Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Salman Rushdie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Salman Rushdie. Vis alle innlegg

søndag 2. juni 2024

"Kniv - Refleksjoner etter et drapsforsøk" av Salman Rushdie

Salman Rushdie (f. 1947) er ein indisk-fødd forfattar som i 1964 mottok britisk statsborgerskap og i 2016 mottok amerikansk statsborgerskap. Rushdie har publisert 16 romaner, og har fleire sakprosabøker på samvittigheten. Etter utgivelsen av Sataniske vers i 1988 har Rushdie levd med ein trussel frå den iranske Ayatollah Khomeini med påfølgende politibeskyttelse. I august 2022 vart Rushdie knivstukket og livstruande skada under eit arrangement i delstaten New York. Det er denne hendinga Salman Rushdies nyaste bok handler om.
Klokken kvart på elleve 12. august 2022, en solfylt fredag formiddag nord i delstaten New York, ble jeg angrepet og nesten drept av en ung mann med kniv like etter at jeg gikk ut på scenen i amfiteatret i Chautauqua for å snakke om hvor viktig det er å beskytte forfattere. (s. 13)
Salman Rushdie skriver opent og levande om angrepet han vart utsatt for. Då det skjedde var Rushdie meget nærme utgivelsen av romanen Seiersbyen og hadde ein idé om neste roman. Men som han skriver eit stykke uti boka så måtte han bare få denne, Kniv, ut av hodet først. Rushdie liker ikkje termen skriving er terapi, men innrømmer at denne boka måtte ut først før ein eventuell ny roman. 

Skadene var omfattende etter gjerningspersonens 15 knivstikk, og det var usikkert om Rushdie kom til å overleve. I dag, nesten to år seinare, er det meste i orden, men alle som har sett nylege bilete av forfattaren ser at det høgre auge stod ikkje til å redde. Det som fascinerer meg med denne boka er kor grundig den er, og det kjem fram i boka at kona, Rachel Eliza Griffiths, var tidleg ute med å sette opp kamera for å dokumentere skadene og utviklingen. Rushdie skriver på første side at han fortsatt ser øyeblikket for seg i sakte film. Det vitner om eit menneske som ønsker å leve, å gjenfortelle og fortelje sin eigen historie.

Kniv - Refleksjoner etter et drapsforsøk er i to deler: Dødsengelen og Livsengelen. I første del er Salman Rushdie på sjukehus, i andre del er han heime i rekonvalesens. Det er interessant å lese om kor mykje ein tar for gitt om ein til dømes får eit par knivstikk i ei hand. Målet var ein periode å kunne knytte neven, og då eg las om akkurat dette i går så vart eg sitjande og knytte neven. Det var jo null problem for meg, men for Rushdie har det vore ein utfordring. I løpet av rekonvalesens-perioden begynte Rushdie og Rachel Eliza Griffiths å vise seg ute blant folk. Det er ein del andre forfattere som blir nemnt i boka, og det er tydeleg at Rushdie er ein belest mann då fleire romaner og tekster blir nemnt. Boka anbefales på det varmeste, og eg skal definitivt sette Rushdies bøker på leselista!

XOXO

| Originaltittel: Knife: Meditations After an Attempted Murder, omsett av Kirsti Vogt | Utgitt: 2024 | Format: Innbundet, 235 sider | Forlag: Aschehoug |

Andre anmeldelser: Tine

mandag 5. januar 2015

Bokhyllelesing 2015: "Luka og livets flamme" (Khalifa Brothers #2) (#1)

Forfatter: Salman Rushdie (f. 1947)
Originaltittel: Luka and the Fire of Life
Utgitt: 2010
Min utgåve: 2012
Oversetter: Kari Risvik
Format: Heftet, 224 sider
Forlag: Aschehoug
Mål/utfordringar: Off the shelf, Større geografisk spredning

Ifjor haust var det sal på Salman Rushdie-romaner på min nærmaste bokhandel, og eg røska med meg 6 stykker. Dei står ennå ulest i mi bokhylle, men første skritt i retning lest er tatt. Då Bjørg og Hedda annonserte bokhyllelesing 2015 kikka eg på kategoriane, og fant ut at Luka og livets flamme oppfylte første kategori: Grønt omslag.

I Luka og livets flamme er det 12 år gamle Luka Khalifa som er hovudpersonen. Han lever eit lykkeleg liv i byen Kahani i landet Alifbay med mor Soraya, far Rashid og storebror Harun. Faren er ein forteljar av rang, og går på folkemunne under namnet Sjah av Bla-Bla, og byens innbyggjarar kjenner til forteljingane hans om trolldomsverdener, livets ild, og andre finurlige ting som Rashid lirer av seg. Luka syns det er frykteleg spanande, medan mor Soraya til tider er litt oppgitt.

Ein dag skjer det verste: Far faller i djup søvn, ein søvn så djup at ingen eller ingenting kan vekkje ham. For å redda livet hans må Luka, saman med bjørnen Hund og hunden Bjørn, reise til Den magiske verden for å stjele Livets flamme. På reisa møter han mange fantastomagiske hindere, og reisa er både farleg og bortimot umogleg. Likevel er det det einaste som kan redda faren frå den visse død.

På Goodreads blir boka rekna som ei barnebok, og det kan eg vera einig i. På same tid er det fint å lese ei bok som ikkje krever for mykje, men som har godt språk. Eg kunne utan problem lest denne for 10-12-åringar. Mitt første møte med Salman Rushdie er dermed vellukka. Godt språk, god handling, hovudpersonar du kan bli glad i, og nok spenning til å halde deg vaken. Det kan sjå lyst ut for dei andre Rushdie-bøkene i bokhylla. Anbefales!

XOXO