Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Deborah Levy. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Deborah Levy. Vis alle innlegg

søndag 31. juli 2016

Booker-longlist 2016: "Hot Milk"

Forfatter: Deborah Levy (f. 1959)
Utgitt: 2016
Format: Lydbok frå Storytel, lest av Romola Garai, 8t28min3sek, (papirboka har 218 sider)
Forlag: Hamish Hamilton/Penguin

Den britiske forfatteren Deborah Levy vart fødd i Sør-Afrika, men flytta til Storbritannia i 1968. Ho debuterte som romanforfatter i 1989 og har skrevet både romaner, novellesamlinger og for teater. Den førre romanen, Swimming Home, var på shortlist til Booker-prisen i 2012.

Greskbritiske Sofia reiser til Spania med mora si, Rose. Målet er ein doktor som muligens kan hjelpe Rose. Ho har i nokre år hatt ein uidentifiserbar lidelse som til tider lammer beina hennar, og når tradisjonelle medisiner ikkje hjelper søker dei etter ukonvensjonelle kurer. Faren til Sofia gjekk frå mora for mange år sidan, og Sofia har ikkje sett faren på elleve år. Rose er dominerande og vanskeleg, og Sofia har blitt meir detektiv enn dotter dei siste åra. I Spania blir Sofia nøydd til å konfrontere forholdet mellom seg og Rose, og ho blir etterkvart modigare i stemmebruk og handlingar. I løpet av opphaldet i Spania tar Sofia ein tur til Hellas og besøker faren, stemora og den vesle søstra. Det er eit opphold som ikkje bidrar til eit betre far/dotter-forhold, men forholdet til stemora er positivt når Sofia reiser tilbake til Spania. Sofia tilbringer mykje tid på stranda, og treffer blant anna Ingrid. Ho blir meget spesiell for Sofia. Medan Sofia er i Hellas har mora vore inne på tanken om å amputere dei vonde beina sidan ingenting hjelper uansett. Ved slutten av opphaldet kjem Rose og Sofia til enighet om kvarandre og kva dei vil med framtida.

Eg var ikkje overbegeistra for den førre Bookerboka frå Levy, og hadde ikkje Storytel hatt denne tilgjengelig så hadde eg aldri starta på denne så tidleg. Hot Milk bidrar ikkje til aukt lyst til å fortsetje med Deborah Levy, men det er ei interessant bok om eit knakande mor/dotter-forhold. Til tider er den merkeleg, men alt i alt ei grei bok. Som i førre Booker-bok The Many forstår eg ingenting av boktittelen, men det er mogleg eg har gått glipp av meininga med den. Litt rotete anmeldelse, men eg kjenner at dette er i grunnen ikkje ei bok som eg skulle høyrt på lydbok. Skodespelaren Romola Garai (kjent frå Emma (2009) og Dirty Dancing: Havana Nights) leser meget bra, og klarer til tider å få meg til å gløyme at det er bare ein innlesar.

XOXO

onsdag 19. september 2012

Bok: "Swimming Home"

Kilde: Goodreads
Forfatter: Deborah Levy
Utgitt: 2012
Format: Kindle
Forlag: And Other Stories
Frå: Amazon

Det er merkelig kor lang tid det tar å lese ei forholdsvis kort bok. Den er på knappe 130 sider, men eg føler eg har brukt evigheter på den. Kanskje det har med stemninga å gjere?

Kilde: Man Booker's heimeside
Kitty Finch havner midt oppi eit forholdsvis konservativt feriehus. Poeten Joe Jacobs er på ferie på den franske riviera med si hustru, krigskorrespondenten Isabel, og deira fjortenårige dotter Nina. Andre som ferierer er ekteparet Mitchell og Laura, som sakte, men sikkert må innsjå at butikken og huset heime i England sannsynligvis må selgjas pga økonomiske problemer. Madeleine Sheridan bur i nabohuset heile året, og har bytta ut engelsk regn med fransk sol. Då Kitty Finch møter dei ferierande har ho ingen klede på, og blir straks sett på som litt merkelig. Det viser seg at frøken Finch kjenner eigaren av feriehuset, men har bomma på leigedatoen. Isabel inviterer straks Kitty til å bu i huset med dei.

Høyres ut som ein koselig historie, ikkje sant? Men neida, det er ikkje tilfellet. Straks boka blir opna siver det inn ei merkelig stemning, og du kjenner at denne boka blir ikkje lett å fordøye. Ekteparet Jacobs har problemer i samlivet, dottera står midt mellom barken og veden, Mitchell og Laura har sine problem, også var det Madeleine. Kitty Finch er botaniker, og bruker meir tid utav kleda enn inni. Mitchell poengterer det til Kitty:
If you wore clothes more often instead of walking around in your birthday suit, you'd look more normal.
Etterkvart får me innblikk i Joe's utroskap, det faktum at Isabel har invitert Kitty til å vera hjå dei kun for at ho vil ut av ekteskapet, og at Madeleine har eit nærare forhold til Kitty enn først antatt.

Som sagt er boka kort, men med den merkelege stemninga som rår er den ikkje enkel å lese. Eg har faktisk lest den to gonger i løpet av den siste månaden fordi nokre bøker trenger å modnas. På grunn av den merkelige og uhyggelege stemninga blir den ingen favoritt hjå meg, men eg trur likevel det er ei bok som henger igjen. Det som skiller boka frå andre er at den skildrer depresjon, maktkamp og begjær på eit sted som i mine tanker henstiller til sol, bading og latmannsliv.

Forfatteren Deborah Levy er ein britisk forfatter, dramatiker og poet. Boka kom ut i fjor haust, og er nominert til Booker-prisen 2012. Clementine har skrevet eit godt innlegg, og Ann Helen har samlesning av alle bøkene på shortlist. Neste bok ut er Tan Twan Engs The Garden of Evening Mists.

XOXO