Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Bokanmeldelse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bokanmeldelse. Vis alle innlegg

fredag 3. april 2026

3 x Penguin Little Black Classics | Ovid, Sappho og Turgenev


#73 The Fall of Icarus er ein mytisk fortelling frå den store romerske poeten Ovid. Det er godt skrevet (eventuelt omsett), og moralen i historien står seg i dag syns eg: Den unges uforsiktighet vil føre deg til din undergang. Tenk litt før du snakker og handler, og det trenger ikkje bare handle om dei unge.

#74 Come Close er ein diktsamling frå den greske poeten Sappho. Ho vart navngitt som den tiande musen (altså som kreativ inspirasjon) av Platon. Dikta er vekslande i kor bra det er; då noko er direkte morsomt, medan noko forstår eg ikkje.

#75 Kasyan from the Beautiful Lands er to tekster frå den russiske forfattaren Ivan Turgenev. Eg har lest lite Turgenev, og disse tekstene bidrar ikkje til at det er akkurat den forfattaren som skal prioriteres. Det er mykje fokus på livet på landet, og beskrivelser av korleis det ser ut. Om eg etterkvart skal finne ein roman av Turgenev så kan det bare bli betre enn dette.


XOXO

| Forfattere: Ovid, Sappho og Ivan Turgenev | Utgitt: 8, 1883 | Format: Hefta, ca 50 sider | Forlag: Penguin Classics |

lørdag 21. mars 2026

3 x Penguin Little Black Classics | Homer, Lawrence og Mansfield


#70 Circe and the Cyclops er to greske myter frå Odysseen av Homer. Greske myter er interessant, og stadig aktuelt. Svært få av dei greske mytene er bevart i dag, og derfor er det ekstra viktig å faktisk lese dei som fins.

#71 Il Duro er fire reisebrev frå den britiske forfattaren D.H. Lawrence. Han er mest kjent for romaner som Lady Chatterley's Lover, Sons and Lovers og Women in Love, men reisebrev var ukjent for meg. I denne samlinga er D.H. Lawrence på reise i Italia tidleg på 1900-talet. Det er ganske fascinerande for reisende forfattarar hadde ikkje dei same mulighetene som me har i dag på reise, men det gjekk som regel godt.

#72 Miss Brill er tre noveller frå Katherine Mansfields The Garden Party and Other Stories. New-zealandske Mansfield er sett på som ein av dei beste novelleforfatterne på hennar tid, og disse novellene er intet unntak.


XOXO

| Forfattere: Homer, D.H. Lawrence og Katherine Mansfield | Utgitt: 851, 1916, 1922 | Format: Hefta, ca 50 sider | Forlag: Penguin Classics |

søndag 25. januar 2026

3 x Thomas Hardy

Thomas Hardy (1840-1928) var ein britisk forfatter som debuterte med sin første roman i 1871, og er mest kjent for romaner som Tess of the D'Urbervilles, Jude the Obscure and The Mayor of Casterbridge. Han identifiserte seg imidlertid som poet og skreiv romaner i hovudsak for penger.

The Hand of Ethelberta
er Thomas Hardys femte roman, og handler om eventyrlystne Ethelberta Petherwin som finner opp eit alias og relanserer seg sjølv som samfunnspoet. Samfunnet rundt ho er mannsdominert, men Ethelberta snur det til sin eigen vinning og har snart fire ulike beilere. Ethelberta veksler elegant mellom sine to identiteter, men vil ho velge ein av beilerne? Og skal ho ta han med mest penger eller han ho verkeleg elsker? Thomas Hardy har i denne romanen tatt inspirasjon frå populære romanser og til med hans kones dagbok speler ei rolle i romanen om ei kvinne som har tatt skjebnen i eigne hender.

| Forfatter: Thomas Hardy | Utgitt: 1876 | Min utgåve: Lydbok, lest av Simon Evers, 13t40min | Forlag: Anncona Media |

The Return of the Native
er Thomas Hardys sjette roman, og handler om Eustacia Vye som drøymer om kjærleik og muligheten det gir for utflytting. Nå er Clym Yeobright på veg heim frå Paris og Eustacia ser sitt snitt til å kapre ham. Ekteskapet blir derimot ikkje lukkeleg då Clym har eigne draumar, og dei samsvarer sjelden med Eustacias eigne. Thomas Hardy illustrerer i denne romanen korleis romantiske illusjonar ikkje bare påverker eit ekteskap, men og personer rundt, og muligheten for å påverke eigen skjebne.

| Forfatter: Thomas Hardy | Utgitt: 1878 | Min utgåve: Lydbok, lest av Patrick Tull, 16t26min | Forlag: Recorded Books |

The Trumpet-Major
er Thomas Hardys syvende roman, og hans einaste historiske roman. I den oppdikta byen Wessex venter dei på den moglege invasjonen av Napoleons flåte, og Anne Garland vurderer sine tre beilere. Deira skjebner blir infiltrert av den moglege invasjonen, då to av beilerne er henholdsvis soldat og sjømann. Romanen er ein av Thomas Hardys mest uvanlege og skal vera ein fascinerande historie om kjærleik.

| Forfatter: Thomas Hardy | Utgitt: 1880 | Min utgåve: Lydbok, lest av Michael Ward, 11t18min | Forlag: Independently Published |

Det går sakte framover med Thomas Hardy, men det er ikkje av det beste eg har lest frå denne tidsperioden. Eg trur dei beste romanane kjem mot slutten av Hardys skriveliv, så eg fortsetjer med planen.

Eg er med i ei Discord-gruppe leda av youtuberen Jen the Librarian, og skal lese Thomas Hardys romaner i publisert rekkefylgje dei neste 14 månadane. Eg gler meg då eg tidlegare kun har lest to av romanane hans tidlegare (Under the Greenwood Tree og The Mayor of Casterbridge).

XOXO

torsdag 8. januar 2026

3 x Penguin Little Black Classics | Darwin, Grimm og Catullus


#67 It Was Snowing Butterflies er ein samling tekster frå den britiske naturalisten Charles Darwin. Tekstene handler i all hovudsak om observasjoner gjort medan Darwin som 22-åring var med som forsker på skipet Beagle på 1830-talet. Den er underhaldande, men det haldt med utdraget for min del.

#68 The Robber Bridegroom er 7 eventyr signert dei tyske brørne Jacob og William Grimm. Fleire av dei er kjent som Bymusikantene fra Bremen, Snøhvit og Røverbrudgommen, medan andre var ukjente. Eventyr er alltid kjekt om dei er norske eller utanlandske. 

#69 I Hate and I Love er dikt frå den romerske poeten Catullus. Dikta har i hovudsak overlevd på grunn av dei seksuelle temaene, og det beviser jo at det temaet har eksistert i tusenvis av år. 


XOXO

| Forfattere: Charles Darwin, Brothers Grimm og Catullus | Utgitt: 1839, 1812, 84-54 BC | Format: Hefta, ca 50 sider | Forlag: Penguin Classics |

søndag 16. november 2025

3 x Penguin Little Black Classics | Conrad, Hakluyt og Chopin


#64 To-morrow er ei novelle frå polsk-britiske Joseph Conrad. Conrad er meir kjent som forfattaren bak Heart of Darkness, Lord Jim og The Secret Agent, men her får me altså ei novelle. Dette skal vera Conrads mest gripande historie, men for min del så har den ikkje tålt tidens tann.

#65 The Voyage of Sir Francis Drake Around the Whole Globe er to sakprosa-tekster frå geografen og forfattaren Richard Hakluyt. Tekstane handler om berømte ekspedisjoner som kartla verda på 1500-talet. Interessant, men keisamt.

#66 A Pair of Silk Stockings er ei samling tekster frå amerikanske Kate Chopin. Tekstane kjem frå slutten av 1800-talet og Chopin vart sett på som datidens mest utfordrande amerikanske skribenter. Tekstane er gode og anbefales.

 
XOXO

| Forfattere: Joseph Conrad, Richard Hakluyt og Kate Chopin | Utgitt: 1902, 1616, 1897 | Format: Hefta, ca 50 sider | Forlag: Penguin Classics |

fredag 14. november 2025

3 x Penguin Little Black Classics | Aesop, Basho og Brontë


#61 The Dolphins, the Whale and the Gudgeon er ein samling av Æsops fabler. Æsops fabler er kjent som moralske fortellinger med dyr i hovudrolla som har fått menneskelege eigenskaper. Kjente fabler er Løven og musa, Haren og skilpadden og Gutten som rope ulv, ulv. Opprinnelsen skal vera den frygiske slaven Æsop frå antikkens Hellas.

#62 Lips too chilled er haiku-dikt frå japanske Matsuo Basho som levde på midten av 1600-talet. Han var ein feira buddhist-poet og eg syns det er flott at diktene ennå er i trykk.

#63 The Night is Darkening Round Me er ei samling dikt frå britiske Emily Brontë. Ein skulle jo tru etter at eg nyleg har avslutta ein månad med viktorianske bøker så var eg lei, men dengang ei. Denne diktsamlinga er heilt i mi gate, og med kun ein publisert roman, Wuthering Heights, er det så bra at Emily Brontë skreiv fleire gode dikt.

Faith and Despondency (utdrag)
The Winter wind is loud and wild,
Come close to me, my darling child;
Forsake thy books, and mateless play;
And, while the night is gathering grey,
We'll talk its pensive hours away; -

25. (utdrag)
The night is darkening round me
The wild winds coldly blow
But a tyrant spell has bound me
And I cannot cannot go

The giant trees are bending
Their bare boughs weighed with snow
And the storm is fast descending
And yet I cannot go

Clouds beyond clouds above me
Wastes beyond wastes below
But nothing drear can move me
I will not cannot go



XOXO

| Forfattere: Aesop, Matsuo Basho og Emily Brontë | Utgitt: 561, 1702, 1846 | Format: Hefta, ca 50 sider | Forlag: Penguin Classics | 

søndag 9. november 2025

3 x Penguin Little Black Classics | Vasari, Wilde og Fu


#58 Leonardo da Vinci er ein samling tekster om renessansekunstnerne Leonardo da Vinci, Fra Filippo Lippi og sandro Botticelli. Den er den italienske kunsthistorikeren Giorgio Vasari som er skribenten og det er ein interessant måte å lære litt meir om dei feira kunstnerne.

#59 Lord Arthur Savile's Crime er ei novelle frå den irske forfatteren og dramatikeren Oscar Wilde. Wilde er meir kjent for sin eine roman, The Picture of Dorian Gray, og novella er henta frå ei større novellesamling. Lord Arthur Savile's Crime er frå Londons mektige sosietet med alt som sein viktoriatid innehaldt av dandyer, anarkister og ein morderisk lovnad før eit giftermål.

#60 The Old Man and the Moon er ein kinesisk kjærleikshistorie som vart først publisert i 1809, men så forsvunnet i fleire tiår før den vart funnet i 1870. God historie, og spennande med historier utanfor Vesten.



XOXO

| Forfattere: Giorgio Vasari, Oscar Wilde og Shen Fu | Utgitt: 1550, 1891, 1809 | Format: Hefta, ca 50 sider | Forlag: Penguin Classics |

mandag 27. oktober 2025

3 x Penguin Little Black Classics | Sophocles, Akutagawa og Tolstoy


#55 Antigone er ein gresk tragedie frå Sophocles. Skodespelet handler om Oedipus' datter - ei vis, fryktløs heltinne som ikkje bryr seg om samfunnets lover. Greske skodespel er interessant, og det må jo vera ein årsak til at dei framleis er i trykk.

#56 The Life of a Stupid Man er frå japanske Akutagawa. Historiene er sjølvbiografiske og japaneren blir sett på som modernismens mester. Eg falt sjølvsagt for avsnittene om bøker:

The Era

He was upstairs in a bookstore. Twenty years old at the time, he had climbed a ladder set against a bookcase and was searching for the newly-arrived Western books: Maupassant, Baudelaire, Strindberg, Ibsen, Shaw, Tolstoy ...

The sun threatened to set before long, but he went on reading book spines with undiminished intensity. Lined up before him was not so much an array of books as the fin de siècle itself. Nietzsche, Verlaine, the Goncourt brothers, Dostoevsky, Hauptmann, Flaubert ...

#57 How Much Land Does A Man Need? er frå den russiske forfattaren Lev Tolstoy og er ein lignelse frå ein russisk bonde. Bonden forhandler med sjølvaste djevelen, og James Joyce såg på historien som den beste i verda.

 
XOXO

| Forfattere: Sophocles, Ryunosuke Akutagawa og Lev Tolstoy | Utgitt: 442, 1927, 1886 | Format: Hefta, ca 50 sider | Forlag: Penguin Classics | 

lørdag 11. oktober 2025

"Far from the Madding Crowd" av Thomas Hardy

Thomas Hardy (1840-1928) var ein britisk forfatter som debuterte med sin første roman i 1871, og er mest kjent for romaner som Tess of the D'Urbervilles, Jude the Obscure and The Mayor of Casterbridge. Han identifiserte seg imidlertid som poet og skreiv romaner i hovudsak for penger.

Far from the Madding Crowd handler om den sjølvstendige og spirituelle Bathsheba Everdeen som har kome til den fiktive Weatherbury for å bli gardbruker på den største garden i området. Hennar opne tilstedeværelse tiltrekker seg tre ulike beilere: gardbrukeren Boldwood, soldaten/forføreren Sergeant Troy og sauegjeteren Gabriel Oak. Kvar beiler setter Batsheba Everdeen ut av spel, og får ho til å tvile på sine livsval. Romanen er den første som er satt til Hardys fiktive Wessex fylke, og inneheld blant anna hans direkte ærlighet om seksuelle forhold.

Den fjerde i rekka av Thomas Hardy-romaner, og må innrømme at her har eg ikkje haldt tritt i det heile tatt. Det kan ha mange årsaker, men eg trur på den at viss ikkje handlinga fenger så høyrer eg ikkje etter. det kan bare gå oppover i min Hardy-lesing, og neste roman er straks i gang.

Eg er med i ei Discord-gruppe leda av youtuberen Jen the Librarian, og skal lese Thomas Hardys romaner i publisert rekkefylgje dei neste 14 månadane. Eg gler meg då eg tidlegare kun har lest to av romanane hans tidlegare (Under the Greenwood Tree og The Mayor of Casterbridge).

XOXO

| Forfatter: Thomas Hardy | Utgitt: 1874 | Min utgåve: 2019 | Format: Lydbok, lest av Jamie Parker, 14t58min | Forlag: Naxos Audiobooks |

lørdag 13. september 2025

"A Pair of Blue Eyes" av Thomas Hardy

Thomas Hardy (1840-1928) var ein britisk forfatter som debuterte med sin første roman i 1871, og er mest kjent for romaner som Tess of the D'Urbervilles, Jude the Obscure and The Mayor of Casterbridge. Han identifiserte seg imidlertid som poet og skreiv romaner i hovudsak for penger.

A Pair of Blue Eyes handler om blåøyde (muligens både i auger og erfaring) Elfride Swancourt. Ho er 19 år og bur aleine med sin far, og romanen handler om Elfrides kjærleikstrekant med sine beilere. Stephen Smith er ein ung mann med same bakgrunn som Elfride, medan Henry Knight er eldre og frå London-sosieten. Dei to beilerne er venner, men dei er ikkje klar over at begge kjenner Elfride Swancourt. Då faren får nyss om dotteras bekjentskap med Smith blir sistnemnte sendt på dør, medan Knight som er ein slektning av Elfrides stemor vil ikkje lenger ha ho då ho har blitt beila til tidlegare. Elfride gifter seg med ein tredje mann, Lord Luxellian. Som fleire andre viktorianske romaner vart A Pair of Blue Eyes først publisert i føljetonger. Eit kjent handlingsmoment, cliffhanger, kjem frå denne romanen og vart popularisert i Charles Dickens' romaner før ordet cliffhanger var oppfunnet.

Etter to gode Hardy-romaner vart den tredje keisam og langtrukken. Eg fant meg sjølv i å grue meg til å sette på lydboka, og hadde det ikkje vore for lydboka hadde den nok ikkje blitt ferdig. Romanen er skrevet i dei tider Thomas Hardy beila til sin første hustru, Emma Gifford, og det blir sagt at denne romanen har flest sjølvbiografiske elementer. Nå har ikkje eg lest ein biografi om Thomas Hardy, men kanskje finner eg likheter.

Eg er med i ei Discord-gruppe leda av youtuberen Jen the Librarian, og skal lese Thomas Hardys romaner i publisert rekkefylgje dei neste 14 månadane. Eg gler meg då eg tidlegare kun har lest to av romanane hans tidlegare (Under the Greenwood Tree og The Mayor of Casterbridge).

XOXO

| Forfattar: Thomas Hardy | Utgitt: 1873 | Min utgåve: 2019 | Format: Lydbok, lest av Anne Bentinck, 16t3min | Forlag: Naxos Audiobooks |

søndag 27. juli 2025

"Persuasion" av Jane Austen

Jane Austen (1775-1817) var ein britisk forfatter, viden kjent for sine karakterer som Mr Darcy, Elizabeth Bennet, Fanny Price, Emma Woodhouse blant fleire. Austen fullførte seks romaner i si korte levetid, og fleire ufullførte verk. I 2025 er det 250 år sidan Jane Austen vart fødd, og feiringen går føre seg heile året.

Persuasion handler om Anne Elliot som i slutten av 20-åra har mista trua på at ho nokon gong blir gift. Faren, Sir Walter Elliot, har brukt penger som gras, storesystera Elizabeth er like glad i penger som faren, medan veslesystera Mary har vore gift eit par år med Charles Musgrove på Uppercross. Nå må familien flytte frå Kellynch Hall, og faren har sett sine auge på Bath. Anne misliker Bath, men faren og Elizabeth har allereie bestemt (over hodet på Anne) at ho skal til Uppercross og bistå Mary. På Kellynch Hall er det svært få som faktisk setter pris på Annes selskap, og Elizabeth inviterer heller med seg ei venninne til Bath istadenfor Anne.

Det viser seg at leigetakerne til Kellynch Hall er admiral Croft og hans kone Sophie. Sistnemnte har tilknytning til stedet frå før då brødrene hennar budde i området for omtrent ti år sidan. Den eine broren, Frederick Wentworth, var sjømann og utan penger då, men Anne og Frederick var hodestups forelska. Ingen i familien såg føre seg at Anne skulle gifte seg med ein pengelens sjømann, og Wentworth reiste tilbake på sjøen utan Anne. Nå er han tilbake i landet etter Napoleonskrigene var over, og Anne møter han igjen på Uppercross. Svigerfamilien til Mary har tilknytning til Wentworth, og han blir ein hyppig gjest på Uppercross. Dei unge i familien Musgrove blir invitert til Lyme, ulukker skjer, nye bekjentskaper og etter nokre månader er Anne i Bath.

Det er her i Bath Anne verkeleg står opp for seg sjølv. Ho pleier vennskapet med ei gammel skulevenninne, krangler med faren, møter farens arving (fordi faren ikkje har sønner er det ein slektning som står som arving av Kellynch Hall) og til slutt blir det ein ende på vår romantiske historie.

Det er ingen hemmelighet at Persuasion er min favoritt blant Austens romaner. Den har i mine auge alt: kjærleik, svik, gode karakterer, humor og spenning. Tenk deg å få ein ny sjanse til å erobre din største kjærleik i livet, og samstundes irritere vettet av dei horrible slektningane dine. I love it! Noko som slår meg når eg leser denne romanen er jo nærmere Austen kjem ein ny litterær periode jo meir interessante blir karakterene. Eg har lest ein del Charles Dickens som publiserte samtlege romaner i viktoria-tiden. I Dickens' romaner er det ofte meget tydeleg hvilke karakterer som er gode og hvilke som er mindre gode. I Persuasion får dei gode karakterene som Anne Elliot, Frederick Wentworth og fleire bikarakterer det godt i livet, medan faren og systera blir lurt av personer dei trudde var allierte. Dette er bare ein tanke eg har hatt, men spennande tenking syns eg. Persuasion var Jane Austens siste fullførte roman, og ho fekk aldri sjå den bli publisert. Den vart utgitt saman med Northanger Abbey i desember 1817, fem månader etter hennar død.

XOXO

| Forfatter: Jane Austen | Utgitt: 1817 | Min utgåve: 2022 | Format: Hefta, 223 sider | Forlag: Arcturus Publishing |

onsdag 23. juli 2025

"Under the Greenwood Tree" av Thomas Hardy

Thomas Hardy (1840-1928) var ein britisk forfatter som debuterte med sin første roman i 1871, og er mest kjent for romaner som Tess of the D'Urbervilles, Jude the Obscure and The Mayor of Casterbridge. Han identifiserte seg imidlertid som poet og skreiv romaner i hovudsak for penger.

Under the Greenwood Tree handler om Dick Dewey og Fancy Days veg til ekteskapet. Dewey er saman med faren og bestefaren medlem av ei gruppe kyrkjemusikanter, og Fancy Day er den nyansatte lærerinna i landsbyen Mellstock. Då presten Maybold hyrer Fancy Day som organist i kyrkja istadenfor den tradisjonelle gruppa blir det opprør. Dick Dewey har falt hodestups for Fancy Day, men han er ikkje den einaste beilaren. Presten Maybold og den rike bonden, Shinar, er begge interessert i lærerinna. Fancy Days far syns ikkje dottera skal gifte seg med Dick Dewey, men etter ei tid må til og med han innsjå at ekteskap og lykke kjem frå kjærleik.

Dette er Thomas Hardys andre roman, og ein av to eg har lest tidlegare. Eg valgte lydbok denne gongen, slik som med Desperate Remedies, og Thomas Hardy fungerer overraskande bra kombinert med luking i hagen. Under the Greenwood Tree blir sett på som den mest elska av hans romanar, og den mest idylliske. Hardy gir eit meget godt portrett av tidleg viktoriansk landsbyliv, og eg liker den meget godt.

Eg er med i ei Discord-gruppe leda av youtuberen Jen the Librarian, og skal lese Thomas Hardys romaner i publisert rekkefylgje dei neste 14 månadane. Eg gler meg då eg tidlegare kun har lest to av romanane hans før denne readalongen (Under the Greenwood Tree og The Mayor of Casterbridge).

XOXO

| Forfattar: Thomas Hardy | Utgitt: 1872 | Min utgåve: 2019 | Format: Lydbok, lest av Margaret Hilton, 6t37min | Forlag: Recorded Books Inc. |

mandag 21. juli 2025

"Northanger Abbey" av Jane Austen

Jane Austen (1775-1817) var ein britisk forfatter, viden kjent for sine karakterer som Mr Darcy, Elizabeth Bennet, Fanny Price, Emma Woodhouse blant fleire. Austen fullførte seks romaner i si korte levetid, og fleire ufullførte verk. I 2025 er det 250 år sidan Jane Austen vart fødd, og feiringen går føre seg heile året.

Northanger Abbey er romanen som vart "written first, published last". Den er ein parodi på gotiske romaner, og Austen skriver ein del om faren ved å lese romaner og korleis bli ei heltinne i eige liv. Vår kvinnelege hovudperson er Catherine Morland, ei 18-årig jente frå landet, som blir bedd med til Bath av naboene. Her møter ho søsknene Thorpe og søsknene Tilney, og blir dratt mellom to ulike måter å leve livet. John og Isabella Thorpe er opptatt av fart og spenning, av penger og korleis kome seg opp i livet. Henry og Eleanor Tilney har penger, men dei har i tillegg ein kontrollerande far og ein levemann/sjømann av ein bror. Catherine Morland er til tider uskyldig og naiv, men mot slutten viser ho kven ho helst vil tilbringa tid med og kvifor.

Catherine Morland blir invitert til Tilney-familiens gods, Northanger Abbey, og her blir ho nesten overbevist om at ho ser spøkelser på høylys dag. Ho er sterkt påverka av Ann Radcliffes The Mysteries of Udolpho og allerede her før 1800 viser Jane Austen korleis forfattere namnedropper andre forfattere dei har ein tilknytning til. Radcliffe er nemnt, det same med Frances Burney samt romaner som står nemnt utan forfatter, men som eg må sjekke opp. Catherine er gjest ei tid på godset heilt til ho må reise heim i ein fart. Ho er overbevist om at ho har gjort noko galt overfor General Tilney (Henry og Eleanors far) og i film-adaptasjonen frå 2007 kaster ho Udolpho i peisen. Gotiske romaner var tydeligvis for meget for vår heltinne. 

Dette er min tredje gong i Catherine Morland-universet, og endeleg syns eg det er ein god roman. Då eg las den første gong likte eg den ikkje. Eg syns den var distansert og annleis enn dei andre Austen-romanane. Min meining er at bakhistorien til Northanger Abbey har vore viktig for min interesse for denne romanen. Den er skrevet før dei meir hylla romanane som Pride and Prejudice og det var meininga at den skulle publiseres så tidleg som i 1804. Det skjedde ikkje, og manuskriptet vart kjøpt tilbake av Austens bror og publisert saman med Persuasion etter Jane Austens død. Jane Austens skreiv romantiske romanar, og som i alle Austen-romaner blir det romantikk mot slutten. Det viser at romanse-bøker er ikkje ein ny sjanger.

XOXO

| Forfatter: Jane Austen | Utgitt: 1818 (først skrevet i 1798) | Min utgåve: 2022 | Format: Hefta, 220 sider | Forlag: Arcturus Publishing |

mandag 7. juli 2025

"Jane Austen's Bookshelf - The Women Writers Who Shaped a Legend" av Rebecca Romney

Rebecca Romney er ein bokhandler med spesialitet i sjeldne bøker. Ho har eige firma i Washington, DC og har vore bokeksperten i The History Channel.

Jane Austen's Bookshelf er akkurat det tittelen sier: Kva hadde Jane Austen i bokhylla, eller kven vart ho inspirert av? Dei fleste som har lest Northanger Abbey veit at hovudpersonen Catherine Morland leser romanen The Mysteries of Udolpho, men færre veit kanskje at det faktisk er ein ekte roman. Eg såg filmen The Jane Austen Book Club seinast i går kveld, og ein av medlemmane i lesesirkelen blir inspirert til å lese romanen. Då kommenterer ei av dei andre om det er ei verkeleg bok.

Rebecca Romney har gått heilt inn for å finne ut hvilke kvinnelege forfattarar som inspirerte Jane Austen, og har lest dei fleste av bøkene deira pluss noko biografisk. Resultatet har blitt ei meget god bok med fyldig biografisk tekst om følgande forfattarar: Frances Burney, Ann Radcliffe, Charlotte Lennox, Hannah More, Charlotte Smith, Elizabeth Inchbald, Hester Lynch Thrale Piozzi og Maria Edgeworth. Eg har storkost meg, og har lært så mykje meir om Jane Austens forfatterskap, og innser ein ting:

Eg har kjøpt meg eit prosjekt!

Eg vil jo og lesa fleire av romanane frå disse forfatterne pluss noko sakprosa Romney skriver om. Klassikerdronninga slår til igjen, for kven er eg utan klassikerne. Jane Austen er 250 år i år, og er meir inspirerert enn nokon gong til å lese hennar forfatterskap, men og andre som ho las og likte. Kanskje eg ein gong for alle endeleg skal fullføre The Mysteries of Udolpho? Eg har bare prøvd tre gonger ;-) Eg såg denne boka tilfeldig på Instagram, gjekk sporenstreks ned på bokhandelen min, og bestilte. Dei ansatte der kjenner meg godt, og alle var sjølvsagt samde i at denne boka må flytte inn i bokhylla mi. Digger slike folk!

Varmt anbefalt!

XOXO

| Forfatter: Rebecca Romney | Utgitt: 2025 | Format: Hefta, 455 sider | Forlag: Ithaka Press | 

lørdag 5. juli 2025

"Desperate Remedies" av Thomas Hardy

Thomas Hardy (1840-1928) var ein britisk forfatter som debuterte med sin første roman i 1871, og er mest kjent for romaner som Tess of the D'Urbervilles, Jude the Obscure and The Mayor of Casterbridge. Han identifiserte seg imidlertid som poet og skreiv romaner i hovudsak for penger. 

Desperate Remedies handler om Cytherea Graye som etter sin fars død må ut og tene penger. Ho og broren, Owen, bur saman, men inntekta er låg og Cytherea tar ein jobb som selskapsdame for den eksentriske Miss Aldclyffe. Før Cytherea kom til Miss Aldclyffe hadde ho ein kort romanse med Edward Springrove, men då det kjem til overflaten at Springrove er forlova med kusina si slår ho opp med han. Miss Aldclyffe har ein like eksentrisk forvalter med ein broket fortid, og Cytherea kjem under hans påverknad. Bi-personene er interessante, og gir litt her og der til romanens handling. Det går bra til slutt, men det ser mørkt ut ei stund.

Dette er Thomas Hardys første roman, og sjølv om eg kun har lest eit par seinare romaner av forfatteren så er det tydeleg at han har kasta inn alt av handling i denne romanen. Utpressing, mord og romantikk er eit par av tingene som skjer, men det er veldig mykje handling. I tillegg så er dette hans forsøk på ein sensasjonsroman, noko den britiske forfatteren Wilkie Collins perfeksjonerte seinare (har eg blitt fortalt då eg ikkje har lest Collins ennå). Eg begynte med den på kindle, men gjekk etter ca 1/3 av romanen over til engelsk lydbok. I utgangspunktet syns eg den var litt langtrukken, men det gjekk radig framover etter som den vart meir spennande, og eg anbefaler lydbok-versjonen.

Eg er med i ei Discord-gruppe leda av youtuberen Jen the Librarian, og skal lese Thomas Hardys romaner i publisert rekkefylgje dei neste 14 månadane. Eg gler meg då eg tidlegare kun har lest to av romanane hans tidlegare (Under the Greenwood Tree og The Mayor of Casterbridge).

XOXO

| Forfattar: Thomas Hardy | Utgitt: 1871 | Min utgåve: 2013 | Format: Lydbok, lest av Melody Grove, 15t40min | Forlag: W.F. Howes | 

søndag 2. februar 2025

"Det åttende livet (til Brilka)" av Nino Haratiscwili

Nino Haratischwili (f. 1983) er ein georgisk-fødd tysk forfatter, dramatiker og teatersjef. Familien flytta til Tyskland i 90-åra etter Sovjetunionens fall, flytta tilbake til Georgia etter to år, og i 2012 vart Haratischwili tysk statsborger. Nino Haratischwili er prisbelønna og romanen The Eighth Life var på langlista til den internasjonale Booker-prisen i 2020 (saman med blant andre Jon Fosse).

Baksideteksten sier: "Det åttende livet er en reise gjennom et Europa i endring og et rystende og rørende flettverk av kjærlighet, krig og tragedier. Og en sjokoladeoppskrift som viser seg å bære med seg både ekstase og fortapelse." Og det oppsummerer romanen på ein overfladisk måte. Opner du romanen vil du først finne eit slekstre som du vil få bruk for, og ein uendelighet av personnamn, familierelasjoner og historie. Sistnemnte hadde eg meget ofte lite snøring på.

Eg syns handlinga er for overveldande til å få ned her, og det er nok ikkje alt eg har fått med meg i farten. Språket er meget godt, og sidene flyr avgårde når du først har satt deg ned med boka. Den er delt inn i 7 (8) korte og etterkvart lengre kapitler og kvart kapittel har namnet til eit familiemedlem som tittel. Det vil ikkje si at det eine kapitlet handler kun om den eine personen, for etterkvart som medlemmane blir fødd inn i familien så er dei med i neste kapittel. Dette med ein uendelighet av personnamn minner meg om dei store romanene som Anna Karenina, Krig og fred og Buddenbrooks. Eg er godt vant til slike romaner og nyter det i fullt monn, men eg er glad for slektstreet som Haratischwili har laga.

Så kvifor skal du lese denne romanen? Kvifor skal du binde deg til 1152 sider i ei bok når du kan lese 3-4 romaner på den stunda det tar å lese mursteinen frå Georgia? Eg har ikkje googla mykje under lesing av boka, men er så heldig å ha lest saman med andre som har googla for meg og skrevet i ein Instagram-chat om ting som er relevant for kapittelet. Hadde det ikkje vore den gruppa hadde eg nok ikkje blitt ferdig. Men kvifor skal du lese den? Fordi den gir deg eit bilete på georgisk historie som du kanskje ikkje får andre stader, og fordi det er ein meget god historie. Ein ting som slo meg då eg las dei siste sidene i går kveld er at det er kvinnene som er dominerande. Det er dei som held familien oppe og i gang, mennene er innom ein gong iblant, men er som regel bortreist på jobb.

Eg skal innrømme at eg likte best dei 500 sidene for eg likte dei personene best. Dei neste 500 sidene er ikkje galne dei heller, men det vart meir skumming utav dei. Eg kjenner meg så godt at hadde eg satt boka inn i bokhylla på side 501 så hadde den blitt der ei god stund, så ferdig vart eg. Eg er ikkje så historie-interessert at eg føler for å lære meir, men historisk fiksjon fungerer.

Varmt anbefalt!

XOXO

| Forfattar: Nino Haratischwili | Originaltittel: Das achte Leben (für Brilka), oversatt til norsk av Ute Neumann | Utgitt: 2014 | Min utgåve: 2024 | Format: Hefta, 1152 sider | Forlag: Aschehoug |

mandag 6. januar 2025

"Nytten og gleden - Fransk litteratur gjennom tusen år" av Aukrust, Kolderup og Uvsløkk

Kjerstin Aukrust (f. 1978) og Geir Uvsløkk (f. 1976) er førsteamanuensis i fransk litteratur og områdekunnskap ved Universitetet i Oslo. Trude Kolderup (f. 1973) er førsteamanuensis i fransk litteratur ved NTNU og fagansvarleg for Frankrikes litteratur på 16- og 1700-talet i Store Norske Leksikon. Trekløveret har saman skrevet Nytten og gleden - Fransk litteratur gjennom tusen år.

Baksideteksten sier følgande: "Denne boken er skrevet for deg som ønsker mer kunnskap om fransk litteraturhistorie, enten du er student, lærer, journalist, jobber i kulturlivet eller bare er nysgjerrig på hva som har gjort fransk litteratur til en så innflytelsesrik del av vår kultur." Då må jo det gjelde for ein middels nerdete bokblogger, og boka vart ein viktig del av min juleferie.

Franskspråklege forfattere har verdsrekord i antall nobelpriser, og fransk litteratur leses, diskuteres og studeres verda over. Eg har lest min del av franske forfattere og kjem garantert til å lese fleire eller lese favorittene om igjen. Som norsk med ein hang til å velge britiske eller amerikanske forfattere over andre så er det spennande med ny inspirasjon, og det gir den meg. Forfatterne har fordelt temaene utover i boka, og eg ser føre meg at dei har skrevet om det dei kan eller liker best sjølv utan eg veit heilt sikkert.

Boka begynner i middelalderen og flytter seg heilt fram til vår tid. Dei ulike litterære periodene kjenner eg igjen frå norsk-timane, men det er nok skilnader på norske og franske perioder. Uansett er det heilt klart ein samanheng og forfatterne som nemnes i dei ulike periodane kan sjåas i samanheng med våre norske forfattere. I tillegg til forfattarar av skjønnlitteratur skriver forfatterne og om teater. Fransk teater er noko eg kan absolutt ingenting om og det var heller ikkje det mest interessante for meg i denne boka, men kanskje ein dag så plukker eg den opp igjen nettopp på grunn av fransk teater.

Det er fleire forfattere eg har lest om eller av som figurerer i boka, og det er ikkje slik at den lister opp absolutt alt som kan krype og gå i fransk litteratur ei heller alle nobelprisforfatterne er nemnt. Det er heller ikkje målet med boka tenker eg, men heller gi ein oversikt over sentrale tendenser i fransk litteratur. Eg er i alle fall litt klokere og litt meir motivert til å lese fransk litteratur over engelsk og amerikansk. Boka har og noter, litteraturliste og register slik at det er lett å slå opp i den om det er ein forfatter du lurer på. Anbefales!

XOXO

| Forfattere: Kjerstin Aukrust, Trude Kolderup og Geir Uvsløkk | Utgitt: 2019 | Format: Heftet, 375 sider | Forlag: Universitetsforlaget |

søndag 23. juni 2024

3 x Penguin Little Black Classics | Plato, Rossetti og Anonym


#52 Socrates' Defence er den greske filosofen Sokrates' forsvar i rettssaken år 399 BC. Platon var Sokrates' elev, og har skrevet ned kva som skjer. Eg kunne fint vore foruten, og innser at gresk filosofi er ikkje min kopp te.

#53 Goblin Market er britiske Christina Rossettis dikt. Diktsamlingen inneheld 20 dikt frå viktoriatida. Dei som har fulgt med her ei stund veit at eg er meget glad i viktoriatida, og då eg såg innhaldsfortegnelsen stoppa eg umiddelbart ved diktet som heiter A Christmas Carol.

A Christmas Carol

In the bleak mid-winter
Frosty wind made moan,
Earth stood hard as iron,
Water like a stone;
Snow had fallen, snow on snow,
Snow on snow,
In the bleak mid-winter
Long ago.

Our God, Heaven cannot hold Him
Nor earth sustain;
Heaven and earth shall flee away
When He comes to reign:
In the bleak mid-winter
A stable-place sufficed
The Lord God Almighty
Jesus Christ.

Enough for Him, whom cherubim
Worship night and day,
A breastful of milk
And a mangerful of hay;
Enough for Him, whom angels,
Fall down before,
The ox and ass and camel
Which adore.

Angels and archangels
May have gathered there,
Cherubim and seraphim
Throng'd the air,
But only His mother
In her maiden bliss
Worshipped the Beloved
With a kiss.

What can I give him,
Poor as I am?
If I were a shepherd
I would bring a lamb,
If I were a Wise Man
I would do my part, -
Yet what I can give Him,
Give my heart.

#54 Sindbad the Sailor er ein historie om skipsvrak, store beist og fantastiske øyer frå samlinga Tusen og en natt. Den er i tre deler, og er ein fascinerande historie.


XOXO

| Forfattere: Plato, Christina Rossetti og Anonym | Utgitt: 400, 1862, 900 | Format: Hefta, ca 50 sider | Forlag: Penguin Classics |

søndag 16. juni 2024

3 x Penguin Little Black Classics | James, Owen og Mozart


#49 The Figure in the Carpet er ein sein-viktoriansk novelle frå amerikansk-britiske Henry James. Hovudpersonen som aldri blir nemnt med namn møter sin favoritt-forfatter og blir besatt av å finne meininga i alle forfatterens verk. Eg er tilhenger av viktorianske verk, men satser på at dei seks verka frå Henry James på 1001-lista er betre enn The Figure in the Carpet.

#50 Anthem for Doomed Youth er ein diktsamling frå første verdskrig-poeten Wilfred Owen. Samlinga består av 36 dikt, og er til tider sterk lesing.

1914 (utdrag)

War broke; and now the Winter of the world
With perishing great darkness closes in.
The foul tornado, centred at Berlin,
Is over all the width of Europe whirled,

#51 My Dearest Father er ei samling brev mellom den østerriske komponisten Wolfgang Amadeus Mozart og hans mentor-far Leopold Mozart. Breva er underhaldande, rørande og tidvis skarpe og gir eit unikt innblikk i far-son-forholdet.


XOXO

| Forfattere: Henry James, Wilfred Owen og Wolfgang Amadeus Mozart | Utgitt: 1896, 1920, 1791 | Format: Hefta, ca 50 sider | Forlag: Penguin Classics |

onsdag 5. juni 2024

"Utveg" av Erling A. Westgaard Flote

Erling A. Westgaard Flote (f. 1983) har mastergrad i historie og arbeider som lektor i den vidaregåaande skulen. Utveg er den første romanen hans.

Johanne er sytten år, skulenerd og stort sett heime med mor og far i helgene. I nabohuset bur bestefar på straks nitti år, og i fjoset står ein gjeng mjølkekyr. Johanne har sett seg ut profesjonsstudiet i psykologi etter vidaregåande, og jobber hardt for å få femmere og seksere. Etter ein bedriten (bokstaveleg talt) laurdag med nedvask i fjoset sender Johanne ein kort snap til ei tidlegare bestevenninne, og ballen er i gang. Linn hoppa av heile skuleløpet, henger med rånarar og fester kvar helg. Johanne blir invitert med på fest, og takker overraskande nok ja. Ein fest blir til fleire, og vennskapet blir sterkare.

Samstundes kjenner Johanne presset om å ta over slektsgarden, eit par familiehemmeligheter ligger og ulmer, og kvifor drikker eigentleg onkel Tor? Det virker ikkje som mor og far forstår kva Johanne vil i livet, men det kan jo hjelpe å snakke om det.

Utveg er på knappe 150 sider, eg las den på eit par timar, og sitjer med klump i halsen mot slutten. Det ser mørkt ut ei stund, men livet smiler då siste side er vendt. Ungdommen trenger bøker som denne, og at den er på nynorsk er ingen problem. Det sier i alle fall nynorsk-fanatikeren :-) Det handler om vennskap, om å finne sin veg i livet, og at det fins ein utveg for dei fleste utfordringar om ein berre snakkar om ting. Forholdet mellom Johanne og bestefar kjenner eg meget godt igjen, for ein slik bestefar har eg hatt. Varmt anbefalt!

XOXO

| Utgitt: 2024 | Format: Innbundet, 151 sider | Forlag: Samlaget |