Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Schibsted. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Schibsted. Vis alle innlegg

onsdag 4. april 2012

Samleomtale #1

Disse 4 bøkene har blitt lest i mars/april, og som eit litteraturmål skreiv eg at ikkje alle bøkene får eit eige innlegg. Sidan eg ikkje har så altfor mykje å sei om disse bøkene så får dei eit felles innlegg.

Forfatter: Danielle Steel
Originaltittel: One Day at a Time
Utgitt: 2009
Min utgåve: 2009
Format: Innbundet
Forlag: Schibsted
Frå: Mi bokhylle (13. bok i 'Off the Shelf')




Forfatter: Karen Kingsbury
Utgitt: 2012
Format: Kindle
Forlag: Zondervan
Diverse: Siste bok i Bailey Flanigan-serien.








Forfatter: Sarah Blake
Originaltittel: The Postmistress
Utgitt: 2011 (på norsk i 2012)
Format: Manus mottatt desember-11
Forlag: Pantagruel







Forfatter: Nora Roberts
Utgitt: 2011
Format: Kindle
Forlag: Penguin
Diverse: Første bok i ein ny serie Inn at Boonsboro. Andre bok blir utgitt i mai.




Danielle Steel-boka følger same oppskrift som tidlegare: Gutt møter jente, dei forelsker seg, dei finner ut at dei er ikkje kompatible, slår opp, men finner tilbake til kvarandre til slutt. Ganske basic, men likevel har Danielle Steel millionvis med lesere over heile verda. Så kvifor les eg dei? Enkelt svar: Nokon dager trenger ein bøker der ein ikkje trenger å tenke, og lukkeleg slutt er nødvendig til tider. Ok tidtrøyte!

Karen Kingsbury har skrevet bøker i årevis. Eg oppdaga henne for to år sidan, og har lest samtlige bøker om Baxter-familien, og nå om Bailey Flanigan. Loving er siste bok i serien om Bailey (som forøvrig er løselig basert på Kingsburys eiga dotter) og eg har venta på denne boka sidan desember. Det som er genialt med Kindle er at du kan forhåndskjøpe upubliserte bøker, også får du ein mail den dagen boka blir levert til Kindle'n. Veldig greit. Eg hadde eit lite håp om ein anna brudgom for Bailey, så litt skuffa. Nå skal eg ha ein lang Kingsbury-pause (med mindre dama skriver videre om Baxter eller Flanigan) for eg er ganske lei av Kingsburys univers.

Sarah Blake har ein roman på samvittigheten frå før, men eg hadde aldri høyrt om ho før Hvis du får dette brevet dumpa ner i postkassen frå Pantagruel i desember. Då andre bokbloggere begynte å lese denne, fant eg ut at for å gjer meg opp ei meining så må eg faktisk lese boka. Som sagt, så gjort! Sanninga er at den kunne godt stått og godgjort seg litt lenger i bokhylla. Eg er ikkje overbegeistra. Historien var grei, men den skifta fokus så ofte at eg kom aldri innpå karakterene. Eg har ikkje behov for å kjøpe denne i ferdig form.

Nora Roberts er ei av mine yndlingsforfattere, og denne boka kunne absolutt fått ein eigen omtale. Sanninga er at eg planla det, men neste bok kjem ikkje ut før i mai og siste bok sannsynligvis på hausten ein gong. Når eg har lest alle 3 bøkene, så skal eg laga ein skikkelig omtale. Då eg leste boka som eg fant tilfeldig på Amazon, var eg litt sur på meg sjølv for eg hadde absolutt ikkje tid til 3 Nora Roberts-bøker der og då. Så oppdaga eg at neste bok ikkje har komt ut, og vart litt usikker på om eg var glad eller lei meg. Kom til slutt fram til at eg kan vera glad, og har nok ein gong forhåndsbestillt ei bok til Kindle'n. Nora Roberts følger som regel ei oppskrift ho og (som Danielle Steel), men eg syns Roberts er flinkare til å variere mellom handling, sted, rik/fattig, og diverse andre ting. Spennande og litt creepy bok (ei av hovudpersonane blir forfulgt), og siste del av boka vart lest midt på natta for eg kunne ikkje legge den frå meg. Bra bok, og gleder meg til fortsettelsen.

XOXO

tirsdag 29. mars 2011

Bok: "Percy Jackson. Slaget om labyrinten" (Percy Jackson #4)

Forfatter: Rick Riordan
Originaltittel: Percy Jackson and the Olympians: The Battle of the Labyrinth
Oversetter: Torleif Sjøgren-Erichsen
Først utgitt: 2008 i USA
Denne utgåve: 2011
Format: Innbundet
Forlag: Schibsted
Frå: Biblioteket

Baksidetekst: Det er oppdaget en hemmelig inngang til labyrinten som beskytter Halvblodsleiren, og den onde Luke planlegger å invadere leiren på oppdrag fra titanen Kronos. Den eneste som kan forhindre at Lukes skumle planer settes i verk, er oppfinneren Daedalus, som holder til dypt inne i labyrinten. Annabeth insisterer på at de må finne ham, og Percy, Grover og Tyson blir med henne på den farlige jakten inne i labyrinten - usikre på om de noen gang kommer til å finne veien ut!

Eg er så spent på den siste boka at den skal umiddelbart lånes i engelsk versjon, for eg gidde ikkje venta til den blir oversatt til norsk! I mellomtida kjemper Percy og dei andre mot onde makter inne i labyrinten, og på eit punkt så veit ingen av dei om dei andre er i live! Boka er spennande, men tidvis skumma eg. Det er fortsatt mykje eg ikkje forstår, særlig med tanke på slektskapet mellom dei greske gudar og halvblodsbarna. Er det noko Riordan finner opp, eller er det slik? Trur eg må ta eit lynkurs i gresk mytologi:-)

XOXO

fredag 18. februar 2011

Bok: "Kirkegårdsboken"

Forfatter: Neil Gaiman
Originaltittel: The Graveyard Book
Utgitt: 2010 (2008)
Oversatt av: Stian Omland MNO
Illustrert av: Chris Riddell
Format: Innbundet
Forlag: Schibsted
Frå: Biblioteket

Baksidetekst: Nobody Owens, Bod blant venner, er en helt normal gutt - bortsett fra at han bor på en kirkegård. Han blir oppdratt av spøkelser, og lærer triks av de døde for å overleve. Men det er i landet til de levende at de virkelige farene lurer. Der bor nemlig Jack, mannen som allerede har tatt livet av Nobodys familie. Kirkegårdsboken er spøkelsesvarianten av Kiplings klassiske Jungelboken. Et kritikerrost, mørkt og humoristisk mesterver.

Mi meining: Første gong eg høyrte om denne boka var for 10 dager sidan. Då hadde min favorittbokblogg, Migrating Coconuts, lagt ut omtale av boka. Det er ikkje meir enn 3 dager sidan eg begynte på denne boka, men eg klarte ikkje å legge den frå meg. Boka begynner med eit mord, eit barn forsvinner og flytter inn på ein kirkegård! Resten av boka handler om mysteriet rundt dette barnet, korleis det er å bu på ein kirkegård, og kven er mannen som leiter etter Nobody? Boka var litt skummel, og illustrasjonene skremte meg, men eg likte denne boka. Den var lettlest, men med tanke på at det er ei barnebok så er det kanskje ikkje så rart;) Eg skal innrømme at eg skumma deler av den, men eg var så spent på om Nobody kom seg ut av kirkegården, om han konfronterte mannen som drepte familien hans og korleis det gjekk med Scarlett. God bok innimellom alle dei litt tyngre bøkene:)

XOXO

lørdag 29. januar 2011

Bok: "Percy Jackson. Titanens forbannelse" (Percy Jackson #3)

Forfatter: Rick Riordan
Originaltittel: Percy Jackson and the Olympians: The Titan's Curse
Oversetter: Torleif Sjøgren-Erichsen
Utgitt: 2010 (2007)
Format: Innbundet
Forlag: Schibsted
Frå: Biblioteket

Den tredje boka i Percy Jackson-serien er utfordrande, både for meg og for Percy sjølv. Eg merke at Disney-filmen Herkules er absolutt ikkje god nok bakgrunn for min eigen del, når det gjelder alle guder, halvguder og diverse skapninger. Kanskje eg må lesa meg opp på gresk mytologi etterpå;) Ihvertfall, boka er god, tar oss vidare mot Percys store kamp for det gode mot det onde, og møter eit par hindringer på vegen. Neste bok kjem på norsk uti neste månad, så den kjem på bloggen etterkvart:)

Baksidetekst: Percy er i trøbbel igjen! To nye halvguder har dukket opp, og Annabeth forsvinner utenfor en klippe. I halvblodsleiren spår Orakelet at noe forferdelig skal skje med en av halvgudene - men ingen vet hvem. Percy og vennene hans trosser Orakelets dystre spådommer, og drar ut for å lete etter Annabeth. Det de ikke vet er at titanen Kronos har lagt ut en grusom felle for dem!

XOXO

mandag 13. desember 2010

Bok: "Percy Jackson. Monsterhavet" (Percy Jackson #2)

Eg er ikkje sikker på om Percy Jackson er heilt i mi gate, men eg liker ikkje å avslutte bøker midt i, og liker heller ikkje å avslutte ein serie midt i. Likevel skal eg ta ein pause, og heller ta opp igjen Percy Jackson etter jul. Når eg leser om PJ får eg den umiddelbare følelsen om at eg burde lesa meir om dei greske gudane. Alt eg veit om dei, har eg lært frå teiknefilmen om Herkules (!) og det er litt vel tynt. Kanskje det og blir eit prosjekt etter jul? :)

Baksidetekst: Mot slutten at et overraskende rolig skoleår for Percy Jackson dukker venninnen hans, Annabeth, uventet opp med dårlige nyheter: Den magiske grensen som beskytter Halvblodsleiren er forgiftet av en mystisk fiende, og det eneste trygge stedet for halvgudene står i fare. Percy og vennene hans må krysse det grusomme Monsterhavet for å finne en motgift - og redde leiren fra å bli rasert.

XOXO

mandag 15. november 2010

Bok: "Percy Jackson. Lyntyven." (Percy Jackson #1)

Det har tatt meg lang tid å komme til Percy Jackson. Mest fordi eg trudde bøkene var kjempekjedelige. Så var det nokon som samanlikna dei med Harry Potter, og eg begynte å lura på om eg hadde tatt feil. Percy Jackson vart lånt på biblioteket, og igår klarte eg ikkje å legga den frå meg:)
Percy Jackson er ikkje Harry Potter, og Harry Potter er ikkje Percy Jackson, men der fins likheter. Begge er ikkje klar over kven dei faktisk er i begynnelsen, dei slåss mot noko farlig (i forhold til Percy Jackson så har eg kun lest første bok, så det kjem eg tilbake til), dei har ein litt rar familiesituasjon når dei ikkje er på skulen (Galtvort og Halvblodsåsen) og begge blir venn med ein gutt og ei jente (Grover/Annabeth vs. Ron/Hermione).


Baksidetekst: Percy Jackson er i ferd med å bli utvist fra skolen...igjen. Men det er ikke det største problemet. I det siste har nemlig historieboken med mytologiske monstre og greske guder blitt litt for levende. Og ikke nok med det - han har ertet på seg noen av gudene! Et av Zevs' våpen har blitt stjålet, og Percy er hovedmistenkt.

XOXO