Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Bokvennen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bokvennen. Vis alle innlegg

søndag 26. juni 2016

Bok: "De fires tegn" (Sherlock Holmes #2)

Forfatter: Sir Arthur Conan Doyle (1859-1930)
Originaltittel: The Sign of the Four, oversatt av Nils Lie
Utgitt: 1890
Min utgåve: 2015
Format: Innbundet, 192 sider
Forlag: Bokvennen

Den britiske forfatteren Sir Arthur Conan Doyle studerte medisin innan han skreiv første bok om Sherlock Holmes. Lite visste han at han hadde skapt eit fenomen som framleis er gjeldande den dag i dag.

I De fires tegn får Holmes og Watson besøk av den unge Mary Morstan. Frøken Morstans far forsvant sporlaust for ti år sidan, men i nokre år etter dette har ho mottatt perler frå ein ukjent avsender. Nå ønskjer Mary Morstan å kome til botn i saka, og sender Holmes og Watson ut på ein av dei mest eiendommelege sakene i historien. London er full av ulike avkroker, og mysteriet fører dei inn i ein av dei mest tåkete, og forholdet deira vil aldri bli det same igjen.

Mitt andre møte med Sherlock Holmes, og eg likte betre denne enn En studie i rødt. Klassisk krim der unge gategutter blir detektiver, hemmelege luker i skumle hus, forbrytere som hadde skremt vatnet av dagens detektiver og mykje meir gjer denne bloggaren veldig glad. Språket er førsteklasses, og det er ingenting eg stusser på i norsk oversettelse. Det flyter like godt på norsk som eg trur det ville gjort på engelsk. Anbefales!

XOXO

lørdag 7. mai 2016

Bok: "En studie i rødt" (Sherlock Holmes #1)

Forfatter: Arthur Conan Doyle (1859-1930)
Utgitt: 1887
Min utgåve: 2015
Format: Innbundet frå bokhylla, 166 sider, oversatt av Nils Nordberg
Forlag: Bokvennens kriminalbibliotek

Den britiske forfatteren Arthur Conan Doyle studerte medisin innen han i 1886 skreiv ein historie om Sherlock Holmes. Lite visste Dr. Doyle at han hadde skapt eit fenomen som framleis er gjeldande den dag i dag. Populariteten til Sherlock Holmes gjer seg gjeldande både i nye oversettelser som den eg har lest, og i bok- og TV-helter som Lisbeth Salander, Saga Norén, Sarah Lund og dr. House. Det siste har eg henta frå forordet til Nils Nordberg, og eg som har sett alle sesongane av House er samd med Nordberg.

En studie i rødt introduserer Sherlock Holmes og John Watson for omverda. Watson er ein krigsskada militærlege som ønsker ein bo-kamerat medan Holmes er kjemistudent. John Watson tar til å studerer Sherlock Holmes, og finner ut at det er mykje han kan, men det er og mange huller i utdanninga. Då eit lik blir funnet i eit forlatt hus med blodig innskrift på veggen starter eit kompaniskap ulikt mange andre. Watson får sjå Holmes i aksjon, og det sender duoen ut på jakt etter gjerningsmannen som har reist langt for å få sin hevn.

Mitt første møte med Sherlock Holmes i bokform, og det blir garantert fleire. Klassisk krim med hestekjerrer, giftdrap og telegrammer er ofte mykje meir underhaldande enn heseblesande biljakt og seriemordere i dagens moderne krimbøker. Sherlock Holmes er ikkje redd for å virke skrytete, og han veit meget godt kva han kan. John Watson var nok forundra meir enn ein gong då Holmes kunne gjette yrker på folk bare ved å sjå på dei. Anbefales!

XOXO

torsdag 11. februar 2016

Back to the Classics #3: "Dødsklokkene" (Lord Peter Wimsey #9)

Forfatter: Dorothy L. Sayers (1893-1957)
Originaltittel: The Nine Tailors
Utgitt: 1934
Min utgåve: 2015
Oversetter: Rune Larsstuvold, forord av Nils Nordberg
Format: Innbundet, 392 sider
Forlag: Bokvennens kriminalbibliotek

Den britiske forfatteren og Oxford-akademikeren Dorothy Leigh Sayers er kjent for sine kriminalbøker om amatørdetektiven Lord Peter Wimsey. Dødsklokkene er mitt første møte med detektiv og forfatter, og passer godt inn i BTTCC-kategorien A Classic Detective Novel.

Dødsklokkene starter med at Lord Peter Wimseys bil ligger i ei grøft langt frå folk. Han og tenaren, Bunter, er på veg til eit nyttårsselskap, men ender opp med å feire nyttår i Fenchurch St. Paul. Soknepresten, Venables, og kona hans stiller som hotell, og som takk blir Wimsey ein av klokkarane under eit forsøk på å ringe kontinuerleg i ni timer på nyttårsafta. Ein stygg influensa rir over landsbyane, og då Lady Thorpe døyr neste morgon får Lord Wimsey høyre historien om dei stjålne smaragdene. Gjerningsmennene vart fengsla, men juvelene kom aldri til rette, og det er fleire menneske i landsbyen som ennå bærer arr etter hendinga.

I ein periode på eitt år der Lord Peter Wimsey besøker landsbyen fleire gonger skjer det fleire dødsfall, merkelege hendingar med lik i andres graver og unge arvinger. Dødsklokkene er ein komplisert roman der det gjelder å halde tunga rett i munnen skal ein få med seg alt, og huske detaljene.
En kraftig, kirkelig eim, satt sammen av lukten av gammelt treverk, lakk, tørr-råte, kneleputer, salmebøker, parafinlamper, blomster og stearinlys godt gjennombakt i varmen fra kakkelovnene, strømmet mot dem. (s. 45)
Mitt første med amatørdetektiven, og eg håper det ikkje blir det siste. Lord Peter Wimsey er ein finfin karakter, og Dorothy L. Sayers ein belest og kreativ forfatter. Baksideteksten (som eg mistenker Nils Nordberg har ein finger med i) seier at Dødsklokkene er både en av tidenes fiffigste mordgåter, og det er eg meget samd i. Eg har nytt kvart sekund med denne romanen, og har i det lengste prøvd å forlenge den, men ein kveld var det slutt. Den har fått meg til å le, til å sukke oppgitt, og til å forundre meg over kommunikasjonsmetoden telegram. Dagens detektiver og politi har det verkeleg for lett med sine smarttelefoner.
Han telegraferte tilbake at han straks var på vei til Fenchurch St. Paul, avlyste henrykt et antall selskapelige forpliktelser, og klokken to satt han i salen i menighetshuset sammen med en større andel av den lokale befolkning enn hva som trolig hadde vært samlet under samme tak noen gang siden abbediet ble plyndret. (s. 111-112)
XOXO