Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Irene Nemirovsky. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Irene Nemirovsky. Vis alle innlegg

lørdag 19. september 2015

Bokhyllelesing 2015: "David Golder" (#7)

Forfatter: Irène Némirovsky (1903-1942)
Utgitt: 1929
Min utgåve: 2009
Oversetter: Kjell Olaf Jensen
Format: Innbundet, 189 sider
Forlag: Arneberg
Mål/utfordringar: Bokhyllelesing, Back to the Classics, Off the shelf

Den jødiske forfatteren Irène Némirovsky hadde eit liv som er ein roman verdig, og med debutromanen David Golder har eg slått fleire fluer i ein smekk. Heddas bokhyllelesing har denne veka 'opprinneleg på fransk' som tema, og av det eg kan forstå vart David Golder utgitt på fransk første gongen. I tillegg til bokhyllelesinga har eg lest denne i forbindelse med Back to the Classics-utfordringa i kategorien Forgotten Classic (klassikere med under 1000 ratings på Goodreads) og har nå kun 2 kategorier igjen.

David Golder går føre seg på slutten av 20-talet i blant anna Frankrike. Finansmannen som gir namn til romanen er ein kynisk og pengegrisk mann som skyr ingen midler for å få viljen sin. Då helsa svikter og familien forlater ham ser han ingen årsak til å stoppe sin søken etter penger. Kor lenge kan han halde på før kroppen svikter totalt?

Eg har tidlegare lest Storm i juni av Némirovsky, og det frista til meir av forfatteren. Det er ei god stund sidan, men eg har fleire bøker i bokhylla som skal leses. David Golder er ein imponerande debutroman. Den er velskrevet, drivande og til tider morsom. Némirovsky har god kontroll på språket, og eit meget godt persongalleri i David Golder. I tillegg til finansmannen treffer me kompanjongen hans Marcus, vennen Soifer, kona Gloria, dottera Joyce og fleire advokater. Vennen Soifer har fått ein meget humoristisk karakteristikk:
Dessuten var han så gjerrig at at det grenset til galskap. Han bodde i en tarvelig leilighet som han leide møblert, i en mørk bakgate i Passy. Han hadde aldri satt seg i en drosje, selv om ikke en venn hadde tilbudt seg å betale den. "Jeg vil ikke legge meg til luksusvaner som jeg ikke har råd til," sa han. Han kunne stå i timevis og vente på bussen i regnet om vinteren, fordi han lot den ene bussen etter den andre kjøre forbi hvis kupeen på annen klasse var full. I hele sitt liv hadde han gått på tærne for å få skoene til å vare lenger. I de siste årene hadde han, ettersom han hadde mistet alle tennene, bare spist grøt og moste grønnsaker for å slippe utgiften til et gebiss. 
Og det er meir, men dykk forstår teikninga.

David Golder er ikkje ein lang roman, men to dagar etter ferdiglesing sitter den i. Det skal ikkje vera nødvendig å ofre alt for penger og makt. Gjer du det har du til slutt ingenting igjen. Romanen er truleg den mest kjente av dei som vart gitt ut i Némirovskys levetid, tidlegare nemnte roman Storm i juni vart gitt ut 60 år etter hennar død. Eg har ikkje mindre enn fire uleste Némirovsky-romanar i bokhylla og eg gler meg. Til slutt ein kort smakebit:
Det hvite håret sank langt ned under lampen. Før i tiden hadde det vært rødt. I tinningene og nakken var det fremdeles en rest av gnistrende glød, som en halvkvalt flamme under asken. 
Anbefales!

XOXO

Les gjerne og Rose-Maries anmeldelse. (ekstern lenke)

søndag 24. februar 2013

Lesesirkelbok: "Storm i juni"

Forfatter: Irene Nemirovsky
Originaltittel: Suite Francaise
Utgitt: 2004
Min utgåve: 2006
Oversetter: Kjell Olaf Jensen
Format: Heftet, 507 sider
Forlag. Arneberg
Mål/utfordringer: 1001 bøker, Off the shelf

I dette tilfellet er det ikkje romanen i seg sjølv som er det mest interessante, det er snarere livet til den ukrainskfødde forfatteren Irene Nemirovsky. Då andre verdskrig braut ut var ho ei av Frankrikes mest kjente forfattere, men på grunn av sin jødiske herkomst vart det vanskeleg å sleppe unna den tyske invasjonen. Hausten 1942 vart ho arrestert og deportert til Auschwitz og drept i gasskammerne. Etter ektemannens same skjebne levde døtrene på flukt med barnepiken, og ein av tinga dei hadde med seg var ein koffert med familiepapirer, fotografier og eit manuskript. Mange år seinare klarte døtrene å sjå på manuskriptet, og det dei trodde var moras dagboksnotater viste seg å vera eit mesterverk.

Det var meininga at verket skulle bestå av fem deler, men Nemirovsky rakk bare å skrive ferdig to, Storm i juni og Dolce. I Nemirovskys eigne notater i slutten av denne boka kjem det fram at dei siste tre delene skulle ha titlane Fangenskap, Kamper og Freden. Dei to delene foregår mellom juni 1940 og juli 1941, då tyskerne invaderte Paris.

Første del, Storm i juni, beskriver parisernes flukt frå dei tyske troppene. Andre del, Dolce, handler om livet på den franske landsbygda under okkupasjonen. Irene Nemirovsky er ikkje så opptatt av krigen, ho er meir opptatt av menneskeskjebner. Ho legger ikkje skjul på sin forakt for de høgare klasser, som bekymrer seg meir for sølvtøy, broderier og møbler, enn for sine medborgere som sulter i hjel langs vegene. Det som er mest interessant med romanen er det forfatteren ikkje veit. Nemirovsky har ingen anelse om kva krigen fører til, og kva det fører til for ho.


Som regel er romaner frå andre verdskrig skrevet etter krigens slutt, og då har forfatteren og opplevd slutten. I dette tilfellet er det merkelig å lese om okkupasjonen og plutselig er romanen slutt fordi forfatteren sjølv døydde som følge av krigen. Romanen er spesiell på grunn av forfatterens manglande informasjon om krigen i ettertid, og forfatterens eigen tragiske skjebne. Eg finner romanen vanskelig å lese fordi den ikkje er ferdig, og eg venter på eit høgdepunkt som aldri kjem. Kanskje hadde det kommet viss romanen hadde blitt ferdigskrevet? Likevel er det ei viktig bok å lese fordi Nemirovsky var på rett sted til rett tid, og visste å bruke sine skrivegaver.

Boka inneheld i slutten Nemirovskys eigne notater og korrespondanse, og eit sted står det om tankane for dei resterande delene:
La oss altså si det slik: Storm 80 sider, Dolce 60 sider, Fangenskap 100 sider, De to andre 50 sider. 390, la oss si 400 sider, ganget med 4. Herregud! Det blir 1600 maskinskrevne sider! Well, well, if I live in it! Vel, hvis de som har lovet det, kommer 14. juli, blir det blant annet to deler - eller i hvert fall en del mindre.
13. juli vart Irene Nemirovsky tatt til fange, og mesterverket vart ståande igjen med kun to deler. Romanen vart tilføyd på 1001-lista i 2008, men eg syns ikkje at den er blant bøkene ein må lese før ein dør. Det hadde vore ein heilt anna sak om romanen var ferdigskrevet.

Kikk gjerne innom Lines bibliotek for fleire omtaler av februars lesesirkelbok!

XOXO