Tittelen på romanen, Velkommen til Amerika, kjem frå hovudpersonens mor som spilte Frihetsgudinnen på teateret. Ingen i romanen har namn, det er den døde faren, jenta, mor og bror som har rollene. Faren er død, mora jobber på teater, broren spikrer igjen døra og spiller musikk og jenta har slutta å snakke. Familien er på randen av katastrofe, og ingen greier å si kva dei eigentleg trenger. Det er ein kort roman på knappe 100 sider, men inni finner ein ei mor som ønsker å gjere det beste for barna sine, ein storebror som utøver makt over lillesøstera og ei jente som trur at det er hennar feil at faren låg død i senga. Innimellom får ein vite korleis faren hadde det og var i sitt korte liv, og korleis familien endte der dei er. Lyset kjem sakte, men sikkert inn for ein liten periode, men min søken etter håp renner ut i sanden. Det er i alle fall min oppfatning med den opne slutten Knausgård avslutter romanen med.
På Goodreads er det delte meiningar om romanen. Eg som liker best happy endings får absolutt ikkje den kjensla i romanen, men språket er verdt timane det tar deg å lese Velkommen til Amerika. Andre som har lest den?
XOXO
| Originaltittel: Välkommen till Amerika, omsett av Monica Aasprong | Utgitt: 2016 | Min utgåve: 2017 | Format: Innbundet, 97 sider | Forlag: Oktober | Kjelde: Biblioteket
