Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Recorded Books. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Recorded Books. Vis alle innlegg

søndag 25. januar 2026

3 x Thomas Hardy

Thomas Hardy (1840-1928) var ein britisk forfatter som debuterte med sin første roman i 1871, og er mest kjent for romaner som Tess of the D'Urbervilles, Jude the Obscure and The Mayor of Casterbridge. Han identifiserte seg imidlertid som poet og skreiv romaner i hovudsak for penger.

The Hand of Ethelberta
er Thomas Hardys femte roman, og handler om eventyrlystne Ethelberta Petherwin som finner opp eit alias og relanserer seg sjølv som samfunnspoet. Samfunnet rundt ho er mannsdominert, men Ethelberta snur det til sin eigen vinning og har snart fire ulike beilere. Ethelberta veksler elegant mellom sine to identiteter, men vil ho velge ein av beilerne? Og skal ho ta han med mest penger eller han ho verkeleg elsker? Thomas Hardy har i denne romanen tatt inspirasjon frå populære romanser og til med hans kones dagbok speler ei rolle i romanen om ei kvinne som har tatt skjebnen i eigne hender.

| Forfatter: Thomas Hardy | Utgitt: 1876 | Min utgåve: Lydbok, lest av Simon Evers, 13t40min | Forlag: Anncona Media |

The Return of the Native
er Thomas Hardys sjette roman, og handler om Eustacia Vye som drøymer om kjærleik og muligheten det gir for utflytting. Nå er Clym Yeobright på veg heim frå Paris og Eustacia ser sitt snitt til å kapre ham. Ekteskapet blir derimot ikkje lukkeleg då Clym har eigne draumar, og dei samsvarer sjelden med Eustacias eigne. Thomas Hardy illustrerer i denne romanen korleis romantiske illusjonar ikkje bare påverker eit ekteskap, men og personer rundt, og muligheten for å påverke eigen skjebne.

| Forfatter: Thomas Hardy | Utgitt: 1878 | Min utgåve: Lydbok, lest av Patrick Tull, 16t26min | Forlag: Recorded Books |

The Trumpet-Major
er Thomas Hardys syvende roman, og hans einaste historiske roman. I den oppdikta byen Wessex venter dei på den moglege invasjonen av Napoleons flåte, og Anne Garland vurderer sine tre beilere. Deira skjebner blir infiltrert av den moglege invasjonen, då to av beilerne er henholdsvis soldat og sjømann. Romanen er ein av Thomas Hardys mest uvanlege og skal vera ein fascinerande historie om kjærleik.

| Forfatter: Thomas Hardy | Utgitt: 1880 | Min utgåve: Lydbok, lest av Michael Ward, 11t18min | Forlag: Independently Published |

Det går sakte framover med Thomas Hardy, men det er ikkje av det beste eg har lest frå denne tidsperioden. Eg trur dei beste romanane kjem mot slutten av Hardys skriveliv, så eg fortsetjer med planen.

Eg er med i ei Discord-gruppe leda av youtuberen Jen the Librarian, og skal lese Thomas Hardys romaner i publisert rekkefylgje dei neste 14 månadane. Eg gler meg då eg tidlegare kun har lest to av romanane hans tidlegare (Under the Greenwood Tree og The Mayor of Casterbridge).

XOXO

onsdag 23. juli 2025

"Under the Greenwood Tree" av Thomas Hardy

Thomas Hardy (1840-1928) var ein britisk forfatter som debuterte med sin første roman i 1871, og er mest kjent for romaner som Tess of the D'Urbervilles, Jude the Obscure and The Mayor of Casterbridge. Han identifiserte seg imidlertid som poet og skreiv romaner i hovudsak for penger.

Under the Greenwood Tree handler om Dick Dewey og Fancy Days veg til ekteskapet. Dewey er saman med faren og bestefaren medlem av ei gruppe kyrkjemusikanter, og Fancy Day er den nyansatte lærerinna i landsbyen Mellstock. Då presten Maybold hyrer Fancy Day som organist i kyrkja istadenfor den tradisjonelle gruppa blir det opprør. Dick Dewey har falt hodestups for Fancy Day, men han er ikkje den einaste beilaren. Presten Maybold og den rike bonden, Shinar, er begge interessert i lærerinna. Fancy Days far syns ikkje dottera skal gifte seg med Dick Dewey, men etter ei tid må til og med han innsjå at ekteskap og lykke kjem frå kjærleik.

Dette er Thomas Hardys andre roman, og ein av to eg har lest tidlegare. Eg valgte lydbok denne gongen, slik som med Desperate Remedies, og Thomas Hardy fungerer overraskande bra kombinert med luking i hagen. Under the Greenwood Tree blir sett på som den mest elska av hans romanar, og den mest idylliske. Hardy gir eit meget godt portrett av tidleg viktoriansk landsbyliv, og eg liker den meget godt.

Eg er med i ei Discord-gruppe leda av youtuberen Jen the Librarian, og skal lese Thomas Hardys romaner i publisert rekkefylgje dei neste 14 månadane. Eg gler meg då eg tidlegare kun har lest to av romanane hans før denne readalongen (Under the Greenwood Tree og The Mayor of Casterbridge).

XOXO

| Forfattar: Thomas Hardy | Utgitt: 1872 | Min utgåve: 2019 | Format: Lydbok, lest av Margaret Hilton, 6t37min | Forlag: Recorded Books Inc. |

lørdag 11. oktober 2014

Bok: "The Color Purple"

Forfatter: Alice Walker (f. 1944)
Utgitt: 1982
Min utgåve: 2009
Format: Lydbok lest av forfatteren, 8t3min
Forlag: Recorded Books
Mål/utfordringar: 1001 bøker, Nye forfattere

Alice Walker er eit ubeskrevet blad på denne bloggen, og eg kom over romanen då eg leita etter 1001 bøker hjå Audible for å bruke opp credits. I 1983 vart Alice Walker den fyrste afrikansk-amerikanske kvinna til å vinne Pulitzerprisen for fiksjon, og vant same året National Book Award for fiksjon. Alice Walker har sjølv lest inn romanen, og det syns eg var eit utmerka sjakktrekk.

The Color Purple handler om fattige Celie, og føregår det meste av tida i landsens Georgia, USA. Celie har blitt trykt ned av menn heile sitt liv; frå han som ho trur er faren til mannen ho gifter seg med. "Faren" Alphonse slår og voldtar ho, og barna ho blir gravid med via Alphonse blir raskt tatt vekk frå Celie. Mora døyr etter å ha forbanna Celie på dødsleiet. Då Mr. (som er kallenamnet hans gjennom heile boka) kjem til Alphonse og vil gifte seg med systera til Celie, Nettie, tilbyr Alphonse heller fram Celie. Utan at Celie nødvendigvis vil gifte seg som fjortenåring, blir det slik, og Celie flytter inn til Mr. og barna hans. Nettie rømmer etter kort tid frå faren, søker tilflukt hjå Celie og Mr. før han gjer seksuelle tilnærmingar overfor ho. Nettie fortset då reisen sin, og ender opp i Afrika saman med eit misjonærektepar. Utan at dei er klar over det er dei foreldra til Celies to barn.

Før Nettie reiser lover ho å skrive til Celie, men breva uteblir og Celie konkluderer med at systera er død. Ekteskapet er dårleg, og Celie er dårleg likt av både ektemannen og barna hans. Etter som barna veks opp flytter dei ut, og sonen Harpo er den me får høyra mest om. Han gifter seg med Sofia, og dei får seks barn i rask rekkefølge. Ein dag kjem Mr. heim med si mangeårige elskerinne, Shug Avery. Ho er alvorleg sjuk, og Celie blir den som steller og pleier ho. Då Sofia tek med seg barna og forlater Harpo opner han ein nattklubb i låven. Shug, som etter omsorgsfull pleie har friskna til, synger kvar kveld i nattklubben. Celie og Shug har utvikla eit nært forhold, og etter Celies innrømmelser om at Mr. (som me får vite heiter Albert) slår ho, blir Shug verande i huset. Celie fortel om dei manglande breva, og Shug kan fortelje at det har kome utanlandske brev til huset i årevis. Damene finner breva i Alberts bil, og Celie kan endeleg lese breva frå systera.


Celie har etter mange år gått lei av Alberts oppførsel, og forlater han. Ho livnærer seg som skredder i Tennessee, og gjer det veldig bra. Etter ei tid får Celie høyre at Albert har forandra seg, og treffer han igjen. Han har innsett kor dårleg han behandla Celie, og frir til ho, denne gongen vil han gifte seg både utav hjerte og kropp. Celie avslår frieriet. Alphonse døyr plutseleg, og etterlater eigedomen sin til Celie, Ho flytter inn, og etter tredve år kjem Nettie tilbake til systera.

The Color Purple var ei sterk bok å høyre på, og det vart endå sterkare med Alice Walkers stemme. Då vart det meir verkeleg, og det er det luraste utgjevaren har gjort med romanen. The Color Purple er innom fleire tema, slik som mishandling mellom ektefeller, lesbiske forhold, rasisme og kjønnsdiskriminering. Romanen er skrevet i brevform. Kapitla starter med Dear God, Dear Celie og Dear Nettie, og Walker understreker med dette makten i eit godt skrevet brev. I mange år er brevene stemmen til Celie, og ho kan skrive ned alle sine tanker og kjensler utan at nokon kan ta frå ho stemmen. Anbefales varmt!

XOXO