Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten H.G. Wells. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten H.G. Wells. Vis alle innlegg

søndag 16. august 2026

3 x Penguin Little Black Classics | Virgil, Wells og Herodotus


#76 O Cruel Alexis er utdrag frå den romerske poeten Virgils kjente verk The Eclogues og The Georgics. Eg er sikker på at på eit tidspunkt i historia så var dette meget bra, men eg finner ingen glede i å lese disse versa.

#77 A Slip under the Microscope er H.G. Wells nemnte tittel pluss The Door in the Wall. Wells er kjent som ein pioner innan science fiction-sjangeren med titler som The Invisible Man, The Time Machine og The War of the Worlds. Titlene i boka er gode, og kan vera ein meget god inngang til lengre romaner av Wells.

#78 The Madness of Cambyses er historien om den store og gale Cambyses, kongen av Persia. Herodotus var ein gresk historiker/myte-maker frå det som i dag er ein del av Tyrkia. Historien er grei nok, men interessa mi for dette er ikkje stor.

  

XOXO

| Forfattarar: Virgil, H.G. Wells og Herodotus | Utgitt: 41, 1896, 1906, 401 | Format: Hefta, ca 50 sider | Forlag: Penguin Classics |

lørdag 23. januar 2016

Back to the Classics #2: "The Time Machine"

Forfatter: H.G. Wells (1866-1946)
Utgitt: 1895
Min utgåve: 1949
Format: Lånt innbundet papir, 118 sider
Forlag: Heinemann Educational Books

Den britiske forfatteren Herbert George Wells blir ofte kalt science fictions far med romaner som The Time Machine, The War of the Worlds og The Invisible Man. Han stod på nominasjonslista til Nobels litteraturpris fire gonger, og skreiv og mykje sakprosa. Romanen er lest i kategorien An Adventure Classic i BTTCC.

I victoriatidens Richmond har ein engelsk forsker invitert til middagsselskap. Under middagen underhalder forskeren gjestene med historien om ein mann som går under namnet the Time Traveller. Ei veke seinare er the Time Traveller middagsgjest hjå den same forskaren og blir sjølv forteljaren. The Time Traveller kan reise både fram og tilbake i tid med tidsmaskinen sin, og fortel ivrig om sine oppdagingar på godt og vondt.

Science fiction er absolutt ikkje min kopp med te, og eg kjem aldri til å lese sjangeren som underhaldning, til det har eg krimlitteratur. H.G. Wells presenterer ei spennande handling i sin kortroman, men dessverre syns eg ikkje han klarer å få det interessant nok for meg som ikkje har erfaring med sci-fi. Hovudpersonen framstår som einsidig, og romanen blir for kort til at handlinga får utvikle seg ordentleg. Mot slutten las eg kun for å bli ferdig, og The Time Machine kjem ikkje til å liggje lenge i hjernebarken.

XOXO