The Hand of Ethelberta er Thomas Hardys femte roman, og handler om eventyrlystne Ethelberta Petherwin som finner opp eit alias og relanserer seg sjølv som samfunnspoet. Samfunnet rundt ho er mannsdominert, men Ethelberta snur det til sin eigen vinning og har snart fire ulike beilere. Ethelberta veksler elegant mellom sine to identiteter, men vil ho velge ein av beilerne? Og skal ho ta han med mest penger eller han ho verkeleg elsker? Thomas Hardy har i denne romanen tatt inspirasjon frå populære romanser og til med hans kones dagbok speler ei rolle i romanen om ei kvinne som har tatt skjebnen i eigne hender.
| Forfatter: Thomas Hardy | Utgitt: 1876 | Min utgåve: Lydbok, lest av Simon Evers, 13t40min | Forlag: Anncona Media |
The Return of the Native er Thomas Hardys sjette roman, og handler om Eustacia Vye som drøymer om kjærleik og muligheten det gir for utflytting. Nå er Clym Yeobright på veg heim frå Paris og Eustacia ser sitt snitt til å kapre ham. Ekteskapet blir derimot ikkje lukkeleg då Clym har eigne draumar, og dei samsvarer sjelden med Eustacias eigne. Thomas Hardy illustrerer i denne romanen korleis romantiske illusjonar ikkje bare påverker eit ekteskap, men og personer rundt, og muligheten for å påverke eigen skjebne.
| Forfatter: Thomas Hardy | Utgitt: 1878 | Min utgåve: Lydbok, lest av Patrick Tull, 16t26min | Forlag: Recorded Books |
The Trumpet-Major er Thomas Hardys syvende roman, og hans einaste historiske roman. I den oppdikta byen Wessex venter dei på den moglege invasjonen av Napoleons flåte, og Anne Garland vurderer sine tre beilere. Deira skjebner blir infiltrert av den moglege invasjonen, då to av beilerne er henholdsvis soldat og sjømann. Romanen er ein av Thomas Hardys mest uvanlege og skal vera ein fascinerande historie om kjærleik.
| Forfatter: Thomas Hardy | Utgitt: 1880 | Min utgåve: Lydbok, lest av Michael Ward, 11t18min | Forlag: Independently Published |
Det går sakte framover med Thomas Hardy, men det er ikkje av det beste eg har lest frå denne tidsperioden. Eg trur dei beste romanane kjem mot slutten av Hardys skriveliv, så eg fortsetjer med planen.
Eg er med i ei Discord-gruppe leda av youtuberen Jen the Librarian, og skal lese Thomas Hardys romaner i publisert rekkefylgje dei neste 14 månadane. Eg gler meg då eg tidlegare kun har lest to av romanane hans tidlegare (Under the Greenwood Tree og The Mayor of Casterbridge).
XOXO



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar