Utgitt: 2016
Format: Lydbok, 9t39min, lest av John Keating (papirboka har 336 sider)
Forlag: Scribner UK
Den britiske forfatteren Ian McGuire er fødd og oppvokst i East Yorkshire, har studert i Manchester og Virginia, USA, og var med på bygge opp ein avdeling for New Writing på universitetet i Manchester. Han har eit par romaner og noveller på samvittigheten, og med The North Water har Ian McGuire debutert på Booker-listene.
The North Water går føre seg på 1800-talet ombord på ein kvalfangerbåt i nærleiken av den arktiske sirkel. Personene på skipet er mange og ulike, med eks-kirurgen Patrick Sumner som den mest sympatiske. Harpunmesteren og blodtørstige Henry Drax er i andre enden av skalaen, og dei to er sjelden, om aldri, samde om noko. Med bare menn ombord blir språket rått, handlingane til tider grusomme og med minst ein morder om bord er det klart for ein heisatur i Ian McGuires univers.
Når du har bestemt deg for å få med deg dei fleste av bøkene på longlist så seier det seg sjølv at timane strekker ikkje til i kvardagen. Heldigvis er er glad i lydbok, og denne var tilgjengeleg i Audible. Nesten 10t seinare har eg ingen anelse om kva eg har høyrt! John Keating var ein behageleg opplesar og han passa til stemninga i boka, men eg passa ikkje til denne boka. Eg ser at den har fått gode omtaler på Goodreads, men av dei ukjente så er det flest menn som liker den. Samanlikningar med Herman Melville, Jack London og Cormac McCarthy er vel og bra, men det betrer ikkje mitt inntrykk av at denne manne-boka (som eg vel å kalle den) blir for rå og brutal for meg. Det betyr ikkje at den er dårleg, men den passer simpelthen ikkje for meg. Hadde eg fått meir ut av den om eg hadde lest den i papir/kindle? Mogleg, men det har eg ikkje motivasjon til å finne ut.XOXO
