Søk i denne bloggen

lørdag 5. juli 2025

"Desperate Remedies" av Thomas Hardy

Thomas Hardy (1840-1928) var ein britisk forfatter som debuterte med sin første roman i 1871, og er mest kjent for romaner som Tess of the D'Urbervilles, Jude the Obscure and The Mayor of Casterbridge. Han identifiserte seg imidlertid som poet og skreiv romaner i hovudsak for penger. 

Desperate Remedies handler om Cytherea Graye som etter sin fars død må ut og tene penger. Ho og broren, Owen, bur saman, men inntekta er låg og Cytherea tar ein jobb som selskapsdame for den eksentriske Miss Aldclyffe. Før Cytherea kom til Miss Aldclyffe hadde ho ein kort romanse med Edward Springrove, men då det kjem til overflaten at Springrove er forlova med kusina si slår ho opp med han. Miss Aldclyffe har ein like eksentrisk forvalter med ein broket fortid, og Cytherea kjem under hans påverknad. Bi-personene er interessante, og gir litt her og der til romanens handling. Det går bra til slutt, men det ser mørkt ut ei stund.

Dette er Thomas Hardys første roman, og sjølv om eg kun har lest eit par seinare romaner av forfatteren så er det tydeleg at han har kasta inn alt av handling i denne romanen. Utpressing, mord og romantikk er eit par av tingene som skjer, men det er veldig mykje handling. I tillegg så er dette hans forsøk på ein sensasjonsroman, noko den britiske forfatteren Wilkie Collins perfeksjonerte seinare (har eg blitt fortalt då eg ikkje har lest Collins ennå). Eg begynte med den på kindle, men gjekk etter ca 1/3 av romanen over til engelsk lydbok. I utgangspunktet syns eg den var litt langtrukken, men det gjekk radig framover etter som den vart meir spennande, og eg anbefaler lydbok-versjonen.

Eg er med i ei Discord-gruppe leda av youtuberen Jen the Librarian, og skal lese Thomas Hardys romaner i publisert rekkefylgje dei neste 14 månadane. Eg gler meg då eg tidlegare kun har lest to av romanane hans tidlegare (Under the Greenwood Tree og The Mayor of Casterbridge).

XOXO

| Forfattar: Thomas Hardy | Utgitt: 1871 | Min utgåve: 2013 | Format: Lydbok, lest av Melody Grove, 15t40min | Forlag: W.F. Howes | 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar