Søk i denne bloggen

Viser innlegg med etiketten Tore Renberg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tore Renberg. Vis alle innlegg

mandag 25. september 2023

"Lungeflyteprøven" av Tore Renberg

Tore Renberg (f. 1972) er ein norsk forfatter frå Madla. Renberg har skrevet bøker i dei fleste kategorier, og er godt kjent for bøkene om Jarle Klepp, og bøkene om Hillevågs-gjengen. Dei siste fem åra, innimellom andre utgivelser, har han jobba med den historiske romanen Lungeflyteprøven.

Lungeflyteprøven går føre seg i 1600-talets Tyskland. 15 år gamle Anna Voigt blir beskyldt for å vera barnemorderske då liket av hennar barn blir funnet i urtehagen på godset der ho bur. Dreping av små uønska barn var noko som ofte skjedde, men det var sjelden mora var godseierdatter. Anna Voigt bedyrer sin uskyld, men blir ikkje trudd. Legen, Johannes Schreyer, blir tilkalt til likhuset og foretar eit eksperiment han kun har lest om i bøkene sine. Lungeflyteprøven er ein eksperimentell metode som vil vise om lungene til det vesle barnet har trukket inn luft. På bakgrunn av denne prøven viser det seg at Anna snakker sant: Barnet var dødfødt. Samfunnet har likevel dømt Anna, og vegen tilbake er ikkje enkel. Saman med historien om Anna Voigt har romanen eit titals andre karakterer som har kjennskap til saken eller kjennskap til familien. Fleire av dei er verkelege personer, og spesielt advokaten Christian Thomasius får ein spesiell rolle i romanen.

Terningane trilla sekser etter sekser då Lungeflyteprøven vart publisert i slutten av august. Tore Renberg har lagt bak seg nærmare seks år med research, turer til Tyskland, utallige e-poster og skriving. Eg kan ikkje anna enn å ta av meg hatten for dette! Romanen er jysla godt skrevet, det er jo Tore Renberg og eg veit han kan skrive, men likevel. Dette er den første historiske romanen frå Madla-mannen, og eg finner ingenting å ta han for i det historiske. Eg triller ikkje terninger, men det som trekker ned for min del er hopping mellom årstal, frå nåtid til fortid og liknande. Eg veit det er vanleg i historiske romaner, og kanskje det er derfor eg leser det så sjelden.

Eg har høyrt Tore Renberg snakke om denne romanen 3 gonger i løpet av ein månad. Først i Rogaland teater, så litt i møte med Mimir og Marsdal, også i ein kinosal på Sølvberget. Mannen er elektrisk, alltid, og ydmyk i møte med lesere. Det blir alltid interessante samtaler, og når bokbaderne/samtalepartnerne har ulike roller/yrker utanom bokbading så blir det annleis samtaler kvar gong. Eg har sagt det før, og eg sier det igjen: Får du sjansen til å høyre Tore Renberg lese på scenen så grip sjansen. To gonger har han lest deler av brevet Anna Voigt skriver til sin far, og nå sist på Sølvberget kunne du høyrt ei knappenål falle. Og det er ikkje bare utav respekt trur eg, det er fordi bodskapet i brevet og Renbergs innlevelse i brevet er så sterkt. Og du skjønner det når du leser brevet. Romanen anbefales!

XOXO

| Utgitt: 2023 | Format: Innbundet, 559 sider | Forlag: Forlaget Oktober |

PS. Les gjerne og Tine sin glitrande anmeldelse. DS.

søndag 8. november 2020

Bok: "Tollak til Ingeborg" av Tore Renberg

Den norske forfatteren Tore Renberg (f. 1972) fekk sitt litterære gjennombrot med romanen Mannen som elsket Yngve (2003). Etterpå skreiv han fleire bøker om Stavanger-guten Jarle Klepp, samt andre romaner, barnebøker og sakprosa. Han er og ein habil musiker. Eg såg han snakke på Klepp bibliotek for to år sidan, og viss du får mulighet til å oppleve Renberg på scenen - grip den! Tollak til Ingeborg er hans seinaste roman, og er nyleg nominert til Bokhandlerprisen 2020.

Tollak til Ingeborg presenterer eit lite karaktergalleri, og det er i hovudsak Tollak som snakker. I løpet av knappe 150 sider tar han ein oppsummering på livet sitt, og kva han har gjort med det. Det er ingen solskinnshistorie som bretter seg ut i romanen for Tollak kan vera både kjærleg og lunefull. Han har til tider drukke for mykje, og har sine svin på skogen. Kona døydde for nokon år sidan, og ungane er han omtrent ikkje på talefot med. Nå må han få dei til heimplassen for det er ting han er nødt til å forklare før han sjølv døyr. Tollak til Ingeborg er ikkje kronologisk skrevet slik eg ser det, og kapitla er korte. Det er ein må-lese-videre-stemning i boka som gjorde at eg las halve på kafé i går og resten til kvelds.

Eg har ikkje lest så mykje Tore Renberg, men blir ofte dratt inn i kva andre leser og diskuterer. Akkurat denne angrer eg ikkje på at eg har lest. Tollak til Ingeborg er til tider rått og brutalt, til tider ømt, og heile tida denne skrivekunsten. For er det noko eg er sikker på så er det at Tore Renberg kan skrive. Innimellom tenkte eg at Jon Fosse kunne ikkje gjort det betre. Også er den på nynorsk. Godt jobba, Renberg!

XOXO

| Utgitt: 2020 | Format: Innbundet, 167 sider | Forlag: Cappelen Damm |