Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten And Other Stories. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten And Other Stories. Vis alle innlegg

fredag 7. april 2023

The 2023 International Booker Prize | Eva Baltasar, Guadalupe Nettel og Perumal Murugan


Eva Baltasar (f. 1978) er fødd og oppvokst i Catalonia i Spania. Ho debuterte som poet i 2008, har gitt ut ei rekke diktsamlinger og i 2018 debuterte ho som romanforfatter. Hennar andre roman, Boulder, vart nominert til den internasjonale Booker-prisen i år. Omsetjaren Julia Sanches er opprinneleg frå Sao Paolo, Brasil, bur i Providence, Rhode Island og har omsett bøker frå portugisisk, spansk og catalansk.

Boulder handler om kvinna bak kallenamnet Boulder. I byrjinga jobber ho som kokk ombord på eit handelsskip og der treffer ho Samsa. Då sistnemnte får jobb i Reykjavik flytter kvinnene og åra går. Ein dag annonserer Samsa at ho ønsker seg barn. Boulder lar seg lokke, men er ikkje heilt sikker på om dette er riktig for ho. Graviditet og morsrolle forandrer Samsa, og Boulder lokkes igjen av friheten ombord på eit handelsskip.

Romanen er kort, knappe 100 sider, og beskriver eit forhold mellom to kvinner som ikkje heilt finner saman etter ei livsendring. Boulder er godt skrevet, og er det første eg leser frå Eva Baltasar. Eg er open om mitt val om å ikkje ha barn, og kjenner igjen mykje av det Boulder beskriver i boka.

| Tittel: Boulder | Originaltittel: Boulder | Utgitt: 2020 | Min utgåve: 2022 | Format: Kindle, 104 sider | Forlag: And Other Stories |
 

Guadalupe Nettel (f. 1973) vart fødd i Mexico, og vaks opp mellom Frankrike og Mexico. Ho har skrevet romaner, novellesamlinger og essay sidan debuten i 2002 og har mottatt ei rekke priser for sine bøker. Den fjerde romanen, Still Born, er i år nominert til den internasjonale Booker-prisen. Omsetjaren, Rosalind Harvey, er britisk, og har omsett romaner for ei rekke forfattere. Harvey omsette og den førre boka til Guadalupe Nettel.

Still Born handler om dei to venninnene Laura og Alina som er uavhengige karierrekvinner i sin beste alder. Ingen av dei har bygd livet sitt rundt det å skape ein familie og Laura har til og med gått til det drastiske skrittet og sterilisere seg. Ein dag fortel Alina at ho har truffet ein ny mann, og ønsket om barn har endra seg. Graviditeten blir alt anna enn behageleg, og Alina og mannen hennar får beskjed om at barnet i magen er sjukt og kjem ikkje klare seg. Samstundes har Laura blitt venn med naboen og hennar unge son som har det meget vanskeleg. Begge kvinnene må ta stilling til kompleksiteten i eigne kjensler, til morskap for eigne eller andres barn, og spørsmåla frå samfunnet. Laura har til dømes aldri fortalt si mor, som ønsker seg barnebarn, at ho er sterilisert. Hadde Alina vore ein ekte person hadde ho mest sannsynleg blitt ei løvemamma for mykje av det Nettel beskriver om graviditeten og morsrollen er heilt i tråd med å vera ei løvemamma.

Guadalupe Nettel forfatter ein god historie, men eg brukte tid på denne i ein litt negativ forstand. Eg syns ikkje språket flyter, karakterene var irriterende og eg har lest ferdig kun for å vite korleis det gjekk med naboguten. Ikkje akkurat lovande.

| Tittel: Still Born | Originaltittel: La hija única | Utgitt: 2020 | Min utgåve: 2023 | Format: Kindle, 216 sider | Forlag: Fitzcarraldo Editions |


Perumal Murugan (f. 1966) er fødd og bur i Tamil Nadu, India. Han har forfatta 11 romaner, og fem samlinger kvar med noveller og poesi. To gonger har han vore nominert til National Book Award for Translated Literature, og er visepresident for PEN International. I 2015 erklærte han seg død etter trusler for ei bok han hadde skrevet. Førre månad vart han langlista til den internasjonale Booker-prisen. Omsetjaren, Aniruddhan Vasudevan, er ein sosiokulturell antropolog som omsetjer mellom tamil og engelsk.

Pyre handler om det unge paret Kumaresan og Saroja. Etter ein virvelvind av ein romanse satt til 80-talets India reiser dei heim til Kumaresans mor. Paret er frå ulike kaster, og blir det kjent er dei begge i livsfare. Med svigermor i nabohytta og Kumaresan på jobb blir Saroja kasta til ulvene. Vil kjærleiken seire, eller tar bygdesladderen overhånd?

Tidlegare har eg skrevet om vanskeligheter med litteratur frå andre kontinent for eg har ingenting å henge det på. I Pyre blir dette tilfellet då eg ikkje forstår halvparten i denne boka, og alle dei ukjente orda gjer det ikkje betre. Eg heier på at forfattere frå andre kontinent får merksemd i min del av verda, men det er dessverre ikkje alt eg klarer å følge med i.

| Tittel: Pyre | Originaltittel: பூக்குழி | Utgitt: 2013 | Min utgåve: 2022 | Format: Kindle, 181 sider | Forlag: Pushkin Press |

XOXO

onsdag 19. september 2012

Bok: "Swimming Home"

Kilde: Goodreads
Forfatter: Deborah Levy
Utgitt: 2012
Format: Kindle
Forlag: And Other Stories
Frå: Amazon

Det er merkelig kor lang tid det tar å lese ei forholdsvis kort bok. Den er på knappe 130 sider, men eg føler eg har brukt evigheter på den. Kanskje det har med stemninga å gjere?

Kilde: Man Booker's heimeside
Kitty Finch havner midt oppi eit forholdsvis konservativt feriehus. Poeten Joe Jacobs er på ferie på den franske riviera med si hustru, krigskorrespondenten Isabel, og deira fjortenårige dotter Nina. Andre som ferierer er ekteparet Mitchell og Laura, som sakte, men sikkert må innsjå at butikken og huset heime i England sannsynligvis må selgjas pga økonomiske problemer. Madeleine Sheridan bur i nabohuset heile året, og har bytta ut engelsk regn med fransk sol. Då Kitty Finch møter dei ferierande har ho ingen klede på, og blir straks sett på som litt merkelig. Det viser seg at frøken Finch kjenner eigaren av feriehuset, men har bomma på leigedatoen. Isabel inviterer straks Kitty til å bu i huset med dei.

Høyres ut som ein koselig historie, ikkje sant? Men neida, det er ikkje tilfellet. Straks boka blir opna siver det inn ei merkelig stemning, og du kjenner at denne boka blir ikkje lett å fordøye. Ekteparet Jacobs har problemer i samlivet, dottera står midt mellom barken og veden, Mitchell og Laura har sine problem, også var det Madeleine. Kitty Finch er botaniker, og bruker meir tid utav kleda enn inni. Mitchell poengterer det til Kitty:
If you wore clothes more often instead of walking around in your birthday suit, you'd look more normal.
Etterkvart får me innblikk i Joe's utroskap, det faktum at Isabel har invitert Kitty til å vera hjå dei kun for at ho vil ut av ekteskapet, og at Madeleine har eit nærare forhold til Kitty enn først antatt.

Som sagt er boka kort, men med den merkelege stemninga som rår er den ikkje enkel å lese. Eg har faktisk lest den to gonger i løpet av den siste månaden fordi nokre bøker trenger å modnas. På grunn av den merkelige og uhyggelege stemninga blir den ingen favoritt hjå meg, men eg trur likevel det er ei bok som henger igjen. Det som skiller boka frå andre er at den skildrer depresjon, maktkamp og begjær på eit sted som i mine tanker henstiller til sol, bading og latmannsliv.

Forfatteren Deborah Levy er ein britisk forfatter, dramatiker og poet. Boka kom ut i fjor haust, og er nominert til Booker-prisen 2012. Clementine har skrevet eit godt innlegg, og Ann Helen har samlesning av alle bøkene på shortlist. Neste bok ut er Tan Twan Engs The Garden of Evening Mists.

XOXO