Utgitt: 2017
Format: Lydbok, lest av Ashley Kumar, 4t26min40sek
Forlag: Penguin
Den pakistanske forfatteren Mohsin Hamid er fødd i Pakistan, men har budd delvis der og delvis i California. Han er kjent for romaner som How to Get Filthy Rich in Rising Asia og The Reluctant Fundamentalist (Booker 2007, shortlist), men har og jobba som konsulent innan ledelse i New York og London.
Handlinga i Exit West føregår i eit land på randen av borgerkrig. Dei unge menneska Nadia og Saeed møter kvarandre, og til tross for uroen i landet starter dei ein komplisert kjærleiksaffære. Etter ei tid med fleire uroligheter bestemmer dei seg for å rømme landet, og i den nye verda har dei kun kvarandre. Det er ikkje lett å halde på kjærleiken, ønsket om å huske fortida, og starte på ny, og Nadia og Saeed glir sakte, men sikkert frå kvarandre. Samstundes har dei ingen andre og er tvungne til å halde saman sjølv om det aldri hadde fungert i heimlandet. Er forholdet verdt å satse på i ei verd dei er usikre på?
Mohsin Hamid skriver vakkert om migrasjon, kjærleik og fortvilelse. Exit West er nydelig skrevet, og eg sitter igjen med ei kjensle av å ha høyrt noko bra. Om det fungerer i papir er eg meir usikker på då det går ganske stillferdig for seg. Exit West flyter bra samstundes som den er brutal i sin måte å skildre Nadia og Saeeds liv og handlingar. Flyktningkrisen er reell i våre dagar, og med denne vesle romanen forstår eg betre kva flyktningar må gjennom. Og akkurat det er mykje av grunnen til at ein leser fiksjon. For å tenke og forstå årsaker og drivkraft i mennesker på randen av samanbrot.XOXO
Som ei førebuing til Man Booker Prize i juli prøver eg å få med meg bøker på Goodreads Eligible-liste (ekstern lenke). Exit West er ei av mange bøker som kan hamne på den gjeve lista.


