Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Solum. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Solum. Vis alle innlegg

lørdag 4. mars 2023

"Pierre og Jean" av Guy de Maupassant

Guy de Maupassant (1850-1893) var ein fransk forfatter. Livet hans var kort, men meget produktivt. Han debuterte allerede i 1875, og fram til hans død produserte han over 300 noveller, 6 romaner, 4 skodespel, fleire reiseskildringer og ein diktsamling. Pierre og Jean var hans fjerde roman.

Pierre og Jean handler om brødrene frå tittelen. Dei vokser opp i Le Havre i Normandie i Frankrike. Dei har lite til felles, både i utsjånad og personlegdom. Pierre er nyleg utdanna lege, medan Jean er jurist. Nå er begge heime i barndomsheimen på sommerferie, og romanen spenner seg over ein liten månad. Eit par dager inn i ferien kjem det bod om at ein nær ven av familien har gått bort, og etterlatt heile sin formue til Jean. Sjalusien brer seg blant brødrene, og Pierre kjenner seg forbigått då Jean starter med planlegging av ny leilighet og eit mogleg ekteskap. Noko murrer i bakgrunnen, og Pierre husker eit gammalt bilete av den døde familievenen. Då Pierre spør etter det svarer mora unnvikende, men då det kjem fram i lyset blir familien aldri den same igjen.


Nå leser ikkje eg fransk, men eg stusser litt over to ord som omsetjaren har valt å bruke. I ein setning skriver han at personen tar seg ein hikkas etter kaffen. Hikkas måtte eg google, og er eit synonym til blant anna ein dram. Er dette eit ord som brukes i dag (eller i 2015 då boka vart omsett)? Det andre ordet er n....konge (og eg velger bevisst å ikkje skrive n-ordet). I 2023 er eg usikker på om det brukes i bøker, og eg må innrømme eg skvatt då eg las det. Eg er mot å endre for mykje av språket i bøker (ref. Roald Dahl-debatten) og eg veit ikkje kva som står i originalteksten til Maupassant. Eg reagerte på det, men kva tenker du?

Pierre og Jean var ein god kortroman. I etterordet skriver Kjell Helgheim at romanen har ein dramaturgi som langt på veg imøtekommer teatrets krav. Den har få roller, er sentrert på få steder, ein enkel historie og god dialog. Som leser kjenner eg romanen har godt driv, du ønsker å lese vidare for å få vite kva som skjer. Blir det forsoning mellom brødrene eller går dei kvar sin veg? Romanen vart lest i to strekk, og krysses på 1001-lista. Anbefales!

XOXO

| Utgitt: 1888 | Min utgåve: 2015 | Format: Innbundet, 240 sider, omsett av Kjell Helgheim | Forlag: Solum |

onsdag 25. oktober 2017

BTTC 2017: "Opptegnelser fra et kjellerdyp"

Forfatter: Fjodor Dostojevskij (1821-1881)
Originaltittel: Записки из Подполья, omsett av Gunnar Opeide
Utgitt: 1864
Min utgåve: 2002
Format: Lydbok lest av Axel Aubert, 4t33min54sek
Forlag: Solum

Den russiske forfatteren Fjodor Dostojevskij er mest kjent for romanen Forbrytelse og straff, men har og skrevet romanen Brødrene Karamazov. Opptegnelser fra et kjellerdyp er min andre Dostojevskij-roman, men blir neppe den siste. Romanen er lest i forbindelse med Back to the Classics-utfordringa i kategorien Russian Author sidan det er 100 år sidan den russiske revolusjon.

Kjellermennesket, som romanen og er kjent for i norsk oversettelse, meiner han er ond, sjuk og fråstøytande. I sitt kjellerrom beskriver han sitt liv, sine tanker og sin fremtid i kjelleren på ein underfundig måte. Romanen er såvidt 100 sider lang, men rommer eit vell av filosofiske tanker og romanen er eit skilje i forfatterens bibliografi. Eg trur det er eit enten eller om du liker romanen eller ei, men det første eg tenkte på under høyringa av Opptegnelser fra et kjellerdyp var Knut Hamsuns Sult.

Sistnemnte roman vart utgitt nesten 30 år seinare, men Knut Hamsun var inspirert av Dostojevskij, og då er det ikkje så rart at eg tenkte på Sult. Opptegnelser fra et kjellerdyp var ein interessant andre-Dostojevskij, men eg må nok ha eit par romaner til før eg gjer meg opp ei meining om den russiske forfatteren.

XOXO

torsdag 14. mai 2015

Bok: "Døde sjeler"

Forfatter: Nikolaj Gogol (1809-1852)
Utgitt: 1842
Min utgåve: 2004
Oversetter: Erik Egeberg
Format: Innbundet, 384 sider
Forlag: Solum
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Større geografisk spredning, Back to the Classics

Denne utgåva av Døde sjeler er den første som er gitt ut komplett på norsk. Forfatteren, Nikolaj Gogol, vart fødd i det som i dag er Ukraina, og Døde sjeler er eit av hovudverka i russisk litteratur.

Døde sjeler går føre seg i eit samfunn som Peter den store skapte i byrjinga av det 18. århundre. Hovudpersonen, Tsjitsjikov, reiser frå gods til gods for å kjøpe opp "døde sjeler". Det er ein get rich fast-metode, og lukkas han med oppkjøp er planen å samla ein fiktiv formue og pantsetta alt. På sin veg møter Tsjitsjikov fleire merkelege karakterer,og felles for alle er at dei har opplevd at mange i landsbyane deira har falt frå, og enkelte er villige til å selge sine døde sjeler til Tsitsjikov. Korleis det går med svindleren vår til slutt er ikkje godt å vite då romanen ikkje vart fullført av Gogol.

I utgangspunktet var denne romanen på klassiker-utfordringa i kategorien Forgotten Classic, men då eg oppdaga at eg hadde tatt feil av ratings og reviews på Goodreads vart den flytta til A Humorus or Satirical Classic. Det betyr at eg er halvvegs i utfordringa med 7/12 kategorier lest. Døde sjeler er ifølge baksideteksten en drepende satire over den menneskelige natur og livet i Russland under tsarregimet. Nikolaj Gogol karikerer sitt persongalleri så forskjellig og overdriver dei ulikes personligheter så mykje at eg humra og smilte overbærande fleire gonger på Tsjitsjikovs ferd. I første bind møter me den søtladne Manilov, den engestelige og sparsommelige enkefru Korobotsjka, grobianen Sobakevitsj, gnieren Plusjkin og rabagasten Nozdrjov. I annet bind møter me matmonsen Petuch, superbyråkraten Kosjkarjov, og Chlobujev og hans forfalne gods. Disse ulike karakterene gjer at Gogols hovudverk på nesten 400 sider ikkje kjennes verken tungt eller vanskelig, og glir lett avgårde.

Kven veit kva som kunne ha skjedd med vår hovudperson om Gogol hadde fullført. Det er det ingen som veit og i etterordet, skrevet av Erik Egeberg, blir det fortalt at etter første bind var publisert strevde Gogol med annet bind resten av livet. Til slutt vart det brent, og Gogol avgikk ved døden ikkje lenge etter. Annet bind inneheld fire ufullstendige kapitler som vart nedskrevne i ettertid sidan Gogol hadde hatt fleire opplesninger og manuskript liggjande rundt.

XOXO

søndag 11. januar 2015

Bok: "Kreutzersonaten"

Forfatter: Leo Tolstoj (1828-1910)
Originaltittel: Крейцерова соната
Utgitt: 1889
Min utgåve: 1974
Oversetter: Turid Schancke Bjørnflaten
Format: Innbundet, 116 sider
Forlag: Solum
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Større geografisk spredning, Back to the Classics

Leo Tolstoj er ein forfatter eg absolutt skulle ha lest meir av, og med Kreutzersonaten og Krig og fred på Classics-utfordringa er hvertfall tanken på plass. I forordet skriver Geir Kjetsaa at Kreutzersonaten er inspirert av verkelege hendingar.
Sommeren 1887 kunne en av hans venner fortelle at han under en togreise hadde truffet en fremmed som fortalte om sin kones ekteskapsbrudd. Omtrent samtidig fikk dikteren en ny inspirasjon - denne gang fra musikken. Blant hans gjester var en begavet elev fra Moskvakonservatoriet som underviste hans sønn i fiolinspill. Sammen spilte de en gang Beethovens Kreutzersonate. (s. 6)
SPOILER ALERT

Kreutzersonaten foregår på eit tog. Ein mann ved namn Pozdnyshev overhøyrer ein samtale i kupéen om ekteskap, skilsmisse og kjærleik. Når ei kvinne i kupéen argumenterer at ekteskap skal baseres på kjærlighet blir det undra i kupéen om kva kjærleik er. Pozdnyshev beskriver sitt eige kjærleiksliv, frå erfaringer med prostituerte til sitt eige ekteskap. Etter nokon år i ekteskap har han innsett at det einaste ekteparet har til felles er barna. Kona hans tar opp igjen musikkinteressen sin, og møter ein flink fiolinist, Troukhatchevsky, og dei to framfører Beethovens Kreutzer Sonata for piano og fiolin. Sjalusi kjem sakte, men sikkert over Pozdnyshev, men han skjuler det og reiser på ein jobbtur. Han kjem heim tidligare enn tenkt og finner sin kone i seng med fiolinisten. Han dreper så sin kone med kniv. Barna blir oppdratt av svigerinnen og mannen, og etter ei tid i fengselet reiser Pozdnyshev fram og tilbake med toget i håp om at togpassasjerene han treffer vil tilgi ham. Det siste vår samtalepartner får høyre før han forlater Pozdnyshev er "Tilgi meg."


Kreutzersonaten kom ut vart den raskt sensurert av russiske myndigheter på grunn av argumenta som kjem fram i boka. Tolstoj er ikkje nådig i sine meiningar om ekteskapet, og sjølv om eg ikkje er einig med russeren har boka eit meget godt språk og presenterer kontroversielle argumenter. Eg har lest den i forbindelse med Back to the Classics-utfordringa, og eg angrer ikkje på at den vart valgt i Classic Novella-kategorien. Anbefales!

XOXO