Forfatter: Unni Lindell
Utgitt: 2000
Format: Ebok, 347 sider
Forlag: Aschehoug
Mål/utfordringar: Krim, nye forfattere
Unni Lindell har funnet oppskriften. Med tredje bok om Cato Isaksen, Sørgekåpen, er min begeistring total. Seinare denne månaden kjem tiende bok om politietterforskeren ut, men før den blir lest skal eg lese dei andre bøkene i serien. I denne omgang har Lindell klart kunstykket å hoppe etter ei vinnarbok.
Problemene frå Drømmefangeren har lagt seg. Familielivet til Isaksen har roa seg, og det er eit nytt år. I byrjinga av januar blir Cato Isaksen ringt etter i forbindelse med ein drapssak. Den drepte er ei ung kvinne som bur aleine i Oslo. Det viser seg at kvinna har ein valdeleg eksmann og ein liten son som bur hjå foreldra hennar. I byrjinga av etterforskinga flyter ting veldig greit, og eksmannen blir etter om og men kalt inn på teppet. Etterkvart viser det seg at saken er meir komplisert enn først antatt. Den drepte har ein forhistorie med venner i barndommen, historier som ikkje nødvendigvis er så rosenrøde. Tida går, og nye momenter dukker ikkje opp, før det plutseleg eskalerer i stor fart. Nå gjelder det å få farten opp for Cato Isaksen og teamet før det er for seint!
Sørgekåpen byrja eg så smått på på eit hotellrom i Trondheim, også vart den liggjande på ebokbib-appen då Booker-bøkene sneik seg fram i køen. Med ca 200 sider lest på ein dag seier det seg sjølv at boka er drivande fortalt, og det er ein sidevender utan sidestykke. Når forfatteren i tillegg lar lesaren vita meir enn politiet gjer så sitter du til slutt på nåler, og ber politiet tynt om å skunde seg. Dette med tid er og verdt å nemne. I dei nyare kriminalbøkene går det ofte veldig fort. Det kan ta ei veke frå drapet er begått til gjerningsmannen er fakka, bevis og diverse blir fort behandla, og det verker som om politiet har alle moglege hjelpemidler. I Unni Lindells tre første kriminalromaner kan det fort ta eit halvt år før gjerningsmannen er identifisert, og det er litt deilig å lese. Om det kjem til å gå fortare i dei neste bøkene om Cato Isaksen er uvisst, men eg er ennå ikkje ferdig med denne mannen. Anbefales!
XOXO
Søk i denne bloggen
Viser innlegg med etiketten Unni Lindell. Vis alle innlegg

lørdag 2. august 2014
tirsdag 8. juli 2014
Bøker: "Slangebæreren" og "Drømmefangeren" (Cato Isaksen #1&2)
Forfatter: Unni Lindell
Utgitt: 1996 og 1999
Format: Ebok frå Ebokbib, 408 og 393 sider
Forlag: Aschehoug
Mål/utfordringar: Krim, Nye forfattere
Unni Lindell er eit forholdsvis nytt forfatterskap for meg. Eg har aldri hatt interesse for å lese om politimannen Cato Isaksen før eg var til stade ved eit intervju med Unni Lindell i mars på krimfestivalen. Då annonserte ho at det kjem ny bok om Cato Isaksen i august, og då er det akkurat som om noko sa klikk og eg bestemte meg for å lese flest mogleg av bøkene hennar før den nye kjem ut. Det å lese 9 bøker skal ikkje by på så store problem når fleire av dei er tilgjengeleg via ebokbib, men så har eg 50 andre bøker eg heller vil lese, og med Booker-prisens longlist midt oppi det heile så kan det ta si tid. Nå har eg hvertfall lest to av dei.
I første bok om Cato Isaksen, Slangebæreren, treffer me politimannen som nyleg har gått frå kona Beate og guttane Gard og Vetle, og flytta inn med Sigrid og deira gutt Georg. Cato har det ikkje så godt med seg sjølv, og han har ofte dårleg samvittighet for guttane. Som politimann har Isaksen ofte lange dager på jobb, og når ein seriemorder går laus i Oslos gater blir ikkje jobbsituasjonen betre. Dei to kvinnene i hans liv er ikkje innstilte på livet med ein politimann, og det skjærer seg ofte. Kampen mot klokka er knapp, og då teamet endeleg finner ut kven som går med kniv, er det nesten for seint, til og med for Catos eigen familie.
I andre bok, Drømmefangeren, er det gått tre år. Cato har flytta inn til Beate igjen, og Sigrid har fått ny mann. Graset var tydelegvis ikkje grønare på andre sida av gjerdet. Boka starter med eit mord, og følgjer opp med eit intenst kappløp mot ein mann som spionerer på ein leilighet med unge jenter. Samtidig sliter Cato på heimebane med eldstesonens tillit og utprøving av narkotika, og samvittigheten overfor Georg.
Første bok var tung å kome gjennom. Eg syns Cato Isaksen var ein dust i familielivet, og akkurat med denne etterforskeren så forstår eg kvifor andre krimromanhelter ikkje har familie. Eg liker veldig godt å lese om utviklinga i persongalleriet, men det var nummeret før denne ikkje vart avslutta på skikkelig vis. Det er enkelte karakterer som eg oppfatta som veldig sytete, og det irriterer. Det tar seg opp i andre bok noko som og er årsaken til at Unni Lindell mottok Rivertonprisen 1999 for Drømmefangeren. Det er ikkje fyrste gongen at andreboka i ein krimserie mottar priser. Andreboka flyter betre, og saken er meir spennande. Bøkene har ein del psykologi i seg, og ein blir dratt inn i tankane til både Isaksen og gjerningsmenn. Grei sommarlesing!

Abonner på:
Innlegg (Atom)