![]() |
| Illustrasjonsbilete, eg har lest ein anna utgåve |
Utgitt: 1847
Min utgåve: 2014
Format: Innbundet, 103 sider
Forlag: Bounty Books
Den britiske forfattaren Anne Brontë er mindre kjent enn sine søstre, Charlotte og Emily, men Anne har skrevet ei av mine favoritter, The Tenant of Wildfell Hall. Den har nyleg kome i norsk utgåve frå Bokvennen (ekstern lenke, eg får ingenting for å skrive dette), og anbefales. Agnes Grey er basert på forfatterens eigne erfaringer som guvernante, og passa perfekt inn i Lines lesesirkel då temaet for juni er lese ei bok skrevet på 1800-talet.
Agnes Grey lever i lag med mor, far og storesøster Mary i presteboligen i ein ikkje namngitt tettstad i England. Mora er opptatt av at døtrene skal kunne noko, og søstrene har fri tilgang på bøker, musikk og håndarbeid. Då faren blir sjuk ønskjer Agnes å reise ut i verda for å tene penger, og mora finn ein posisjon til henne som guvernante. Den første jobben gir fleire prøvelser enn suksess for vertskapet kunne ikkje brydd seg mindre om barna sine, barna er ufordragelege og har aldri lært å høyre på ei guvernante. Agnes liker seg slett ikkje, og då ho etter eitt år får sparken reiser ho heim til foreldra sine. Ho er derimot ikkje ferdig med jobblivet og med litt hjelp finner ho ein anna posisjon. Her får ho det mykje betre sjølv om barna har sine øyeblikk. Etter kvart har ho bare ei jente å vere guvernante for og det gir ho meir ledig tid til lesing og teikning. Ein ung prest fatter interesse for Agnes Grey, men han flytter frå staden ei tid før Agnes. Då Agnes forlater posisjonen som guvernante møter ho igjen presten og søt musikk oppstår.
Agnes Grey vart lest i omtrent eit strekk på terrassen ein solrik laurdag. Den er enkelt skrevet i ei form der Agnes fortel lesaren kva ho gjer, og det gjer det heile personleg. Guvernante-historier er ikkje uvanleg, og Charlotte Brontës Jane Eyre handler og om det til ei viss grad. Då eg las om Agnes Grey hadde eg fleire sinnsstemningar ute til si tid; eg vart sint for oppførselen til barna, rørt av Agnes' urokkelege tru på livet og glad for at ho fekk det supert til slutt. Anbefales!
XOXO




