Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten kongelig. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kongelig. Vis alle innlegg

onsdag 7. juni 2023

"Ingrid Alexandras arv" av Trond Norén Isaksen

Trond Norén Isaksen (f. 1981) er ein norsk historiker og forfatter. Han vart for alvor kjent då han ga ut si første bok i 2003: Dronningen vi ikke fikk. Det er ein dobbeltbiografi om kong Olav og kronprinsesse Märtha, og er ei meget god bok. Isaksen har forfatta fleire bøker, og artikler for magasiner i inn- og utland. Hans nyaste publikasjon er Ingrid Alexandras arv som kom ut i april.

La meg begynne med ein personleg meining: Denne boka leser du ikkje om du er ny innan kongeleg historie. Eg har lest om og nærmast studert kongeleg historie i nærmare 20 år, og denne boka gjekk til tider meg over hodet. Google blir din bestevenn om du begynner med denne.

I dei fleste kongeleg bøker og biografier blir det skrevet om menn, og deira veg til trona. I dag har me ei regjerande dronning i Europa, dronning Margrethe II av Danmark, men med tid og stunder vil det vera fleire kvinnelege monarker. Arverekkefølgen i dei europeiske konge- og fyrstehusa ser i dag slik ut:

* Noreg: Harald V (1991-), Haakon, Ingrid Alexandra
* Sverige: Carl XVI Gustaf (1973-), Victoria, Estelle
* Danmark: Margrethe II (1972-), Frederik, Christian
* Storbritannia: Charles III (2022-), William, George
* Belgia: Philippe (2013-), Elisabeth
* Nederland: Willem-Alexander (2013-), Catharina-Amalia
* Luxembourg: Henri (2000-), Guillaume, Charles
* Spania: Felipe VI (2014-), Leonor
* Monaco: Albert II (2005-), Jacques
* Liechtenstein: Hans Adam II (1989-), Alois, Joseph

I Noreg har kongefamilien tilgang til fleire imponerande juveler, og det boka handler om er korleis dei kom til oss. Vårt kongehus er ungt samanlikna med mange andre, og har linjer til blant anna Sverige, Danmark og Storbritannia. Tiaraer går frå kvinne til kvinne, mor til dotter, svigermor til svigerdotter også vidare. Eg gir eit eksempel: Prinsesse Ingeborg av Sverige hadde tre døtre og ein son. Den eldste dottera gifta seg med ein dansk prins, den tredje dottera vart belgisk dronning (for ein meget kort periode), sonen gifta seg borgerlig fleire gonger, medan den andre dottera vart vår kronprinsesse Märtha. Prinsesse Ingeborg hadde bestemt at smaragdsmykkene skulle ho gi til dottera då ho vart dronning av Noreg. I 1940 ombestemte ho seg då kronprinsesse Märtha måtte flykte til USA på grunn av andre verdskrig. På Centralbanestationen i Stockholm ga prinsesse Ingeborg smaragdsmykkene til dottera som ein sikkerhet for dei usikre tidene som venta. Viss kronprinsesse Märtha trengte penger i USA kunne ho selge smykkene. Det skjedde ikkje, og smaragdsmykkene kom heim til Noreg etter krigen. For dei som kjenner historien om kronprinsesse Märtha så døydde ho før ho vart dronning så det er godt mogleg smykkene ikkje hadde kome til Noregs kongefamilie i det heile tatt. I dag er det nettopp smaragdtiaraen dronning Sonja bruker til dei største begivenhetene.

Boka er spekka med informasjon, men til og med eg har lært noko. Det har ikkje slått meg før eg las denne boka at diademet prinsesse Ingrid Alexandra bærer på sine første offisielle portrett var det siste prinsesse Ingeborg bar. I 1958 var kong Haralds mormor, prinsesse Ingeborg, i Oslo på dåverande kronprins Haralds myndighetsdagsfeiring. 3 veker seinare døydde ho. Det må ha vore spesielt for kong Harald å vite at det siste diademet hans elskede mormor bar var det same diademet hans barnebarn bar då han førte ho inn på hennar myndighetsdagsfeiring.

Andre ting som fascinerer meg er dynasti-ekteskap. Når eg skal forklare kongelege for andre så bruker eg å si at dei fleste er i slekt med kvarandre fordi dei fleste stammer enten frå dronning Victoria av Storbritannia eller kong Christian IX av Danmark. I dag er det kjærleiken som rår, men i fleire tilfelle kjente bruden og brudgommen knapt kvarandre. Luxembourgs tidlegare storhertugpar, Jean og Josephine-Charlotte (kong Haralds kusine) vart tvangsgifta skriver Trond Norén Isaksen. Eg har lite kunnskap om den luxembourgske storhertug-familien, men dette har eg seriøst lyst å lese meir om.

Boka inneheld over 250 illustrasjoner av kjente og ukjente kongelege. Dei beste bileta etter mitt syn er bileta frå bryllup og fødselsdager kor fotografen har samla gjestene til fellesbilete. Historien og slektsskapene ryker ut frå bileta, og eg kan simpelthen ikkje sjå meg mett på dei. Eg har og studert nok bilete av kongelege til å vite kven dei fleste er utan å sjå på bileteteksten. Om du har kome så langt i denne alt for lange teksten så innser du kanskje nå at eg er eigentleg ikkje så interessert i juvelene. Det er slektsskap eg er interessert i, men opprinnelsen til juvelene er interessant. Hvilke diademer og tiaraer våre kongelege vil bære i årenes løp blir spennande, og nå som eg veit meir om dei kan eg faktisk glede meg over at eit gammelt diadem eller tiara blir brukt om igjen.

XOXO

| Forfatter: Trond Norén Isaksen | Utgitt: 2023 | Format: Innbundet, 551 sider | Forlag: Bonnier |

lørdag 29. oktober 2022

"Dronningen" av Andrew Morton

Andrew Morton (f. 1953) er ein av dei mest kjente forfatterne i biografi-sjangeren og er ledande innan moderne celebritet (i mangel av eit betre ord). Hans banebrytende biografi Diana: Her True Story låg på bestselgerlistene i New York, og han har skrevet om andre kjendiser som Monica Lewinsky, Tom Cruise og den nye Prinsen av Wales, prins William. Hans siste utgivelse er om dronning Elizabeth, og den kom ut i mai dette året.

Torsdag 8. september går eg heim frå jobb og sjekker samstundes storyer på Instagram. Ein av storyene er frå Stine Friis (digital konsulent i Aschehoug og me har felles interesse for kongelige). Ho har tatt bilete av ein TV-skjerm som viser at dronninga i England er meget sjuk. Eg tenker som så at viss noko skjer i løpet av ettermiddag/kveld må eg få unna handletur før eg benker meg foran TV-en. Etter endt middagslaging skrur eg på BBC World News og der blir eg heile kvelden. Eg følger med sånn av og på i nokon timar, og tenker som så at når det først sendes live frå England om dronninga er det noko galt. Og nyhetsankeret i BBC, Hugh Edwards, har hatt svart dress og slips i timesvis (dei fekk nemlig pepper slengt etter seg då dronningmora døydde i 2002). Så kjem nyheten: Dronninga, i ein alder av 96 år, har avgått ved døden. Her har eg venta i fleire timer, og får totalt sjokk. "Nei, nei, nei, eg er ikkje klar" kjem det frå meg der eg sitter i sofaen.

Eg er den einaste eg kjenner som i løpet av dei neste elleve dagane fram til begravelsen mandag 19. september satt klistra til BBC World News kvar dag etter jobb. Det var mykje pomp og prakt, mange timer med køyring og spasering for dei kongelege, og mine tårer satt laust meir enn ein gong. Det er fleire ting som er litt på skakke i den britiske kongefamilien, men det skal me ikkje gå inn på her. Det som imidlertid må nemnes er dei banebrytande tradisjonane som er endra til fordel for ei moderne tid. Då barna til dronning Elizabeth stod æresvakt ved si mors båre var prinsesse Anne med. I uniform. Det har aldri skjedd før. Då barnebarna, 8 i talet, stod æresvakt, var Louise (dotter til prins Edward) den yngste jenta som nokon gong har gjort det. Hennar bror, James, var den yngste nokonsinne som stod æresvakt. Under æresvakta til barnebarna, som varte ca 15 min, rant tårene. Det er ein maktdemonstrasjon å sørge samstundes som heile verda ser på.

Eit par veker seinare (og takk og lov for at begravelsen var overstått innan då) var eg i Stavanger på Kapittel-festival. Eg hadde ikkje fått med meg at Andrew Morton hadde skrevet ny biografi om dronning Elizabeth, men faktum er at den vart gitt ut på norsk same dag som begravelsen. Det var neppe planlagt. Eg måtte faktisk sjekke om dronninga var død i biografien, og når den vart utgitt første gong. Nå har eg lest boka, og for meg som har lest om kongelege i 20 år var det lite nytt å hente, men eg trur at for den nye royal watcher/rojalist er den ypperlig. Eg vil og anbefale Inger Merete Hobbelstad sin biografi, Årene med Elizabeth (intern lenke), som eg syns er hakket betre enn Morton sin.

Eg ser fram til kroning i mai neste år, eg har trua på kong Charles III og trur han, dronning Camilla, og andre medlemmer av kongefamilien vil gjera ein god jobb for sitt land. Nå blir kongen 74 år om få veker, og er tidenes lengsittande kronprins. Med tanke på hans foreldres og mormors høge alder gir eg han minst 20 år på trona. Den som lever, får sjå!

XOXO

| Original tittel: The Queen | Utgitt: 2022 | Format: Innbundet, 350 sider | Forlag: Gyldendal |

lørdag 13. november 2021

Bok: "Olav V. Krigeren. 1940-1945" av Tore Rem

Tore Rem (f. 1967) er ein norsk forfatter, litteraturviter og -kritiker og professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Oslo. Han har skrevet om Jens Bjørneboe, og har vore borti Charles Dickens og Henrik Ibsens bibliografi.

Olav V. Krigeren. 1940-1945 begynner der den forrige slutter. Andre verdskrig er på veg inn i Noreg, og kongefamilien er truga. Dei må ut av landet og eit av stoppa på vegen er kronprinsesse Märthas heimland, Sverige. Den svenske kong Gustaf V er derimot ikkje interessert i å huse kongelege flyktningar så ny plan må klekkes ut. Då kronprins Olav og kronprinsesse Märtha var i USA i 1939 fekk dei god kontakt med president Franklin D. Roosevelt, og han er villig til å hjelpe sine norske venner.

Kronprins Olav har i lengre tid kjent på at han har ingenting å gjere. Under andre verdskrig finner han endeleg si rolle, og som forsvarssjef for Noreg frå London gjer han ein god jobb. Kronprinsesse Märtha tar seg av ungane i USA, og held presidenten med selskap. Det har vore skriverier rundt kronprinsessas forhold til presidenten, og eg trur ikkje det var noko meir enn vennskap mellom dei.

Biografien er godt skrevet, og kjeldemateriellet er enormt. Når det er sagt så er det lite nytt for meg som har lest om kong Olav V tidlegare, og eg fekk vel så mykje utav halvtimen på Kapittel i september som av 540 skrevne sider. Så eg har skumma ein heil del, og sett med interesse på alle fotografiene.

Anbefales til deg som ikkje har lest for mykje om kongen frå før.

XOXO

| Forfattar: Tore Rem | Utgitt; 2021 | Format: Innbundet, 540 sider | Forlag: Cappelen Damm |

søndag 27. desember 2020

Bok: "Olav V. Den fremmede. 1903-1940" av Tore Rem

Tore Rem (f. 1967) er ein norsk forfattar, litteraturviter og –kritiker, og professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Oslo. Han har tidlegare skrevet biografi om Jens Bjørneboe og ei bok om Knut Hamsun. Nå er han aktuell med første bind om kong Olav V.

Tore Rem er ikkje åleina om å ha skrevet bok om kong Olav. Tidlegare stortingspresident Jo Benkow (1924-2013) publiserte si bok om kongen allerede seinhausten 1991 (same år som kongen døydde). Det å skrive biografi om kjente personer trur eg er eit omfattande arbeid, og ikkje noko ein tar lett på.

Olav V. Den fremmede. 1903-1940 begynner der Noregs noverande kongedømme begynner. I 1905 då kong Haakon (1872-1957), dronning Maud (1869-1938) og vesle kronprins Olav går i land i Noreg. Den danske prinsen, den engelske prinsessa og vesle "Hamlet" som hans mormor kalte ham er Noregs første moderne kongefamilie. Så går historien bakover til prinsens fødsel i England, og historien er i gang. Tore Rem spenner eit vidt lerret, og ingenting er overlatt til tilfeldighetene. Det som eg reagerer på med glede i lesinga er at ingen er tillagt kjensler som Rem ikkje har kunnskap om. Det kong Haakon har skrevet i si dagbok er sitert, eller det som er skrevet i dronning Mauds bønnebok er likedan.

Når det er sagt så er dette ei bok for dei som ikkje har lest noko særleg om kongen frå før. For meg som har lest ein heil del om kongelege dei siste ti-femten åra er det ganske repeterande. Eg har ikkje lært noko nytt for å si det slik. Plusset for meg i denne boka er alle fotografiene, og dei fleste er det dronning Maud sjølv som har tatt. Tore Rem skriver godt, ingen tvil om det, men eg har hatt like stort (om ikkje meir) utbytte av å høyre Tore Rem i diverse podcaster der han fortel om boka som eg hadde av sjølve boklesinga.

XOXO

| Utgitt: 2020 | Format: Innbundet, 618 sider | Forlag: Cappelen Damm |

mandag 23. november 2020

Bok: "Kongen forteller" av Harald Stanghelle

Den norske journalisten og redaktøren Harald Stanghelle (f. 1956) er eit kjent namn i norsk presse. Han har blant anna vore politisk redaktør i Aftenposten og leder i Norsk Redaktørforening. At det er nettopp Stanghelle som skriver bok om Noregs konge er litt spesielt for Stanghelle er kjent republikaner. Kongen forteller kom til på grunn av eit spørsmål frå forlagssjef Erling Kagge og eg siterer frå epilogen:
Det var Erling Kagge som utpå høsten 2018 spurte om jeg ville skrive en bok om kong Harald. Det skulle ikke vere noen biografi, men en bok der kongen kunne reflektere rundt både liv og samfunn. Modellen var en dansk utgivelse der dronning Margrethe snakket med redaktør Thomas Larsen om Danmark og danskene. (s. 450)
I Kongen forteller har Harald Stanghelle satt saman ei bok på grunnlag av 11 møter på x antall timer samt eit besøk på Kongeskipet Norge. I tillegg til å snakke med kong Harald har prinsesse Astrid deltatt på samtalen som dreide seg om flukten frå Noreg, opphaldet i USA under krigen og heimkomsten i 1945. Dronning Sonja har samtalt med Stanghelle, og det same med kronprins Haakon. Det har blitt ei open og ærleg bok om livet, kjærleiken, samfunnet, gode og mindre gode hendingar i landet og ekstremt gode refleksjoner.

Då kong Harald og dronning Sonja feira sine 80-årsdager kunne kronprins Haakon og prinsesse Märtha Louise avsløre at dronning Sonja var ein ivrig bruker av mobiltelefon. Faren, kong Harald, derimot hadde ikkje mobiltelefon. Det slo ned som eit latterutbrot i salen. I denne boka kan Stanghelle avsløre at kongen har fått mobiltelefon. Kongen avslører at han er ikkje venn med den, og gløymer som oftest at han har. (s. 29) Det er for meg ein herleg fun fact om kongeparet vårt.

Før eg fekk denne boka frå biblioteket høyrte eg ein del om den, og det som gjekk igjen var dødsfallet til kongens tidlegare svigerson, Ari Behn, og talen til kongens barnebarn. Kongen og hans barnebarn, Maud Angelica Behn er nemlig ikkje så ulike i sin historie.
Bestefaren på første benk hadde ikke lest talen. Han ble slått av styrken 16-åringen viste. "Det var sterkt å høre den. Jeg hadde ikke hørt den på forhånd, men visste hun skulle gjøre det. Hun hadde holdt talen for en liten krets ved båren da den stod på Ullevål sykehus. Der var ikke jeg. Det var en sterk tale. Jeg var stolt over henne. 'At hun greier det', tenkte jeg. Det hadde ikke jeg greid." Maud Angelica var 16 da hun mistet sin far. Bestefaren hennes var 17 da hans mor døde. Begge dødsfallene etterlot seg en tenåring i dyp sorg. "Jeg har tenkt på akkurat det", sier kong Harald. Det har på en måte kommet tilbake når han ser et barnebarn holde tale ved sin fars kiste i Oslo domkirke. En jente på samme alder som han selv var da moren døde fra ham. "Det er derfor jeg sier at jeg ikke kunne greid å holde den talen." (s. 137)
En kongegjerning kan vera ganske einsamt. Du har riktignok kolleger i Europa, men det er liksom ikkje mogleg å ta ein øl eller kaffi med eit par konger ein kveld. Private venner har kongen fleire av, og i seilermiljøet blir han behandla akkurat som alle andre. Kongen har god humor, og sier sjølv at han som er så glad i å sjå konkurranseidrett har valgt ein så lite publikumsvennlig idrett. "Å se på seiling er som å se maling tørke. Det er kjedelig." (s. 191) At kongen vår har humor er det ingen tvil om.

Kongen forteller er ingen biografi. Det er ei refleksjonsbok. Nettopp derfor trur eg denne slår godt an blant det norske folk, og vil ligge under fleire juletre om ein månad. Eg veit og at den var etterspurt på min nærmaste Norli, og det liker eg. Anbefales!

XOXO

| Utgitt: 2020 | Format: Innbundet, 463 sider | Forlag: Kagge |

søndag 3. mai 2020

Gjenlesing av Tor Bomann-Larsens fire første bøker om kong Haakon og dronning Maud


 

Eg har den siste månaden gjenhøyrt dei fire første bøkene om kong Haakon og dronning Maud. Dei er ført i pennen av historiker og forfatter Tor Bomann-Larsen, og utgitt i perioden 2002-2008. Den fjerde boka las eg i 2013 og så sa det bom stopp.

I 2019 kom den åttende og siste boka om kong Haakon. Ein naturleg slutt då kong Haakon døyr, men det betyr at eg har fire uleste bøker om kong Haakon å sjå fram til. Dronning Maud døyr som kjent rett før andre verdskrig, så i bok 5 blir den eine hovudpersonen bytta ut med kronprins Olav.

Eg er rojalist på min hals. og repeterer det eg skreiv i anmeldelsen av første bok. Eg kan ramse opp kongelege fødselsdagar like lett som mine egne foreldres, og er av dei få som fryder meg når det er kongelege program på TV eller utfyllande avis- og magasinartikler. Det er sjelden eg lærer noko nytt, men til og med dei siste åra har eg fått nye opplysningar.

Kvifor interessere seg for monarkiet i inn- og utland spør du om? Eg trur det har med slektskap å gjera. Eg har sjølv stor slekt med 30+ søskenbarn, mi mors foreldre hadde mange søsken og fleire barn og eg har heile slekta mi lagt inn på MyHeritage. Det blir ein interesse, og viss du går eit par generasjoner tilbake i monarkiene så er det ein heil del slektskap å spore. Tidlegare var det lov å gifte seg med søskenbarn, og for å halde familien innad sin egen vart det mykje brukt. Tidleg på 2000-talet gjekk det ein dansk serie på NRK som fokuserte på danske kong Christian IX og hans tilnamn som Europas svigerfar. Det er eit tema som blir grundig utbrodert i første bok om Haakon og Maud, Kongstanken, og i boka En kongelig familie.

Eg har nå lyst til å lese dei fire resterande bøkene til Tor Bomann-Larsen, og må tenke litt på om eg vil låne dei på biblioteket eller høyre dei via Storytel. Det er ikkje alltid eg får alt med meg når eg høyrer bøker så gjenhøyring går som regel fint, men nå er det bøker eg ikkje har lest før. Ein anna ting som gjer at eg heller mot å låne papirbøkene er at forfatteren leser sjølv. Bomann-Larsen er god til å skrive, men eg hadde ikkje bedt han om å lese inn åtte bøker hadde det vore meg. Eg skrur sjelden opp tempoet når eg høyrer bøker, men her har eg vore nødt. Det går litt tregt for å vere snill.

Når eg har gjenhøyrt bøkene og lest anmeldelsene eg skreiv slår det meg at min oppfatning av bøkene har ikkje endra seg noko særleg. Eg har blitt nokon år eldre og tør nok å sei min meining meir enn eg gjorde då, og har ofte tenkt at det var mykje uvennskap blant dei kongelige basert på utsjånad og veremåte. Samstundes er eg djupt imponert over den researchen som ligger bak disse bøkene. Ein ting er kong Haakons private dagbøker som Bomann-Larsen har fått tilgang til, men alt det andre om dei andre kongelege. Han kan umogleg ha sittet på sitt kontor og jobbet heile tida og reise-rekningane må jo ha vore store i perioder.

Anmeldelsene eg skreiv i 2012 og 2013 ligger under her, og eg ser fram til fleire bøker om Haakon og Maud.

1. Kongstanken (gitt ut 2002, lest 2012)
2. Folket (gitt ut 2004, lest 2012)
3. Vintertronen (gitt ut 2006, lest 2012)
4. Makten (gitt ut 2008, lest 2013)

XOXO

søndag 10. november 2019

Bok: "Årene med Elizabeth" av Inger Merete Hobbelstad

Den norske skribenten og journalisten Inger Merete Hobbelstad (f. 1980) er fast kommentator i Dagbladet, og har tidlegare gitt ut essaysamlingen Å leve med Shakespeare (2016). Årene med Elizabeth er hennar første innen biografi.

Dronning Elizabeth II av Storbritannia er ein rekordholder i antall år på trona. For nokon år sidan gjekk ho forbi si tippoldemor og er nå i sitt 68. år som monark. Seinast i går såg eg bilete frå eit arrangement og blir nok ein gong slått av elegansen og smilet dronninga bærer. Statsministre og amerikanske presidenter har kome og gått frå Buckingham Palace, men dronning Elizabeth is still standing. Som det står i baksideteksten: "Hun fascinerer oss, men er fremdeles et mysterium."

Det var ikkje meininga at den vesle jenta fødd i 1926 skulle bli dronning i det heile tatt. Elizabeth Alexandra Mary var nemlig dottera til nummer 2 i rekka, men då onkelen, kong Edward VIII, abdiserte etter eit knapt år på trona måtte far til Elizabeth til pers. Ifølge boka tilga dronningmora aldri svogeren sin for dette. Kong George VI hadde dårlig helse etter krigen og røykte som ein skorstein. Ei lunge vart etterkvart operert ut, men 6. februar 1952 gikk kongen bort, og Elizabeth vart monark. Då var ho i Kenya med prins Philip, og vart sannsynligvis dronning medan ho sov i ei trehytte.

Mykje er skrevet og sagt om dronning Elizabeth, men ho står fast gjennom sorger og gleder. Det kan ikkje ha vore lett alltid, og om det ser aldri så glamorøst ut å vera kongeleg så kunne eg aldri tenkt meg det. Midt i det å vera regjerande monark skal du og vera ektefelle, mor, farmor og mormor, søster også videre. Kvinnelege monarker er det ikkje mange av i denne verda, og eg liker å tru at dei kvinnelege monarkene som kjem etter Elizabeth II og Margrethe II av Danmark (for dei er det mange av i framtida) kan sjå tilbake med glede på sine forgjengere.

Inger Merete Hobbelstad har gjort ein grundig jobb, og det lyser gjennom at ho liker det ho skriver om. Til tider er den litt keisam og for historisk for min del, men generelt sett er den friskere i stilen enn mange andre biografier om kongelege eg har lest. Fotnotene er mange, og eg har merka meg fleire bøker eg kunne tenkt meg å lese for å få eit anna perspektiv på ulike saker. Det er ikkje utenkelig at Årene med Elizabeth må flytte inn i bokhylla ved ein anledning. Anbefales!

| Utgitt: 2019 | Format: Innbundet, 624 sider | Forlag: Kagge | Kjelde: Lånt på biblioteket |

XOXO

lørdag 8. juni 2019

Bok: "Benedikte. En kongelig prinsesse" av Anne Sofie Kragh

Den danske forfatteren Anne Sofie Kragh har tidlegare skrevet om dansk politikk og danske statsministere. Dette er såvidt eg har funnet ut hennar første biografi om og med ein kongelig.

I april dette året vart dronning Margrethes lillesøster 75 år. I den anledning har prinsesse Benedikte stilt opp til intervjuer med forfatter Anne Sofie Kragh som har skrevet eit portrett om prinsessa i 75 punkter. Prinsesse Benedikte er av dei kongelege som eg i utgangspunktet kan lite om. Når storesøstera er dronning av Danmark og lillesøstera tidlegare dronning av Hellas så blir muligens ei som gifta seg med ein tysk prins litt gløymt. Når det er sagt så har eg lært mykje om prinsessa i denne biografien. Som med biografien om kronprins Frederik som eg las i fjor har eg lest denne og på dansk. Det er rett og slett fordi eg har ingen tru på at dei blir oversatt til norsk, og det einaste eg har problem med i det danske språket er om årstall er skrevet med bokstaver. Då detter eg av!

Prinsesse Benedikte er altså det andre barnet til kong Frederik XI og hans svenskfødde dronning Ingrid. Fødd midt under krigen og inn i ein familie av kongelege på begge sider. Storesøster, Margrethe, er fire år eldre, og som to-åring vart ho storesøster til Anne Marie. Prinsesse Benedikte forteller sjølv i biografien om oppveksten i København, om ekteskapet og livet med Richard av Berleburg, om monarkiet og dets utfordringer, om sine ansvarsområder og om forholdet til mobiltelefonen. I tillegg har begge søstrene bidratt, barna og andre nære venner.

Det er ting som ikkje overrasker meg i biografien. Eg har alltid syns at prinsesse Benedikte ser litt forfina ut, og sannheten er at ho har alltid likt pene kjoler og det å sjå bra ut. På oppdrag i Danmark går ho aldri i bukser til dømes. Dronning Ingrid har sagt at prinsesse Benedikte er "den mest kongelige av mine døtre", og som 75-åring ser ho unektelig meget godt ut. At ho ikkje takler sjukdom, eller at plikten går framfor omtrent alt anna og at den eine dottera ikkje bruker ho som barnevakt var overraskende. Prinsessa kan heller ikkje lage mat og har nesten aldri satt sine bein i ein matvarebutikk, men eg tenker kvar sitt. Interesser har vel alle, både kongelege og ikkje-kongelege.

Å lese kongelege biografier er til tider eit smalt tema, men eg storkoser meg kvar gong. Biografien er godt skrevet med ein masse flotte bilete som eg nyter. Hyllemeteren i bokhylla veks ikkje så mykje, men av og til kjem det bøker som denne om prinsesse Benedikte som bare må flytte inn. Anbefales!

| Utgitt: 2019 | Format: Innbundet, 247 sider | Forlag: Politikens Forlag |

XOXO

torsdag 11. januar 2018

Bok: "Under bjælken. Et portræt af Kronprins Frederik"

Forfatter: Jens Andersen (fødd 1955)
Utgitt: 2017
Format: Innbundet, 379 sider
Forlag: Gyldendal Dansk Forlag

Den danske forfatteren Jens Andersen har ein solid utdannelse frå København og har både spilt og vore trener i fotball. Den første boka kom ut i 1990, og eg har blant anna lest hans Astrid Lindgren-biografi, Denne dagen, et liv. Andersen har tidlegare skrevet om danske dronning Margrethes 40 år på trona og nå er han aktuell med biografien om danske kronprins Frederik.

Under bjælken forteller i åtte kapitler om kronprins Frederiks liv. Om fødselen på Rigshospitalet, via oppvekst og studier, til forelskelse, bryllaup og familieliv. Det siste kapitlet heiter Konge, og omhandler hans førebuingar og tanker rundt det å bli konge. 26. april 2018 blir kronprinsen 50 år, og det er i den forbindelse Andersen har skrevet ein meget god biografi. Eg personleg har stor sans for den danske kronprinsen og gjennom intervjuer med fleire viktige personer i Frederiks liv kjem det fram at det er mange som har sans for Frederik. Frå å vera ein sky og tilbaketrukket ung mann har han vokst opp til å bli eit meget godt kongsemne, og det blir spennande den dagen han blir konge. Boka er skrevet på bakgrunn av intervjuer med slekt og venner, og er bygd opp kronologisk, men med sitater og historier frå intervjuobjekta. Ein interessant måte å lese ein biografi på, og boka er og ispedd både offentlege og private bilete.

Dei seinare åra er det fleire land i Europa som har bytta kongepar til fordel for den yngre generasjon. Årsakene har vore fleire, men alle er godt begrunna. I Nederland har det vore tradisjon med abdikasjon i fleire generasjoner, i Belgia var det helsetilstanden til den gamle kongen, og i Spania var det helsetilstanden pluss oppslutninga til den gamle kongen. Felles for dei tre nordiske landa med monarki er at det er ikkje vanleg med abdikasjon. Det som imidlertid har kome fram etter at Under bjælken vart utgitt er at dronning Margrethes mann, prins Henrik, har fått påvist Alzheimer. I dei siste intervjua dronninga har gitt om hennar stilling til abdikasjon er det ikkje utenkeleg at det kan bli aktuelt. Tidlegare har dronninga vore klar på at ein står ved sin post til døden, men med ein Alzheimer-sjuk mann kan dronninga ha kome på andre tanker. Eg ser gjerne at kronprins Frederik og kronprinsesse Mary blir tronfølgerpar om ikkje så altfor lenge, men det er ikkje opp til meg.

Under bjælken er ikkje oversatt til norsk, men eg er desperat nok til å lese den på dansk. Det går forsåvidt veldig greit så lenge tallene ikkje er skrevet med bokstaver. Om biografien blir oversatt er eit anna spørsmål, men alt kan skje. Biografien er uansett varmt anbefalt!

XOXO

mandag 4. mars 2013

Bok: "Makten" (Haakon & Maud #4)

Forfatter: Tor Bomann-Larsen
Utgitt: 2008
Format: Innbundet, 462 sider
Forlag: Cappelen Damm
Mål/utfordringer: Sakprosa

Då Tor Bomann-Larsen starta med verket sitt om kong Haakon og dronning Maud i 1998 såg han føre seg at han var ferdig til jubileet i 2005. Arbeidet tok lenger enn forventa, og i 2013 har han gitt ut fem bøker om kongeparet, og eg trur det er planlagt ei sjettebok.

Makten er fjerde bok i serien, og føregår frå 1913 til 1928. Første verdskrig er i anmarsj, og den gamle verda går ein blodig undergang i møte. Det mest dramatiske skjer i Russland i 1918 der tsarfamilien blir ført vekk og skutt av bolsjevikene. I Noreg er arbeiderklassen på framgang, og kongen går dei i møte på sin måte.

Enketsarinaen, født prinsesse Dagmar av Danmark, var i mange år uvillig til å innrømme at sonen hennar, tsar Nikolaj II, og heile familien hans var skutt til døde. I 1919 flykta ho frå Russland ombord eit britisk krigsskip.
Den 9. mai 1919 ble de to enkesøstre, dronningen av England og keiserinnen av Russland, gjenforent på britisk jord.
Ho tilbrakte sine siste leveår på eiendommen Hvidøre i Danmark.
Det var mer enn privatlivet som lå i ruiner, det var Christian IX og dronning Louises dynastiske ekspansjonspolitikk. Det var selve den monarkiske ide som vendte ribbet hjem fra den store verden. I løpet av krigen var antall europeiske republikker steget fra tre til tretten. Prinsesse Dagmar var den siste i serien med tyske og russiske slektninger som hadde søkt tilflukt i kongelandet Danmark.

I forrige bok mista både kongen og dronninga sine fedre, og i denne boka mister dei begge sine mødre. Kong Haakons mor, enkedronning Lovisa av Danmark (f. 1851) døydde i 1926, 14 år etter sin mann, medan dronning Mauds mor, enkedronning Alexandra (f. 1844) døydde i 1925, 15 år etter sin mann.

Det er litt for mykje politikk i denne boka etter min smak, men konturane av dagens statsråd begynner å ta form. Istaden for å møte ministre under fire auge, begynner han nå å treffe fleire om gongen. Me får og nytt om kronprins Olav. I 1921 tok han examen artium på reallinjen ved Halling skole, og 1924 gjekk han ut av Krigsskolen. Statsminister Mowinckel var ikkje sein om å gi sin tillatelse til at kronprinsen kunne reise til Balliol College i Oxford. Han meinte at kronprinsen hadde godt av å koma utanlands etter Krigsskolen. Sosialøkonomi og folkerett var neste på vegen mot kongegjerninga for kronprins Olav.

Etter tredje bok skulle eg bare ta ein kort pause, men den har nå vart eitt år. Nå er eg veldig klar for neste bok, Æresordet. Som eg har skreve var det mykje politikk i denne boka, men elles er det ei god og interessant bok.

XOXO

mandag 7. januar 2013

Bok: "Dronningen"

"Dronningen" av Ingar Sletten Kolloen
Forfatter: Ingar Sletten Kolloen
Utgitt: 2012
Format: Innbundet, 514 sider
Forlag: Gyldendal
Mål/utfordring: Off the Shelf, sakprosa

Dette er historien om dottera, lillesøstra og tanta som vant kronprinsens hjarte. Det er historien om forsommerkvelden i 1959 då 21 år gamle Sonja Haraldsen var på veg ut i selskapslivet etter farens brå død, og som tok hånda til dåverande kronprins Harald. Om 9 års kamp for kjærleiken, og om ein konge som til slutt måtte innsjå at kjøpmannsdottera frå Vinderen skulle bli Noregs neste dronning.

Dronning Sonja gjekk frå å vera Karl August og Dagny Haraldsens yngste barn, til å bli Noregs mest berømte kvinne. Biografien ført i pennen av Ingar Sletten Kolloen er den første boka om dronninga som fortel heile historien om den lille damen på snaut 160 cm som gjekk frå Vinderen i Oslo og vant kongen og heile kongeriket.

For nokon år sidan gjekk det ein fjernsynsserie som heiter Europas svigerfar. Den handler om kong Christian IX som fikk alle sine barn gift inn i ledande kongehus rundt om i Europa. Då vart det sagt om ekteskapa i Noreg at folket var imot kong Olavs bryllaup fordi bruden var svensk; folket var imot kong Haralds bryllaup fordi bruden var borgerlig, og dei var imot kronprins Haakons bryllaup fordi bruden var alenemor. Men alle ekteskapa har vore lukkelege. Det er få kjærleiksforhold i rojal historie som har ført til bryllaup etter 9 år med motstand, men kong Olav var sta. Dronning Sonja fortel i biografien at viss kronprinsesse Märtha hadde levd (kong Haralds mor, døydde i 1954) hadde det kanskje gått hakket kjappare. Men det er bare spekulasjoner. Kunne ei mor ha sett på sin sønns kjærleikskamp så lenge som kong Olav gjorde?

I 1968 vart dei endeleg gift, og det som viste at kong Olav hadde godtatt si svigerdotter til fulle var at han sjølv førte ho opp kyrkjegolvet. Bryllaupet stod den 29. september, og det var eit lukkeleg kronprinspar som tok imot folkets hyllest på slottsbalkongen. I tida etter bryllaupet var det ikkje lett for den nye kronprinsessa og finne sin plass på Slottet. Kong Olav var ein militærmann, og omtrent alle hans medarbeidere var menn i sn beste alder. Då kronprinsessa spurte etter sitt eige kontor på Slottet kunne ikkje kong Olav fatte og begripe kva ho skulle med det. Etterkvart fant dei ein måte å løyse det på, men Sonja lovte seg sjølv at når det kom ei ny kronprinsesse i neste generasjon skulle kontoret stå ferdig til ho. Det klarte ho med god margin, det stod nemlig ferdig dagen etter forlovelsen til kronprins Haakon og Mette-Marit i 2000.

Den største oppgåva til eit kronprinspar er å føre slekta vidare. Det har ikkje vore den enklaste delen i livet til Sonja. Fire år på rad stod kronprinsessa på slottsbalkongen og helste barnetoget på 17. mai med barn i magen, men to av gongene gjekk det dessverre galt. I 1973 fødde kronprinsesse Sonja tronarvingen, og mor, far og storesyster Märtha Louise på nesten 2 år smilte saman med heile folket.

I nesten 23 år var Sonja og Harald landets kronprinspar, men kong Olavs hjerneslag hausten 1990 førte til at kronprinsparet måtte førebu seg på forandringer. 17. januar 1991 kl 22.20 erklærte tre leger kong Olav død. Den nye dronninga var i Frankrike då kong Olav døydde, og det mest presserande nå var å få ho heim fortast mogleg.
Klokka 13.30 fredag 18. januar gikk kong Harald opp flytrappen og inn i kabinen for å ta imot sin dronning. De holdt om hverandre lenge før de kom ut igjen og gikk hånd i hånd mot bilen. (s. 301)
Dei siste 22 åra har Noreg hatt ei flott dronning. Ei dronning me kan vera stolte av, som har lagt Noreg for sine føtter, og lagt ting til rette for barn, svigerbarn og barnebarn.

Ingar Sletten Kolloens biografi har vore ein fryd å lesa, men det var dei første delene eg likte best. Det var ting eg ikkje visste frå før, men som idag gjer dronninga til eit heilt og komplett menneske.

XOXO

fredag 2. mars 2012

Bok: "Idrettskongen"

Forfatter: Dag Erik Pedersen
Utgitt: 2012
Format: Innbundet
Forlag: Gyldendal
Frå: Biblioteket

Baksidetekst: Kong Harald er selve idrettskongen. Han har en femti år lang karriere som seiler på internasjonalt toppnivå bak seg. Få, om noen, nordmenn har vært til stede på flere sportsarrangementer enn kong Harald - fra lokale stevner til våre aller største idrettsøyeblikk. Kongen har sett og møtt dem alle - fra Hjallis til Koss, fra Wirkola til Bredesen, fra Gjermund Eggen via Ulvang og Dæhlie til Petter Northug og Therese Johaug. Gjennom en årrekke har Dag Erik Pedersen kommet tett på kongen og hans lidenskap for sport. Her kombineres fortellingen om utøveren Harald V med øyeblikksbilder fra hans entusiastiske virke som tilskuer og idrettens beskytter. Dette er en rikt illustrert fremstilling av et spennende liv og intense idrettsopplevelser, minner kong Harald deler med et helt folk.

Denne boka vart utgitt i forbindelse med kong Haralds 75-årsdag, 21. februar d.å. Som teksten sier har kong Harald ein lang idrettskarriere, både som utøver og tilskuer. Han har vore flaggbærer, sett eit utall cupkamper, møtt store og små idrettsutøvere, men som utøver er det seiling som står hans hjerte nærmest.

Eg er middelmådig interessert i sport, fotball er kjekt å sjå, og litt skisport, men det er stort sett det. Boka er spennande for den som er interessert i sport, og kanskje litt eldre enn meg. Her snakker me om sportsbegivenheter frå tidlig 50-tall og til idag! Ein heil del flotte bilete, og boka er krydra med hendelser frå det "virkelige liv": forlovelse og bryllaup, barnefødsler, tapet av kongens foreldre og tanker om fremtiden.

XOXO

søndag 22. januar 2012

Bok: "Vintertronen (Haakon & Maud #3)"

Forfatter: Tor Bomann-Larsen
Utgitt: 2006
Format: Innbundet
Forlag: Cappelen
Frå: Biblioteket

Baksidetekst: For første gang kan Haakon VII's historie fortelles med basis i hans egne dagbøker. VINTERTRONEN presenterer leseren for en ny kongeskikkelse. En sommerdag for 100 år siden fant den siste kongekroning sted i Norden. Hvordan skulle et fremmed prinsepar regjere et egenvillig folk og symbolisere en nasjon de ikke kjente? Hva tenkte ekteparet som fikk middelalderens kroner plassert på sine unge hoder? Det ferske monarkiet var truet av anarkismens bomber, revolusjonens flammer og høyresidens omfavnelser. I dette tredje selvstendige bindet i serien om kong Haakon og dronning Maud, må kongefamilien lære seg overvintringens kunst, skiløpingens balansegang så vel som parlamentarismens lover. Innflytterne søker tilflukt i vennskapet med nordmannen fremfor noen, polfareren Fridtjof Nansen. Beretningen ender dramatisk i året 1913, på randen av den første verdenskrig, foran abdikasjonens stup.

I dei to første bøkene, Kongstanken og Folket var dei kongelige i sterkt fokus. Då var det dei som regjerte, og dei som bestemte korleis land skulle vera ut i frå dynastiske ekteskap. I Vintertronen handler det om prinsefamilien frå København som måtte lære seg å bli norske og om å overvintre i steinkalde Kristiania. Politikkk er eit hett tema i denne boka, og dei har alltid noko dei skulle ha sagt, spesielt då Slottet er under restaurering og dronning Maud vil tilbringe jul i England. Å, neida. Kongefamilien må pent og pyntelig innfinna seg på Slottet. Tidslinja for denne boka går frå 1905 til 1913, og er kjedeligare enn dei to føregåande. Eg er ingen stor fan av politikk, men det er interessant å lesa om frå eit anna syn enn "vanlige" faktabøker. Likevel blir eg hoppande glad då ein eller anna konge eller dronning blir nemnt i store ordelag.

I løpet av denne tidsperioden mister både kongen og dronningen sine fedre, og eit generasjonsskifte skjer i Danmark og England. Kong Edward VII av England og kong Fredrik VIII av Danmark var kronprinser i flerfoldige år før dei vart konge i kvar sitt land. Dermed fekk dei og svært lite regjeringstid, henholdsvis 9 og 6 år på trona. Kong Frederiks spesielle død i 1912 bidro til at regjeringstiden vart eit vagt minne hos det danske folk. I kong Edwards begravelse i 1910 møtte ikkje mindre enn ni fyrstelige statsoverhoder med svært ulike fremtidsutsikter: Alfonso XIII av Spania (abdiserte i 1931), George V av England, Frederik VIII av Danmark, Haakon VII av Norge, Ferdinand I av Bulgaria (abdiserte i 1918), Emanuel II av Portugal (abdiserte i 1910), Wilhelm II av Tyskland (abdiserte i 1918), Georg I av Grekenland (fødd prins av Danmark, skutt i 1913) og Albert I av Belgia. I tida før, under og etter første verdskrig var det spennande tider i Europas fyrstehus.

I 1913 vart kong Georg I av Grekenland myrda på åpen gate i Saloniki.
Dermed var alle Christian IX's sønner og svigersønner fjernet fra sine regentskap bare seks år etter den gamle konges død. Tredje generasjon hadde overtatt. (s. 298)
Med kong Frederiks død var det kong Haakons storebror, Christian X og hans tyskfødde Alexandrine, som var kongepar i Danmark. I England var det Mauds storebror, George V og hans engelsk/tyske Mary, som var kongepar. Familierelasjonene var sterke.

I Noreg fekk kronprins Olav sin første lærer. Ei dame som visste korleis friminutt skulle brukas, til langrenn både ute og inne i korridorane. På eit tidspunkt vurderte kong Haakon abdikasjon og ønskte fleire gonger at Olav var minst 10 år eldre så kunne han diskutert den politiske situasjonen med han. I 1912 var det første året sidan dei vart konge og dronning at dei feira jul på Sandringham. Under overflaten ulma det fleire steder, men mest av alt i Russland. Det russiske folk fekk sjokk då dei i 1913 såg kronprins Alexej på armen til ein kosakk. Det viste seg at han var alvorleg sjuk, men Rasputin hadde som alltid ein kur. Dessverre veit ein korleis historien utspant seg for den russiske tsar.

Eg vurderer ein liten pause, men eg får sjå kor stor viljestyrken er når eg går på biblioteket i morgon.

XOXO

søndag 15. januar 2012

Bok: "Folket (Haakon & Maud #2)"

Forfatter: Tor Bomann-Larsen
Utgitt: 2004
Format: Innbundet
Forlag: Cappelen
Frå: Biblioteket

Baksidetekst: FOLKET danner det dramatiske høydepunkt i historien om det moderne Norges første kongepar. Det andre selvstendige bindet om kong Haakon og dronning Maud begynner i 1896 da det nygifte paret må forlate sitt drømmeslott Appleton i England og flytte inn som leietagere i København. En bitter familiestrid ender ni år senere med at de holder inntog på på et ubebodd slott i et kongerike hvor de hverken har familie, slekt eller venner. Bare et folk som jubler dem imøte. Leseren trekkes inn i en beretning der menneskelige utviklingslinjer veves sammen med kampen om ideologisk og militært verdensherredømme, der monarker av Guds nåde slåss på vikende front mot folkenes krav om demokrati. Sommeren 1905 blir en ung familiefar tilbudt rollen som redningsmann for en liten nasjon på randen av krig.

I forrige bok, Kongstanken, handla det om forløperne til vårt første moderne kongepar. I Bomann-Larsens andre bok handler det om familieliv (eller mangel på sådan) og prosessen framover mot konge- og dronninggjerning i eit framandt land. Boka dekker såvidt 10 år, frå 1896 til 1905, men i det tidsrommet skjedde det mykje med prins Carl og prinsesse Maud. Dei vart gift, var i søkelyset for sin manglende tilstedeværelse i kongeriket Danmark og for sin årelange barnløshet.

I omtalen for forrige bok skreiv eg om påstandene til Tor Bomann-Larsen, og i denne boka har han via eit heilt kapittel til mistankene om at kong Haakon ikkje var biologisk far til kong Olav. Istedet trekker Bomann-Larsen fram livlegen Sir Francis Laking, og det faktum at hans sønn, Guy Laking, likner ein god del på vår framtidige kong Olav. Eg trur ikkje på påstandene, men eg trur at hadde det vore idag så hadde det vore mulig og sjekka det ved hjelp av DNA-testing. I 1902 fantes det ikkje mulighet (så langt eg veit) for den slags. Det som imidlertid var befriande var bildene av dronning Maud gravid. Ho hadde ein fanatisk smal midje, 50 cm, og eg kjenne at eg er ikkje misunnelig i det heile. Eg vil mykje heller ha den midjen eg har, og vera fornøgd med det. Mor til dronning Maud, dronning Alexandra av Storbritannia, hadde og det same hysteriet for å bli eldre, og ho var usedvanlig vakker heilt til det siste.

På forhånd var eg klar over at dronning Maud foretrakk Storbritannia og Appleton House framfor Norge og Oslo, men at ho og mislikte Danmark var nytt for meg. Ho kunne vera vekke i store perioder, og både den danske kongefamilien og det danske folk mislikte henne for det. Når eg leste boka, og spesielt fleire av kapitla før ho vart gravid, så var ho ein sutrekopp. Eg har ikkje nokon anna måte å sei det på! Alt i København var galt, og Storbritannia var sjølve juvelen. Det blir spennande å lese neste bok med den innstillinga Maud hadde.
At hustruen beholdt sitt navn, ble et talende uttrykk for de grunnleggende forskjeller i prins Carl og prinsesse Mauds motivasjon for å bli konge og dronning av Norge. Mens han reiste til Norge, reiste hun fra Danmark. I sitt hjerte ville hun alltid være engelsk. (s. 463)
Prosessen for å bli konge var lang, men dei som bestemte hadde minst to årsaker for å velge prins Carl til konge: 1. Han var gift med den engelske kongens dotter; 2. Arverekkefølgen var sikra. Kong Haakons svoger (gift med Haakons søster Ingeborg og far til vår framtidige kronprinsesse Märtha) stod høgt oppe på lista over mulig konge av Norge. Alt som trengtes var ein mannleg etterfølger, men då Ingeborg fødte dotter nr 3 i 1905 brast håpet om kongegjerning i Norge. Kong Christian IX's yngste son, sjømannen Waldemar, (som allereie hadde sagt nei til Bulgarias trone) vart og spurt, men han kunne ikkje forstå kvifor ein skulle sitte på ei vaklande trone i ukjent land når ein hadde fast plass i offisersmessa. Snodig type!

Eg hadde aldri trudd at eg skulle kose meg så mykje med denne boka, og ikkje minst den forrige, som eg har gjort. I tillegg til Haakon og Maud får ein lese historier frå det danske, engelske, russiske, svenske og tyske fyrstehusa, og ikkje minst om prosessen mellom statsmenn i Stockholm og Kristiania. Russerne går ei ublid tid i møte då namnet Rasputin er annonsert, og det tyske fyrstehuset Hannover kjem aldri til makta igjen enda Christian IX's yngste dotter, Thyra, ønsker det så gjerne då ho er gift prinsen av Hannover. Gler meg til neste bok, Vintertronen!

XOXO

tirsdag 10. januar 2012

Bok: "Kongstanken (Haakon & Maud #1)"

Forfatter: Tor Bomann-Larsen
Utgitt: 2002
Format: Innbundet
Forlag: Cappelen
Frå: Biblioteket

Baksidetekst: Seks europeiske kongehus har åpnet sine private arkiver. Med utgangspunkt i et overveldende materiale tar Tor Bomann-Larsen leseren med bak slottsfasadene og presenterer historien fra helt nye og overraskende vinkler. Forfatteren gjenskaper et menneskelig og politisk drama fra en tid da dynastiene fortsatt kjempet for sin makt og en konflikt mellom familiemedlemmer kunne ende som krig mellom nasjoner. Beretningen utspilles langs linjene mellom det nye Norge og det gamle Europa. Vi følger et lite folks frihetskamp, preget av store menns tale. Mens Bjørnstjerne Bjørnson begår majestetsfornærmelser og Henrik Ibsen vil være stridsmann under kongens banner, øker kløften mellom Oscar II og hans norske undersåtter. I historiens sentrum står likevel en usikker prins og en sjenert prinsesse. Vi følger deres famlende utvikling, møtet med en borgerlig verden og drømmene om å skape sin egen fremtid. Kongstanken utgjør første selvstendige del av beretningen om Haakon & Maud. Boken slutter i 1896, sommeren da Fridtjof Nansen vender hjem fra polhavet i rollen som den oppstandne vikingkonge. Noen uker tidligere hadde en prins av Danmark giftet seg med den engelske kongens yngste datter. Ingen kunne vite at Norge skulle bli deres skjebne.

Eg er glad i kongelig slektskap. Eg er av dei som kan kongelige fødselsdager og jubileum like lett som bursdagen til mine foreldre. Sånn ca. Tor Bomann-Larsen derimot har eg eit lite hakk i sida til på grunn av påstandene hans for nokon år sidan om at kong Haakon ikkje var far til kong Olav. Bøkene hans har fascinert meg, men etter å ha sett tv-serien om Europas svigerfar, kong Christian IX av Danmark, og lest boka og andre kongelige bøker forsåvidt, så fekk eg det litt opp i halsen. Då Ann Helen som skriver ein glitrande bokblogg annonserte at ho skulle lese første bind om Haakon & Maud fant eg ut at eg kan ihvertfall ikkje vera dårlegare. Inspirasjon kjem frå ulike hold og følelser!

Som sagt så gjort! Første bind er utlest, og eg gleder meg til neste. Tor Bomann-Larsen skildrer ikkje bare dei kongeleges liv, men og hendelser i Europa forøvrig. Om du ønsker kan du lese den som ei historiebok. Kongstanken handler om generasjonane før Haakon & Maud og korleis kong Christian IX fekk tilnamnet Europas svigerfar. I dei siste kapitla handler det stort sett kun om vårt kongepar. Ein av dei tinga som fascinerer meg ved denne kongelige perioden (boka foregår mellom 1864 og 1896) er at dei kongelege farta rundt nesten utan sikkerhetsvakter. Butlere og kammertjenere hadde dei i lassevis, men sikkerhet var eit fremmedord (har eg fått inntrykk av). Det må jo dagens kongelege vera litt misunnelige på!

Forfatteren skriver malende og melodiøst om konger, dronninger, prinser og prinsesser i storparten av Europas kongehus. Det er med flyt og rytme og ein diger historisk kunnskap, og han klarer å gjera det så interessant at du må bare lese videre. Før eg leste denne boka hadde eg aldri trudd at det var denne boka som skulle halde meg oppe om nettene!

XOXO

søndag 10. oktober 2010

Smakebit på ein søndag - nr. 4

Eg liker å tru at eg kjøper mindre bøker enn før, og det er nok delvis sant. Eg er blitt meir kresen på kva eg har i bokhylla (og minner om at gratisbøkene framleis ikkje har kome seg til bruktbutikken;), men er det noko eg ikkje bare kan gå forbi eller sette tilbake i butikkhylla så er det kongelege bøker. Eg kjøpte ei på billig-billigsalg for eit par veker si, og har endelig funne tid til den. Tid har eg egentlig ikkje, men eg er litt utmatta etter "Tatt av vinden" - bind 1 så eg trenge noge lett og ledig:) Boka eg plukkte med meg heiter "Norske prinsesser - Norgeshistoriens forunderligste prinsesser" og er ført i pennen av journalisten Siv Randi Palm. Eg vil dela deler av forordet med dykk, og håper at fleire blir inspirert til å lesa om våre kongelege:

Prinsesse er et ord forbundet med eventyr og drømmer. Det gir umiddelbart assosiasjoner til rosa tyllkjoler, romantikk og luksus. De som bærer tittelen, har alltid fascinert og inspirert. Prinsesser har blitt tildelt hovedrollene i sagn og eventyr, og befunnet seg i sentrum på den historiske scene. Det har, som denne boken viser, ikke alltid vært en ubetinget fordel. Jeg har tatt for meg 11 jenter og kvinner som har det til felles at de alle har vært prinsesser av Norge. Både kongsdøtre fra norrøn tid og prinsesser fra unionstiden er med. To dronninger er også inkludert, da de begge sto for avgjørende bidrag til Norges historie. Resultatet er verken helt en prinsessebok eller helt en historiebok, men en samling uautoriserte biografier som gir leseren mulighet til å bli kjent med andre tider gjennom øynene til 13 vanlige mennesker, som alle fikk uvanlige liv takket være sin kongelige status. (...) "Norske prinsesser" er en bok full av historier om noen av de mest spennende kvinnene i norsk historie. Boken gir leseren en unik mulighet til å bli kjent med Norges historie gjennom øynene på 13 spennende historiske skikkelser.

Keep reading those books!

XOXO

søndag 14. februar 2010

Bok: "Dronningen vi ikke fikk"

Eg øvelate herved lydbokhøyring til systerå mi. Eg har vore flink, og høyrt 3 bøker på lydbok, men "Jane Eyre" vart for mykje for meg. Eg har sitt filmatiseringa frå 2006 litt for mange gonger, så det funka ikkje. Men den første og siste cden var veldig bra:p

Eg er ferdig med "Dronningen vi ikke fikk." Det går fort med ting som er jillt og interessant, men eg syns og det var litt sårt. Kronprinsesse Märtha hadde blitt ei knakandes bra dronning, og eg er enig med noko som står i boka (lure på om det var prinsesse Astrid eller Ragnhild som sa det) at kongegjerningen er noko du ikkje går inn i aleine. Men dessverre, kong Olav var konge utan dronning i 34 år, og det kan ikkje bare ha vore enkelt. Idag har me både konge og dronning og eg trur det er best:) Det var mange morsomme historier etter dei eg skreiv her på bloggen, men ingen som eg har lyst til å skriva. Ein ting skal eg nemna. Kong Haakon var fødd i 1872 og døydde i 1957. Han var konge i Noreg frå 1905 til sin dødsdag, sjølv om han ikkje var så synleg dei siste to åra etter eit fall. Han var, til sin dødsdag, stolt øve at han aldri hadde satt sine bein i eit fly! Kong Haakon var utdanna innan marinen, før han vart konge i Noreg, og reiste bare med båt når han sko besøka slekt, i hovudsak, Danmark og Storbritannia. Så veit dokke det!

XOXO

søndag 7. februar 2010

Skjønnlitteratur og biografi går hånd i hånd

I det siste har eg lest bøker av Anna Gavalda, Nora Roberts og Maggie O' Farrell. Eg bytter som regel mellom forfattarane fordi den same skrivestilen og det same temaet går ofte igjen hjå den same forfattaren, og det går meg til tider på nervene. Av dei tre forfattarane skal eg anbefale ei bok, nemleg O' Farrells "Hva skjedde med Esme Lennox?" Den var tung i byrjinga, men når tittelen er eit spørsmål, så måtte eg bare lesa ferdig for å få greia på kva som hadde skjedd. Eg falt ikkje noko særleg for boka, men den har eit interessant perspektiv på datidens syn på mentalsjukehus/asyl, og kva som skjedde med dei menneska som havna der. Var dei så gale som familien ville ha det til? Eller ville dei som hadde ansvar for dei bare bli kvitt dei? Vel verdt ei lesestund:)

Nå leser eg to bøker, skjønnlitteratur og biografi. Sue Monk Kidds "Bienes hemmelige liv" har eg hatt i bakhodet lenge, og lånte boka på biblioteket for så å levera den inn igjen når eg fant ut at lillesyster hadde boka. Ho meinte den var tung i byrjinga, men så langt har eg ikkje hatt den same oppfatninga. Den biografiske boka er skrevet av Trond Norén Isaksen og heiter "Dronningen vi ikke fikk." Den handler om kronprinsesse Märtha (1901-1954) og kong Olav (1903-1991). Eg er rojalist på min hals, og har i mange år vore veldig opptatt av ikkje bare vårt eige kongehus, men og kongehus rundt om i Europa. Det er ikkje så mange igjen, men historien og slektskapet er fantastisk facsinerande. Eg satser på at lesere veit det som trengs om Olav og Märtha, men viss ikkje så skrik ut så skal eg gje ein innføring. Eg hadde bare lyst til å dele nokon avsnitt frå boka, og håper at forfatter og forlag ikkje saksøker meg for det:p

Før bryllupet mellom prinsesse Märtha av Sverige og kronprins Olav av Noreg
"I både Oslo og Stockholm hersket bryllupshysteri i de to månedene som lå mellom forlovelsen og bryllupet, som var fastsatt til 21. mars 1929, ei uke før prinsesse Märthas 28-årsdag. Alle slag varer med kongelig preg var å finne, fra såpe til hyllepapir til dresser og brosjer. Vår Frelsers kirke, som Oslo domkirke het den gang, måtte pusses opp til begivenheten. Avisene var fulle av
artikler om alt som hadde med bryllupet og brudeparet å gjøre. Folk hadde annonsert utleie av om med utsikt mot ruta for bryllupsprosesjonen til svartebørspriser, og billetter til festforestillingen i Nationaltheatret - og til og med adgangskort til selve vielsen! - ble avertert til salgs. Avisene var så besatt av den forestående begivenheten at kong Haakon utbrøt "Vi bør vel
spørre Aftenposten først!" i en diskusjon om en detalj ved arrangementet." Isaksen 2003:14



Mor til prinsesse Märtha føder Märthas lillesyster
"Kongelige barnefødsler var den gang ikke noen enkel affære. Den gamle tradisjonen med at ikke bare den samlede familie, men også representanter for hoff og regjering skulle være til stede når kongelige barn kom til verden, ble holdt i hevd, noe som ikke akkurat gjorde situasjonen lettere for den fødende kvinnen. Da prinsesse Ingeborg i 1905 fødte sitt tredje barn, trakk fødselen ut gjennom en hel natt, og de tilstedeværende underholdt seg etter hvert høylytt med hverandre og tekoppene, til den grad at prinsesse Ingeborg seinere bemerket: "Jag hadde vel lika väl kunnat ligga på Gustav Adolfs Torg." Isaksen 2003:26
XOXO
PS. Eg anbefale ikkje biografien for nybegynnere innan kongelig slektskap. DS.