Forfatter: Astrid Lindgren (1907-2002) og Sara Schwardt
Utgitt: 2012
Min utgåve: 2015
Format: Innbundet, oversatt av Bodil Engen, 205 sider
Forlag: Heinesen
I løpet av sin forfatterkarriere mottok Astrid Lindgren uhorvelige mengder med brev av barn frå heile verda, og det var umogleg å svare alle på ein ordentlig måte. Astrid Lindgren var likevel urokkeleg på at alle skulle få eit svar, og fekk lagt til svarkort som vart sendt ut i hopetall. 2015 blir av mange kalt Astrid Lindgren-året då det blir gitt ut norskoversatt biografi til hausten, krigsdagbøkene har kome ut (hjå meg venter den på å bli lest), nye oversettelser av Pippi er på gang, og Lindgren-forsker Agnes-Margrethe Bjorvand ved Universitetet i Agder vart gledeleg overraska over denne boka.
Brevene dine legger jeg under madrassen er ei samling brev som den unge Sara Ingeborg Ljungcrantz, gift Schwardt, og Astrid Lindgren skreiv til kvarandre i ein periode på 30 år. Brevvekslinga starta med Sara Ljungcrantz' brev til Astrid Lindgren der ho skriver kor skuffa ho er over Pippi-filmane og at ho kunne gjort det mykje betre sjølv. Svarbrevet vart imidlertid skylt ner i do, men dei fortset å skrive til kvarandre.
Sara Ljungcrantz har det ikkje lett i livet, og Lindgren blir interessert i den unge jentas tilværelse. I løpet av brevvekslinga fortel Ljungcrantz om det dårlege forholdet til faren, om åra hjå mormor på landet, og om bibelskole og det å bli frelst. Lindgren fortel om livet med barn og barnebarn, om bøker ho skriver (Brødrene Løvehjerte og Ronja Røverdatter blir nemnt i brevene), og om livet generelt.
På sine knappe 200 sider fins det ein sterk historie og eit ynskje om eit betre liv. Det er ei bok som var uventa, men meget godt mottatt, og den gjer meg eit meir jordnært bilete av forfatteren Astrid Lindgren. Anbefales!
XOXO
Intervju med Bjorvand og Schwardt frå april-15 HER! (NRK Nett-TV)
Søk i denne bloggen
Viser innlegg med etiketten Heinesen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Heinesen. Vis alle innlegg
tirsdag 14. juli 2015
fredag 19. juli 2013
Bok: "Sommerboken"
Forfatter: Tove Jansson (1914-2001)
Originaltittel: Sommarboken
Utgitt: 1972
Denne utgåva: 2012
Oversetter: William Heinesen
Format: Heftet, 187 sider
Forlag: Heinesen
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Off the shelf
Eg har sett utallige teiknefilmar med Mummitrollet som hovudperson. Sommerboken vart skrevet etter at Tove Jansson gjorde suksess med Mummi-universet i bokform, og eg hadde aldri høyrt om boka før den dukka opp på 1001-lista.
Originaltittel: Sommarboken
Utgitt: 1972
Denne utgåva: 2012
Oversetter: William Heinesen
Format: Heftet, 187 sider
Forlag: Heinesen
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Off the shelf
Eg har sett utallige teiknefilmar med Mummitrollet som hovudperson. Sommerboken vart skrevet etter at Tove Jansson gjorde suksess med Mummi-universet i bokform, og eg hadde aldri høyrt om boka før den dukka opp på 1001-lista.
Sommerboken handler om Sophia som tilbringer somrene på ei øy i den finske skjærgården saman med pappa og farmor. Kvart kapittel har sitt eige namn etter kva det handler om; til dømes bading, pappas slåbrok, stormen eller nye naboer. Det er mykje usagt mellom linjene, men først og fremst handler romanen om forholdet mellom ei meget gammal dame og ei meget unge jenta som utforsker øya og lærer av kvarandre.
Du kan tro hva du vil, men du må lære deg toleranse. Og hva er det, da? spurte barnet mutt. Det er å respektere andres meninger. Og hva er å respektere? ropte Sophia og trampet i bakken. Å la andre tro det de vil! ropte farmoren. Jeg lar deg tro på fanden, og du lar meg la være.
Romanen kan lesas på to måter. Anten samanhengande, eller som noveller. Eg las den frå perm til perm, og merka meg at historiane går nok over fleire år. Sommar varer tross alt ikkje i evigheter, så heile romanen får nok ikkje plass i ein sommar. Tove Nilsen har skrevet forordet, og det er interessant å lesa før du les sjølve romanen. Ho er frå seg av begeistring, og unner nye lesere å oppdage denne skatten av ei bok. Sommerboken er ei finurleg bok, og blir nok ståande som ein moderne klassiker. Den anbefales varmt!
Det er rart med meg, sa Sophia. Jeg føler meg alltid så snill og god når det stormer.XOXO
Abonner på:
Innlegg (Atom)


