Jane Austen's Bookshelf er akkurat det tittelen sier: Kva hadde Jane Austen i bokhylla, eller kven vart ho inspirert av? Dei fleste som har lest Northanger Abbey veit at hovudpersonen Catherine Morland leser romanen The Mysteries of Udolpho, men færre veit kanskje at det faktisk er ein ekte roman. Eg såg filmen The Jane Austen Book Club seinast i går kveld, og ein av medlemmane i lesesirkelen blir inspirert til å lese romanen. Då kommenterer ei av dei andre om det er ei verkeleg bok.
Rebecca Romney har gått heilt inn for å finne ut hvilke kvinnelege forfattarar som inspirerte Jane Austen, og har lest dei fleste av bøkene deira pluss noko biografisk. Resultatet har blitt ei meget god bok med fyldig biografisk tekst om følgande forfattarar: Frances Burney, Ann Radcliffe, Charlotte Lennox, Hannah More, Charlotte Smith, Elizabeth Inchbald, Hester Lynch Thrale Piozzi og Maria Edgeworth. Eg har storkost meg, og har lært så mykje meir om Jane Austens forfatterskap, og innser ein ting:
Eg har kjøpt meg eit prosjekt!
Eg vil jo og lesa fleire av romanane frå disse forfatterne pluss noko sakprosa Romney skriver om. Klassikerdronninga slår til igjen, for kven er eg utan klassikerne. Jane Austen er 250 år i år, og er meir inspirerert enn nokon gong til å lese hennar forfatterskap, men og andre som ho las og likte. Kanskje eg ein gong for alle endeleg skal fullføre The Mysteries of Udolpho? Eg har bare prøvd tre gonger ;-) Eg såg denne boka tilfeldig på Instagram, gjekk sporenstreks ned på bokhandelen min, og bestilte. Dei ansatte der kjenner meg godt, og alle var sjølvsagt samde i at denne boka må flytte inn i bokhylla mi. Digger slike folk!
Varmt anbefalt!
XOXO
| Forfatter: Rebecca Romney | Utgitt: 2025 | Format: Hefta, 455 sider | Forlag: Ithaka Press |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar