Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Vintage Digital. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Vintage Digital. Vis alle innlegg

søndag 28. juli 2019

Booker-longlist: "Frankissstein" av Jeanette Winterson

Den britiske forfatteren Jeanette Winterson (f. 1959) er ein kjent forfatter med både romaner og sakprosa på merittlista. Med den nyaste romanen, Frankissstein, har Winterson debutert på Booker-lista, men fire av bøkene hennar er på 1001 bøker.

Frankissstein er ein roman med tre ulike historier. Ved Lake Geneva er Mary Shelley (forfatteren av Frankenstein) inspirert til å skrive ein historie om ein forsker som lager ein ny måte å leve på. I Brexit-Storbritannia held ein ung transkjønna lege og hans professorvenn på med litt suspekte eksperimenter i ein undergrunnstunnel. I Phoenix, Arizona har ein ung mann nettopp blitt skilt og flytta inn igjen til si mor der han ser på mulighetene for å skaffe seg ein formue ved salg av den nye generasjonen sex-dokker. Og med dette er historien satt. Jeanette Winterson skaper eit bilete av korleis verda kan sjå ut når mennesket ikkje lenger er dei smartaste, og kor mykje nærmare me er denne verda.

Eg er ikkje fan av Frankenstein i utgangspunktet, men det er ingen unnskyldning for å ikkje like denne romanen. Den har mykje humor og morsomme situasjoner, men den er ingen innertier for lydbok då den har fleire historier. Dei har likevel gjort eit sjakktrekk ved å ha tre ulike innlesere, men eg blander litt innimellom. Eg liker best historien om Mary Shelley (noko som får meg til å søke opp biografier om Mary Shelley), men eg kjenner meg litt for konservativ for sexdokker og suspekte eksperimenter. Eg får likevel lyst til å lese meir av Jeanette Winterson.

Eg blir ikkje enig med meg sjølv om eg vil ha denne videre på kortlista for om eg ikkje syns om boka betyr ikkje det at boka er dårleg. Andre som leser Booker-bøker må lese denne fortløpande for eg trenger synspunkter.

XOXO

| Utgitt: 2019 | Format: Lydbok, 7t10min22sek, lest av John Sackville, Perdita Weeks og Harrison Knights | Forlag: Jonathan Cape (papir), Vintage digital (lyd) |

tirsdag 28. juli 2015

Booker-longlist: "The Green Road"

Forfatter: Anne Enright (f. 1962)
Utgitt: 2015
Forlag: Vintage Digital
Anna: Kjøpt ebok, 312 sider

Den irske forfatteren Anne Enright mottok i 2007 Man Booker Prize for The Gathering. Den boka las eg fem år seinare, og den dag i dag har eg eit horn i sida til Enright. Eg likte ikkje boka i det heile tatt, men eg byrjer å lure på om det kan vera den norske oversettinga det er noko gale med. Anne Enright skriver både romaner og noveller, og er publisert i begge sjangre.

The Green Road handler om ein syskenflokk på fire som alle har forlatt opphavet sitt for å søke lukka andre stader av verda. Dei har alle sine problem, men då mora, Rosaleen, skriver i julekorta til barna sine at ho skal selgje huset blir dei tvungne til å kome heim for å feire jul.

Romanen er delt inn i to deler: Leaving og Coming Home. I første del har syskena og mora kvar sitt kapittel, Hanna, Dan, Constance, Emmet og Rosaleen, men årstala er ikkje dei same. Det spenner seg frå 1980 til 2005, og fortel i brokker om hovudpersonen og små drypp om kva dei andre syskena gjer. I første del får me høyre om Hannas liv då ho blir med faren til farmora, om då Dan vil bli prest og om då ho besøker Dan på college i Galway. Elleve år seinare treffer me Dan i New York der han har budd nokre år saman med kjærasten Isabelle. I løpet av eit ferieopphald har han eit homofilt forhold til Billy. Seks år seinare er den eldste av syskena, Constance, på sjukehuset for å finne ut om ho har brystkreft. Ho mimrer tilbake til ungpikedagene då ho sparte for å flytte til Amerika med venninnene, men endte i staden opp som gift husmor med tre unger. Fem år seinare treffer me Emmet i Mali der ha sannsynligvis arbeider som lege. Tre år seinare skriver Rosaleen julekort med annonseringa om at ho vil selgje huset. I andre del er ungane på veg heim for å feire jul, og med fire veldig ulike sysken under same tak oppstår det litt av kvart. Samtaleemner går i taket, og det heile kulminerer i at Rosaleen forlater huset utan å seie frå til nokon. Etter nokre nervepirrande timar med søk etter ho blir ho funnet, huset blir solgt og alle er lukkelege. Eller?

Anne Enright skriver bra i denne romanen, eg har nesten gitt opp det hornet i sida. Likevel er det noko som skurrer. Eg syns det mangler noko på slutten, den er litt for open for min del. Kva kjem til å skje med Rosaleen og barna. Blir dei lukkelege og kan snakke med kvarandre på eit normalt vis, eller vil dei alltid leve i kvar sitt område av verda? Den dysfunksjonelle familien er eit emne mange forfattere har skrevet om, og det ser ikkje ut til å gå tomt. Alt i alt er det ein god roman, og om den kjem på longlist i morgon så jubler eg av fleire årsaker.

XOXO

Andre anmeldelser: Ann Helen, Linn og Stine.

onsdag 12. november 2014

Bok: "The Search Warrant"

Forfatter: Patrick Modiano (f. 1945)
Originaltittel: Dora Bruder
Utgitt: 1997
Min utgåve: 2012
Oversetter (frå fransk til engelsk): Joanna Kilmartin
Format: Ebok, 137 sider
Forlag: Vintage Digital
Mål/utfordringer: Nye forfattere

Om ein månad blir Nobelprisane delt ut, og i går las eg ferdig mi første bok av årets Nobelprismottaker i litteratur. Då det vart kjent at det var franskmannen Modiano som mottar prisen var The Search Warrant den einaste boka Amazon hadde i sitt Kindleutval. Idag er ikkje boka lenger tilgjengelig til Kindle, men Cappelen Damm held på med fleire utgivelser i forbindelse med prisen.

The Search Warrant er ei lita flis av ei bok, og handler om ein avisartikkel. Bokas hovudperson finn ei etterlysning i ei avis frå 1941 om ei ung jente som er sakna frå ein kostskule. Nå kunne dette skjedd i dag og, men Paris i 1941 var midt under okkupasjonstida og Dora Bruder kom frå ein jødisk familie. Etterkvart finn hovudpersonen ei liste over franske jøder sendt til Auschwitz, men han prøver og i det lengste å gå i fotspora til unge frøken Bruder 20 år etter at ho forsvant.

Eg har lest eit sted at bøkene til Modiano handler om andre verdskrig i ulike settinger, og denne boka er intet unntak. Eg er godt fornøgd med første Modiano-bok, det er akkurat så lågmælt og langsomt som eg trengte akkurat nå. I tillegg er språket meget bra, og Modiano kan skrive. Gler meg til fleire Modiano-bøker!

XOXO