danna ein eigen organisasjon for utfordra forfattarar. Noko av det mest skremmande er kor mykje makt personer har. I USA har bibliotek stått i fare for å bli stengt fordi dei står imot oppfordringa om å ta vekk bøker frå hyllene. Dette er Maia Kobabes første tur til Europa, og ho hadde kanskje ikkje blitt invitert til Noreg om det ikkje hadde vore for utfordringane. Trine Skei Grandes siste ord: Read banned books!

Frå banned books til noko heilt anna: Kitty Kielland i sedelighetsdebattene med foredragsholder Inger M. Lund Gudmundson. Kitty Kielland var fødd i Stavanger, er søstra til borgermester og forfatter Alexander Kielland, og var ein del av borgerskapet i Stavanger. På 1880-talet budde Kitty Kielland store deler av tida i Paris og var god venn med blant andre Harriet Backer, Arne og Hulda Garborg, Jonas og Thomasine Lie, og kjente August Strindberg og Bjørnstjerne Bjørnson. Lange opphald i Paris var derimot ingen hindring for å delta i sedelighetsdebattene og var blant anna med å stifte Norsk Kvinnesaksforening i 1884. I Kristiania var det 8 offentlige bordeller og 16 private og prostitusjon var ein del av kvardagen. I dag kan ein himle med augo over dette, men det var eit faktum i 1880-årene at det var kun kvinner som vart sett ned på om dei hadde sex før ekteskapet, og kvinner hadde fleire juridiske rettar før ekteskapet enn etter. Det var og eit faktum at kvinner hadde ikkje seksualdrift, og viss dei hadde vart dei sett på som dyriske. Gudmundson nemner her den svensk-tyske
malerinnen Jeanna Bauck som i mange år levde i lag med den danske malerinnen Bertha Wegmann. To kvinner som budde i lag vart sett på som heilt greit fordi som nemnet kvinner hadde ikkje seksualdrift. Og igjen så himler ein med augo i 2026. Som ei i dag veit var det store debatter i Noreg. Hans Jæger vart dømt til 60 dager fengsel for romanen Kristiania-bohemen, og Christian Kroghs roman Albertine vart beslaglagt - ikkje for prostitusjonsbeskrivelsene, men for beskyldningene om politivold. Kitty Kielland var i utgangspunktet tilhenger av Albertine, men endra så meining til kor rein er Albertine? Ho stiller spørsmål ved kor reine skal kvinner vera i ekteskapet og kvifor snakker ingen om kva kvinner trenger? 45 min seinare og historietimen er over. Eg tenker at dette kan eg lesa meir om for det var interessant, men litt tørt for meg som knapt har lest om det tidlegare. Undrer meg og om det var eit poeng med foredraget som eg ikkje fant eller om eg gjekk glipp av noko viktig. Uansett, historisk interessant å høyre om korleis det var og korleis det ikkje trenger å bli igjen.

Vidare til neste post på programmet: Å skrive om de dødes liv. Hilde Hagerup og Tore Renberg i samtale med Sølvbergets Åsmund Ådnøy. Igjen stinn brakke for dette er vår eigen Tore Renberg. Eg har lest romanen Lungeflyteprøven og høyrt Renberg snakke om romanen fleire gonger, men det er fascinerande kor ulik samtalen om ein roman blir med ulike personer på scenen. Ådnøy starter med eit sitat frå Haisommer om at før dei vart spist så skulle dei hatt større båt, og i denne posten skulle hatt større båt evt rom. Tore Renberg har som nemnt skrevet om Anna Voigt i Lungeflyteprøven, medan Hilde Hagerup har skrevet om Gunvor Hofmo og Ruth Maier i Du eneste. Ådnøy siterer Oscar Wilde: "There is only one thing in the world worse than being talked about, and that is not being talked about." Hilde Hagerup ønska med sin roman at Ruth Maier ikkje skulle reduseras til Gunvor Hofmos jødiske kjærast, ho hadde eit eige liv og hadde ærefrykt for emnet. Begge er enige om at dei hadde ein etisk forpliktelse til emnene sine og at ein er ikkje like etisk i sin framstilling om ein skriver om personer som sjølv har valgt offentligheten. Det vart ein meget interessant post om å skrive med respekt, om korleis kvinner har blitt redusert til mannens herredømme i tidlegare tider, om at 1600-talet er forbaska utfordrande å skrive om fordi det er ofte ei avskåret tid og om det blir nok rom til fantasi-produsentane Hagerup og Renberg når ein sitjer med faktiske kjelder frå nokons liv? Tore Renberg er meget kritisk til dagens AI-samfunn og eg siterer: Disse menneskene i Lungeflyteprøven lever i en deilig analog verden. Blir det meir skriving om ekte mennesker, spør Ådnøy? Hagerup har ikkje gjort det før, men kan tenke seg å gjera det igjen. Renberg sitter med stoff som han er åleine om, og sier sjølv at det blir minst to romaner til om barokk-Tyskland. Han har nyleg kome ut med samtidsromanen Et livsforsøk og sukker litt når han sier det er blitt trivielt å skrive samtidsromaner. Ådnøy parerer med at Renberg har vel rekningar å betale slik som alle andre. Igjen, interessant post og ein går ut med litt meir i hodet enn då ein gjekk inn.

Neste post er ein eg har sett på med kritisk blikk og er om mogleg enda meir kritisk når eg går ut, for her kjem romance-forfatter Anne Louise Morseth med foredraget Frå Jane Austen til Heated Rivalry - hva er romance-litteratur, egentlig? Eg er ivrig lesar av Jane Austen og generelt gamle bøker. At nokon skal tulle med Jane Austen er faktisk ikkje greit, men eg vart oppfordra av min partner in crime, Marianne, om å møte på denne posten. Det første Morseth gjer er å lansere Jane Austen som verdas første rom-com-forfattar. Eg klikker innvendig. Ho nemner tre ting som er vanlege i romantiske komedier, og i forbifarten blir samfunnskritikk og vidd nemnt. Så har ho satt opp ei tidslinje som er morsom, men igjen dei klassiske romanane Pamela av Samuel Richardson og Stolthet og fordom av Jane Austen blir sett på som starten på den romantiske tidslinje. (Det må nemnes at eg har ikkje lest Richardsons nemnte roman.) Tidslinja ender med den store HBO-suksessen Heated Rivalry som er kun kjent for meg av omtale. Så kjem ein tirade om kritikk av romance/romantasy, at kritikk ikkje er ei ny greie (Wall Street Journal samanlikna romance med ein Big Mac i 1980), kva som er obligatoriske scener i ein romance (nei, eg kjem ikkje til å leite etter disse scenene når eg ser film eller leser romaner) og eg lurer heilt oppriktig på nå om Morseth faktisk har lest disse klassiske romanane. Så kjem det som irriterer meg grenselaust: Eit bilete av ei hand frå ein kjent film kjem på skjermen. Dei fleste i salen veit at det er Matthew Macfadyens hand frå 2005-versjonen av Stolthet og fordom. I klassiske romanar er det lite snakk om sex (eller spice som er eit begrep i dagens romance), men berøring med hender er klassisk. Så kjem sitatet: You have bewitched me body and soul and I love I love I love you. Det er ein klassisk scene frå nemnte film, sagt av Matthew Macfadyen, men Anne Louise Morseth namngir Colin Firth. Ikkje gi eit filmsitat til ein anna skodespelar, og i alle fall si hvilken film det kjem frå, for dette sitatet er ikkje i romanen frå 1811 og er totalt forskjellig frå Colin Firths sitat i 1995-versjonen. Eg høyres muligens ut som ei sur kjerring, men slikt irriterer meg! Eg vart ikkje mindre kritisk til Morseth og hennar foredrag og har oppfordra mine bokhandel-venner (dokk veit kven dokk er) om å "miste" Morseths bøker i vaskebøtta. Heldigvis fins det nok bøker i denne verda til at alle kan velge sine favoritter, og eg trenger ikkje lese Morsets andre bok (for eg brukte faktisk min dyrebare tid på den første boka).

Tomas og Jannes umulige lesesirkel har lest Demringen av Collette og er klar for å høyre kva Sølvberget-ansatt Tomas og UiS-professor Janne har så si om de franske romanen. Forordet i romanen sier at Collette skapte virkelighetslitteratur og at mykje i romanen stemmer med Collettes eige liv. Janne og Tomas gjer alltid denne lesesirkelen til noko interessant sjølv om ein ikkje syns noko særleg om romanen, og ein kjem alltid ut litt klokare. Kor elles ville eg ha høyrt frå Janne Stigen Drangsholt at Simone de Beauvoir aldri vart anerkjent som filosof i Frankrike, men som intellektuell. Og at Det annet kjønn har større anslag i Noreg enn i Frankrike. Då Collette døydde vart ho sett på som ein av dei største franske forfatterne, men eg har har aldri høyrt om ho før denne lesesirkelen. Er romanen modernistisk? På ein måte ja, meiner Janne fordi den handler om ei kvinne i 50-åra som er ferdig med sex, men i modernistisk kontekt så sliter den. Med andre ord, litt klokare på veg ut, og fleire bøker som må lesas. Nemnte de Beauvoir, men Deborah Levy har eit kapittel om Collette i si essay-samling The Position of Spoons og Selby Wynn Schwartz' After Sappho (norsk omsetjing 2026) handler om ulike historiske kvinner.

XOXO

onsdag 16. september 2026

Dokumentar: "Dance Around the Self - Siri Hustvedt"

Siri Hustvedt describes the concept of the "dance around the self" as the intellectual humor, pleasure, and freedom found when viewing a problem through multiple academic disciplines. (Eg spurte Google AI kva Siri Hustvedt sier om setninga "Dance Around the Self")

Eg har sett ein film på kino. Ein dokumentar om Siri Hustvedt. Og eg har så lyst til å gi ho ein klem og si at alt kjem til å gå bra. For i løpet av filmen så døyr Paul Auster. Hennar Lebensmench. Eg vart oppfordra på Instagram til å gi ein rapport om filmen fordi personen som spurte var sjalu på meg som skulle sjå denne filmen. Og det kan eg forstå fordi eg har vore sjalu på alle som har sett den før meg, og har sjekka lokale kinoer omtrent dagleg om det var ei visning som passa meg. Og akkurat i dag så passa det for eg er i by'n og deltar på Kapittel. Men når ein mulighet til å lukke seg inn i ein mørk kinosal kl 1430 byr seg så hopper ein over alt som heiter Kapittel og ser film heller.

Siri Hustvedt er ein norskætta amerikansk forfatter. Eg har lest Siri Hustvedt sidan essay-samlinga Livet tanken, blikket (norsk omsetjing 2014) og husker eg satt ved spisebordet til mine foreldre og las denne essay-samlinga. Det var mitt første møte med det digitale bibliotek og mitt første møte med Hustvedt og eg falt. Eg falt for skrivestil, eg falt for temaene, eg bare falt. At ho i tillegg var amerikansk med eit norsk-klingande etternamn var eksotisk i seg sjølv. Seinare las eg dei fleste romanane, eg har sittet på fotballkamp og lest romanen hennar (trur det var Når du ser meg, norsk omsetjing 2012) fordi den var så god og fotballkampen var litt keisam. Det er ikkje alltid eg forstår alt for Siri Hustvedt er eit meget intellektuelt menneske, men noko skal ein vel lære om. Og nokon skal ein lære av.

I dag medan eg satt i kinosalen og såg film skulle eg ønske eg kunne pause filmen, spole tilbake og sjå den om igjen. Og sjå enkelte passasjer om igjen. Og at eg hadde bøkene lett tilgjengelige. Men dei er jo ikkje i kinosalen. Eller på hotellrommet i by'n. Dei er jo heime i bokhylla. Og eg får lyst til å kaste alle leseplaner på båten og lese Siri Hustvedt. Kaste sakprosaseptember og victober overbord og lese Hustvedts romaner om igjen, og alle essay-samlingene for første gong. For fleire av dei har eg kun kjøpt, og ikkje lest.

Men kva handler dokumentaren om kan du spør? Den handler om Siri Hustvedt, hennar oppvekst, hennar skriving, hennar liv med forfattaren Paul Auster. Dokumentaren går føre seg i New York, i Brooklyn der dei bur, i Litchfield, Minnesota der ho og søstrene vaks opp. Me får bli med Siri til Spania for å bli æresdoktor ved eit universitet og til Vardø for å sjå eit museum. Søstrene er med i filmen. Fire søstre som vaks opp med ein akademiker-far som ifølge Siri Hustvedt likte betre jentene då dei var små og høyrte på han enn då dei vart eldre og hadde eigne meiningar (fritt sitat etter min hukommelse).

Eg las nyleg Siri Hustvedts Gjenferd (norsk omsetjing 2026). Ei bok ho begynte å skrive etter Paul Austers død. Og eg kjente igjen mykje frå den boka. Men det å sjå Paul Auster på lerretet, høyre han snakke om at akkurat nå er han litt betre. Legane på sjukehuset kan så mykje. Sitte der og vite at nei, du lever ikkje så fælt mykje lenger. Barnebarnet ditt vart fødd, fem månader seinare døde du. Med alle dine omkring deg. Det er så godt å ikkje vite alt, og spesielt den delen om når ein skal dø.

Eg håper eg får sjansen til å sjå dokumentaren om igjen. På strømming for eksempel. Saman med bøkene til Siri Hustvedt. Eg trur at gjenlesing av bøker er smart. For ved gjenlesing kan ein ha blitt nokon år eldre, med eit breiare tankesett, meir erfaring. Eit eller anna som sier at nå passer den boka betre for deg enn den gjorde då du las den første gong. Eller at ein rett og slett tar seg meir tid med bøkene enn ein gjorde då. Eg leser ikkje færre bøker i dag enn eg gjorde for ti år sidan, men eg leser meir bevisst. Velger meir bevisst ut det eg vil fokusere på.

Dottera til Paul Auster og Siri Hustvedt er sanger og låtskriver. Mot slutten av dokumentaren får me bli med på minnestunda til Paul Auster, og ho synger ein eigenskriven låt til faren. Det rakner nesten for meg, og tårene sitter laust. Det er så sterkt å sjå Sophie Auster synge ein sang ho skreiv i all hast for faren sin.

Viss du får sjansen til å sjå filmen, grip den! Også håper eg at eg får sjansen til å sjå den igjen ein dag. For det er lenge sidan eg har blitt så berørt av ein dokumentarfilm om ein forfattar. Og viss du har lest så langt så hyller eg deg. For dette var litt ein usamanhengande tekst om alt. Og ingenting. Og alt på ein gong.

XOXO

søndag 30. august 2026

Månadslesing #135 | August i bøker

August var: Ei veka i Kongens by er både akkurat passe, og aldri nok! Eg trur at eg i eit tidlegare liv var københavner for det er ingen stad som gler meg så mykje som denne. Det har gått i kaffi, turistattraksjoner, bokhandlere, kongelege slott og uendelege mange skritt til dagen. På eit tidspunkt i løpet av ferien knakk eg det eg kaller kollektivtrafikkoden, og begrensa antall skritt dei siste dagane. Få dagar etter ferien i Kongens by tok eg toget til Kristiansand for å oppleve Ibsen på teateret. Kilden teater- og konserthus var arenaen, og det var eit flott teaterstykke med blant anna Kåre Conradi, Line Verndal og Bjørn Skagestad i sentrale roller. Dagen etter tok eg toget nordover igjen, medan Line Verndal tok toget austover (eg såg ho på togstasjonen på motsatt side).

Dei siste dagane i august har eg sett på NRK1 i timevis, for dette landet har fått ny konge. Eg er stolt monarkist og rojalist, og var blant anna i Stavanger på laurdag og la ner blomster ved domkyrkja og signerte kondolanseprotokollen. Eg har tru på kong Haakon VIII, og ser fram til å følge han i hans gjerning. Kongen er død, leve kongen!

I august har eg lest: Det er få stader eg leser betre enn på kafé, og dei første dagane i august vart brukt godt på kafé i København. Eg har lest litt på måfå denne månaden syns eg, men fleire meget gode bøker. Arundhati Roy las eg på veg heim frå Kristiansand i ei samlesing i lag med bookstagrammer Inga, og eg har og fått fire av haustens bøker på Biblio.

* Tove Ditlevsen: Den onde lykke og andre noveller (papir frå hylla) OTS
* John Galsworthy: Skilsmisse (The Forsyte Saga #2) (papir frå hylla)
* Niels Fredrik Dahl: Mor om natten (digitalt frå Biblio)
* Niels Fredrik Dahl: Fars rygg (digitalt frå Biblio)
* John Galsworthy: Til leie (The Forsyte Saga #3) (papir frå hylla)
* Henrik Ibsen: Vildanden (papir frå hylla)
* Abdulrazak Gurnah: Tyveri (lydbok frå Nextory) Nobel
* Arundhati Roy: Min havn og min storm (papir frå hylla) OTS
* Linn Ullmann: Før du sovner (lydbok frå Nextory)
* John Galsworthy: Den hvite ape (The Forsyte Saga #4) (papir frå hylla) OTS
* Linn Strømsborg: Det er ingen som passer på oss (digitalt frå Biblio)
* Alexander Kielland Krag: Flink gutt (digitalt frå Biblio)
* Virgil: O Cruel Alexis (PLBC #76) (papir frå hylla) OTS
* H.G. Wells: A Slip Under the Microscope (PLBC #77) (papir frå hylla) OTS
* Herodotus: The Madness of Cambyses (PLBC #78) (papir frå hylla) OTS
* Ingrid Z. Aanestad: Eit verkeleg liv (digitalt frå Biblio)
* Tore Renberg: Et livsforsøk (digitalt frå Biblio)

I august fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* Rebecca Perry: May We Feed the King (digitalt frå Libby) BP
* Homer: Odysseen (papir frå hylla) OTS
* Marcel Proust: I skyggen av piker i blomst (På sporet av den tapte tid #2) (lyd frå Nextory)
* Charles Dickens: The Letters of Charles Dickens - volume 1 1833-1856 (digitalt frå Amazon)
* Tara Richardson: Jane Austen for Every Day of the Year (papir frå hylla) OTS

I august har eg kjøpt: Nytt og brukt, og garantert fleire nye favoritter. Eg gler meg spesielt til Nielsens og Paaskes Danske dronninger som vel var den einaste eg hadde ein plan om å kjøpe i København.

* Marianne Abrahamsen: Christian 9. og hans familie - bag om Fredensborgbilledet
* H.C. Andersen med fleire: Tak for dine søde breve - Nordiske kærlighedsbreve
* Jane Austen: Poems and Favourite Poems
* Ros Ballaster (red.): Jane Austen's Fashion Bible
* Georg Brandes: Emigrantlitteraturen (brukt)
* Gerd Brantenberg: Egalias døtre (brukt)
* Claire O'Callaghan: Emily Brontë Reappraised
* Elizabeth Gaskell: Lois the Witch
* Tove Jansson: Rent spill
* Cecilie Nielsen og Emma Paaske: Danske dronninger
* Jon Bloch Skipper: Tre søstre - Samtaler mellem dronning Margrethe, prinsesse Benedikte og dronning Anne-Marie (brukt)
* E.E.P. Tisdall: Alexandra - prinsesse af Danmark - dronning af England (brukt)

I september skal eg: Kapittel-festivalen i Stavanger nærmer seg med stormskritt, og det er bare å kome til by'n. Eg skal vera der frå onsdag-søndag og eg biter ikkje om du sier hei.

XOXO

søndag 16. august 2026

3 x Penguin Little Black Classics | Virgil, Wells og Herodotus


#76 O Cruel Alexis er utdrag frå den romerske poeten Virgils kjente verk The Eclogues og The Georgics. Eg er sikker på at på eit tidspunkt i historia så var dette meget bra, men eg finner ingen glede i å lese disse versa.

#77 A Slip under the Microscope er H.G. Wells nemnte tittel pluss The Door in the Wall. Wells er kjent som ein pioner innan science fiction-sjangeren med titler som The Invisible Man, The Time Machine og The War of the Worlds. Titlene i boka er gode, og kan vera ein meget god inngang til lengre romaner av Wells.

#78 The Madness of Cambyses er historien om den store og gale Cambyses, kongen av Persia. Herodotus var ein gresk historiker/myte-maker frå det som i dag er ein del av Tyrkia. Historien er grei nok, men interessa mi for dette er ikkje stor.

  

XOXO

| Forfattarar: Virgil, H.G. Wells og Herodotus | Utgitt: 41, 1896, 1906, 401 | Format: Hefta, ca 50 sider | Forlag: Penguin Classics |

tirsdag 4. august 2026

Månadslesing #134 | Juli i bøker

Juli var: Gode varme dagar på jobb med lassevis av solkrem, sand, vassleik og oppdagingar. Dei siste dagane i juli har eg vore på ferie i Kongens by, og eg storkoste meg.

I juli har eg lest: Eg har som eg har gjort fleire år tidlegare deltatt i leseutfordringa Jane Austen July. Elles har eg lest litt forskjellig, og har starta på Forsyte-sagaen igjen i lag med andre bookstagrammere.

* Jane Austen: Mansfield Park (papir frå hylla)
* Jane Austen: Selected Letters (papir frå hylla) OTS
* Gwen Giret, Claire Saim og Sophie Koechlin (ill.): Jane Austen - Visual Encyclopedia (papir frå hylla) OTS
* Robert Tuesley Anderson: Til bords med Jane Austen (papir frå hylla) OTS
* Anne Sverdrup-Thygeson: Eremittsommer (e-bok frå Biblio)
* Thomas Hardy: Jude the Obscure (lyd frå Nextory) 1001
* Claudia Gray: The Murder of Mr. Wickham (Mr. Darcy & Miss Tilney #1) (papir frå biblioteket)
* Pierre Choderlos de Laclos: Les Liaisons dangereuses (papir frå hylla) 1001
* John Steinbeck: Øst for Eden (papir frå biblioteket)
* Jane Austen's House curators: A Jane Austen Year (papir frå hylla) OTS
* Colette: Demringen (papir frå biblioteket)
* Gemini: The Pocket Jane Austen - Quizzes and Puzzles (papir frå hylla) OTS
* Janice Hadlow: The Other Bennet Sister (lyd frå Nextory)
* Violet de Whitt: Go Ask Austen - Life Lessons from Jane Austen (papir frå bokhylla) OTS
* Karl Ove Knausgård: Uforvarende (digitalt frå Biblio)
* John Galsworthy: Den rike mann (The Forsyte Saga #1) (papir frå hylla)
* Sarah M. Eden: Seeking Persephone (The Lancaster Family #1) (digitalt frå Amazon)





 
I juli fullførte eg ikkje og fortsetjer med:

* John Galsworthy: Skilsmisse (The Forsyte Saga #2) (papir frå hylla)
* Charles Dickens: The Letters of Charles Dickens - volume 1 1833-1856 (digitalt frå Amazon)
* Tara Richardson: Jane Austen for Every Day of the Year (papir frå hylla) OTS

I juli har eg kjøpt:

* Claudia Gray: The Murder of Mr. Wickham (Mr. Darcy & Miss Tilney #1)
* Claudia Gray: The Late Mrs. Willoughby (Mr. Darcy & Miss Tilney #2)
* Claudia Gray: The Perils of Lady Catherine de Bourgh (Mr. Darcy & Miss Tilney #3)
* Claudia Gray: The Rushworth Family Plot (Mr. Darcy & Miss Tilney #4)
* Gill Hornby: Miss Austen
* Sophia Jansson: Tre øyer - Mamma, pappa og jeg

I august skal eg: I skrivande stund er eg på ferie. Til helga skal eg sjå Vildanden av Henrik Ibsen og det ser eg verkeleg fram til.

XOXO

tirsdag 28. juli 2026

The 2026 Booker Prize | Longlist


13 bøker har fått plass på årets langliste:

* The Shadow of the Object by Chloe Aridjis

* Switzy by Emma Cline

* Helen of Nowhere by Makenna Goodman

* The End of Everything by M. John Harrison

* The Disappearers by Marlon James

* Black Bag by Luke Kennard

* The Renovation by Kenan Orhan

* May We Feed the King by Rebecca Perry

* The Palm House by Gwendoline Riley

* The Things We Never Say by Elizabeth Strout

* John of John by Douglas Stuart

* All Them Dogs by Djamel White

* The Vivisectors by Missouri Williams

Sakset frå Bookers nettside:

This year’s ‘Booker Dozen’ has been revealed – 13 books by novelists who ‘brilliantly muster the power of words to take the reader to new places, to see old places from new angles, to change minds’, according to Mary Beard, Chair of the judges.

Written by authors representing seven nationalities and three continents, the longlist transports readers from a hospital in Mexico City to the Kent seaside in a post-apocalyptic Britain; from the barren hillsides of the Outer Hebrides to the criminal badlands of West Dublin; from Kingston, Jamaica in the late 1980s to coastal Massachusetts in the run-up to the 2024 US election; from an unnamed medieval court to a prison cell that defies explanation.

Tonally diverse, the books abound with humour and heartbreak, satire and surreality. There are fresh takes on dystopian sci-fi, royal history, the crime thriller and the campus novel. They are about memory, mortality, metamorphosis and murder; about old lives and new worlds; about the limits of human understanding; about reconciliation and retribution; about the lengths we go to in order to survive; and about the many ways we reckon with the past.

Eg ser fram til å bli betre kjent med romanar og forfattarar fram mot kortlista 22. september!

XOXO