Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Julian Barnes. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Julian Barnes. Vis alle innlegg

søndag 8. april 2018

Bok: "Levels of Life"

Forfatter: Julian Barnes (f. 1946)
Utgitt: 2013
Min utgåve: 2014
Format: Heftet, 118 sider
Forlag: Vintage Books

Den britiske forfatteren Julian Barnes er velkjent for sine Booker-nominasjoner, og hans vinnerroman frå 2011, The Sense of an Ending. Han har skrevet eit tyvetalls bøker, både fiksjon og sakprosa. Barnes nyeste roman heiter The Only Story og kan bli nominert til dette årets Man Booker Prize i juli.

Levels of Life gir oss historien om den kjente fotografen og ballongføreren Felix Nadar, historien om oberst Fred Burnaby og hans fiktive forelskelse i Sarah Bernhardt og til slutt Barnes egen subjektive historie om sorgen etter hans kone, Pat Kavanagh. Det er ei bok om ballongflyging, fotografering, kjærlighet, om å sette to ting saman og om å sette to mennesker saman for så å rive dei frå kvarandre. Julian Barnes mista si kone i kreft hausten 2008, og det er hjarteskjærande å lese hans eigne ord om korleis sorgen river og sliter i han. Eg har litt delte meiningar om Julian Barnes' bøker, men denne boka er vel verdt nokre timar.

Det er så langt passert 8 dager i denne månaden, og eg har lest eller høyrt 14 (!) Anne-Cath. Vestly-bøker. Eg skal skrive meir om dette uventa gjenlesingsprosjektet seinare så følg med. For eit par dager sidan etter nok ei Vestly-bok hadde eg eit akutt behov for noko med litt meir substans, litt meir voksent om du kan sei det slik. Bokhylla mi flommer over av lått og løye, og innerst inne fant eg Julian Barnes' Levels of Life. Den trur eg fekk vera med heim frå bokbloggertreff i Oslo for eit par år sidan, og har blitt ståande ulest. Nå er den lest, og eg må nok finne fleire Barnes-bøker. Eg må bare lese ferdig eit par andre bøker først ;-)

XOXO

søndag 11. september 2011

Bok: "The Sense of an Ending"

Forfatter: Julian Barnes
Utgitt: 2011
Format: Kindle
Forlag: Vintage

Frå Goodreads: Tony Webster and his clique first met Adrian Finn at school. Sex-hungry and book-hungry, they would navigate the girl-less sixth form together, trading in affectations, in-jokes, rumour and wit. Maybe Adrian was a little more serious than the others, certainly more intelligent, but they all swore to stay friends for life. Now Tony is in middle age. He’s had a career and a single marriage, a calm divorce. He’s certainly never tried to hurt anybody. Memory, though, is imperfect. It can always throw up surprises, as a lawyer’s letter is about to prove. The Sense of an Ending is the story of one man coming to terms with the mutable past. Laced with trademark precision, dexterity and insight, it is the work of one of the world’s most distinguished writers.

Sjølv om eg har meir enn nok bøker på tapetet for øyeblikket så lar eg ikkje sjansen gå frå meg til å bli med Ann Helen og lesa dei 6 nominerte til Booker-prisen 2011. Vinneren blir annonsert 18. oktober, så her er det bare å henge i. Sidan me fant ut dette på torsdag vart det Julian Barnes som fekk opna ballet sidan hans bok var kortast, kun 150 sider.
But if nostalgia means the powerful recollection of strong emotions - and a regret that such feelings are no longer present in our lives - then I plead guilty.
Sjølv om boka er kort er det ei utrolig god bok. Den er godt skrevet, interessante karakterer og ein overraskande slutt. Hovudpersonen, Anthony Webster, er ein karakter som det er lett å like, og ein kan føle korleis han undrer seg over kvifor ein spesiell gjenstand har blitt donert til han etter eit dødsfall. Skrivemåten er spennande, men tidvis irriterande for min kronologiske hjerne då det tidvis går i rykk og napp med nåtid og fortid. Eg liker bøker som veksler og denne var intet unntak. Boka er og sitatvennlig og eg må ha notert meg sikkert 10-12 sitat som eg syns var fine.
And that's a life, isn't it? Some achievements and some disappointments.
XOXO