Forfatter: Han Kang (f. 1970)Originaltittel: Ch'aesikjuuija, oversatt frå koreansk ved Deborah Smith
Utgitt: 2007
Min utgåve: 2015
Format: Kindle, 192 sider
Forlag: Portobello Books
Den sørkoreanske forfatteren Han Kang er ein ny forfatter for meg, men eg trur ikkje det blir siste gong eg les noko av ho. Kang er fødd og oppvokst i Sør-Korea og har vunne nokre priser for sine bøker. The Vegetarian er den første som er oversatt til engelsk, og romanen Human Acts vart oversatt til engelsk tidlegare dette året. Til dagleg underviser Han Kang ved ein kunstskole i Seoul.
The Vegetarian består av tre deler, The Vegetarian, Mongolian Mark og Flaming Trees. I utgangspunktet vart romanen publisert som tre separate novelletter då den kom ut på koreansk. I 2007 vart den publisert som ein heilhet. I romanen møter me Yeong-hye som bur i lag med mannen sin som er kontorist. Dei lever eit heilt ordinært liv til Yeong-hye ei natt drøymer stygt, og bestemmer seg for å slutte med kjøttmat. Mannen hennar er tilbøyeleg nok til å akseptere det når han eter heime, og Yeong-hye har ingenting imot at han eter det på jobb eller restaurant. Då heile familien feirer innvielsen av den nye leiligheten til Yeong-hyes storesøster, In-hye, blir faren til søstrene så sint for at dottera ikkje eter kjøtt at han tvinger ein kjøttbit i munnen på ho. Denne spytter ho resolutt ut, tar ein kniv og kutter pulsåra på den eine armen. I andre del er det mannen til In-hye som er forteljarstemmen, og han begynner med at svogeren har forlatt Yeong-hye etter besøket hennar på eit psykiatrisk sjukehus. Då kona hans, In-hye forteller om fødselsmerket til Yeong-hye blir han meget nysgjerrig og som den kunstnaren han er (og med stadig nye idéar) maler og filmer han svigerinna. Forholdet dei imellom er dømt til å mislukkas, og prosjektet ender med nytt psykiatrisk opphald og skilsmisse. I tredje del er det In-hye som forteljer om ei lillesøster på sjukehus, om livet som aleinemor, og samtidig går ho bakover i tid og mimrer om korleis livet var før. Oppførselen til lillesøstra har endra seg drastisk sidan ho vart vegetarianer, og In-hye er aleine om å besøke ho då resten av familien ikkje vil sjå Yeong-hye.

The Vegetarian er ein nydeleg roman med flotte setningar og nydelege avsnitt. Den viser eit moderne Sør-Korea med In-hye som innehaver av ein kosmetikkbutikk, og samtidig er det ein roman om besettelse, val, og om motstanden ein kan ha for andres val. Eg likte best første og tredje del; andre del vart farga av min motstand mot In-hyes ektemann som eg ikkje kunne forstå hadde gifta seg i utgangspunktet då han aldri var heime. Slutten er gripande då storesøster gjer alt for å få lillesøster til å ete, og det kan ikkje ha vore enkelt. Ved eit tilfelle spør Yeong-hye In-hye:
Why, is it such a bad thing to die?Boka anbefales!
XOXO
