Utgitt: 2017
Format: Kindle, 288 sider
Forlag: Weidenfeld & Nicolson, Atlantic Monthly Press
Den amerikanske forfatteren Emily Fridlund er eit relativt ubeskrevet blad i litteraturen, men debutromanen History of Wolves vart nominert til Man Booker Prize forrige månad. Seinare i år kjem det ein samling noveller ført i hennar penn. Fridlund har ein doktorgrad i litteratur og kreativ skriving frå California, og eg trur me kjem til å høyre mykje frå denne kanten.
"So," she said. "Janet stayed all night." "Janet?" "Rochester's name for Jane Eyre. She was a governess, too. Like you." She brushed some hair out of her face. "You're both governesses." (Når forfatteren har lest yndlingsboka di.)I History of Wolves møter me fjortenårige Linda som bur saman med mor og far i eit forlatt kollektiv i skogene i Minnesota. Linda har ikkje mange venner, og er for det meste oversett av foreldra som har sine eigne prosjekt. Ho tilbringer mykje tid med hundene, før ho ein dag møter dei nye naboane. Patra og sonen Paul på fire år flytter inn i huset på andre sida av elva, og Linda blir den mykje brukte barnevakten til Paul. Patra retter tekstane til mannen Leo som arbeider ved eit universitet, og er nok like ensom som Linda. Historien er ikkje rett fram, den er meir svingete, og det første du får høyre om er korleis tanken på Paul plutselig flytter inn.
Linda tenker tilbake på fireåringen, på då ho passa på han, og kva som skjedde då han vart sjuk og den påfølgande rettssaken. Samstundes får me høyra om læraren Mr Grierson, klassekameratane som ikkje liker Linda, om foreldra og den totale ensomheten som preger romanen. Me får og glimt in i framtida; då Linda flytter ut og ikkje snakker med foreldra på fleire år, om det fysiske forholdet til typen og om kontakten med Mr Grierson i ettertid. Det er ingen enkel roman, og den er heller ikkje enkel å lese og forstå. Det er ein sårbar historie om ei jente som vil passe inn og vere som dei andre, men ikkje har muligheter eller kunnskap om korleis det skal gå til.It's not that I never think about Paul. He comes to me occasionally before I'm fully awake, though I almost never remember what he said, or what I didn't do to him.
Emily Fridlund har skrevet ein meget god oppvekstroman som ikkje tar så altfor lang tid å lese, men som sitter igjen lenge etterpå. Dette innlegget har eg tenkt på i to dager, og eg veit framleis ikkje om eg klarer å formidle kva som er så bra med romanen. Språket er nydeleg, stemninga er til og ta og føle på, eg blir oppgitt på Lindas vegne og syns til tider så synd på ho. Samstundes bryr ho seg så lite at eg blir oppgitt over det og. Det er heile tida noko som drar meg vidare, som trigger nysgjerrigheten til å ville vite meir. Håper fleire les denne romanen for nokon må forklare meininga med den.
XOXO


