Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Lydbokforlaget. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lydbokforlaget. Vis alle innlegg

tirsdag 27. mars 2018

Bok: "Erik Bye"

Forfatter: Asbjørn Bakke (f. 1961)
Utgitt: 2017
Format: Lydbok lest av Dennis Storhøi, 22t43min31sek
Forlag: Lydbokforlaget

Asbjørn Bakke er vaktsjef i Aftenposten og har i over 30 år vore ein av Noregs dyktigste og mest profilerte rockkritikere, blant anna som redaktør i musikkavisa Nye Takter på 1980-talet. Han har gitt ut sjølv og vore medforfatter på bøker om rockhistorien, og kom i fjor ut med biografien om Erik Bye. I bokas takk frå forfatteren vart det avslørt at han har haldt på denne boka i sju år, og det sier litt om kor mykje stoff det fins om Erik Bye.

Erik Bye er eit namn og ein mann som eg ikkje er så kjent med. Eg er hakket for ung til å ha opplevd han både i radio og TV, men eg har høyrt mine foreldre snakke om han både før og etter han døydde. Erik Bye vart fødd i Brooklyn i USA på slutten av 20-talet, og hans far var operasanger Erik Ole Bye. Seinare flytta familien til Noreg, og foreldra opna pensjonat. Erik Bye hadde utferdstrang og reiste til USA etter krigen. Etter fleire år kom han heim, men faren såg han aldri igjen. Operasangeren døydde før sonen rakk heim. Bye har gjort mykje i det norske samfunnet og baksideteksten på lydboka lister opp hans mange sider: "programlederen, journalisten, visesangeren, dikteren, samfunnsrefseren, eventyreren og medmennesket" og då århundrets nordmann vart kåra på NRK i 2005 vart Erik Bye kun slått av kong Olav V og Einar Gerhardsen. 

Då eg såg boka første gong i bokhandelen i fjor var det ikkje umiddelbar glede for det var ikkje snakk om at eg skulle gje meg i kast med den 528 siders tjukke boka om ein mann eg såvidt visste kva hadde gjort. For eit par veker sidan fant eg lydboka utstilt på biblioteket, og den vart med heim. Til tider har eg irritert meg grønn over den unge Erik Bye som på sin USA-farting verken hadde orden på penger eller utdannelse. Eg har humra og ledd meg gjennom store deler av boka, og har dei siste dagane høyrt mange timer for å faktisk bli ferdig. I dag var dagen, og mot slutten rant tårene. Eg har det siste året etter min farfars død hatt lettere for å ta til tårene, og i dag fekk dei renne fritt då Erik Byes liv ebba ut i oktober 2004. Det kan ikkje ha vore lett for Tove Billington Bye å vere gift med Erik Bye, men at kjærleiken stod høgast er det ingen tvil om.

Erik Bye er ein meget velskrevet biografi om giganten, og i skrivande stund høyrer eg hans siste plate Støv og stjerner og kan sjå føre meg korleis den vart spilt inn i Byes eiga stove i Asker. Dokumentarfilmen Giganten (2005) har eg bestilt på biblioteket, og ser fram til å sjå den. Til slutt må eg skrive noko om Dennis Storhøi. Hadde det ikkje vore for at det er han som har lest inn boka er det ikkje sikkert den hadde blitt høyrt. Storhøi leser med bravur, og frå nå av burde han lese alle bøker som eg elles finner keisame. Eg har eit par titler som han godt kunne lest framfor andre, men eg skal la ver å skrive det her. Erik Bye anbefales varmt!

XOXO

lørdag 14. mai 2016

Bokhyllelesing #3/1001 bøker/Nobelprisvinner: "Kristin Lavransdatter"


Forfatter: Sigrid Undset (1882-1949)
Utgitt: 1920-1922
Min utgåve: Innspelt 1991, gitt ut 2002 (#1), innspelt 1992, gitt ut 2005 (#2), innspelt 1992, gitt ut 2005 (#3)
Format: Lånt CD-lydbok, 12t20min27sek (#1), 17t54min34sek (#2), 18t33min5sek (#3), lest av Rut Tellefsen
Forlag: Lydbokforlaget

Den norske forfatteren Sigrid Undset vart fødd i Danmark, og flytta til Noreg som to-åring. Ho mista faren i tidleg alder, og vart etterkvart nødt til å forsørge mora og dei yngre søskena. Samlivet med maleren Anders Svarstad var turbulent, og endte til slutt i skilsmisse. I 1924 konverterte Sigrid Undset til katolisisme. Då andre verdskrig braut ut flykta Undset til Sverige på grunn av hennar motforestilling til Nazi-Tyskland, men returnerte til Noreg i 1945. I dag er heimen til Undset, Bjerkebæk på Lillehammer, ein ynda severdighet å besøke for turister. Undsets hovudverk, Kristin Lavransdatter, er oversatt til 80 språk og er ei av ei mest leste bøkene i verda.

Kransen er første bok i trilogien om Kristin Lavransdatter. Den skildrer Kristins oppvekst og ungdom, og det spesielt nære forholdet til faren Lavrans. Som skikken var blir ho i ung alder trulova med sonen på nabogården, ikkje nødvendigvis fordi dei kjem til å like kvarandre, men fordi jordene ligger så tett inntil kvarandre. Kristin blir hakket meir sta ettersom ho blir eldre, og klarer å innfri eit år i kloster før giftermålet med Simon Darre. Ved ein tilfeldighet og eit møte med røvere møter ho adelsmannen Erlend Nikolaussøn og faller hodestups for den nesten 30 år gamle mannen. Erlend har sine svin på skogen, men det er aldri tvil i hennar hjarte om at det er han ho vil ha. Kristin trasser seg til oppheving av forlovelsen med Simon, og etter mykje om og men får ho Erlend til slutt. Kransen inneheld og lange samtaler mellom foreldra til Kristin, og forventningane dei hadde til livet og ekteskapet før det vart dei to. Det er ein omfattande roman, og Sigrid Undset gjorde meget god research i si tid.
Min engelske Penguin-
utgåve

Husfrue er andre bok i trilogien, Kristin har blitt frue på Husaby, er gravid og i løpet av romanen får ho og Erlend sju gutar. Prevensjon var tydelegvis ikkje oppfunnet ;-) Kristin og Erlend er veldig ulike, og har ofte høglytte diskusjonar om alt mellom himmel og jord. Erlend blir etterkvart meir opptatt av ulike reiser og tingmøter, og Kristin sit ofte aleine på Husaby (så aleine ein kan vere med tenestefolk og ammekoner). Eg fant boka langdryg og hadde aldri kome gjennom i papirform, det skal eg vere så ærleg å innrømme. Skildringane av kjærleik og livet generelt er gammeldagse, men likevel flotte å høyre. Slik var faktisk mitt Noreg ein gong i tida sjølv om det for meg i dag framstår som litt på trynet. Slutten er noko av det beste eg har høyrt på lang tid, og den beviser at uansett kor usamde eit ektepar kan vera så held dei fast på kvarandre, muligens meir fast enn dei ville gjort om det hadde vore 2016.

Korset er tredje bok i trilogien og religion tar meir og meir plass i historien. Samlivet med Erlend har aldri vore enkelt, og det blir ikkje lettare i denne boka då Kristin og Erlend har ein stor krangel og Erlend flytter ut. Korset ender med Kristins lange veg mot enkestatus via bestemorrolla, sønene går eigne vegar og til slutt blir Kristin tatt opp som leksøster i eit nonnekloster. Striden mellom Kristin og hennar Gud blir til slutt lagt til kvile.

Kristin Lavransdatter er ein meget god roman, men blir nok aldri ein favoritt. Etter eg hadde høyrt ferdig Kransen tenkte eg at den måtte passe godt til tvangslesing, for det var ofte slik eg kjente det då eg skrudde på. Ein heil del ting som er nokonlunde godtatt i dag som barn utanfor ekteskap, korleis ein vel ektemann/hustru og liknande heldt hardt å høyre på for denne moderne damen. Husfrue er enda meir tvangslesematerial enn Kransen då utroskap ender i fengsel og diverse. Korset endte eg opp med å lese ferdig i mi engelske papirbok då eg gjekk grundig lei av Rut Tellefsens stemme. Eg er glad for at eg har lest den, men det blir lenge til neste gong, om det blir ein neste gong.

XOXO

tirsdag 24. juni 2014

Bok: "Klokkene ringer for deg"

Forfatter: Ernest Hemingway (1899-1961)
Originaltittel: For Whom the Bell Tolls
Utgitt: 1940
Min utgåve: 2006
Oversetter: Paul Rene Gauguin
Format: Lydbok lest av Finn Schau, 16t22min23sek
Forlag: Lydbokforlaget
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Back to the Classics

Då eg valde bøker til Back to the Classics-utfordringa i vinter passa eg på at alle bøkene kan kombineras på fleire lister. Ernest Hemingways Klokkene ringer for deg passa fint inn på krigskategorien, og som sagt så gjort. Dette er mi tredje Hemingway-bok, men den klarer ikkje å slå begeistringa mi for The Old Man and the Sea.

Klokkene ringer for deg blir sett på som ein krigsklassiker, og handler om fire dager, lørdag til tysdag, der vår mann Robert Jordan har fått i oppdrag å sprengja ei bru. Jordan er ein ung amerikaner i den spanske borgarkrigen, og brua er eit strategisk knutepunkt for republikanernes offensiv. Robert Jordan møter på sin vandring mot brua ein mann som heiter Pablo, vegvisaren Anselmo, kvinna til Pablo, Pilar, og resten av banden til Pablo. Robert Jordan hadde ingen ynskjer om familie, men då han møter 19-årige Maria endrer han meining. På fire dager skjer det mykje, og historien fortel om lojalitet og mot, kjærleik og svik, og om kor langt ein er villig til å gå for det ein trur på.


Boka frå 1940 kan ikkje måla seg med sistnemnte bok, men det er ei god bok som eg syns har verknad i dag. Robert Jordan er ein mann som er villig til å ta imot hjelp frå Pablo og banden, men han er ikkje dum. Han forstår at han kan ikkje stole heilt på menneska i fjellhula. Boka kan og ses på som ein kjærleikshistorie mellom Robert og Maria, men det var ikkje scenane mellom dei som var best. Til tider vart det litt for mykje av det gode sjølv for ein romantikar som meg. At Hemingway heller ikkje skyr ord av den litt grovare sorten reagerer eg og på. Finn Schau leser meget godt, og gjer at boka hever seg fleire hakk. Anbefales!

XOXO

søndag 26. januar 2014

Bok: "Journal 64" (Avdeling Q #4)

Forfatter. Jussi Adler-Olsen (f. 1950)
Originaltittel: Journal 64
Utgitt: 2010
Min utgåve: 2012
Oversetter: Erik Johannes Krogstad
Format: Lydbok, lest av Helge Winther-Larsen, 15t38min38sek
Forlag: Lydbokforlaget
Mål/utfordringar: Krim

For ein gongs skuld er eg nokonlunde i rute med ein krimserie. Sist det skjedde var med Harry Hole, men om ein ikkje er i rute så har ein alltid ei krimbok å fortsetje med. Journal 64 byrjer der Flaskepost fra P slutter. Sistnemnte fekk avslutte 2013, og då eg var på biblioteket sist tok eg med meg både Journal 64 og Marco-effekten.

Carl Mørck og hans medhjelpere får ein sak frå 1987 i fanget. Den handler om overgrep av dei mest brutale, og kjernen ligger i ei øy som "upassende" kvinner vart sendt til heilt fram til 50-talet. Unge Nete Hermansen vart og sendt dit, og trudde ho unnslapp heilt til fortida innhenter ho. Romanen veksler mellom 1987 og 2010, og fortel historien om Nete Hermansens kamp for eit fullverdig liv.

Carl Mørck trur etterkvart at han har alle korta i stokken, men ideen om "upassende" kvinner lever i beste velgående, og tilhengjarane av ideen er ikkje redde for å ta liv.

Det skal mykje til for å overgå spenningen og intensiteten i Kvinnen i buret, men Journal 64 er bare eit skritt bak. Vekslinga mellom fortid og nåtid fungerer i den grad at den held spenningsnivået oppe, men det var tider då eg funderte svært på hvilket årstall eg var i. Eg vil tru det er lettare med veksling når ein har boka framføre seg, og kan bla seg bakover/framover. Når dette er sagt er det ikkje bare krim i Journal 64, men som med dei andre bøkene i serien ispedd ein god dose humor og latterlige meiningsutvekslingar. Carl og hans team er meget ulike personer, og har alle sine meiningers mot. Nå har eg ei bok igjen i serien foreløpig, og eg er spent på utviklinga til Assad. Får me vite meir om denne mystiske araberen?

Anbefales!

XOXO

torsdag 10. oktober 2013

Bok: "Det annet kinn" (Svend Foyn #3)

Forfatter: Jan Mehlum
Utgitt: 2007
Format: Lydbok, lest av Nicolai Cleve Broch, 7t12min6sek
Forlag: Lydbokforlaget

Per idag har Jan Mehlum tretten romaner om Svend Foyn på samvittigheten. Det annet kinn er den tredje og ifølge Turid Larsen i Dagsavisen befester Jan Mehlum sin etter hvert trygge plass som habil spenningssnekker med den siste romanen (frå omslaget til lydboka). Den andre romanen mottok han Rivertonprisen for, og eg er ikkje ferdig med denne forfatteren.

Tønsberg-advokaten har komt seg etter strabaset i forrige bok, og er nå klar for nye utfordringar. Då han blir oppsøkt av sin tidlegare flamme, Anna Löwe, har ikkje Foyn så veldig lyst til å ta saken. Gunnar Staalesens romankarakter Varg Veum hadde alltid som prinsippsak (så vist eg husker) å ikkje ta saker med forsvunne ektemenn. I Veums tilfelle trenger han penger; Foyn har ikkje det problemet. Foyn tar likevel saken, og skal nå leite opp overlege Sten Löwe. Det vil vise seg at Löwe er ein damemagnet, og eg humra godt då Foyn i sitt stille sinn utbryter:
"Var det min skyld at hun hadde endt opp med lokalutgaven av Casanova?"
Löwe har hatt sine svin på skogen, både her i landet, og lenger ut i Europa. Då Svend Foyn slår seg ihop med politiet kjem det fram at Löwe er ikkje det einaste forsvinningsnummeret i Tønsberg dei siste åra, og heller ikkje det siste. Foyn klarer som alltid å rote seg oppi skumle menn og vakre damer, men lander som regel med beina på bakken.

Korleis ein advokat klarer å rote seg oppi slike saker gong etter gong er eit spørsmål, men det er spennande å fylgje med. Det går til tider i ein heseblesande fart, og det er få kvelder Foyn kan sette seg ned i godstolen med Backe-Gabrielsen og sjakkbrikkene. Det annet kinn er mindre intens enn Kalde hender, men den er ikkje mindre spennande. Nicolai Cleve Broch gjer ein god figur for opplesinga, og eg har ingenting å utsette på han. Anbefales!

XOXO

mandag 9. september 2013

Bok: "Fasandreperne" (Avdeling Q #2)

Forfatter: Jussi Adler-Olsen
Utgitt: 2008
Denne utgåva: 2011
Oversetter: Kirsti Øvergaard
Format: Lydbok, lest av Helge Winther-Larsen, 14t1min25sek
Forlag: Lydbokforlaget

Då eg var ferdig med Avdeling Qs første bok, Kvinnen i buret, var eg ikkje heilt sikker på om eg skulle fortsette med dansk krim. Marianne har langt på veg påverka valet mitt, og eg er verkeleg ikkje typen til å avslutte serier midt i. Neste bok i serien, Flaskepost fra P, har og vunne den prestisjetunge Glassnøkkelen. Det er ein god årsak for å lese vidare.

Fasandreperne fortsetter med Carl Mørck og Assad, men Avdeling Q har utvida ansattlista med ein sekretær, Rose Fagerheim. Ho vart tvunget på Carl, og som alt anna er Carl negativ til nye ting i utgangspunktet. Saken dei held på med i denne boka er eit dobbeltdrap i slutten av 80-åra, men kvifor saken har havna på Carls skrivebord er eit mysterium i seg sjølv. Det er nemleg mindre enn 10 år sidan gjerningsmannen sto fram og fekk sin dom. Då Carl og Assad graver i fortida finner dei ut at alt er ikkje opp- og avgjort. Ei gruppe tidlegare kostskoleelever havner i Carls søkelys, og det søkelyset skyr dei få midler for å få fjerne. Til trass for kostskoleelevanes nitidige opprydding er det posedama Kimmie som sit på avtrekkeren. Kva veit ho? Kan ho øydelegge sine tidlegare venner?

Andreboka er ikkje like intens som førsteboka, og eg satt ikkje på nåler som sist, men det er ein imponerande oppfølger. Jussi Adler-Olsen fortsetter grunnarbeidet han har starta, og med utvidinga av eit nytt menneske på avdelinga humra eg fleire gonger gjennom boka. Dansk krim er eit nytt kapittel for meg, men eg nyter det. Anbefales!

XOXO

mandag 2. september 2013

Bok: "Politi" (Harry Hole #10)

Forfatter: Jo Nesbø
Utgitt: 2013
Format: Lydbok, lest av Helge Winther-Larsen, 17t57min2sek
Forlag: Aschehoug/Lydbokforlaget
Mål/utfordringar: Off the shelf

Då dei første mailane om at "Harry Hole var ikke død" byrja å tikke inn i byrjinga av januar kjøpte eg boka. Mailane fortsatte å tikke inn, og ei stund ynskja eg at det var ei form for filter for like mailer. Har du kjøpt ei bok så kjem det ikkje meir om den boka, men slikt fins ikkje. Ved lanseringsdato i juni fekk eg boka i posten, men eg heiv meg ikkje over den. Faktum er at den har stått lenge i skal-lese-hylla ved senga, og den har ikkje ropt etter meg heller. Den har ikkje bedt om å bli lest, og kanskje den hadde bidratt til at lesetørken hadde gått over ved eit tidlegare tidspunkt. Nærmare to månader stod den i den sjølvsame hylla. Då ein kollega kom tilbake på jobb etter ferien, og skrøt av at ho hadde høyrt den, og eg sa eg ikkje hadde lest den var eg ikkje sein om å be om å få låne lydboka hennar. Som sagt, så gjort! Ei veke tok det, fiks ferdig. Harry Hole var ikke død etter Gjenferd. Takk og pris!

Dei ansatte ved Politihuset har travle tider om dagen. Den mykje omtalte Politislakteren går laus, og det mennesket er det ikkje lett å få has på. I ei seng på eit sjukehus ligger det ein hardt skada mann som langsamt kjem til bevissthet. Og Politihuset mangler sin beste mann. Politi er ei engasjerande bok, det går hurtig for seg, og følgjer du ikkje med så går du glipp av ting. Det er ein fordel å ha litt kunnskap om dei føregåande bøkene, sidan dette faktisk er den tiande i rekkja. Eg er redd for å avsløre noko viss eg skriver meir, så eg vil at du les eller høyrer den. Jo Nesbø har nok ein gong skreve ei drivande god krimbok. Anbefales!

XOXO

onsdag 10. juli 2013

Bok: "Gylne tider" (Svend Foyn #1)

Forfatter: Jan Mehlum
Utgitt: 1996
Denne utgåva: 2008
Format: Lydbok, lest av Ove Christian Owe, 9t5min14sek
Forlag: Lydbokforlaget

Gylne tider er Jan Mehlums debutbok, og me blir kjent med advokaten Svend Foyn frå Tønsberg. Foyn er den klassiske privatdetektiven; drikker litt, har forhold til damer i alle aldre, roter rundt i bakgater og blir banka opp av dei slemme gutta. Han har ei dotter på 9 år som kvar onsdag og annakvar helg prøver å få faren til å ta tran og eta riktig.

I Gylne tider får Svend Foyn sitt første etterforskeroppdrag då ein gammal flamme ringer og ber han om å finna Cecilie. Ho blir funnen død med ein overdose heroin i blodet, og politiet henlegger saken med diagnosen overdosedødsfall. Som alle andre privatetterforskere trur Foyn det ligger noko meir bak enn ein simpel overdose, og etterforsker saken på eiga hand etter at ein slektning av Cecilie tilbyr han påskjønnelse for arbeidet. Foyn snuser rundt hit og dit, treffer på eit par uheldige typer, men finner til slutt ut sanninga.

Krimromanen byr på god underhaldning, men det er omtrent det einaste. Mehlums debutbok er tidvis rotete utan ein bestemt plan. Foyn virrer mellom Tønsberg og Oslo, og tar ein tur til København på jakt. Bonus til Mehlum at det er Tønsberg, og ikkje Oslo, som er hovudbasen, men det er for mykje anna som skurrer til at romanen får toppkarakter. Det er første gongen eg høyrer Ove Christian Owe som leser, og han gjer ein god figur.

XOXO

onsdag 5. juni 2013

Bok: "Et offer til Molok" (Rebecka Martinsson #5)

Forfatter: Åsa Larsson
Originaltittel: Till offer åt Molok
Utgitt: 2012
Denne utgåva: 2013
Format: Lydbok, lest av Nina Woxholtt, 10t12min
Forlag: Lydbokforlaget

Min første innskytelse etter at boka er ferdighøyrt er at denne dama er ikkje riktig vel bevart. Åsa Larsson har ein fanatisk livleg fantasi, og med min til tider meget konservative hjerne blir det for mykje. Den liberale delen av meg derimot krangler med den konservative, og jubler over korleis Åsa Larsson er den einaste krimforfatteren som setter meg til de grader på pinebenken. Eg er av dei ytterst få som kan både høyre ei bok, og lese ei anna på same tid, men igår kveld satt eg bare og lytta. Ingenting anna! Idag satt eg med augene igjen, og bare venta på at slutten skulle koma fordi det er så ulideleg spanande. Den kom sjølvsagt, den velsigna slutten, og svaret på alle mine romantiske draumer kom og.

Et offer til Molok er Åsa Larssons femte kriminalroman om statsadvokaten Rebecka Martinsson. Eg har til tider vore lunken til romanane, men i denne setter Rebecka tydeleg skapet på plass, og eg digger det! Romanen fokuserer på to spesifikke hendingar; drapet på Solbritt i vår nåtid, og drapet på Elina rundt første verdskrig. Rebecka blir hevet på hodet ut av etterforskninga av Solbritts drap, men sta Rebecka forsker på Solbritts bakgrunn. Det viser seg at svært mange av hennar slektningar er blitt brutalt tatt av dage, og den einaste som er igjen er barnebarnet Marcus på sju år.

Forskinga til Rebecka leder ho mot ein tidlegare disponent i Kiruna, Hjalmar Lundbohm. Han er ein slektning av Solbritt, og med det høyrer eit aksjebrev verdt mykje penger. Det er skremmande å vera vitne til kor brutal eit menneske er villig til å vera for å få kloa i penger. Slutten er intens, men Rebecka er ikkje villig til å forlate dei ho er glad i. Det skal lille Marcus vera glad for.

Ulideleg spanande er sagt, men det må og seias at denne dama legger ikkje to fingre i mellom når ho skriver. Du får det rått og brutalt, og viss ikkje Nina Woxholtt rynker ørlite på nasen når ho les så er ho sterkare enn meg. Eg har eit ønske om ein dag å lese inn lydbøker, men Åsa Larsson blir hakket for mykje for meg. Nina Woxholtt har nå lest si andre Larsson-roman for meg, og ho gjer ein utmerka jobb. Ho veit akkurat korleis ho skal ha stemmeleiet, og det er som å sitta ved siden av ho. Anbefales på det varmeste!

XOXO

mandag 6. mai 2013

Bok: "Et rom med utsikt"

Forfatter: E.M. Forster
Utgitt: 1908
Min utgåve: 2011
Oversetter: Kirsti Øvergaard
Format: Lydbok, lest av Bjørn Fougner, 8t17min21sek
Forlag: Penguin Essentials/Lydbokforlaget
Mål/utfordringer: 1001 bøker, off the shelf

Et rom med utsikt handler om unge Lucy Honeychurch som i første del av romanen befinner seg i Firenze, Italia. Ho er på ferie med si eldre kusine og anstand, Charlotte Bartlett, og romanen opner med klaging på rommet dei har fått tildelt på hotellet. Dei var blitt lovt rom med utsikt, men ingen utsikt er i sikte. Klaginga blir overhøyrt av ein anna hotellgjest, Mr. Emerson, som straks tilbyr seg å bytte rommet han og sonen George deler med damenes. Frøken Bartlett ser på dette som uanstendig, og blir ikkje einig med Emerson før ein anna gjest, presten Mr. Beebe, forsikrer frøken Bartlett om at Emerson kun vil bytte for å vera grei. Neste dag går Lucy ein tur i Firenzes gater med forfatterinnen Eleanor Lavish, og treffer far og son Emerson. Lucy er fascinert av mennene, og "dumper" stadig borti dei i gatene. Møtene er ikkje godtatt av Lucys mor og frøken Charlotte, og neste dag reiser frøknene vidare til Roma utan at Lucy har fått sagt farvel til George.


I Roma tilbringer Lucy tid saman med Cecil Vyse, og i motsetning til George, er han godtatt av alle parter. I andre del er me tilbake på familieeigedomen Windy Corner i Suffolk frir Vyse, og Lucy aksepterer. Etter ei tid kjem George på besøk, og Lucy må velje. Skal ho leve livet saman med den kyniske og velståande Cecil eller upolerte George som kjem frå enklare kår? Med sitt begjær og draumar, og jakta på sanning og ærlighet finner Lucy til slutt svaret på spørsmålet.

Edward Morgan Forster hadde fem romaner på samvittigheten, og han største suksess var A Passage to India. Han var kjent for sin underfundige og vittige skrivestil, men med sitt skarpe blikk setter han britisk middelklasse under lupen. Eg syns det var befriande med ein roman der hovudpersonen får valet mellom å gifte seg med sin eigen klasse eller ein frå enklare kår. I motsetning til 1800-talsromanane der det vart sett på som uanstendig å gifte seg under sin klasse er det spennande med ein roman der valet ikkje er satt i stein. Et rom med utsikt anbefales, og Bjørn Fougner gjer ein bra jobb om du vil prøve deg på lydboka.

XOXO

lørdag 4. mai 2013

Bøker: "Silke" og "Og solen går sin gang"

Bok: Silke
Forfatter: Alessandro Baricco
Originaltittel: Seta
Oversetter: Tor Fotland
Utgitt: 1996
Min utgåve: 2009
Format: Paperback, 127 sider
Forlag: Aschehoug
Mål/utfordringar: 1001 bøker, off the shelf



Bok: Og solen går sin gang
Forfatter: Ernest Hemingway
Originaltittel: The Sun Also Rises
Oversetter: Gunnar Larsen
Utgitt: 1926
Min utgåve: 2007
Format: Lydbok, lest av Finn Schau, 6t48min23sek
Forlag: Lydbokforlaget
Mål/utfordringer: 1001 bøker, Nobelprisvinner

Nokon gonger blir eit 1001 kryss bare eit kryss, og ingen oppdagelse av flott litteratur. Ofte er det synd for det må jo vera ein årsak til at akkurat disse bøkene er vald ut til å representere 1001 lista, men samtidig så må det jo vera umogleg for eit menneske å like absolutt alle bøkene på ei liste som i realiteteten inneheld fleire bøker enn 1001.

Italieneren Alessandro Baricco har fleire bøker på samvittigheten, og etter eit raskt søk på Goodreads slår eg fast (med litt tvil) at 1001-boka Silke må vera den kortaste. Min utgåve har 127 små sider, og etterkvart må eg vel innsjå at lista har ikkje bare 500-siders romaner. Silke tar for seg Hervé Joncours ferd til Japan på midten av 1800-talet for å kjøpe silkeormer. Den gifte Joncour treffer ei nydelig dame i Japan, og på tross av at dei aldri har kontakt med kvarandre reiser Joncour til Japan kvart år bare for å sjå henne. Alessandro Bariccos korte historie kan du lese på ein ettermiddag. Eg brukte ei veke! Og kvar gong eg plukka den opp tenkte eg på heilt andre ting etter få sider. Den er rett og slett for kort, og eg kjøper ikkje trua på at det kan vera ein kjærleikshistorie utan at dei elskande har kontakt med kvarandre. I dette tilfellet blir eit kryss kun eit kryss!


Den andre romanen i dette innlegget er skrevet av amerikaneren Ernest Hemingway. Min andre Hemingway-roman dette året og med suksess på den første hoppa eg elegant over på den andre eg fant på biblioteket. Og solen går sin gang handler om den fortapte generasjonen amerikanere som overga ungdommen sin til den første verdskrigen. Gruppa av amerikanere me møter i Hemingways gjennombrotsroman er medlemmer av den øvre elite, og i midten står Lady Brett Ashley. Mennene i hennar omgangskrets er alle fast bestemt på å vinne hennar gunst, og det er lite anna som står i hovudet på dei. Hemingways forelskelse, tyrefekting, får og sin plass i romanen når gruppa ferierer i Spania. Romanen er eit evig kretsløp av Bretts nyaste erobringer, og solen går sin gang som den alltid kjem til å gjere.

Finn Schau gjer ein bra jobb med opplesinga, men eg følte meg alltid distansert frå karakterene og fekk aldri eit forhold til nokon av dei. Lady Brett Ashley ser aldri ut til å bestemme seg for kven ho vil ha, og Jake Barnes er alltid parat til å redde ho ut av einkvar krise. Romanen er ingen typisk etterkrigsroman, men med karakteren Lady Brett Ashley beskriver den kvinners nye seksuelle frihet i 20-åra. Ernest Hemingways andre roman (i mitt tilfelle) blir kun eit kryss!

XOXO

torsdag 25. april 2013

Bok: "Adam og Eva"

Forfatter: Arto Paasilinna
Originaltittel: Aatami ja Eeva
Utgitt: 1993
Min utgåve: 2013
Oversetter: Ellen Holm Stenersen
Format: Lydbok, lest av Kyrre Haugen Bakke, 6t13min25sek
Forlag: Lydbokforlaget

Småbedriftseigaren Aatami Rymättylä er konkurstrua og drukner nesten i barnebidrag og inkassovarsler. Han har ikkje mindre enn syv barn med tre ulike kvinner, og innrømmer villig for seg sjølv at han er glad i kvinneleg nærhet. Som eit hell i uhell blir det hydrogeneksplosjon på verkstedet til Aatami, og med prototypen på eit nytt batteri i lomma blir han satt i kasjotten for eit par dager. Her får han endeleg tid til å jobbe med det nye batteriet, og har konklusjonen klar: Løysinga på heile verdas energikrise!

Ved hjelp av den fordrukne, men dyktige juristen Eva Kontupohja innkasserer Aatami både juridiske råd og kapital. Batteribedrifta Adam og Eva blir grunnlagt, seminarer verda over blir besøkt, miljøverne jubler og bedrifter står i kø for det ferdige produktet. Men oljelanda er ikkje redde for å sende sine beste menn for å hindre at oppfinninga aldri blir produsert.

Adam og Eva er min ellevte Paasilinna-roman, men det er langt frå den beste. Kyrre Haugen Bakke gjer ein strålande jobb som oppleser, noko han har gjort tre gonger tidlegare med Paasilinnas bøker, men romanen har for mange karakterer, for mykje som føregår og det blir for usannsynleg. Ein fattig finsk oppfinner blir rikere enn Krøsus på grunn av eit lite batteri, finansierer planene til Gud og hvermann, og på toppen av det heile: Ein italiensk leigemordar som endar på sjukehuset i Finland for forfrosningsskader! Det heile er så fantastisk at eg vurderte fleire gonger å kutte den halvvegs. Av dei siste eg har høyrt kjem Kollektivt selvmord og En lykkelig mann høgare opp på lista enn denne.

XOXO

torsdag 28. mars 2013

Bok: "Kvinnen i buret" (Avdeling Q #1)

Kvinnen i buret (Avdeling Q #1)
Forfatter: Jussi Adler-Olsen
Utgitt: 2007
Min utgåve: 2009
Oversetter: Erik Krogstad
Format: Lydbok, lest av Helge Winther-Larsen, 13t49min54sek
Forlag: Lydbokforlaget

Rett før påske kom Jussi Adler-Olsens femte bok om Avdeling Q ut på norsk. Eg har lest veldig lite krim dei siste åra, men då Marianne skreiv ein glitrande omtale av dei to første bøkene havna Kvinnen i buret på leselista. Vegen frå lista til CD-spelaren var kort, for mor har denne på lydbok. Win win!

Kvinnen i buret handler om den unge og fremadstormende politikeren Merete Lynggard som forsvinner sporlaust. Politiet setter igang ein storstilt etterforskning, men det er ikkje før den nyoppretta Avdeling Q får saken på bordet at hjula byrjer å rulle. Carl Mørck er ein utradisjonell kriminalinspektør, og han er ikkje videre begeistra for den nye jobben. Han har nyleg komt tilbake til etaten etter eit rekonvalesensopphald etter forrige sak, og sliter med saknet etter to gode kolleger. Sakene Avdeling Q skal ha ansvaret for er av særlig grov karakter, og då Carl forlanger ein assistent blir han introdusert for vaskehjelpen Hafez el-Assad. Carl og Assad er etterkvart på sporet av ein hensynslaus forbryter som ikkje lever på luft og kjærleik, men snarere med eit hensynslaust hat mot Merete Lynggard. Vil Carl og Assad greie å løyse saken før det er for seint?

Eg har tidlegare sagt at lydbøker er perfekt til krim for du kan ikkje bare hoppe over eit par skumle sider. I dette tilfellet skulle eg ynskje at eg kunne hoppe litt fremover, for med min pysete og ville fantasi vart det til tider veldig skummelt. Idag høyrte eg ferdig den siste CD-en, men det har vore dagar der eg godt kunne tenkt meg å avslutta heile greia. Det syns eg er teikn på bra kriminallitteratur!

Jussi Adler-Olsen skriver godt og fengande, og han veit korleis han skal halde på lesaren/lyttaren. Adler-Olsen har og klart å skape ein etterforsker som har nokonlunde kontroll på livet, og seg sjølv. Det står respekt i å ta seg av ekskonas sønn etter ein skilsmisse, medan ho lever livets glade dager i eit kunstnerkollektiv. Carl er ikkje videre begeistra for Assad til å byrje med, men han viser seg å vere både kunnskapsrik og humørfylt. Etter påske blir det meir Jussi Adler-Olsen; tiden vil vise om det blir som leser eller lytter. Avslutter med eit sitat frå Marianne:
Dette er en genial kopling av politietterforsker og assistent som jeg overhode ikke har kommet over i litteraturen tidligere.
XOXO

tirsdag 19. februar 2013

Bok: "Til din vrede går over" (Rebecka Martinsson #4)

Forfatter: Åsa Larsson
Utgitt: 2008
Min utgåve: 2009
Oversetter: Kari Bolstad
Format: Lydbok, lest av Nina Woxholtt, 9t13min9sek
Forlag: Lydbokforlaget

Det er nesten 2 år sidan eg høyrte mi første Åsa Larsson-bok, og etter 3 stk, Solstorm (2003), Spilt blod (2004) og Svart sti (2006), var eg framleis ikkje sikker på om Åsa Larsson var noko for meg. Likevel er det noko med Rebecka Martinsson, og eg vil gjerne vite om det går greit med ho. I fjerde bok, Til din vrede går over, har Rebecka flytta til sitt barndoms paradis og bur nå i huset til farmor. Rebecka jobber som statsadvokat, og har kontakt med politiet i Kiruna, og Anna-Maria Mella.

Åsa Larsson skriver godt, og denne boka begynner med tenåringane Wilma og Simon som dykker etter eit gammalt flyvrak. Det er fleire personer som ikkje vil at det skal skje, og tenåringane kjem ikkje opp av sjøen i live. Er det nokon i den fredelege svenske bygda som er villig til å drepe for å bevare hemmeligheter? Både Rebecka Martinsson og Anna-Maria Mella får kjenne at det er ikkje alt som angår politiet, og uansett kor mektig du er i jobben din kan du bli skremt.

Frå nå av skal det meste av krim bli høyrt som lydbok. Det praktiske med lydbok er at det går ikkje an å hoppe over skumle sider o.l. Åsa Larsson skriver meir blodig og skummelt enn mange norske krimforfattere, og ho passer best i små doser. Likevel er eg klar for neste bok i serien, Et offer til Molok, som kom ut på norsk tidlegare i år. Uansett kor mykje Rebecka irriterer meg så må eg finne ut om ho til slutt ender opp med han som fekk siste setninga i lydboka, og innrømte for seg sjølv at han elsker Rebecka Martinsson. Eg er ein evig romantiker!

Nina Woxholtt gjer som alltid ein glimrande jobb som oppleser, og eg anbefaler at dykk høyrer Åsa Larsson på lydbok. Det er ulidelig spennande frå begynnelse til slutt!

XOXO

lørdag 3. mars 2012

Bok: "Volomari Volotinens første kone og andre gamle ting"

Forfatter: Arto Paasilinna
Originaltittel: Volomari Volotisen ensimmäinen vaimo ynnä muuta varihaa tavaraa
Utgitt: 1994
Min utgåve: 2012
Oversetter: Ellen Holm Stenersen
Format: Lydbok, lest av Kyrre Haugen Bakke, ca 5t30min
Forlag: Lydbokforlaget
Frå: Biblioteket

Baksidetekst: Volomari Volotinen blir født idet lynet slår ned i naboens okseflokk. Med årene blir han forsikringsjurist og gifter seg med den 20 år eldre feltlotten Laura. Kjernen i deres liv og i denne fortellingen er hovedpersonens behov for å samle. Og det er ikke grenser for hva Volomari samler på. Etter hvert anskaffer han seg Lenins skinnlue, Mannerheims gebiss, Krigsbrudens giftering, en spiralkjøler for blåmelk, Tarzans badebukse, en transylvansk fyllehund og mye, mye mer.

I byrjinga tenkte eg at denne boka blir ingen suksess hjå meg. Ved siste CD var den ingen suksess, men den var veldig brukbar. Den har humor, vanvidd og historie på beste Paasilinna-vis.

Det fins ikkje så mykje å sei om Paasilinna, det må opplevas. Helst på lydbok for då kan du ikkje hoppa over noko.

XOXO

søndag 4. desember 2011

Bok: "Svart sti" (Rebecka Martinsson #3)

Forfatter: Åsa Larsson
Originaltittel: Svart stig
Utgitt: 2006
Min utgåve: 2006
Oversetter: Kari Bolstad
Format: Lydbok, lest av Hedda Munthe, 11t10min37sek
Forlag: Lydbokforlaget
Frå: Mors bokhylle

Baksidetekst: Det er vinter i Lappland. På Torneträsk ligger arkene godt forankret i isen. Folk kryper sammen der inne i varmen fra propanapparatene. Men den isnende stormen tar tak i en av arkene og feier den av sted. Ute på isen prøver en halvnaken mann å berge livet. Han bryter seg inn i den mørklagte naboarken - og finner en myrdet kvinne i sengen. Hvem er hun? Dette er opptakten til Åsa Larssons tredje roman om juristen Rebecka Martinsson og politifolkene Sven-Erik Stålnacke og Anna-Maria Mella i Kiruna. De oppdager snart at saken har internasjonale forgreininger.

Ein kan si mykje om svensk krim; fleire syns den er betre enn den norske og danske, men Åsa Larsson er ingen favoritt hjå meg. Etter tre bøker har det gått langsomt nedover med entusiasmen. Nå har ikkje mor fleire i bokhylla foreløpig og det er like greit. Eg kjeme ikkje til å hamra på dørene til biblioteket heller. Boka har interessante karakterer, men eg kjeme ikkje skikkelig innpå til å forstå dei, og det heile går litt kjapt føre seg til at eg helde tritt med handlingen. Det er og for mange karakterer å halde styr på til tider. Martinsson sjølv opplever eg som litt sytete og meiningsløs person. Ho klarer aldri å bestemme seg, på ein måte. Det fins ei fjerde bok, og ei femte etter ryktene, men som med Anne Holt trenger eg ein pause frå blodig og irriterande krim. Gje meg Agatha Christie!

XOXO

fredag 30. september 2011

Bok: "Historien om Pi"

Forfatter: Yann Martel
Originaltittel: Life of Pi
Utgitt: 2001
Denne utgåve utgitt: 2007
Oversetter: Bodil Engen
Format: Digibok, lest av Duc Mai-The, 12t6min
Forlag: Lydbokforlaget
Frå: Biblioteket

Baksidetekst: Boken som har betatt en hel verden! En 16-år gammel gutt og en sulten tiger, alene ombord i en livbåt i Stillehavet. Kort prosess? Tvert i mot. Scenen er satt for en eventyrlig beretning om dårskap og grusomhet, om tro, håp og kjærlighet. Historien om Pi er en hyllest til fantasien og fortellerkunst av sjeldent kaliber. Vinner av den prestisjefylte Booker-prisen for 2002.


Den canadiske forfatteren Yann Martel er ny for meg, men eg er ikkje overbevist. Første delen irriterte meg pga alt snakket om ein spesiell fugl, også var det dyrehagedyra, og den lange sjøreisen. Det kan overhodet vera mogleg å overleve i ein båt med ein bengaltiger! Duc Mai-The er ein flink oppleser, men ei anna bok neste gong.

XOXO

søndag 25. september 2011

Lesesirkelbok: "Sult"

Forfatter: Knut Hamsun
Utgitt: 1890
Denne utgåve: 2009
Format: Digibok, lest av Aksel Hennie, 5t37min
Forlag: Lydbokforlaget
Frå: Biblioteket/mi bokhylle (31. bok i 'Off the Shelf')

På bruktboksal for ein månads tid sidan kjøpte eg Sult, pga lesesirkelen til Line. Den vart kun brukt til å finne ut kvar eg var så eg kunne brife om det på Goodreads. Det som stod på innsida av omslaget var derimot interessant. Eg er litt fascinert av Knut Hamsun, men hadde ennå til gode og lese nokon av bøkene hans. Nå har eg komt eit skritt i retning av bøkene til Hamsun.

Frå bokomslaget: Da Knut Hamsun, nesten 30 år gammel, vendte fattig og mislykket hjem frå Amerika, skrev han som i feber en forteljing som ble publisert anonymt i tidsskriftet Ny Jord i 1889, og året etter inngikk som del to i hans debutbok Sult, en roman som ble den unge Hamsuns oppreisning som menneske, og en litterær suksess av dimensjoner.

Boka beskriver ein ung mann utan namn, og hans kamp for å overleve i Kristiania på slutten av 1800-talet. Det er delvis sjølvbiografisk då Hamsun sjølv strevde med det same i to perioder av sitt liv, henholdsvis vinteren 1880-81 og 1885-86. Boka fekk fram mykje av mitt kjenslespekter, då eg syns synd på han i det eine øyeblikk for han hadde verken mat eller penger, og i det neste gir han vekk ting han kunne fått penger for og då syns eg han var litt dust. Enkelte gonger syns eg han kunne passt på teateret for han hadde mange skuespillerfakter og kunne fint klart å memorisert tekster. Det går opp og ned i livet for vår kjære namnlause og til slutt biter han i det sure eplet og mønstrer på ein båt til ukjente farvann og forlater sitt kjære Kristiania.


Som eg har sagt brukte eg ikkje boka til svært mykje, rett og slett fordi eg fant den i digiform på biblioteket. Eg har tidlegare ytra mi meining om digibøker og syns det er litt unødvendig, men i dette tilfellet bøyer eg meg i støvet og innrømmer at det var gruele greit. 5 og ein halv times spilletid, og då høyrte eg den rett og slett på veg til og frå jobb. Han som les for meg heiter Aksel Hennie, og det var herlig å høyra på. Språket var modernisert, men framleis kunne du høyre at dette er ikkje skreve verken i dette eller forrige århundre. Eg har egentlig ikkje ord for kor frydefullt det var, og nokon dager var eg skuffa då eg kom til jobb og måtte skru av. Eg ville jo høyra meir av historien, for den var faktisk ganske fengande ... eller kanskje heller interessant. Om du gruer for denne boka finn ein utgave med Aksel Hennie!

XOXO

tirsdag 16. august 2011

Bok: "Oliver Twist"

Forfatter: Charles Dickens
Utgitt: 1837-1839
Denne utgåve utgitt: 1999/2006
Oversetter: Torleif Goderstad
Format: Lydbok, lest av Stig Henrik Hoff, 5t12min8sek
Forlag: Lydbokforlaget
Frå: Biblioteket

Baksidetekst: Oliver vokser opp i trange kår på et barnehjem, hvor han aldri får skikkelig mat, men desto skikkeligere juling. Til slutt rømmer han og havner blant Londons verste kjeltringspakk. Skumle krefter er i gang for å få ham ryddet av veien, for Oliver bærer på hemmeligheter som han ikke engang selv er klar over. Men uansett hvordan han blir behandlet, utstråler Oliver en varme og styrke som til slutt gir ham belønning.


Første gong eg var borti Oliver Twist var med filmen frå 1997. Den gjorde eit djupt inntrykk og som egentlig førte til at eg liker egentlig ikkje Oliver Twist. Det er eit eller anna med heile stemninga; eg får meg ikkje til å like historien, men Oliver i seg sjølv er ein søt gutt. Til slutt går det godt for unge herr Twist og, og det er i grunn det beste.

Stig Henrik Hoff var ein god oppleser, men for meg vart det feil uttale av sjølve namnet på Oliver, men det er ein bagatell.

XOXO

mandag 23. mai 2011

Bok: "Snømannen" (Harry Hole #7)

Forfatter: Jo Nesbø
Utgitt: 2007
Format: Lydbok, lest av Dennis Storhøi, 14t38min
Forlag: Lydbokforlaget
Frå: Biblioteket/mi bokhylle (16. bok i 'Off the Shelf')

Baksidetekst: Det er november og årets første snø har falt i Oslo. Birte Becker kommer hjem fra arbeid og skryter av snømannen som ektemannen og sønnen har laget i hagen. Men de har ikke laget noen snømann. Når familien stiller seg ved vinduet og forbauset ser på snømannen, slår det dem at den står vendt mot huset. At de sorte øynene stirrer mot vinduet. På dem. Førstebetjent Harry Hole har mottatt et anonymt brev undertegnet "Snømannen". Og han har senere funnet et alarmerende fellestrekk ved gamle forsvinningssaker. Gifte kvinner er blitt borte samme dag som årets første snø har falt. Samme natt kaver Sylvia Pedersen gjennom den første snøen i en skog like utenfor Oslo. Hun vet at hun løper for livet, men hun vet ikke hva som er etter henne. Og hun vet heldigvis ikke hva som er foran henne...

Jo Nesbø veit å halda på leseren - eller i dette tilfellet lyttaren. Når du trur du har funne ut kven som er snømannen, så skjer det andre ting, og "din" snømann er fritatt. Det var ikkje før på siste CD at snømannen vart oppdaga, og då var eg overraska.

XOXO